Leder

Smilande prosa

På same måten som ansikta våre har så mange verksame musklar at målarkunsten ikkje kan fange eit heilt vanleg smil, har eit personleg litterært språk så mange nyansar, og mennesket ei så stor evne til å kople saman ulike idear og ulike uttrykk, at maskingenerert språk alltid vil vere sekunda vare.

Romstering i kulissane

Det er etter kvart velkjent at det som er mest avgjerande for mottakinga av ei bok, skjer i kulissane: om redaksjonen vel ho ut for kritikk, og kven som får oppdraget. I den prosessen er habilitetsvurderingar, i begge tydingar av ordet, heilt avgjerande.

Tillit på tanketorget

I ein medielandskap prega av stadig meir avansert innhaldsmarknadsføring, må redaktørstyrte medium kommunisere svært tydeleg om kvifor dei fortener tillit som formidlar av solid kunnskap og uavhengige vurderingar.

Perspektivrik samtale

Utan vilje til å lytte aktivt og utfordre sine eigne førestillingar blir den offentlege samtalen redusert til ein maktkamp der målet er å gjere sitt eige perspektiv einerådande.

Barnet i badevatnet

Simen Sætre ser i dette nummeret tilbake på skuldingane om «kunnskapstyveri» som Hugo Lauritz Jenssen møtte i Morgenbladet etter utgjevinga av En samisk verdenshistorie i 2019. Saka viser at den maktkritiske impulsen internt i bransjen ikkje har vore sterk nok, heller ikkje i Prosa.

Eit overflodsproblem

Internasjonal sakprosa matar den norske offentlege samtalen med ny kunnskap og friske perspektiv. Av og til kan ein få inntrykk av at dette skjer enten bøkene blir omsette til norsk eller ikkje.

Sorgarbeid, tankearbeid

«Boka er en allmenning hvor vi samarbeider om å løse problemer og belyse utfordringer kritisk», skriv Kjetil Røed i bokessayet «Reflekterende sorgarbeid». Det er éi av tilnærmingane til temaet for haustens første Prosa: «Vegen vidare». Korleis reiser vi oss og går vidare etter personlege og kollektive kriser? Aktuell sakprosa både skildrar og praktiserer krisebearbeiding.