Romstering i kulissane

08.12.2022
Merete røsvik ilja c hendel

Det er etter kvart velkjent at det som er mest avgjerande for mottakinga av ei bok, skjer i kulissane: om redaksjonen vel ho ut for kritikk, og kven som får oppdraget. I den prosessen er habilitetsvurderingar, i begge tydingar av ordet, heilt avgjerande.

Når eg skriv dette, går debatten om litteraturkritikken høgt – igjen! Denne gongen gjeld det om avisredaksjonane prioriterer populære forfattarskap som har marknadsføringskampanjane til forlaga og bokhandlarkjedene i ryggen, og dermed sviktar breidda av utgjevingane. Rett nok er det skjønnlitteraturen som har vore i fokus, men sakprosaforfattarar og -omsetjarar merkar også at kampen om merksemda hardnar til. I denne situasjonen blir spørsmålet om habilitet viktigare, og det er tema for årets siste Prosa-nummer.

Å vere habil er i daglegtale synonymt med å vere kvalifisert eller kompetent. Eit utdanningsmål, altså. Kritikar Aasne Jordheim har gått tilbake til skulebenken og skriv i dette nummeret om kva ho meiner manglar i undervisninga ved OsloMets nye masterprogram sakprosa (master i medieutvikling).

Kjerstin Gjengedal har sett nærare på skuggeforfattararverksemd, profesjonelle skribentar som samarbeider med folk (ofte kjendisar) som har ei historie og kanskje eit publikum, men ikkje den naudsynte skrivekompetansen. Det er eit tankekors at ei bok som får rosande meldingar, kan vere skriven av ein annan enn den som har namnet sitt på omslaget. Ifølgje Gjengedal har det blitt vanlegare å takke skuggeforfattaren i boka. Men «vanlegare» er ikkje nok, dette bør bli standard prosedyre. Ikkje berre av omsyn til den reelle forfattaren, men òg fordi informasjonen bør vere offentleg.

Gjengedal har ikkje fått publiserbare tal for honorarnivået for skuggeforfattarar, men inntrykket var at variasjonane er store, frå smålåtne eingongssummar til del av royalty. Prosa oppfordrar difor skuggeforfattarar til å melde seg inn i NFFO for å få vekt bak kravet om betring og standardisering av vilkåra. Forresten: Korleis vurdere medlemssøknad frå ein forfattar som ikkje har namnet sitt på omslaget? Og bør ein forfattar som ikkje har skrive boka sjølv få vere med i NFFO? Det blir vel også ei slags habilitetsvurdering.

I jussen betyr habilitet å vere uhilda, altså å kunne vurdere og ta avgjerder på uavhengig grunnlag fordi ein ikkje har interesser knytte til utfallet. Ein skal heller ikkje ha nære band til dei som blir direkte påverka. Omgrepet er å finne på Kritikarplakaten, dokumentet som formulerer Norsk kritikarlags profesjonsetikk, saman med nøkkelord som «integritet», «uavhengighet», «unngå dobbeltroller», «troverdighet» og «åpenhet». Habilitet handlar altså ikkje berre om vurderingsevna i og for seg, men om å bevare tilliten til kritikken som institusjon.

Det er etter kvart velkjent at det som er mest avgjerande for mottakinga av ei bok, ikkje lenger skjer i spaltene, men i kulissane: om redaksjonen vel ho ut for kritikk, og kven som får oppdraget. I den prosessen er habilitetsvurderingar, i begge tydingar av ordet, heilt avgjerande.

Jonas Hansen Meyer har intervjua sentralt plasserte kritikarar og funne at skilja i synet på habilitet kan gå tvers gjennom avisredaksjonane. Omsynet til habilitet kan også bli vekta ulikt om ein skriv for avis eller tidsskrift, eller om ein melder skjønnlitteratur eller sakprosa. Somme opplever ikkje at personleg kjennskap gjer det vanskeleg å felle ein negativ dom, andre får raskt den opplevinga. På nokre har kjennskap den effekten at dei vil demonstrere at dei er uavhengige, og blir ekstra strenge – det blir også feil.

I essayet «Kvinnen med ljåen» deler Hilde Østby erfaringar frå å vere både forfattar og kritikar. Konklusjonen er uventa: Problemet er ikkje eigentleg habiliteten som kritikar, men kva det å vere kritikar gjer med henne som forfattar. Det finst ganske sikkert andre som kombinerer forfattar- og kritikarrolla utan å oppleve dette som like problematisk.

Slike distinksjonar er viktige å vere merksam på for å skjøne meir av dynamikken i kritikken. Sjølv om redaksjonane stort sett opererer med dei same formelle habilitetskrava, kan praksisen likevel variere fordi vi vektar ulike omsyn ulikt, og fordi vi er avhengige av at den einskilde kritikaren deler relevant informasjon.

Spørsmålet om habilitet oppsummerer på sett og vis kva det er å redigere: dei stadige vurderingane og prioriteringane, makta, men også hovudpina. Openheit og debatt rundt dette er av det gode.