Demokratisk kontroll

29.03.2023

Å unndra seg eller sabotere ettersyn, eller undergrave truverdet til den som kritiserer, er autoritære strategiar.

Kontrollere, evaluere, kritisere, debattere, korrigere – reparere? Nei, det er ikkje Gorgon Vaktmester frå Pompel og Pilt som har inntatt spaltene, det er redaktøren som vil leie merksemda mot temaet revisjon. Den etymologiske tydinga er å sjå på noko igjen, og omgrepet blir brukt om alt frå kontroll av rekneskap og statlege verksemder til oppdatering av tekst og nye måtar å forstå historia på.

«Det er bare sjarlataner og idioter som vet og kan alt», skriv Simen Sætre i essayet om eit skrivearbeid som havarerte. Formuleringa, som stammar frå Anton Tsjekhov, kan vere god å ta med seg vidare i lesinga. Verda endrar seg raskt, og revisjonsprosessar er fortløpande oppfølging og reforhandling av kva standardar som skal gjelde. For tida er mange opprørde over revisjon av skjønnlitterære klassikarar der alt politisk sensitivt blir luka ut. Revisjon kan altså grense mot sensur. Korleis ulike former for revisjon skjer, er avgjerande i eit demokrati og vel verd – nettopp! – ettersyn.

Ved tiårsmarkeringa for terroren 22. juli 2011 gav Snorre Valen ut boka Utøyakortet. Hans kritiske tilbakeblikk på den politiske debatten, der overlevande frå Utøya vart skulda for å slå politisk mynt på offerrolla, endra synet på korleis vi som samfunn hadde takla det kollektive traumet. Ingvild Folkvord har granska kva Valens tilnærming seier om den offentlege samtalen forstått som eit spel.

Torgeir Ekerholt Sæveraas har skrive om Marte Michelets reviderte utgåve av Hva visste Hjemmefronten? Han meiner at veikskapane i det faglege grunnlaget for Michelets påstandar er endå tydelegare etter revisjonen. Siste ord er neppe sagt. Men for meg har det vore lærdom i å sjå kor mange ukjende faktorar det kan vere i arbeidet med eit skriftleg kjeldetilfang som nødvendigvis er mangelfullt samanlikna med kompleksiteten i den historiske, tapte tida. Sæveraas peikar på at nettopp detaljane i kjeldearbeidet er grunnlaget for tilliten til tolkingane. Samtidig fortel han at denne debatten har påverka kva han sjølv legg merke i lesinga av skrifter frå krigsåra. Det er ei realitetsorientering om kor konkret samtidig kontekst påverkar historiefaget.

Dette poenget kan ein sjå utdjupa i Anette Homlong Storeides gjennomgang av ein aktuell debatt mellom tyske og internasjonale historikarar. Striden står om kva historiske perspektiv på jødeutryddinga under 2. verdskrigen som er akseptable. Slik belyser Storeide forskjellen mellom legitim fagleg revisjon av historia og ideologisk fundert revisjonisme – og at debatten ofte står om kva som er kva.

Ein annan inngang til temaet er å finne i debutboka til Helle Cecilie Palmer, som er intervjua i spalta Nøtta og kjelda. Som del av ein kritikk av helse- og omsorgstenestene for barn med store pleiebehov, viser Palmer til Riksrevisjonens rapport om det same. Den slo fast at det ofte er særs arbeidskrevjande for familiane å skaffe seg den hjelpa dei har rett på. Rapporten gir legitimitet til Palmers erfaringsbaserte kritikk, men det er ho som gjer dei menneskelege kostnadane tydelege.

Riksrevisjonens rapportar set ofte agendaen. I ein eigen artikkel tar Harald Espeli for seg korleis denne sentrale institusjonen sjølv har blitt kritisert, men gjennom det fått styrkt uavhengigheit til å revidere sin eigen oppdragsgivar, Stortinget.

Ingen likar å bli retta på, eller endå verre: refsa. Og ofte er det direkte konflikt mellom omsynet til personleg prestisje (strategi: aldri vedgå feil) og omsynet til sak og funksjon (strategi: ta imot kritikk som innspel til kvalitetssikring og utvikling). Den som skal fylle ei offentleg rolle godt, må kunne handsame korreksjonar profesjonelt med det større samfunnsomsynet for auge. For kva er alternativet? Å unndra seg eller sabotere ettersyn, eller undergrave truverdet til den som kritiserer, er autoritære strategiar.

Kjøtet er veikt, står det i Bibelen. Også det sitatet har forresten vore gjenstand for revisjon, det kan du lese meir om i Anders Aschims artikkel om bibelomsetjing. Realiteten i bibelordet må vi likevel leve med. Om det blir mindre aksept for sakskritikk, varsling og usemje i samfunnet, er det eit langt alvorlegare problem enn at det blir gjort feil. Utan revisjon som demokratisk kontroll, er sjansen stor for at feilvurderingar og dårlege rutiner blir til dysfunksjonelle system.