Prisen for språket

30.05.2023
Merete røsvik ilja c hendel

Om ein påstår at ein set pris på språkleg og kulturelt mangfald, må ein også vere villig til å betale prisen for å bevare mangfaldet.

Å få ein pris, å bli sett pris på eller å få sett ein pris på hovudet sitt – uttrykka er til forveksling like, men viser til ganske så ulike scenario. Den siste frasen er rett nok ein anglisisme, men det er også ein del av språkutviklinga. Prosa har altså fått ein pris. Tidsskriftet vart før påske kåra til årets tidsskrift 2023 av Norsk Tidsskriftforening. I grunngjevinga fekk Prosa ros for «layout og tekst av høyeste kvalitet». Det er stas! Men like mykje som ære til den einskilde redaksjonen handlar prisar som denne om å rette merksemda mot alt arbeidet som blir lagt ned i tidsskriftredaksjonane for å halde ved like og utvikle norsk skriftkultur. Slik språkrøkt går også føre seg på mange andre arenaer, ikkje minst i skuleverket. Og vi som skriv nynorsk eller bokmål, har den enkle jobben.

Årets tredje Prosa-nummer har «morsmål» som tema. Korleis handterer vi i dagens Noreg at mange grupper har ein annan språkleg og kulturell bakgrunn enn majoriteten? Vi presenterer også tre eldsjeler som på kvar sin måte har gjort ein innsats for å bevare eit truga språk.

Agnes Eriksen har skrive lærebøker i kvensk og er intervjua av forfattar Aina Basso, som også har røter i den kulturen. Harrieth Aira fortel i essayet sitt om korleis det var å ikkje lære å lese og skrive morsmålet lulesamisk før på vidaregåande, og korleis ho som vaksen har vidareutvikla lulesamisk gjennom journalistikk og akademisk skriving. Abduweli Ayup, som i dag bur i Bergen som fribyforfattar, er uigur frå Kina. Han skriv om korleis den kinesiske språkpolitikken, med hyppige byte av skriftspråk for uigurisk, skapte meirarbeid og forvirring då han vaks opp. No er også talespråket truga.

– Eit språk er det som ber ein kultur. Og ein demokratisk stat, som har forårsaka dette språklege og kulturelle forfallet, må gjere opp for seg, seier Agnes Eriksen. Både ho og Harrieth Aira fortel om konsekvensane av fornorskingspolitikken, som for mange samar og kvener skapte skam og tok frå dei kunnskapen om, gleda over og kontakten med eigne røter.

Morsmålsdebatten blir ofte kopla tett til innvandringsdebatten. Dermed kjem det i bakgrunnen at spørsmålet om fleirspråklegheit i skulen også gjeld minoritetskulturar med like lang historie i landet som majoriteten. Då kan både pedagogiske og prinsipielle problemstillingar sjå annleis ut.

I meldinga av antologien Samiske stemmer i skolen kan vi lese at samiske barn som ønskjer opplæring i og på samisk, opplever vanskar med å få det fordi dei ikkje kan vise «språklig tilhørighet» – som altså er ei direkte følgje av at staten har prøvd å utrydde språket deira. 1. juni skal rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen leggast fram. Konsekvensane av fornorskingspolitikk og urett overfor samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar har blitt granska, og forslag til forsoningstiltak skal leggast fram. Det vil forundre meg om ikkje styrkt rett til språkopplæring og betre finansiering av arbeidet for å bevare desse urfolks- og minoritetsspråka er blant forslaga.

I læreplanen for grunnskulen frå 2020 blei det presisert i den overordna delen at «alle elever skal få erfare at det å kunne flere språk er en ressurs i skolen og i samfunnet», skriv Silje Pileberg i artikkelen «Lyden av mangfald i klasserommet». Men då forslaget til ny opplæringslov i vår vart lagt fram for Stortinget, var eit tidlegare forslag om å styrke retten til morsmålsopplæringa tatt ut. Årsaka er truleg at det er dyrt og administrativt krevjande å tilby opplæring i mange språk. I dag er det slik at elevar har rett på morsmålsopplæring i inntil tre år – men berre om dei treng det for å lære norsk. Dermed er det framleis omsynet til norskopplæringa som har prioritet i norsk skule. Gjentar vi feila frå fornorskingsprosessen?

Å lovfeste rettar utan midlane til å gjennomføre naudsynte tiltak har lite for seg. Men frå politisk hald kan ein, som fleirspråkforskar Bente Ailin Svendsen foreslår, ta grep for å oppvurdere verdien av andre språk enn dei store europeiske, til dømes ved å tilby minoritetsspråk som tilvalsspråk frå 5. klasse der lokale forhold ligg til rette.

Om ein påstår at ein set pris på språkleg og kulturelt mangfald, må ein også vere villig til å betale prisen for å bevare mangfaldet. Slik kan fleirspråklege nordmenn ikkje berre bli ein ressurs, men også få eit handfast signal om at den kulturelle identiteten deira har verdi i seg sjølv.