Fundamentet for ytringsfridomen

25.10.2022
Merete røsvik ilja c hendel

Kva gjer vi når svært mange opplever at den offentleg samtalen ikkje handlar om sanning, men om makt?

Ytringane strøymer på frå alle kantar. Frå aviser, radio, tv, på nett og i e-post kjem det stadig meir informasjon om hendingar og påstandar eg skulle ha tatt stilling til. Det må då vere ein fare for demokratiet, tenkjer eg: at informasjonsflaumen blir så stor at ein kjenner mest for å melde seg ut. Paradoksalt nok skaper mengdene med ytringar behov for bøker og journalistikk som sorterer, tolkar og tar stilling. Under temaet «Kampsak» er Prosa 5/22 vigd til sakprosa som går inn i si tid.

I år er det 50 år sidan kjønnsleg omgang mellom menn vart avkriminalisert i Noreg etter målretta innsats frå politiske aktivistar. Likevel opplevde vi så seint som juni i år eit dødeleg angrep mot Pride-feiringa i Oslo. Dermed har Skeivt kulturår 2022 ikkje berre blitt ei feiring, men òg ei påminning om at lhbt-kampen ikkje er over. Jan Olav Gatland skriv i dette nummeret om sakprosa han meiner har vore spesielt viktig i kampen for like rettar uansett seksuell legning. I tillegg har vi fått Aasne Jordheim til å vurdere Blikk, «Nordens eldste skeive magasin».

Det er også 100 år sidan Norsk PEN vart stifta, noko organisasjonen i haust feirar med ein ambisiøs festival for ytringsfridom. Arbeidet som blir gjort her til lands og av PEN International er avgjerande for modige stemmer verda over som trassar sensur og sanksjonar. Sidan 1990-talet har Norsk PEN vore ein viktig støttespelar for forfølgde skribentar som kjem hit gjennom Fribyordninga. I høve jubileet har Prosa starta ein artikkelserie der nokre av desse kjem til orde. Først ut er Ahmedur Rashid «Tutul» Chowdhury. Som tidsskriftredaktør og forleggjar spreidde han tankar som provoserte makthavarane i Bangladesh. Etter at han så vidt overlevde eit overfall, måtte han flykte til Noreg, og han driv no arbeidet vidare gjennom nettidsskriftet Shuddhashar.

Då Word Expression Forum vart arrangert for første gong på Lillehammer i mai, fortalde forfattarar, publisistar og aktivistar frå ulike verdsdelar om aukande press mot ytringsfridomen. Autoritære regime nyttar stenging av internett, fengsling og «forsvinningar», medan det i USAs kommersialiserte og polariserte medielandskap har blitt eit demokratisk problem at lokalavisene forsvinn.

The Edelman Trust Foundation gjennomfører årlege spørjeundersøkingar i 28 land og rapporterer at mange demokrati går mot ei tillitskrise. Nesten halvparten av dei spurde opplever at både styresmaktene og media verkar splittande, og heile 76 prosent er bekymra for at nyhende er villeiande og blir brukte som våpen. Næringslivet nyt større tillit som institusjon enn både regjering og presse (61 prosent mot høvesvis 52 og 50 prosent). Svært mange er bekymra for framtida.1

Prosessen mot Julian Assange kan illustrere korleis lammande mistillit spreier seg: Det hemmelegstempla materialet som WikiLeaks publiserte om det amerikanske forsvaret, stiller USA i eit svært dårleg lys. Ikkje berre overgrepa som vart avslørte, men også den påfølgjande klappjakta på redaktøren Assange er desillusjonerande og skremmande. Ved å så tvil om Assanges personlege integritet ser prosessen også ut til å ha lagt ein dempar på engasjementet for ei prinsipielt viktig sak. Den handlar ikkje berre om pressefridomen, men om den grunnleggjande tilliten som både utøvande statsmakt og den såkalla fjerde statsmakt er avhengige av.

Aftenposten-kommentator og forfattar Frank Rossavik er bekymra for tendensen til at meiningsmotstandarar blir gjorde til fiendar. I intervjuet i dette nummeret påpeikar han at det er ein grunnpremiss for den liberale offentlegheita at mange nok har positive intensjonar, forstått som «å ville noe bedre, eller søke sannhet». I lys av Edelman-rapporten reiser spørsmålet seg: Kva då når svært mange opplever at den offentleg samtalen ikkje handlar om sanning, men om makt? Korleis kan vi gjenreise tilliten? Det finst ikkje enkle svar. Men ingen inngir større tillit og håp enn aktivistar som risikerer eigen tryggleik i kampen for menneskerettar og den frie tanken. Å lytte til og støtte dei er difor ein god start.

1. «The Trust Ten», edelman.com/trust/2022-trust-barometer, lesen 6.oktober 2022