Ein kan iblant få inntrykk av at kulturpolitikken er til for oss som arbeider i bransjen, men det større formålet er jo kulturell verdi for folket.
Kvar og ein er vi del av noko større. Frå familie og venegrupper, nabolag, skuleverk og arbeidsliv til organisasjonsliv, offentleg ordskifte og nasjonal politikk. Som igjen er påverka av internasjonale tilstandar. Samspelet og motsetnadane mellom individuelle og kollektive interesser definerer både livet og politikken, og av og til gir det seg paradoksale utslag.
Sidan juli 2021 har foreiningane som representerer opphavspersonar i Noreg, vore pålagde å følgje opp EU-direktivet om kollektiv forvalting av opphavsrett (2014/26/EU). Det slår fast at ein del av vederlagsmidlane må delast ut som individuell kompensasjon. Det er lettare sagt enn gjort, gitt at vi manglar verktøy til å telje kor mykje einskilde verk har blitt kopierte eller mangfaldiggjorde elektronisk. Dermed har foreiningane hatt eit svare strev med å finne modellar for utbetaling av individuelt vederlag – utan tilgang til reelle tal. For å samordne praksisen med EU må vi altså dele ut pengar individuelt basert på pragmatiske fiksjonar om rettferd. Då har eg meir sans for rasjonaliteten i dei kollektive ordningane.
At norsk bokbransje er basert på kollektive avtalar og organisasjonar som forvaltar kopi- og bibliotekvederlag til beste for lauget, er solidarisk omfordelande og held oppe viktige sosiale strukturar. Foreiningane arbeider politisk på vegner av medlemmane, og kollektiv forvalting genererer fleire bøker og rekrutterer nye skribentar gjennom stipend og kompetansehevande tiltak. Slik held vi det litterære kretsløpet i gang.
Ein kan iblant få inntrykk av at kulturpolitikken er til for oss som arbeider i bransjen, men det større formålet er jo kulturell verdi for folket. Dermed handlar ikkje spørsmålet om fordeling av midlar gjennom innkjøpsordninga, for å ta eit aktuelt døme, først og fremst om likebehandling av forfattargruppene. Eit betre argument er at kvalitetssikra sakprosa har ein spesielt viktig funksjon i vår tid og difor bør nå mange gjennom biblioteka. På same måten driv vi ikkje med politikk for likestilling og mangfald av omsyn til dei som vert rekrutterte, men for å skape eit kulturliv som representerer – og er relevant for – alle grupper.
Likevel: Kollektive ordningar kviler på individuell innsats, og viktige fagfolk i bokbransjen lever med mindre økonomisk tryggleik enn vanlege arbeidstakarar. I dette temanummeret om samarbeid kan du difor lese både om sams innsats bak bokutgivingar og om korleis det er å vere frilansar når katastrofen rammar, eit prosjekt strandar eller pensjonsalderen nærmar seg.
Ingen stader krev innsats for fellesskapen så store individuelle offer som i krig og motstand mot autoritære regime. I dette nummeret får vi høyre om – og frå – verkelege heltar i kampen for det frie ordet. (NB: Informasjon om desse artiklane blir ikkje delte på nett av omsyn til tryggleiken til skribentane, og vi ber om at heller ikkje lesarar vidareformidlar namna deira eller bilete av dei på nett eller i andre medium).
Takk og pris!
Med dette nummeret takkar eg av etter fem år i redaktørstolen. Stillinga er på åremål av omsyn til den offentlege samtalen: Fornying må til! Guro Sibeko er gjesteredaktør for første nummer i 2024, før Roman Linneberg Elisassen tek over som redaktør 1. april.
Å forvalte eit etablert tidsskrift med full redaksjonell fridom og romsleg budsjett har eg kjent som eit stort ansvar – og det kjem med fallhøgde. Eg har lært mykje, både av det som har fungert, og det som har gått gale. Opplevinga er at samspelet mellom sosiale og redaksjonsstyrte medium legg aukande press på redaktørrolla, som på alle som er synlege i offentlegheita. Det kan resultere i både sjølvsensur, mindre risikovilje og lågare toleranse for kritikk. Utviklinga er ein trugsel mot kvaliteten på samfunnsdebatten og er viktig å overvake og motarbeide.
For meg enda reisa likevel med ei gledeleg oppmuntring: I oktober vart Prosa kåra til årets nordiske kulturtidsskrift 2023 av Nordisk kulturtidsskriftsförening. Sidan også tidsskriftet er eit resultat av kollektiv innsats, er det mange som deler æra:
Tusen takk til alle kunnskapsrike og kreative bidragsytarar som har fylt Prosa med innhald! Ein spesiell takk går til Johanne Hjorthol, som med sin sikre smak har løfta Prosa visuelt, til Eldbjørg Hovland, Sunnev Gran og Eirik Ulltang Birkeland, som har heva det språklege nivået, og til Sissel Bjerkeset, som har selt annonsar i ein tøff marknad. Hjarteleg takk til alle som har vore med i redaksjonsrådet, og også til Bente Riise i Tidsskriftforeningen, for gode råd og sosial støtte som har vore viktig når debattane har fått storm i kasta. Utgivar NFFO skal ha stor takk for gode arbeidsvilkår administrativt og sosialt.
Takk også til dykk som har lese! I ei tid der merksemd kanskje er det knappaste av alle gode, har det vore eit privilegium å lage tidsskrift for så kompetente lesarar.