Digital kompleksitet

06.09.2022
Merete røsvik ilja c hendel

Utviklinga av nye sakprosaformat som lydbok, dokumentarfilm og podkast, har ikkje berre har bydd på mogelegheiter, men også ein kompleksitet som kan vere krevjande.

Digitalisering og internett har på mange måtar gjort livet enklare, men ein kan trygt seie at utviklinga også har skapt splitter nye problemstillingar av både teknisk, sosial og etisk art.

Eit europeisk forskingsprosjekt om korleis digitalisering påverkar lesevanane våre (leia av professor Anne Mangen ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger), har funne at evna til konsentrert lesing av lengre, komplekse tekstar har blitt svakare. Eit anna funn er at vi i større grad skumles når vi les på skjerm, og at vi overvurderer kor mykje vi får med oss. Rekk opp handa alle som kjenner seg igjen! Forskinga er summert opp i Stavanger-deklarasjonen om lesingens fremtid, og der vert det mellom anna tilrådd å utvikle nye, forskingsbaserte digitale læringsverktøy og strategiar for å demme opp for denne tendensen, som kan ha alvorlege implikasjonar for ålmenndanninga. Det er altså ikkje berre berre å byte ut boka og blyanten med ein iPad.

Haustens første Prosa-nummer ser nærare på problemstillingar knytte til formidling av sakprosa i format som lydbok, dokumentarfilm og podkast. Mange av artiklane forsterkar inntrykket av at utviklinga ikkje berre har bydd på mogelegheiter, men også ein kompleksitet som kan vere krevjande.

Linn-Birgit Kampen Kristensen fortel, basert på eiga forsking, at lesarar vekslar meir mellom ulike format enn før, tilpassa både praktiske behov og innhaldet i bøkene. Ho meiner at tilgang til lydbøker via strøyming kan bli viktig for å kapre publikum til nye utgivingar framover. Papirboka held likevel stand, for det er ikkje berre den eldre garde som opplever trøblete teknologi.

Eksistensen av nye format har altså skapt forventingar som det kan vere ressurskrevjande å oppfylle. Ikkje alle forfattarar får eit forlag med på satsing i mange format, og Kjerstin Gjengedal skriv om korleis nokre av desse sjølv står for innspeling av lydbok.

Ulike format gir også ulike opplevingar av innhaldet i ei bok. Gro Jørstad Nilsen har lytta til fjorårets Bragepris-vinnar i sakprosaklassen og meiner at essayforma i Lena Lingrens Ekko ikkje fungerer like godt som lytteoppleving som den gjorde ved lesing på papir.

Elin Lindberg er inne på liknande problemstillingar i omtalen av læreverk i form av digital ressurs og lydfil. Somme format krev at eleven markerer på skjerm den teksten hen vil ha opplesen – noko som er vanskeleg om ein er blind. Og fordi det er dyrt å hyre ein skodespelar til å lese inn ei bok, er såkalla syntetisk tale – generert av ein slags robot, får ein tru – ofte brukt. Det fungerer sikkert greitt i matematikk, men er mindre greitt når eleven skal tolke dikt.

Formidling av sakprosa i nye format reiser også etiske problemstillingar knytte til kjeldebruk, spesielt for film og podkast, som i form ofte ligg ein stad mellom underhaldning, journalistikk og sakprosa.

– Vi har svak kunnskap om og tradisjon for å ivareta sakprosa i filmen, seier forfattar og regissør Nina Grünfeld i samtale med Kaja Schjerven Mollerin. Ho fortel også om sin eigen bruk av rekonstruksjon i dokumentar – eit grep mange vil hugse frå dokumentarserien «Frontkjempere» (vist på NRK TV våren 2021) og debatten i etterkant.

Podkast er eit format både Linn-Birigit Kampen Kristensen og Øyvind Strømmen meiner har potensial som sakprosasjanger. Dei kan ha rett i det, i alle fall når podkasten har ei forteljande form. Det bør resultere i større medvit om god skikk for kjeldebruk. Som Strømmen skriv i spalta Sakprosa i verda, har det vore fleire tilfelle av at sakprosaforfattarar meiner seg plagierte i podkast, ein debatt NFFO har reist ved to høve sist vår.

At sakprosaforfattarar er viktige leverandørar av stoff til journalistikken, veit vi frå før, men det spesielle med podkast er at historier ofte blir lagde fram som om produsentane har leita fram alt materialet på eiga hand. På skulen lærer alle no om kjeldekritikk, men korleis dette blir praktisert i media, har stor signaleffekt. Gitt populariteten podkastmediumet har fått, vil det bety mykje om det blir like sjølvsagt for produsentane å opplyse om skriftlege kjelder som det er å namngi intervjuobjekt. Så, sakprosaistar i alle format: Stå på krava!