Samhald under press

20.02.2023
Merete røsvik ilja c hendel

Dei kollektive avtalane er ryggrada i det norske litterære systemet.

Utanfor vindauget er det tidleg morgon og sein mørketid, og når eg ser tilbake på fjoråret, som det har blitt rutine å gjere i årets første Prosa-nummer, kjennest det som at mørketida har vart veldig lenge. Vi trudde at dødsskuggen skulle lette då koronapandemien var over. I staden vart 2022 prega av krig, valdelege regime, klimaendringar, dyrtid og svolt internasjonalt, og av stadig meir frynsete tillit til velferdsstaten nasjonalt. Kjensla av uhygge er fanga i forsideillustrasjonen signert Christian Bloom – ein av landets beste avisteiknarar som også vil følgje Prosa vidare i 2023.

Eit lysglimt i 2022 har vore å sjå kor viktig sakprosa er i slike tider. Imponerande raskt har det kome ut bøker som formidlar historisk og ny kunnskap til hjelp for å forstå aktuelle hendingar. Bokfloraen er rikare enn Prosa kan spegle, men i dette nummeret skriv Alf Kjetil Igland og Morten Haugen om tendensar og det dei meiner var dei viktigaste, norskskrivne utgivingane i 2022. Line Normann Hjorth har lese forfattarskapen til Bjørn Olav Jahr, som også er portrettert av Christian Bloom. Det er velfortent heider til Jahr etter at det no er klårt at rettssakene han har engasjert seg sterkt i, mot Viggo Kristiansen og fetteren til Birgitte Tengs, var grove justismord.

I Prosas artikkelserie med fribyforfattarar fortel Asieh Amini og fotograf Javad Montazeri om drap på frittalande forfattarar i Iran i 1998, ei viktig forhistorie for det pågåande opprøret mot regimet. Gro Jørstad Nilsens bokessay om høgreekstremisme formidlar innsikt i den europeiske historia til denne antidemokratiske rørsla. Debutant Andreas Outzen fortel i intervju om korleis innføring av mål- og resultatstyring i skulen har svekt tilliten mellom politisk leiing og pedagogar.

Ei viktig bransjehending vart kunngjort før jul: NFFO og Forleggerforeningen har blitt samde om ny normalkontrakt for sakprosa i bokgruppe 3 (forteljande sakprosa). Det er bra at lydbok og e-bok omsider er inkludert i avtalen. Men eitt anna punkt er omstridt, og kan få ringverknadar for andre bokgrupper: NFFO har gått med på at royalty skal reknast av netto inntekt av boksalet, men då med dobla prosentsats. Ifølgje reknestykket som vart lagt fram på medlemsmøtet i Oslo 16. januar, sikrar avtalen ein marginal auke i utbetalinga i fastprisperioden. Spørsmålet som står att, er korleis avtalen vil slå ut etter fastprisperioden. Før var royalty av vegleiiande utsalspris norma, men praksis har variert sterkt. No har altså forlaga som braut norma og betalte royalty av netto forteneste, fått gjennomslag.

NFFO viser forleggjarane tillit ved å gjere forfattarinntekta avhengig av kva rabattar som blir gitt til bokhandlane. I åra som kjem er det verdt å følgje nøye med på om forlaga viser seg tilliten verdig. Vil dei overby kvarandre med rause rabattar når kostnaden kan delast med forfattaren? Forlag og forfattar har ikkje utan vidare samanfallande interesser.

Når skandinaviske mediehus har kjøpt seg opp i to sentrale, norske forlag, som Sindre Hovdenakk har skrive om for Prosa, er det fordi dei ser eit kommersielt potensial. Til dømes er ikkje ønsket om å kapre bestseljande forfattarar spesielt godt kamuflert når direktør Alexander Even Henriksen i Bonnier Norsk Forlag vil ha kortare bindingstid i normalkontrakten. Den vertikale integreringa i bransjen (at dei største forlaga eig dei store bokhandelkjedene) gjer også at den fortenesta som høge rabattar flyttar frå produsent- til salsleddet, i mange tilfelle altså endar opp i same konsern.

Den norske Forfatterforening er imot prinsippet om royalty av netto inntening. På spørsmål om dette på det alt omtala medlemsmøtet, sa NFFO-leiar Arne Vestbø at han ikkje kjenner vurderinga bak det standpunktet. Av det må ein slutte at det ikkje har vore samtalar om emnet mellom foreiningane. Det er uheldig. Sjølv om det er legitimt å konkludere ulikt, ville det beste ha vore at foreiningane stod samla, eller i det minste kjende resonnementet bak dei ulike vurderingane før avtalen vart inngått. Dei kollektive avtalane er ryggrada i det norske litterære systemet. I møte med stadig større, kommersielt drivne forlag er det viktigare enn nokon gong at alle som skriv og omset bøker står saman.