God grunn til pessimisme

07.09.2023

Kulturminister Lubna Jaffery bør så snart som råd setje i gang eit eige utgreiingsarbeid om kunstig intelligens og opphavsrett.

I sommar starta regjeringa arbeidet med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi, og ved kick off-arrangementet som gjekk av stabelen på NTNU i Trondheim, sa statsminister Jonas Gahr Støre at Noreg skal vere eit kunnskapssamfunn, eit demokrati og eit teknologioptimistisk samfunn. Men gir utviklinga av kunstig intelligens grunn til teknologioptimisme?

Både internasjonalt og nasjonalt kjem det nytt om opprop, streikar og bekymringsmeldingar om kunstig intelligens (KI). Ikkje berre fordi KI i mange tilfelle vil erstatte menneskeleg innsats, men fordi ein så kraftig reiskap opnar for manipulasjon og anna misbruk. Det seier sitt at også forskarar på feltet omtalar KI som ein fare og etterlyser regulerande tiltak.1

Eg er kronisk teknologiskeptikar. Om utviklinga var opp til slike som meg, hadde vi framleis levd av jakt og sanking og utfalda oss kreativt med å risse i stein. Inst inne mistenkjer eg teknologioptimistane for å vere meir opptekne av kor gøy det er med teknologi, enn av framtida.

Sjølvsagt vil språkmodellar og algoritmar gjere skrive- og omsetjingsarbeid meir effektivt. Men er det mangel på tekst i samfunnet vårt? Nei. Går informasjonsutvekslinga for sakte? Nei. Tvert om ser informasjons- og ytringsflaumen ut til gjere det same for demokratiet som ekstremvêret «Hans» gjorde for infrastrukturen i Innlandet og Viken. Å tilføre den offentlege samtalen ein språkmodell som spyr ut ultraprosessert språk fullt av faktafeil, er som å setje ein eldre mann med svakt hjarte på snarmat-diett. KI er eit kraftig verktøy, men det kan ein òg seie om atombomba.

Vi var altså midt i debatten om kor skadeleg skjermbruk er for den oppveksande generasjonen, og så blir det introdusert skapande kunstig intelligens som i løpet av sekund kan produsere ny tekst og lyd- og biletmateriale basert på eksisterande data. Elevar og studentar var blant dei første som såg at ChatGPT kan spare dei for tid og krefter. Kva vil det i lengda gjere med hjernen om vi i framtida ikkje lenger må anstrenge oss for å samle og vurdere informasjon og velje dei rette orda for å formidle han vidare?

Som vi har sett med spreiinga av smarttelefonen og sosiale medium, aukar ny teknologi eksisterande forskjellar. I globalt perspektiv er avansert teknologi for dei velståande, og dei høgt utdanna er flinkare til å beskytte seg og barna sine mot potensielle skadeverknadar.

Utviklinga går fort. I dette nummeret er den engelskspråklege språkmodellen ChatGPT mykje omtala, men i sommar vart det kjent at NTNU er i full gang med å trene opp norskspråklege NorGPT ved hjelp av norske tekstar. Grunngivinga er at dette er viktig for å bevare norsk språk, at NorGPT vil formidle norske kulturelle verdiar, og at han kan sikre at viktig infrastruktur er utvikla her, ikkje i USA.2 Dermed har spørsmåla om opphavs- og sitatrett igjen blitt brennaktuelle.

Tommelfingerregelen for gjenbruk av åndsverk er at kunnskapsinnhaldet fritt kan brukast, men at framstillingsforma er beskytta. I treninga av språkmodellar er språkstrukturen det primære fokuset, medan innhaldet «følgjer med på lasset». Det er difor tekstane ofte inneheld faktafeil. Men i kor stor grad er herminga til chatboten plagiat? Her må det juridisk nybrottsarbeid til.

Ein kan hevde at norsk litteratur og avisflora er så avhengig av statlege støtteordningar at det ikkje er ei urimeleg motyting å la dei ferdige tekstane bli nytta til å trene ein nasjonal språkmodell. Men det er urimeleg at opphavsretten ikkje skal gjelde bruk i ein teknologi som kan slå beina under inntektsgrunnlaget til opphavarane.

I digitaliseringsstrategien som skal vere klar i løpet av 2024, er kunstig intelligens eitt av mange tema – på linje med deling av data mellom offentleg og privat sektor og digital infrastruktur som kan skape arbeidsplassar i distrikta. Ansvaret er lagt til Kommunal- og distriktsdepartementet. Men bruk av kunstig intelligens vedkjem alle former for digital verksemd, som i vår tid påverkar så godt som all verksemd. Dei spesifikke problemstillingane som gjeld opphavsrett vil neppe bli behandla grundig og raskt nok der. Kulturminister Lubna Jaffery bør difor så snart som råd setje i gang eit eige utgreiingsarbeid om KI og opphavsrett.