Aktuelt

God jul!

Jula nærmar seg, og 2021 nærmar seg slutten. Eg vil rette ein stor takk til alle sympatiske og høgkompetente skribentar, medarbeidarar og lesarar som held Prosa i gang. Måtte julefreden bli rik og det nye året prega av helse, kreativitet og glede!

Prosa #4 2021 er ute!

«Boka er en allmenning hvor vi samarbeider om å løse problemer og belyse utfordringer kritisk», skriv Kjetil Røed i bokessayet «Reflekterende sorgarbeid». Det er éi av tilnærmingane til temaet for haustens første Prosa: «Vegen vidare». Korleis reiser vi oss og går vidare etter personlege og kollektive kriser? Aktuell sakprosa både skildrar og praktiserer krisebearbeiding.

Prosa #3 2021: Jakta på fakta

Korleis jobbar ein faktasjekkar, og kor stort ansvar har fagkonsulenten for ferdig bok? Korleis påverkar konspirasjonsteoriar den offentlege samtalen, og kva treng vi eigentleg meningsjournalistikken til no som alle kan publisere eigne synspunkt i sosiale medium? Alt dette kan du lese om i vårens tredje nummer av Prosa.

Prosa #1 2021: Sakprosaåret 2020

I Prosas første utgåve i 2021 ser vi tilbake på sakprosaåret 2020 og tar temperaturen på resepsjonsdebatten. Marte Michelets svar på kritikken frå Berggren, Bruland og Tangestuen er utsett til Prosa #2.

Julefred, julefryd!

No er det like før julefreden senkjer seg, og vi får håpe at det blir ein rikare og meir frydefull fred enn den koronainduserte roa som har prega haustkveldane dei siste vekene. Det er vel ingen som er lei seg for å sjå enden på dette merkelege året.

Prosa #6 2020: Krigen etter krigen

Gjennomgangstema i årets siste Prosa er korleis biletet av krig endrar seg med tida. Men nummeret byr også på ei tolking av Ari Behn som offentleg figur og ei ny spalte av det lettbeinte slaget: Blomar i bruksprosa, der første studieobjekt er menns formuleringskunst på Tinder.

Prosa #5 2020: Fagfornyelsen

Årets femte utgave av Prosa handler om Fagfornyelsen. Fokus ligger på tverrfaglige temaer i de nye læreplanene som ble tatt i bruk i høst, og på hvordan digitalisert undervisning påvirker lærer og elev.