Al-Azhar-universitetet
i røyk etter Israels bombeangrep 6. november 2023.
Al-Azhar-universitetet i Gaza blei bomba av IDF 6. november 2023. https://www.aljazeera.com/news/2024/1/24/howisrael-has-destroyed-gazasschools-and-universities

Når forsking blir farleg

15.06.2024

Scholars at Risk gjev forfølgde akademikarar vern og arbeid ved vertsinstitusjonar over heile verda. No kjem mange av søkjarane frå Palestina.

– Autoritære krefter har til felles at dei går etter journalistar, domstolar og akademikarar – alle som kan stille spørsmål og tenkje kritisk. Det seier noko om kor viktig høgare utdanning og forsking er i eit samfunn, og kor trugande nokon oppfattar det, seier Karen-Lise Scheie Knudsen.

Knudsen leier den norske greina av Scholars at Risk, eit internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar som arbeider for akademisk fridom ved å dokumentere åtak mot akademikarar og institusjonane deira, og ved å hjelpe forfølgde akademikarar til mellombelse opphald ved institusjonar i trygge land. Då nettverket feira 20-årsjubileum i 2020, hadde meir enn 1400 akademikarar fått tilflukt ved institusjonar i andre land.1

Sjølv om Scheie Knudsen får sin del av e-postar med «madam, please save my life» i emnefeltet – som ho svarer på så godt ho kan – så går hennar arbeid mest ut på å koordinere praktiske spørsmål rundt forskaropphald med medlemsinstitusjonane.

– Og vi prøver å skape merksemd rundt akademisk fridom der vi kan, seier ho.

Fleire på flukt
Scholars at Risk står førebels ikkje i fare for å bli overflødig. Kvart år publiserer nettverket rapporten Free to Think, som er ei oppsummering av den globale utviklinga når det gjeld akademisk fridom. Den siste rapporten dokumenterte hendingar i tolvmånadersperioden fram til sommaren 2023 og nemner meir enn 400 hendingar i 66 land,2 mellom anna den brutale handteringa til det iranske regimet av dei landsomfattande demonstrasjonane i kjølvatnet av dødsfallet til 22 år gamle Mahsa Amini i september 2022, medan ho var i varetekt hos det religiøse politiet. Hundrevis av studentar vart arresterte eller utviste i månadane etterpå, og fleire titals professorar mista jobben i det som var ein førebels kulminasjon av mange års undertrykking av akademisk fridom i Iran.

I skrivande stund er det om lag 25 akademikarar som har engasjement ved norske institusjonar gjennom Scholars at Risk, ein stor auke frå 2011, då den norske seksjonen vart etablert og Universitetet i Oslo var einaste institusjon som kunne tilby slike opphald.

– Vi ser jo at det følgjer dei store krisene i verda, seier Knudsen.

– Syria var først, så fekk vi åtak mot akademisk fridom i Tyrkia, og det kom søkjarar derifrå. I starten var det nok mest slik at det var forskarar som arbeidde med upopulære tema, som var utsette for individuell risiko. No er det altså meir styrt av store kriser. Blir universitetet ditt bomba, har du jo korkje jobb eller akademisk fridom lenger.

I dei fleste tilfelle er det hovudkontoret til Scholars at Risk i New York som tek imot og vurderer søknader frå forfølgde forskarar, fortel ho. Men dersom ein institusjon allereie har kjennskap til akademikarar i andre land som treng vern, kan dei gjere vurderinga sjølve. Personane ein tek imot, skal passe inn fagleg i miljøet dei kjem til.

– Institusjonane gjer dette på ulikt vis. Når vi har ein ledig heimel ved mitt universitet, Universitetet i Agder, får vi ei liste frå Scholars at Risk internasjonalt. Vi set som krav at dei må kunne engelsk, helst ha doktorgrad og arbeide innanfor våre fagområde. Så har vi ein vitskapleg komité som set opp ei prioritert rekkjefølgje, og så vender vi oss til dei aktuelle institutta og spør om dei trur det vil vere ein god match, seier Knudsen.

Alle augo på Gaza
Denne vinteren og våren har kjende gjengangarar i dei årlege Free to Think-rapportane, slik som Iran, Afghanistan, Kina, Russland og Ungarn, hamna i skuggen fordi den globale merksemda har flytta seg til Gaza. Sidan krigen starta, er alle universitet i Gaza blitt bomba og hundrevis av skular øydelagde.3 I midten av april gjekk ei gruppe FN-ekspertar ut4 og åtvara om at mønsteret i åtak på skular, universitet, lærarar og studentar i Gaza kunne tyde på eit systematisk forsøk på å øydeleggje det palestinske utdanningssystemet, ei handling ekspertane har gjeve termen «scholasticide».5

Slike åtak på akademikarar og på infrastruktur for utdanning høyrer også til dei tinga Scholars at Risk arbeider for å skape merksemd om, fortel Knudsen. I Noreg arrangerte nettverket debatt under Arendalsuka i august i fjor – altså før krigsutbrotet – om situasjonen for akademisk fridom i Palestina under israelsk okkupasjon.

– No er det ikkje universitet igjen i Gaza, det er knapt skular. Når det gjeld palestinske akademikarar, kan vi ikkje gjere anna enn vi gjer for akademikarar frå andre land. Men då Taliban tok over makta i Afghanistan, melde fleire institusjonar seg til å ta imot fleire enn dei hadde tenkt. No seier mange det same om Palestina. Problemet er å få dei ut av Gaza, seier Knudsen.

På veg til Oslo
Hege Hermansen er utdanningsforskar ved Oslomet og Universitetet i Oslo (UiO), og leier prosjektet E-Pal, som har som mål å styrkje e-læring i den palestinske høgare utdanningssektoren. Ho har samarbeidd med akademikarar i Palestina i mange år. Då krigen braut ut i oktober, forstod ho raskt at Scholars at Risk kunne vere ein måte å hjelpe palestinske samarbeidspartnarar på.

– Rektoratet ved UiO var kjappe til å løyve midlar til det. Dette er jo ei internasjonalt etablert ordning retta mot forfølgde forskarar, så det låg etablerte strukturar på plass som kunne aktiverast då vi såg at dette kunne vere til hjelp for forskarar i Gaza, seier ho.

I E-Pal-prosjektet samarbeider ho med to universitet i Palestina, og ho søkte på Scholars at Risk-ordninga ved UiO for to forskarar i Gaza som har vore spesielt aktive i prosjektet. Både UiO og Utlendingsdirektoratet hastebehandla sakene, og alt låg til rette for at forskarane kunne reise til Oslo – om dei berre greidde å kome seg ut av Gaza.

– Generelt har okkupasjon alltid vore ein grunnleggjande premiss som høgare utdanningssektor i Palestina har eksistert under. Gaza spesifikt har vore under blokade i 16–17 år no, og det gjer det vanskeleg for studentar og akademikarar derifrå å kome seg ut på mobilitetsopphald utanlands og for utanlandske akademikarar å besøkje Gaza, seier ho.

Men krigen har gjort ein allereie vanskeleg situasjon for palestinske akademikarar, nær umogleg, fortel Hermansen.

– Det er berre to måtar å kome seg ut av Gaza på, seier ho.

– Anten ved at norske styresmakter koordinerer med egyptiske styresmakter, eller ved at folk betalar seg ut, i praksis ei form for korrupsjon på den egyptiske sida.

Hermansen meiner den største flaskehalsen har vore at norsk UD har nekta å hjelpe palestinarar med norsk opphaldsløyve, men som ikkje bur i Noreg, med å kome seg ut av Gaza.6

Mista kollegaer og studentar
Medan denne artikkelen vart skriven, kryssa dei to palestinarane som har fått jobb ved UiO, Asmaa Abusamra og Mohammed al-Masri, grensa til Egypt, der dei venta på å få ordna reisa vidare. Abusamra fortel, på e-post frå Kairo, at ho eigentleg ikkje hadde førestilt seg å reise frå Gaza, men vart oppmoda til det av foreldra. Universitetet der ho jobbar med utdanningsforsking og vidareutdanning, University College of Applied Sciences (UCAS), vart bomba to veker inn i krigen.7

– Arbeidet var livet mitt, kollegaene mine var familien min og studentane borna mine. Eg har alltid sagt til studentane mine at utdanning er vegen til fridom. No er mange av dei døde, seier ho.

Den palestinske forskaren Asmaa Abusamra under eit telt ved tilfluktsstaden til familien i Rafah. Teltet fungerte som skule om dagen og sovestad om natta.
Den palestinske forskaren Asmaa Abusamra under eit telt ved tilfluktsstaden til familien i Rafah. Teltet fungerte som skule om dagen og sovestad om natta.

Abusamra mista sjølv heimen sin i eit bombeåtak i oktober. Dei siste månadene har ho, foreldra og systera søkt tilflukt på ein skule der dei har budd i eit klasserom saman med mange andre familiar. Jobben, som var inntektskjelda hennar, eksisterer ikkje lenger, og sjølv om ho framleis har PC-en sin, har ho ikkje kunna bruke han utan tilgang til straum og internett.

– Kollegaene mine er på flukt, og nokre er drepne. Ein av dei ringde meg for å seie at han var trygg i Rafah, dit han hadde flykta med familien. Men to dagar seinare døydde han i eit bombeåtak, seier ho.

Ho fortel at ho lenge trudde at krigen kom til å bli kortvarig. Men etter nokre månader utan inntekt eller moglegheit til å gjere arbeidet sitt tok ho avgjerda om å reise.

– Å vere tvinga til å forlate heimen sin er grufullt, eg legg igjen både sjela og hjartet mitt der. Men eg vonar at eg med dette kan byggje ei bru av håp for familien min, studentane mine og Palestina, seier ho.

Internasjonale ringverknader
Krigen i Gaza har fått konsekvensar for akademikarar også langt utanfor Palestina. Ikkje mange veker etter krigsutbrotet vart akademikarar i USA suspenderte eller omplasserte som følgje av at dei hadde uttrykt støtte til Palestina.8 Så kom studentdemonstrasjonar på campus i eit omfang som ikkje har vore sett sidan protestane mot krigen i Vietnam. Etter kvart som demonstrasjonane vart møtte med maktbruk frå politiet, spreidde dei seg til universitet i andre land.9 Då denne artikkelen gjekk i trykken, var dei første telta slått opp på Blindern i Oslo og på Nygårdshøyden i Bergen.

– I USA har vi lenge sett at universiteta er ein åstad for slike konfliktar, seier Karen-Lise Scheie Knudsen.

– Men i USA ligg polariseringa relativt open i dagen. Det som har vore meir sjokkerande for min del, er korleis dette blir handtert i Tyskland, der akademikarar er blitt avinviterte og har mista jobben. Det er nokså vilt, tykkjer eg, kanskje fordi Tyskland ligg i hjartet av Europa. Det er noko å følgje med på.

I Tyskland har blant anna ein professor fått avskjed og to andre mista invitasjonar til gjesteprofessorat etter å ha uttrykt støtte til Palestina.10

Studentar krev boikott
I Bergen krev studentane mellom anna at Universitetet i Bergen (UiB) må innføre akademisk boikott av institusjonar og selskap som legitimerer israelsk krigføring i Gaza – eit krav dei deler med mange tilsette i norsk akademia. Studentane krev også at UiB må tilby stipend og tilgang til nettutdanning for palestinarar som har mista utdanning og jobb, og leggje til rette for at palestinske høgare utdanningsinstitusjonar som er øydelagde, kan bli bygde opp att.11 Medan Scholars at Risk hjelper norske institusjonar med å organisere stipend og forskingsopphald av den typen studentane etterlyser, ligg spørsmålet om akademisk boikott litt utanfor arbeidsområdet til organisasjonen, fortel Scheie Knudsen.

– Den globale Scholars at Risk-kongressen blir arrangert i juni, og eg ser at Gaza-spørsmålet står på programmet. Men som organisasjon trur eg nok Scholars at Risk prøver å ikkje ta stilling på det viset som ein boikott inneber, seier Scheie Knudsen.

– Samstundes er jo ein akademisk boikott retta mot institusjonar på leiingsnivå, ikkje mot individ. Ofte er det nettopp enkeltpersonar som kjem i konflikt med leiinga si, som har behov for hjelp frå Scholars at Risk, seier ho.

Frank Albrecht, som leier den tyske seksjonen av Scholars at Risk, skriv i ein e-post at organisasjonen ikkje tek stilling i politiske debattar.

– Seksjonen er heller praktisk orientert og arbeider for å gje best mogleg støtte til fordrivne forskarar, seier han.

Albrecht legg til at Humboldt-stiftinga, som etablerte Scholars at Risk i Tyskland, og som finansierer forskingsopphald ved tyske institusjonar for forskarar på flukt, no har seks palestinske forskarar til vurdering for slike opphald etter si siste utlysing.

Ser til framtida
I Kairo ser Asmaa Abusamra fram til å ta opp att arbeidet sitt som Scholars at Risk-forskar ved UiO. Utdanningsforsking og e-læring vil vere viktigare enn nokon gong når utdanningssystemet i Gaza skal byggast opp at, meiner ho.

– Eg fryktar at det utdanningsgapet som krigen fører til, vil koste framtidige generasjonar dyrt i form av tapt helse, inntekt og andre gode som utdanning kan gje, seier ho.

– Men vi vil byggje opp universiteta att. Og dei må leggje vekt på konfliktførebuande tiltak og alternative måtar å tilby utdanning på. No ser vi ein innsats, med støtte frå universitet internasjonalt, for å tilby studentar i Gaza studieplassar ved universitet på Vestbreidda, anten ved hjelp av nettundervising eller gjesteopphald, når krigen er over.

Notar
1. 20 Years of Helping Scholars & Promoting Academic Freedom. Scholars at Risk, desember 2020. https://www.scholarsatrisk.org/wp-content/uploads/2020/12/SAR_20th-Anniversary-Report-2020.pdf.
2. Free to Think 2023. Scholars at Risk, 2023. https://www.scholarsatrisk.org/resources/free-to-think-2023/.
3. «Israel kills dozens of academics, destroys every university in the Gaza Strip». Euro-Mediterranean Human Rights Monitor, 20. januar 2024. https://euromedmonitor.org/en/article/6108/Israel-kills-dozens-of-academics,-destroys-every-university-in-the-Gaza-Strip; Chantal Da Silva, Yasmine Salam, Matthew Mulligan og Bianca Britton: «Class Destroyed». NBC News Specials, 4. april 2024. https://www.nbcnews.com/specials/gaza-universities-destroyed-israel-military-war/index.html.
4. «UN experts deeply concerned over ‘scholasticide’ in Gaza». FNs høgkomissær for menneskerettar, 18. april 2024. https://www.ohchr.org/en/press-releases/2024/04/un-experts-deeply-concerned-over-scholasticide-gaza.
5. Ameera Ahmad og Ed Vulliamy: «In Gaza, the schools are dying too». The Guardian, 10. januar 2009. https://www.theguardian.com/world/2009/jan/10/gaza-schools.
6. Synne Malen Sandven og Mohammed Alayoubi: UiO kjempar for å få forskarane sine ut av Gaza – to er allereie drepne. NRK Urix, 28. mars 2024. https://www.nrk.no/urix/uio-kjempar-for-a-fa-forskarane-sine-ut-av-gaza-_-to-er-allereie-drepne-1.16815075.
7. Scholars at Risk Academic Freedom Monitoring Project, 19. oktober 2023. https://www.scholarsatrisk.org/report/2023-10-19-university-college-of-applied-sciences-gaza/.
8. Andrew Hay. «US professors suspended, probed over Gaza war comments». Reuters, 17. november 2023. https://www.reuters.com/world/us/us-professors-suspended-probed-over-gaza-war-comments-2023-11-17/.
9. Helen Regan. «Where pro-Palestinian university protests are happening around the world». CNN, 3. mai 2024. https://edition.cnn.com/2024/05/03/world/pro-palestinian-university-protests-worldwide-intl-hnk/index.html.
10. Elise Lystad. «Kjent filosof mistet gjesteprofessorat etter palestinastøtte». Khrono, 9. april 2024. https://www.khrono.no/kjent-filosof-mistet-gjesteprofessorat-etter-palestinastotte/863180.
11. Erica Hvedding Kronheim, Laurita Fure Briceno og Martin Fjørtoft. «Slik svarer rektorene på studentenes Israel-demonstrasjoner: Uenige om ‘akademisk frihet’». NRK Vestland 2. mai 2024. https://www.nrk.no/vestland/slik-svarer-rektorene-pa-israel-demonstrasjonene-ved-norske-universiteter-1.16867496.