Ventende i et Nav-kontor
Illustrasjon: Signe-Lill Valkvæ

Navigere i Nav

03.09.2024

Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar er frustrerte over trygdesystemet. Mange slit med å finne ut av rettane sine. Er det håp om betring?

Faglitterære forfattarar og omsetjarar har dårlege erfaringar med institusjonen som skal redde dei i tøffe tider. Mange av dei meiner at Nav manglar kompetanse på dei sosiale rettane deira, og at sakshandsamarane i liten grad veit kva ein frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande er. Dette kjem fram i ei spørjeundersøking gjennomført av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).

Misnøya famnar breiare enn omsetjarar og forfattarar. I 2023 skreiv Kunstnernettverket, der NFFO er medlem, eit brev til Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) der dei foreslo å opprette eit spesialisert Nav-kontor som kan gje råd om syklusøkonomi og kombinasjonsinntekter.

– Mange i kulturfeltet har ein lappeteppeøkonomi med fleire inntektskjelder. Inntekta kan gå opp og ned. Det er ei samansett gruppe, og mange som tar kontakt med Nav, erfarer at same problemstilling får ulike svar frå ulike kontor, seier Christine Thomassen, nestleiar i forbundet Creo og leiar i Kunstnernettverkets utval for trygd og pensjon.

Brevet var del av ein innspelsrunde regjeringa hadde invitert til for å følgje opp stortingsmeldinga Kunstnarkår. Kunstnernettverket skreiv at stortingsmeldinga ikkje gjorde nok for å styrkje kunstnarøkonomien, og eit eige Nav-kontor var eitt av fleire forslag (sjå faktaboks).

Var detektiv for NFFO
Å få ulike svar på same problemstilling var noko Anne Kristine Soltvedt, fagleiar for organisasjon og stipend i NFFO, erfarte hausten 2023. Som sekretær for styret i Det faglitterære fond ønskte ho å finne ut korleis stipendmottakarar kunne fordele eit stipend utover eit lengre tidsrom dersom eit bokprosjekt er meint å vare i fleire år.

Utgangspunktet var ein debatt på årsmøtet i NFFO om utfordringar for stipendmottakarar som får uføretrygd. Dersom ein får stønad frå Nav, står ein nemleg overfor eit komplisert regelverk, og det er avgrensa kor mykje ein kan tene kvart år.

Soltvedt ringde både til Brønnøysundregistera og Nav for å få vite meir om i kva grad ei slik fordeling av inntekt over tid var mogleg med eit enkeltpersonføretak (ENK).

Fekk ulike svar ulike stader
Så begynte forvirringane. Sakshandsamaren i Brønnøysundregistera kunne nemleg informere om at personar som får uføretrygd, verken kunne ha aksjeselskap (AS) eller ENK.

Sakshandsamaren i Nav hadde annan informasjon.

– Nav fortalde at det er fullt lovleg med både AS og ENK som ufør, men at det ikkje er tilrådd. Når Nav vurderer om ein skal få uføretrygd, kan eit slikt selskap gjere det meir krevjande å dokumentere at ein ikkje har inntektsevne, seier Soltvedt.
Anne Kristine Soltvedt
Anne Kristine Soltvedt. FOTO: ILJA C.HENDEL

Enden på visa vart at det er mogleg for dei som får Nav-stønad, å ha eit ENK og fordele stipendinntekta over tid, så lenge stipendmottakaren dokumenterer at «stipendet tas til inntekt i den perioden (året) tjenesten er utført».

Men dette trong NFFO både revisor og detektivarbeid for å finne ut av.

Strykkarakter til Nav
I spørjeundersøkinga frå 2023 svarte nesten halvparten av respondentane at sakshandsamarane «i svært liten grad» har god kompetanse om dei sosiale rettane deira. Berre 7 prosent svarte at kompetansen var god eller svært god.

Rundt éin av tre opplevde at Nav «i svært liten grad» veit kva ein frilansar eller sjølvstendig næringsdrivande er. Omtrent like mange opplevde at Nav «i noen grad» veit dette. Berre 15 prosent meinte at informasjon om rettar og plikter i samband med sosiale ordningar var lett tilgjengeleg. Særleg dei under 50 år meinte at dette var vanskeleg å finne.

Undersøkinga var bakgrunnsmateriale for eit høyringssvar NFFO sende til AID. Departementet ønskte å kartleggje kva kunnskap sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har om rettane og pliktene sine i samband med sosiale ordningar.

Dei ville også kartleggje kva erfaringar gruppa hadde med Nav og med tilleggsforsikring for sjukdom.

– Også medlemmene har eit ansvar
– Ein av våre konklusjonar etter undersøkinga var at det er veldig dårleg kommunikasjonsflyt mellom Nav og medlemmene. Kompetansen er ofte låg hos medlemmene, og han er låg på Nav-kontoret. Dette skaper frustrasjon, seier Soltvedt.

NFFO kan hjelpe til, men Soltvedt understrekar at også medlemmene har eit ansvar: for å gi riktig informasjon til styresmaktene og for å innfri pliktene sine som sjølvstendig næringsdrivande.

Eit av råda frå Soltvedt er å ta kontakt med Nav med ein gong du har fått stipend. Då kan dei rettleie og gi råd, i staden for at dei får vite om stipendet i etterkant og må handheve brot på regelverket.

– Dette er eit ansvar alle forfattarar og omsetjarar har. Dessverre er det fleire medlemmer som har gitt uttrykk for det er krevjande å setje seg inn i ting og enklare å la vere.

Vil tette hola
Trass i brei misnøye med Nav skjer det ting også der. Fafo-forskar Kristin Alsos og kollegaer jobbar med eit prosjekt, finansiert av Nav sjølv, om rettstryggleik for personar med kombinasjonsinntekter. Dei undersøkjer både kva hjelp denne gruppa får av Nav, og kva føresetnader Nav-tilsette har for å hjelpe.

Alsos kan ikkje seie noko om resultata førebels. Men bakgrunnen var ein rapport frå 2022 der forskarane intervjua folk med kombinasjonsinntekter som syntest det var frustrerande å ha med Nav å gjere.

Kristin Alsos
Kristin Alsos. FOTO: FAFO

– På den eine sida har dei ei dårlegare sikring enn arbeidstakarar. Dei kan kjøpe forsikring, men det kostar, og mange i kunst- og kulturfeltet tener ikkje så mykje. Det kan også vere krevjande å dokumentere inntektsbortfallet, særleg for frilansarar, dersom ikkje oppdragsgjevaren melder dette inn. Då droppar ein det kanskje heller, seier Alsos.

På den andre sida opplever mange i liten grad å bli forstått av sakshandsamarane, noko som skaper ein dobbel frustrasjon, legg ho til.

– Kan bli verre før det blir betre
Nav opplyser at når Alsos og kollegaene leverer sin forskingsrapport i slutten av august, vil dei ha ein gjennomgang og vurdere kva tiltak dei kan setje i verk.

I dag er rettleiing til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar noko som inngår i den ordinære kompetansehevinga i kontaktsenteret, ifølgje Sissel Wibe, avdelingsdirektør for fag og læring i Nav Kontaktsenter. Ho svarer skriftleg:

– Der regelverket skil seg frå ein arbeidstakar, presiserer vi det i opplæringa til rettleiarane våre. Dei får på denne måten tydeleg informasjon om kva rettleiing dei skal gje, ut frå brukaren sin situasjon, skriv Wibe.

Likevel meiner altså brukarane sjølve at den informasjonen dei får, ikkje er god nok. Kristin Alsos opplever at Nav er innstilte på å utvikle tenestene sine, og at dei heile tida arbeider for å bli betre.

– Samtidig er dei inne i ein fase der det er store omleggingar på grunn av nye saksbehandlingssystem. Det er utfordrande, og det kan bety at det også blir verre før det blir betre, seier ho.

Det siste kjenner ikkje Sissel Wibe seg att i.

– Kontaktsenteret har kompetanse til å gje informasjon og rettleiing både i ny og gamal saksbehandlingsløysing. Når forskingsrapporten er klar, vil kontaktsenteret også sjå på om det er område der vi kan betre tilbodet vårt til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande, skriv ho.

Håper på betre tider
I brevet Kunstnernettverket sende til AID hausten 2023, foreslo dei fleire grep for å betre informasjonen frå Nav til denne gruppa. Christine Thomassen fortel at betre informasjon om sosiale rettar er noko Creo og Kunstnernettverket har jobba for i mange år, i tillegg til betre pensjonsordningar og betre inntektssikringsordningar ved arbeidsbortfall og sjukdom.

Christine Thomassen
Christine Thomassen. FOTO: ÅSA MARIA MIKKELSEN

– Her har vi ei gruppe med dårlegare sosiale rettar, som i tillegg opplever det som nesten umogleg å få vite kva dei har krav på. Vi trur det ville vere ein enorm fordel å kunne kontakte nokon som kan situasjonen vår og er vane med å tolke regelverket. Dette ville vere vinn-vinn for absolutt alle, meiner ho.

Om det er håp om betre tider?

– Ja. Men det krev politisk vilje og oppfølging.

Les kva regjeringa svarar her.