Gløshaugen, NTNU
Foto: Wikimedia commons

Trugsmåla kjem frå alle kantar

20.06.2024

Både næringsliv og politikk kan truge den akademiske fridomen. Men han blir også truga frå innsida.

Når forskning.no-journalist Nina Kristiansen spør forskarar kva respons dei får etter å ha ytra seg offentleg, er svaret ofte: «Ingen.»

– For nokre år sidan vart du sett på som akademisk lettbeint viss du var mykje ute i media. No høyrer eg sjeldan forskarar snakke om dette. Det eg trur er det store trugsmålet i dag, er den store stilla: at du ikkje får noka tilbakemelding i det heile tatt.

Ho har aldri vore forskar. Men etter 15 år som redaktør i nettavisa forskning.no, og dei siste par åra som journalist same stad, har ho fått mange kikkhol inn i sektoren.

– Det er mange ting som trugar akademisk fridom. Men eg synest akademia godt kan rydde litt i eige hus.

Ytringsfridom eller berre fridom
Vi startar med ein liten ryddesjau her òg. Då Kierulf-utvalet la fram sin NOU-rapport i 2022, nytta dei eit omgrep som frå før var lite brukt, nemleg akademisk ytringsfridom. Det er lett å bli forvirra, for ifølgje Grunnlova har vi ytringsfridom, alle saman. Nokre har også meint at omgrepet utvalet brukte, tåkelegg meir enn det forklarer.

Men utvalet peika på at den akademiske ytringsfridomen har krav til kvalitet. Ytringane må følgje normer og standardar innanfor fagfellesskapet, og desse normene og standardane kan leggje føringar både for innhald og form.

Akademisk fridom er eit breiare omgrep. Det kan handle om ytringsfridom, men også om fridom til å forske på det du vil, på den måten du vil, om undervising, rammevilkår, arbeidsvilkår, finansiering og institusjonar som er frie for ytre press.

Kjernekraftforskar i mediestorm
Kierulf-utvalet peika på mange utfordringar med den akademiske ytringsfridomen. Særleg krevjande kan det vere å uttale seg om kontroversielle tema, meinte dei. Det fekk NTNU-forskar Jonas Kristiansen Nøland erfare då han hausten 2023 hamna midt i ein mediestorm.

– Eg hadde opplevd eit press over fleire år. For eksempel kunne kollegaer vidareformidle e-postar dei hadde fått frå folk som var fortvila over ting eg hadde sagt. Slike små signal gjorde at eg stadig vart litt reddare for å ytre meg. Det verste var når kollegaer ikkje lenger ville samarbeide med meg fagleg, fortel han.

Hausten 2023 begynte det med eit intervju i Dagens Næringsliv (DN) der tida var for knapp til skriftleg sitatsjekk. I saka som kom ut, kalla han og ein kollega ein kjernekraftrapport for eit «bestillingsverk». Rapporten avviste kjernekraft som eit alternativ for Noreg før 2050, medan deira eigen rapport peika på at det ville vere mogleg.

Etterpå fekk dei to forskarane refs av rektor – på trykk i DN.

– No kunne plutseleg alle sjå kritikken. Til og med den øvste leiaren kom etter meg viss eg ikkje brukte dei rette orda eller hadde feil tone i debatten.

Heilomvending på toppen
Det første Nøland og kollegaen gjorde då innlegget frå rektor kom, var å gå i seg sjølve. Jo, dei kunne ha ordlagt seg mindre spissformulert. Det ville dei nok også gjort om dei hadde fått sitatsjekk, sjølv om dei står inne for substansen, påpeikar Nøland.

Men så snudde alt. Dei fekk brei støtte. Rektor, som skulle vise seg å ha kommunisert med både leiinga i Norsk Industri og NHO medan ho skreiv innlegget sitt, måtte derimot gå av. Det var desse organisasjonane som hadde bestilt rapporten forskarane kritiserte.

NTNU-forskar Jonas K. Nøland synest det er lettare å seie meininga si i dag enn det var før.
NTNU-forskar Jonas K. Nøland synest det er lettare å seie meininga si i dag enn det var før. Foto: NTNU

No kasta NTNU seg rundt. Dei arrangerte webinar om akademisk fridom, og nye-rektoren, Tor Grande, gjorde det klart at han ville stake ut ein fri kurs.

– Eg hadde lenge opplevd at eg måtte prøve å halde meg innanfor ein meiningskorridor. Trådde eg utanom, var eg i kulden. Etter denne saka opplever eg at ein slik tankegang har fått mindre fotfeste på NTNU. I dag forstår ein at det er bra med tøffe debattar, også blant akademikarar, seier Nøland.

Lærer opp leiarane
Det viktigaste NTNU no gjer, er ifølgje rektor Tor Grande å lære opp leiarar, særleg leiarane på institutta.

– Leiarane må vere klar over kor vanskeleg det er å stå i ein debatt. Dei må støtte og anerkjenne den som gjer det, uansett om dei er samde eller usamde, seier Grande.

Ein annan ting NTNU-leiarane får lære, er at den akademiske fridomen ligg i botnen for den akademiske ytringsfridomen. For det er lite vits i å få ytre seg fritt viss resultata dine er styrte av ytre interesser.

Grande meiner at det er mange trugsmål mot akademisk fridom i dag.

– Ofte seier vi at den verste fienden er forskarar med eit motsett syn. Vi har også sett ein kanselleringskultur der for eksempel studentar boikottar førelesarar. I tillegg finst det sterke ytre interesser, både i næringslivet og i politikken. Desse trugsmåla ser vi i Noreg, men vi ser det i mykje større grad i ein del andre land.

Foreslår grunnlovsfesting
I dag er akademisk fridom verna i universitets- og høgskulelova. Leiaren i Forskerforbundet, Guro Lind, vil at det også skal inn i Grunnlova.

Akademisk fridom er grunnleggjande for tilliten til forskinga, meiner Guro Lind i Forskerforbundet.
Akademisk fridom er grunnleggjande for tilliten til forskinga, meiner Guro Lind i Forskerforbundet. Foto: Forskerforbundet

NTNU-saka viser ei manglande forståing for akademisk fridom også hos næringsinteresser. Ei grunnlovsfesting vil gjere fleire sektorar meir bevisste, og i tillegg vil lova då også omfatte forskarar utanfor universitets- og høgskulesektoren. Dessutan vil ei grunnlovsfesting gje eit vern mot politiske svingingar, seier ho.

Det florerer ikkje av saker der norske politikarar eller norsk næringsliv blandar seg direkte inn i forskinga, men NTNU-saka er eitt eksempel, påpeikar ho. Eit anna er fiskeriminister Per Sandberg, som i 2016 skulda Havforskingsinstituttet for å drive lite næringsvenleg forsking.

Langt fleire er eksempla på indirekte innblanding, som auka politisk styring av forskingsprioriteringane, ifølgje Lind.

Politisk styring av prioriteringane
– Det er ei aukande forventning om at forskinga skal vere samfunnsnyttig på kort sikt. Men det er gjerne den frie og langsiktige grunnforskinga som flyttar forskingsfronten. Politikarane må sjå verdien av denne òg.

Ho ser det også som ei utfordring at tida forskarane får til å forske, blir innskrenka. Her har både Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Innlandet kunngjort kutt.

– Først og fremst går dette ut over kvaliteten på forskinga. Men det går også ut over forskarane sin arbeidssituasjon. Ein vitskapeleg tilsett jobbar allereie 46 timar i veka i snitt, og mykje forsking blir gjord på fritida.

Følgjer pengane heller enn evidensen
Både Jonas Kristiansen Nøland og Nina Kristiansen peikar på oppdragsforskinga som ekstra utfordrande for dei som vil halde sin akademiske sti rein og uavhengig. Talet på forskarar har auka, og kampen om midlane er større enn før, meiner Nøland.

– I enkelte fagfelt, som mitt, er det store moglegheiter for å få finansiering frå mektige, pengesterke aktørar. Det gjev insentiv til å selje nokre av prinsippa sine. Du får forskarar som sit på bakrommet og snakkar om ein idé eller eit konsept, og så har dei eigentleg ikkje trua på det. Men det er dit pengane går, seier han.

Ifølgje Kristiansen er jakta på pengar like stor på universiteta som på oppdragsinstitutta. Men ho trur oppdragsforskarane har det verst.

– Dei bør bli mykje tydelegare overfor oppdragsgjevarane på kvar grensene for styring går. Dei bør også, når dei formidlar forskinga si, kommunisere kva grad av fridom dei har hatt. I dag er dei ikkje tydelege nok. Dette gjeld alle i akademia, men særleg oppdragsforskarane.

– Tanken om at forkarar sit i eit rom og forskar heilt fritt, er ein illusjon. Det trengst ein ryddejobb på innsida av forskingsinstitusjonane, meiner Nina Kristiansen.
– Tanken om at forkarar sit i eit rom og forskar heilt fritt, er ein illusjon. Det trengst ein ryddejobb på innsida av forskingsinstitusjonane, meiner Nina Kristiansen. Foto: forskning.no

Stivna tradisjonar versus spektakulære overgrep
Ho meiner dessutan at det er store forskjellar på ytringskulturen i institusjonane. For nokre år sidan leia ho eit møte der ulike forskingsinstitutt deltok. Ho bad deltakarane rekkje opp handa viss dei måtte sende kronikkane sine på gjennomlesing hos leiinga, til godkjenning eller såkalla kvalitetskontroll.

– Halvparten rekte opp handa. Den andre halvparten var heilt sjokkerte over at dei måtte ha godkjenning for å levere ein kronikk, fortel ho og held fram:

– Eg trur at den akademiske fridomen er meir truga av enkelte haldningar og stivna måtar å gjere ting på, enn av store, spektakulære overgrep. Men det som er fint med skandalane, er at dei startar ein del prosessar.

Guro Lind er samd i at det trengst ein kontinuerleg debatt om akademisk fridom ved institusjonane, og god leiing er openbert viktig, meiner ho.

– Vi må berre ikkje gløyme at akademisk fridom også handlar om struktur, ikkje berre kultur. Å redusere bruken av kortvarige, midlertidige stillingar og sikre meir langsiktig og føreseieleg finansiering vil både gje betre arbeidsvilkår og styrkje den akademiske fridomen.