Lita sak for Ellefsen, stor sak for Jenssen

01.02.2022

Morgenbladet-kritikar Bernhard Ellefsen nyt sjølv godt av eit solid renommé, men vil ikkje inn på at han har reell makt i bokbransjen.

«Norm i et vannglass» er overskrifta på Bernhard Ellefsens siste innlegg i debatten som har følgt Simen Sætres essay om «kunnskapstyveri»-saka («Tyvens historie», Prosa #6 2021). Den velplasserte koplinga norm-storm signaliserer at Sætre og underteikna lagar mykje vesen av ei sak som ikkje lenger er noko å bråke om, for konklusjonen er klar: Hugo Lauritz Jenssen har, ifølgje Ellefsen, brote både med normene i rapporten God skikk og med fire punkt på NFFOs etiske sjekkliste for sakprosa under emnet «selvstendighet og henvisninger».

Ellefsen motset seg ordbruk som «dom» og «straff» om hans rolle i saka. Dette er ord som er flittig brukte i daglegtale utan at det treng å handle om juss. Eg skreiv «dom» fordi det er den funksjonen Ellefsens offentlege vurdering har fått når Jenssen verken har blitt tatt i forsvar av nokon (før Sætre) eller har ein instans å ta saka vidare til. «Straff» rett og slett på grunn av ordbruken i meldinga.

Ellefsen spør også kva «den ekstremt vage påstanden om ‘renommétap’» eigentleg viser til: «Skulle renommétapet, mot formodning, handle om mer enn sårede følelser, må jo det skyldes bokens svakheter, og ikke anmeldelsen som påpekte dem.» Han viser altså inga forståing verken for at hans eiga vurdering ikkje er den einaste mogelege, eller for at det har merkbare følgjer for ein forfattar sosialt og profesjonelt når ein sentralt plassert normsendar som Ellefsen går så hardt ut. Morgenbladet-kritikaren nyt sjølv godt av eit solid renommé, men vil ikkje inn på at han har reell makt i bokbransjen (sjå også innlegget «Sætres etiske føleri»). Det får vi berre «ta til etterretning», som det heiter.

Eg las nyleg om ei anna sak som også starta med skulding om plagiat i randsona for den vanlege definisjonen: Professor Øyvind Kvalnes fortel i Filosofisk førstehjelp (Cappelen Damm, februar 2022) at han for nokre år sidan vart skulda for sjølvplagiat. Ein rapport på nesten to hundre sider vart levert til leiinga ved BI for å underbyggje påstanden om at Kvalnes hadde juksa ved å bruke om att delar av tidlegare arbeid, inkludert tekstar han hadde skrive i samarbeid med andre. Saka vart send til tre uavhengige forskarar for gransking. Det tok eit år før konklusjonen kom: Kvalnes fekk nokre kritiske merknadar, men vart elles frikjend. Samanlikninga er ikkje meint som påstand om at Jenssens sak ville fått same utfall ved ei tilsvarande gransking. Men forskjellen mellom prosessane er talande. Jensen har hatt skuldinga om «kunnskapstyveri» hengande over seg i nesten tre år. For han er dette framleis ei stor sak.

Ellefsens avsluttande skjennepreike om avsnittet eg skreiv om emnet «kjensler i den offentlege samtalen» er eit godt døme på korleis ein gjer ei fjør til fem høns – for så å slakte hønsa. Eg svarar difor ikkje her, men kjem gjerne tilbake til dette i den komande paneldebatten.

Sjølv om eg synest Ellefsen er unødig tøff i retorikken, minner eg om at eg i leiaren ikkje tok til orde for at han burde opptre mindre kritisk i offentlegheita, berre for meir debatt. Det undrar meg at ein kritikar reagerer så sterkt på dette som dei to svarinnlegga gir inntrykk av.

Les tidlegare innlegg i debatten:

Simen Sætre: «Tyvens historie»
Merete Røsvik: «Barnet i badevatnet»
Bernhard Ellefsen: «Sætres etiske føleri»
Simen Sætre: «Hugo Lauritz Jenssen er ingen kjeltring»
Merete Røsvik: «Mennesket i fagetikken»
Bernhard Ellefsen: «Norm i et vannglass»