Mennesket i fagetikken

11.01.2022

Det finst gode grunnar til å sjå alvorleg på korleis debatt går føre seg når den kan øydeleggje renommé og karrierar.

I essayet «Tyvens historie» (Prosa #6 2021) skriv Simen Sætre om då Hugo Lauritz Jenssen vart skulda for «kunnskapstyveri» i Morgenbladet, krast formulert i Bernhard Ellefsens melding av En samisk verdenshistorie (2019). I Ellefsens svar «Sætres etiske føleri» kommenterte han også leiarartikkelen min i same Prosa-utgåve. Eg skreiv at det mest alvorlege i debatten rundt Jenssens bok, sett i ettertid, er at ingen stilte spørsmål ved eller etterprøvde Ellefsens harde dom. Ellefsen tolkar dette som «at Jenssens uredelighet ikke lenger er poenget», og meiner det er ein «relativiserende» og «oppsiktsvekkende» påstand i lys av diskusjonar om sakprosakritikkens svikt. I hans optikk er det forfattar Jenssen som representerer makta i denne saka. I avsluttinga skriv han at tekstane frå Sætre og meg gir grunn til bekymring for fagetikken. Det var litt av ein salve, så la meg ta det punkt for punkt:

1. Debatten har meir enn eitt poeng

Sjølv om Jenssens kjeldebruk var utgangspunktet for debatten, så står resepsjonen av boka og konsekvensane for Jenssen sentralt i Sætres tekst. Saka har difor meir enn eitt «poeng». Eg ser at eg kunne ha fått fram mitt poeng i leiaren utan å gradbøye «alvorleg», her snakkar vi om ulike omsyn som er viktige på kvar sin måte. Men det finst altså gode grunnar til å sjå alvorleg på hendingar som kan øydeleggje renommé og karrierar. Om Jenssens brot på god skikk er så grove som det verkar i Ellefsens omtale, hadde det vore på sin plass at saka vart tatt vidare i sakprosamiljøet. Og motsett: Om mange oppfattar saka som mindre grov, hadde det vore på sin plass om det kom fram på andre måtar enn i Jenssens sjølvforsvar.

2. Vurdering er ikkje relativisering

Når Ellefsen nyttar ordet «relativiserende», gir det i vår tid assosiasjonar til verksemd som undergrev seriøs journalistikk og forsking, som konspirasjonsteoriar og påstandar om fake news. Gradbøying eller ikkje, eg har verken meint eller påstått at ein ikkje skal ta brot på god skikk for kjeldebruk alvorleg. Men måten det skjer på, må stå til overtrampet. Ellefsens ordval gir også grunn til å minne om at Jenssen ikkje er skulda for å ha lagt fram dårleg funderte påstandar eller referert til useriøse kjelder. Tvert om blir han skulda for å ha lent seg for tungt på ny, seriøs forsking – Cathrine Baglos bok På ville veier? (2017) – men altså ikkje kreditert tydeleg nok. Men det er ikkje noko fordekt ved måten Jenssen opererer på. Som det går fram av Sætres essay, kunne Baglo enkelt etterprøve bruken han gjer av verket hennar. Eg har forståing for at Baglo reagerte på det ho fann. Men det må vere lov å peike på at saka får høgst ulike konsekvensar for dei to involverte forfattarane. I ettertid kan ein konstatere at Baglos perspektiv fekk stort gjennomslag, og i prosessen fekk ho ny merksemd rundt forskinga ho har gjort. Jenssen sit att med stempel som «kunnskapstjuv» og «uredelig» forfattar.

3. Siste talar

Så var det Ellefsens val av vinkling på sakprosadebatten. Formuleringa «[K]ritikere som overtar perspektivet til siste taler» kan ein lett lese som ei utsegn om meir enn eit punkt i debatten om «sakprosakritikkens svikt». Om meg, til dømes. Til det vil eg berre seie at det er både etisk og fagleg viktig å kunne ta inn over seg nye perspektiv og utøve sjølvkritikk. Sjølvkritikken og kritikken i leiarartikkelen gjekk nettopp på at verken eg eller andre fann det for godt å etterprøve skuldinga om «kunnskapstyveri». Samtalen stoppa opp og Morgenbladet-kritikarens karakteristikk vart ståande som dom og straff i éin smekk.

4. Kven er «makta»?

Sætre får fram at det finst faglege så vel som menneskelege grunnar til at nokon burde ha sett saka frå Jenssens side tidlegare, og skildrar Ellefsen som overmakta i konfrontasjonen. I leiaren omtala eg mangelen på «maktkritisk impuls» i debatten, i dette tilfellet retta mot Ellefsen. Ellefsen svarar at det er Jenssen som må seiast å vere «‘makten’ i denne saken» fordi han som erfaren forfattar gav ut eit ambisiøst og påkosta bokverk på eit stort norsk forlag. Altså blir Ellefsen forsvarar av den ‘svake’ parten Cathrine Baglo. Dette er ikkje enten-eller, fleire kan ha makt. Men her underspelar Ellefsen den makta han som kritikar ikkje nøler med å bruke. Vi er elles samde om at han er éi av mange stemmer, det var difor eg la vekta på ansvaret andre i miljøet bør ta når det står mykje på spel for dei involverte.

5. Patos på begge sider

Sætres vekt på kjensler i essayet er «antiintellektualisme», meiner Ellefsen, og både essayet hans og leiarartikkelen min gir visstnok «det fagetiske barnet i badekaret» grunn til bekymring (her viser han til overskrifta for leiarartikkelen: «Barnet i badevatnet»). Interessant nok var det nettopp den harmdirrande stilen i Ellefsens bokmelding som køyrde opp temperaturen i saka. Marius Wulfsberg problematiserte Jenssens bruk av Baglos arbeid i ein heilt annan tone («Problematisk praktverk om samisk historie», Dagbladet 19. mars 2019). Jenssens kjensler og patosen i Sætres tekst står altså i direkte høve til trykket i kritikken i Morgenbladet og til trugselen omtalen reiste mot Jenssens renommé som forfattar og menneske.

6. Kjensler er ikkje uvesentlege for den offentleg samtalen

Ein kan godt mislike at det menneskelege aspektet knytt til kritikk og debatt blir løfta fram, men det har større implikasjonar enn velværet til dei direkte involverte. Det er eit aukande problem at folk kvir seg for å delta i den offentlege samtalen på grunn av risikoen for negativ merksemd, hets og tap av renommé, eller at dei stilnar fordi deltaking er for belastande. Spørsmåla som ligg under Sætres tilnærming til Jenssens bratte nedtur, er då også, slik eg les han: Kan dette kome til å skje meg? Og må eg i så fall rekne med å stå aleine? Eg ønskjer meg ein sakleg, nyansert og stimulerande offentleg samtale der ein kan delta utan frykt for å bli æreskjelt. Men når debattklimaet no er som det er, blir det stadig viktigare å vite at ein i det minste kan forvente eit minimum av kollegial støtte og vilje til nyansering om ein skulle kome ut i hardt vêr. Og det skjer typisk når ein ikkje har gjort alt rett, sjølv om ein gjerne har levd i den trua. Barnet i munnhellet «å kaste barnet ut med badevatnet» kan vere metafor for så mangt, men utgangspunktet er altså sjølve mennesket. Det kan umogeleg vere irrelevant i ein etikkdebatt.

Les også Simen Sætres svar til Ellefsen: Hugo Lauritz Jenssen er ikke en kjeltring