Stor glede og ein feil i siste nummer av Prosa

Vi nemner at Aker BP har meldt interesse for mineralaktivitet på norsk sokkel.

Takk for grundig og så fin melding av boka mi Det året eg vakna i Prosa nr. 2/2025.

Dessverre har det snike seg inn ein feil i teksten: Anmelder Hanna Mortensdatter Vandeskog nemner også boka eg har skrive om Nina Jensen, Havet, døden og kjærlighetene (Gyldendal, 2025). Ho skriv at Jensen argumenterer mot gruvedrift på havbotn, men at vi ikkje nemner at Aker BP er ein av dei aktørane som har meldt interesse for mineralaktivitet på norsk sokkel. 

Det er feil. På side 156 står det nemleg: "Seinere denne sommeren blir det klart at et selskap i Akerfamilien, Aker BP, er et av selskapene som er interessert i å lete etter mineraler på havbunnen."

Om ein les boka skjønar ein fort at Jensen er ueinig med Kjell Inge Røkke i mykje, og at ho seier frå om dette – både til han og til andre (sjå til dømes s. 117). Dette er noko av prosjektet med boka: Å vise fram korleis det er mogleg å jobbe og få til noko med folk ein ikkje er einig med om alt. Jensen har vakse opp med storesøster Siv Jensen, og samarbeider altså no med Røkke.