Barnet i badevatnet

06.12.2021
Portrett av Merete Røsvik.

Simen Sætre ser i dette nummeret tilbake på skuldingane om «kunnskapstyveri» som Hugo Lauritz Jenssen møtte i Morgenbladet etter utgjevinga av En samisk verdenshistorie i 2019. Saka viser at den maktkritiske impulsen internt i bransjen ikkje har vore sterk nok, heller ikkje i Prosa.

Kva er det å vere menneske? Korleis oppstod livet, og kva skjer når vi døyr? Korleis er det rett og godt å leve? Teologien har svar, men det har også filosofien, sosialantropologien, psykologien, medisinen, biologien og fysikken. Fagdisiplinane gir kvar sine perspektiv på livets mirakel: i konkret og abstrakt format, på mikro- og makronivå. Ein skal likevel ikkje langt tilbake i tid, eller langt av garde i geografien, før ein møter på tanken om at religionen er opphavet til all visdom. Sjølv om vi her og no skil mellom kunnskap og overtyding, sakprosa og skjønnlitteratur, skal ein heller ikkje langt inn i vitskapane før ein erfarer at slike grenser ikkje alltid er enkle å dra opp.

Årets siste Prosa rettar merksemda mot sakprosa som nærmar seg eksistensielle spørsmål frå ulike hald. I botnen ligg spørsmålet om korleis livssyn – kunnskap, overtyding, tru, verdiar – påverkar måtane vi uttrykkjer oss og handlar på. Kort sagt: tru og liv.

I vårt moderne samfunn har religionen tapt mykje av krafta som normsendar, vitskap og politiske ideologiar har langt på veg tatt over. Både dogme, verdsbiletet i dei religiøse skriftene og tradisjonelle normer har blitt vanskelegare å akseptere i møte med ny kunnskap og teknologiske nyvinningar – spesielt når god økonomi også har gitt oss stor personleg fridom. Men det betyr ikkje at det har blitt enklare å vite kva som er rett og gale. Meir kunnskap og fleire mogelegheiter gjer at kvar situasjon krev meir komplekse vurderingar, noko som til dømes blir tydeleg i fosterdiagnostikken. Då blir livssyn og verdiar likevel avgjerande.

Dei siste åra har eg lurt på om religion vil bli viktigare igjen når livet blir vanskelegare for mange også i industrialiserte land, enten det handlar om nedgang i økonomien eller frykt for framtida av andre årsaker. Så langt kan det sjå ut som politikkens villskot og vitskapens rabiate søskenbarn, altså konspirasjonsteoriane, verkar meir lokkande på dei mest frustrerte enn organisert religion. Religionskritikk er ein viktig maktkritisk impuls, men om konspirasjonsteoriane, som gjerne er kritiske til (andres) religion på kvasifagleg og ofte direkte fiktivt grunnlag, endar med å fylle tomrommet religionen har etterlate, må ein vel kunne seie at både barnet og ein heil del anna av verdi er kasta ut med badevatnet.

Religionane tilbyr noko verken konspirasjonsteoriar eller seriøs vitskap har: Dei er «totalpakkar» der svar på eksistensielle spørsmål effektivt blir gitt vidare frå generasjon til generasjon gjennom forteljingar, likningar, symbol og ritual ein kan ta til seg på mange nivå: estetisk, emosjonelt, sosialt og intellektuelt. Religiøse tradisjonar leier dei truande inn i handlingsmønster som vitskapen har bekrefta gjer godt for den psykiske helsa: samvær i forsamlingar gjennom allsong, symbolske handlingar og praktisk samarbeid, meditativ ro gjennom bøn og – ikkje minst – trøyst og støtte gjennom forkynning og sjelesorg. Religiøse bod manar oss til å handle i tråd med moralske prinsipp og ta ansvar for kvarandre. Men denne sosiale rikdomen har ei skuggeside med potensielt øydeleggjande konsekvensar for dei som ikkje kan eller vil tilpasse seg normer som regulerer forholdet mellom individ og fellesskap i minste detalj. Gevinsten er fellesskap, prisen er underordning.

Også i bokbransjen finst det fellesskap, normer, sanksjonar, makt og hierarki. Men paradoksalt nok kan avskrivinga av den religiøse tradisjonen for refleksjon rundt spørsmål om synd og skuld leie ut i ein ganske hardhendt moralisme i denne elles frilynte kulturen.

Simen Sætre ser i dette nummeret tilbake på skuldingane om «kunnskapstyveri» som Hugo Lauritz Jenssen møtte i Morgenbladet etter utgjevinga av En samisk verdenshistorie i 2019. Sætre peikar på at normene for kjeldebruk ikkje er like for forsking og journalistikk, og dermed heller ikkje så eintydige for sakprosautgjevingar som reaksjonane bar bod om.

I tilbakeblikk er ikkje det mest alvorlege verken Jenssens kjeldebruk eller måten kritikar Bernhard Ellefsen omtalte boka på, men at ingen stilte spørsmål ved eller ettergjekk den harde dommen. I staden vart fordøminga raskt unison. Saka viser at den maktkritiske impulsen internt i bransjen ikkje har vore sterk nok, heller ikkje i Prosa. Å skilje mellom barn og badevatn er ikkje så lett som ein skulle tru.