Alt kan bli forandra
Overskrifta for denne leiarartikkelen skulle etter planen vere «Kulturen er trygda», som ein kommentar til kor avhengig bokbransjen er av offentlege og private støtteordningar – samtidig som det ikkje er regulert kor dårlege vilkår ein kan tilby frilansarar. Men den planlagde artikkelen om forlagsøkonomi måtte utsetjast på grunn av sjukdom. Så kom dei nasjonale tiltaka for å stoppe koronaviruset, og alt såg med eitt annleis ut.