Liv og læreplan

27.10.2020
Portrett leder

«Å utdanne nye generasjoner er det samme som å gjøre dem til medlemmer av et ‘vi’ – et fellesskap som gjør visse standarder til sine», skriv Kristian Bjørkdahl i dette nummeret av Prosa. Temaet for årets femte utgåve er fagfornyinga med fokus på tverrfaglege tema i læreplanane som vart tatt i bruk i haust, men òg med eit blikk på korleis digitalisert undervising påverkar lærar og elev.

Det heng jo saman – er det kanskje slik at behovet for tverrfagleg undervising i folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling har oppstått delvis som følgje av den teknologiske utviklinga? Interessante perspektiv opnar seg når ein ser nærmare på korleis dei ulike temaa kryssar kvarandre.

Dei fleste artiklane tek utgangspunkt i fagbøker skrivne i tråd med dei nye læreplanane, og mange av skribentane underviser sjølv. Erfaringa med å omsetje ulike teoretiske perspektiv til praksis er jo den relevante konteksten når tekstane som skal lære elevane å tenkje kritisk, sjølv skal granskast.

Bjørkdahl har sett på korleis lærebøker på ulike trinn legg fram temaet berekraftig utvikling, og hevdar at referansen til eit einskapleg «vi mennesker» dekkjer over reell ulikskap og konfliktar. Her kan ein altså sakne ei kopling til sentrale målsetjingar under temaet demokrati og medborgarskap: at elevane skal få innsikt i dei grunnleggjande politiske prosessane i demokratiet, som kamp mellom særinteresser.

Men ei kritisk tilnærming kan føre med seg komplikasjonar. Vil ikkje det å skape medvit om fordommar og urettferdige strukturar i samfunnet fungere som ei opplæring i dei same fordommane og strukturane? spør Aasne Jordheim. Og vidare: Kva skjer når kritiske spørsmål rokkar ved sjølve verdsbiletet og identiteten?

Også Øystein Jetne og Ida Carine Longva spør om auka fokus på kritisk tenking kan ha uønskte konsekvensar, som å ta frå elevane tilliten til media og auke stressnivået deira. Her kan ein skyte inn at temaet berekraftig utvikling er vel så eigna til å skape uro. Så då er det vel berre å sende elevane vidare til undervising i temaet folkehelse og livsmeistring?

Straks ein flyttar blikket dit, bør ein ta seg bryet med å kontemplere at graden av aksept og meistring dei unge opplever nettopp på skulen, kan bli avgjerande for korleis det går dei vidare i livet. Men alle stiller ikkje likt: Elevar frå ulike levekår har ulike føresetnader for å lukkast i skuleverket. Longva ser haustens avisdebatt om dette i samband med at det meir strukturelt betinga folkehelseaspektet har kome i skuggen av livsmeistring forstått som individuell kompetanse.

Jørgen Moltubak peikar på det paradoksale i at skulen legg så stor vekt på individuell prestasjon når samarbeid alltid har vore avgjerande for at vi lukkast både som individ og som samfunn. Han skildrar den digitaliserte kvardagen i klasserommet og korleis det er å stå som mottakar av ei mengd, til dels motstridande, signal frå både offentlege og private aktørar. Også rolla som lærebokforfattar har endra seg i møte med digitaliseringa, for korleis skal ein regulere rettar og plikter knytte til oppdatering av digitale læringsressursar? Spørsmåla er fleire enn svara, skriv Moltubak.

Jobben som må gjerast med å oppdatere avtaleverket mellom forfattar og forlag er eitt konkret døme på at samfunnsfellesskapen ikkje er ein naturtilstand. Både demokratiske prosessar, folkehelse og livsmeistring for alle og berekraftig utvikling må kjempast og forhandlast fram. Like fullt er vi avhengige av at desse kollektive prosessane fungerer.

Læreplanane speglar altså den same spenninga mellom konkurranse og samarbeid som gjennomsyrar demokratiet, og korleis lærebokforfattarane omset føringane til kunnskap i nivåtilpassa sakprosa, vil påverke dei som veks opp. Men spørsmåla melder seg straks ein løftar blikket frå lærebøkene til nyhenda: Er standardane vi vil overføre eigentleg «våre», eller dyttar vi dei høge ideala og ansvaret for framtida over på neste generasjon? Korleis skal det gå om elevane ikkje gjer som vi seier, men som vi gjer?