Smittande engasjement

23.09.2019
Portrettfoto av Prosa-redaktør Merete Røsvik. Foto: Ilja C. Hendel

Eg er neppe den einaste forelderen i Noreg som gjerne skulle ha forvist Apple, iPhone, Snapchat, YouTube og alt deira digitale vesen til ein av dei djupare kretsane i Inferno – ein utan wifi og 4G.

Under ligg sjølvsagt bekymringa over at dei unge, håpefulle sig bakover i senga med mobilen i hand straks dei ikkje er tvinga til å gjere noko anna. Så lenge den digitale revolusjonen var knytt til datamaskina, kjendest det mogeleg å avgrense skjermtida. Å ta frå dei telefonen, porten til heile deira sosiale liv, er mykje vanskelegare. Men kva er det eigentleg dei konsumerer frå www-buffeten? Kven påverkar dei?

I kunnskapssamfunnet er evna til å finne, skjøne og sjå bruksverdien av informasjon grunnleggjande for å lukkast. Di friare informasjonen flyt, di viktigare blir evna til å sile og vurdere fakta. «Fake news» har ikkje berre blitt ein politisk maktfaktor fordi feilinformasjon spreier seg raskt på nett, men fordi påstandar om løgn undergrev tilliten også til tradisjonelle medium. Konspirasjonsteoriane florerer, og ein kjenner seg aldri heilt sikker på om tenåringen er ironisk eller meiner det når han påstår at terroren 11. september 2001 var «an inside job», at jorda er flat, og at kvar ein trekant er eit hemmeleg teikn på at Illuminati kontrollerer verda.

På den positive sida kan ein notere at mange av dei digitale aktivitetane er interaktive og opnar for samhandling. Men det forsterkar også den tendensen at kven ein sjølv i utgangspunktet er, styrer kva informasjon ein får med seg. Dermed blir behovet for fagleg solid og nivåtilpassa sakprosa som kan gi barn og unge nye perspektiv, større enn nokon gong. Diverre har utfordringa med å nå ut vakse proporsjonalt.

I Kulturmeldinga frå 2018 blir det understreka kor viktig kunnskap og evna til kritisk tenking er for eit fungerande demokrati, og lesing står sentralt: «Leseevne og leselyst er ein nøkkel til danning og refleksjon. Lesing gir innsikt og oversyn. Gjennom lesing aukar evna til forståing og innleving.» Det gjeld nok også når lesing skjer på skjerm, slik det ofte er for ungdommen. Men dei upålitelege kjeldene er mange, og stadig meir informasjon blir tatt inn gjennom lyd og bilete. 15-åringen høyrer heller på podcast enn å lese bok, og han fortel ikkje vitsar, han viser meg memes frå Instagram.

Tradisjonell sakprosa har enn så lenge ein prominent plass i oppsedinga. Alt i barnehagealder får barn sakprosa i form av biletbøker om dyra på garden eller store maskiner. Lettlesboka skulen brukar til lesetrening, kan godt vere ei faktabok, og sakprosaen dominerer sjølvsagt lærebøkene. Slik legg skulen grunnlaget for forståinga av at det er forskjell på fiksjon og fakta, urbane mytar og vitskapleg underbygd kunnskap, og gir elevane verktøy til å vurdere kva som er kva. Men korleis få ungdom til å lese ei sakprosabok som ikkje står på pensum?

Eit svar som går igjen i dette nummeret av Prosa, er at ein må treffe interesser og behov hos dei unge lesarane. Det kan vere spennande og aktuelle tema, eller handle om idoldyrking, identifikasjon og oppleving av fellesskap.

Men ein kan ikkje interessere seg for det ein ikkje veit om! Verdien av møtet med kunnskapsrike, dyktige formidlarar på skulen og biblioteket og gjennom fritidsaktivitetar kan difor ikkje overvurderast. Barn lærer mest av menneske dei kjenner seg knytte til og stolar på. Men i mangelen på inspirerande vaksne finst det alltid nokon med eigen blogg, podcast eller YouTube-kanal som gjerne vil bli ein influencer – med eller utan fagkunnskap.

Ingen kan vere så kritiske som ungdom, og ingen kan bli så brennande engasjerte. Unge stemmer i både offentleg debatt og skulestreikar for klimaet tyder på at vi trass nye kommunikasjonsformer har fått ein generasjon unge som evnar å ta sakkunnskap på alvor. Det dei no treng frå vaksne, er først og fremst ekte engasjement – for både sak og lesar. Det er å håpe at Barne- og ungdomskulturmeldinga som er varsla i 2020, legg rammer som er vide nok for det.