Lån øyre til det du ikkje vil høyre!

13.02.2020
Portrett av redaktør Merete Røsvik

Mange av dei store debattane i tiåret vi nyleg la bak oss, handla om ytringsfridom. Men no melder eit nytt spørsmål seg som like presserande: Er det nokon som verkeleg lyttar?

Omgrepet «usemjekultur», som Thomas Hylland Eriksen har gjort kjent, formidlar at usemje kan skape fellesskap gjennom dialog. Det er ein god tanke. Men kva om viljen til å finne ut kvifor andre meiner som dei gjer – eller til og med kva dei faktisk står for – forsvinn?

Spriket i korleis ein oppfattar røynda i ulike leirar, ser ut til å ha blitt så stort at ein heller vil avskrive meiningsmotstandarar som idiotar enn å gå i dialog. Slik kan politisk polarisering på sikt få sjølve fundamentet for debattkulturen til å forvitre.

Eg merkar det sjølv: Eg opplever farane knytte til klimaendringar som så akutte at det er ubehageleg opprørande å høyre på debattantar som ikkje tar dei alvorleg. Uforståeleg nok – for meg – reagerer dei på andre sida av bordet like sterkt.

Verre er det likevel at til og med politikarar ser ut til å finne det legitimt å vere «usamd» i forskingsbasert kunnskap, også når det er nær full semje i fagmiljøa. Slik mistillit har fått næring både frå tilfelle av forsking og formidling som har vist seg upålitelege, og frå krefter som målretta går inn for å spreie tvil. Lever vi då i eit kunnskapssamfunn?

Utviklinga bør få konsekvensar for korleis ein tenkjer om sakprosa som forvaltar av kunnskap, mellom anna med høgare krav til faktasjekking i forlagsredaksjonane.

Men det aleine løyser ikkje dei etiske flokane som sakprosadebattantar har kava med i 2019, knytt til True Crime-sjangeren, gjenbruk av andres arbeid (Jenssen/Baglo-saka i Morgenbladet) og gjenopplivinga av den snart 40 år gamle Politivoldsaka i Bergen.

I årets første Prosa påstår Trygve Aas Olsen at Haddy Njies subjektive framstilling av hendingane i Giske-saka er uetisk. Sunnev Gran kritiserer Sylo Tarakus Frihetskampen i islam for å gi eit karikert bilete av islam, og meiner at positive aviskritikkar er baserte på for dårleg kjennskap til islamsk kulturhistorie.

Debattane viser at sakprosalitteraturen opererer tett på den evig aktuelle problemstillinga: Korleis kan vi bli samde om kva realitetane er, så vi kan styre utviklinga til det betre?

Trass i etiske hovudpiner, er det eit ansvar som bør styrkje sjølvtilliten på sakprosafeltet.

I løpet av 2010-talet såg vi at skjønnlitteraturen hausta intensitet av å nærme seg sakprosadomene som det biografiske og politiske.

Sakprosaforfattarane har på si side fått auka medvit om litterære grep som kan gjere kjeldemateriale til gode forteljingar. Det kjem godt med i kampen for å nå ut med viktig kunnskap, og gir seg ulike utslag.

I 2019 var påfallande mange titlar bygde opp rundt historia til ei mor eller ein far – personlege vinklingar rører og engasjerer. Det er også verdt å merke seg fleire grundige og velskrivne institusjons- og kulturhistorier: Bøker om Forskingsrådet, Børsen, Oslo Symfoniorkester, avisene Dagbladet og Dagen og utviklinga i den politiske retorikken fortel kvar sin del av historia om korleis samfunnet vårt har blitt forma. Andre forfattarar kastar seg inn i ordskiftet for å påverke framtida med debattbøker frå forlag som Manifest og Res Publica på venstresida til Document forlag på ytre høgre fløy.

Røynda er kompleks, difor er forenkling, overdriving og konstruksjon av tydelege frontar alltid ei freisting for den som vil engasjere og overtyde. Slik kan «gode forteljingar» også bli farleg forførande. Om tilnærminga er intim familiehistorikk, akademisk historieskriving eller polemisk debattbok, så er det etterprøvbar kjeldebruk og argumentasjon som gir legitimitet til forteljingane om korleis det norske samfunnet har vore, er og bør bli.

Fordi det er så lett å akseptere forteljingar som bekreftar det vi tenkjer frå før, treng vi at det blir gjort kritiske lesingar basert på kunnskap og analysar. Det er krevjande arbeid, og kritikaren sit heller ikkje med fasiten. Men både å gi, ta imot og lese slik kritikk er øvingar i å lytte som driv den offentlege samtalen framover. Den verkelege utfordringa, den som skal skilje sauene frå geitene, er å lytte også til det ein helst ikkje vil høyre.