Hjartet i rasjonaliteten

11.06.2019

At kjensler påverkar alt vi gjer, er løyndomen alle kjenner, men få pratar om. Men sensitivitet og emosjonell intelligens kan vere like avgjerande for ein god fagperson som evna til logisk tenking, fordi mykje av informasjonen om verda kjem til oss via kjenslene.

Det blir spesielt tydeleg i omsorgsyrke, men også i meir teoretiske profesjonar som skribent, omsetjar og forskar vil motivasjonen, forståinga og kreativiteten vere påverka av kjenslelivet. Den som lurer på korleis det artar seg, kan lese svara på enqueten i dette nummeret. «Faktisk er følelser noe av det mest rasjonelle vi har», uttalar biolog Dag O. Hessen. Det høyrest ut som ei spissformulering, men også i filosofien finn ein liknande påstandar.

I boka Tingliggjøring og anerkjennelse diskuterer Axel Honneth Georg Lukács’ omgrep «tingleggjering» (Cappelen Damm 2019, omsett av Inger Sverreson Holmes og med introduksjon av Torill Strand). Han argumenterer for at det å kunne bli emosjonelt involvert i eit anna menneske, og slik «anerkjenne» at hen har kjensler og behov som ein sjølv, er ein føresetnad for å kunne danne seg ei nøytral forståing av verda. Sterkt forenkla er grunngjevinga slik: Når eit barn blir glad i omsorgspersonen, utviklar det evna til å leve seg inn i den andre og sjå verda også frå hennar perspektiv. Dette legg grunnlaget for at ein seinare kan leite seg fram til nøyaktig kunnskap gjennom «affektiv aksept av så mange perspektiver som mulig» (s. 72). Det er altså ein direkte samanheng mellom empati og objektivitet; begge delar krev at ein er i stand til å sjå lenger enn eigne behov og subjektive opplevingar.

Kvifor er dette viktig? Fordi det rokkar ved oppfatninga om at emosjon er lik subjektivitet, medan rasjonalitet er lik objektivitet – og dessutan ved sjølve skiljet mellom emosjon og kognisjon. Grovt forenkla modellar av det som eigentleg er eit komplekst samspel mellom kjensler og vurderingar, individ og fellesskap, har prega vestleg vitskapshistorie. Sjølv om oppfatningane har blitt utfordra av ny hjerneforsking, er dei framleis utbreidde på måtar som får praktiske konsekvensar.

Tekstane i dette nummeret av Prosa illustrerer på ulikt vis at kjensler spelar ei rolle i profesjonelle vurderingar, og dermed også bør vere gjenstand for kritisk refleksjon. Til dømes tar Iselin Theien opp kor emosjonelt viktig det er for identitetsdaning å finne – og bidra til å skape – ein historisk tradisjon ein sjølv passar inn i. At emosjonell og personleg historikk kan vere avgjerande for ein forskarkarriere, kjem også fram i Håvard Friis Nilsens melding av Arild Stubhaugs Stein Rokkan-biografi. Frode Helmich Pedersen viser korleis patos maskerer hol i bevisføringa i dommen Eidsivatings lagmannsrett felte i Orderud-saka.

Viktigast er likevel det Kristina Quintano og Anders Hammer fortel: Når norske (og europeiske) styresmakter vel å definere våre militære engasjement i Nato-regi som vellukka, flyktningkrisa som overstått og vårt ansvar som avslutta, overlet dei tusenvis av menneske i akutt naud til seg sjølve og frivillige krefter. Grundig og reflektert pressedekning av dei faktiske forholda er det i stor grad opp til frilansjournalistar å sørgje for. Slik stengjer ein for gjenkjenning ikkje berre av behova, men også av menneskeverdet til flyktningane.

I Honneths vokabular er det å gjere «tingliggjøring som anerkjennelsesglemsel» til offisiell politikk. Konsekvensen er noko nær ei kollektiv fornekting av dei menneskelege tragediane som fører menneske på flukt i utgangspunktet, som utspelar seg i båtane på Middelhavet og i flyktningleirane på dei greske øyene. Hadde ein opna for emosjonell kontakt og innleving, ville handling blitt påkravd – og det tar vi oss ikkje råd til.

Strategien er likevel ikkje utan kostnad. Eit samfunn som over tid baserer politikk på fornekting av andres naud og eigne medlidande impulsar, kan ein ikkje lenger kalle rasjonelt.