Løvetann
Illustrasjon: Johanne Hjorthol

Løvetann i asfalt. Min skeive sakprosakanon

25.10.2022

I dette oversynet vil eg hente fram ulike sakprosabøker som har gjort inntrykk på meg, og som truleg har vore viktig lesing for å hjelpe unge og eldre ut av skapet.

Glimt av skeive framstillingar i norsk sakprosa har eksistert sidan slutten av 1800-talet, i ei tid då vi, under vidt forskjellige fagtermar, blei forsøkt (bort)forklarte i ulike oppslagsverk og medisinske artiklar. Som løvetann i asfalt dukka homofile opp på dei mest uventa stadar, men var ikkje alltid like populære. Likevel skal det noko til å rive løvetann opp med rota. Emnet homoseksualitet kom gjerne til syne som eit fagleg spørsmål som skulle diskuterast, og der årsaka stod sentralt. Var årsaka til avviket arv eller miljø? Var det medfødt, ei synd mot naturen eller ein sjukdom som kunne lækjast? Og skulle det straffeforfølgjast?

Historisk sett har faglege framstillingar av homoseksualitet vore svært viktige for forståinga av det å vere skeiv, både når det gjeld kampen mot fordommar og forelda paragrafar, og sjølvsagt i kampen for å oppnå likeverd. Rundt førre hundreårskiftet hadde til dømes to nordiske nobelprisvinnarar i litteratur sitt å seie om temaet. Medan Bjørnson forsvarte homoseksuelle i Dagbladet i 1891, meinte Johannes V. Jensen i Politiken i 1906 at slike burde sperrast inne og oppdragast til syersker eller bibliotekarar.1

I dag er det i Noreg lov både å elske den ein vil og vere den ein vil. Det har teke nokre år, og i tråd med mi eiga utvikling har mitt skeive blikk endra seg opp gjennom åra. I dette oversynet vil eg hente fram ulike sakprosabøker som har gjort inntrykk på meg, og som truleg har vore viktig lesing for å hjelpe unge og eldre ut av skapet. Til orientering er omgrepa homofili og homoseksualitet nytta om einannan og tyder det same.

Innleiande studiar

I hovudsak vil eg omtale norsk skeiv sakprosa, men kjem ikkje unna den eldste og viktigaste boka som er omsett til norsk, nemleg Platons Symposion eller Drikkegildet i Athen, som ho òg blir kalla. Hovudtemaet er ei lovprising av Eros med utgangspunkt i det seksuelle forholdet mellom ein vaksen mann og ein yngre mann. Boka er komen i fleire utgåver og opplag på norsk omsett av filosofiprofessor Egil A. Wyller, som alt i den første utgåva frå 1953 nyttar ordet homoseksualitet i sitt forklarande forord om innhaldet i Symposion.

Som franskstudent oppdaga eg fort Haakon Bugge Mahrts bok om Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud (1944) og det korte og eksplosive forholdet hans til Frankrikes andre store lyrikar, Paul Verlaine. Sjølv om Verlaine var gift, understreka Mahrt: «En av de forklaringer som har vært gitt på hans tilfelle er at han var så ualminnelig stygg, med et djevlelignende, mongolaktig utseende, at han uvilkårlig hadde virket avskrekkende på kvinner allerede fra sin tidligste ungdom av.» Underforstått var dette ifølgje Mahrt grunnen til at Verlaine «ikke var helt normal i sitt erotiske følelsesliv», men hadde «en abnorm tendens». Medan Rimbaud – som i ein periode i 1870-åra var Verlaines elskar – blei som han blei fordi han fekk så lite morskjærleik, og dermed mista han for alltid evna til å elske kvinner. Slike forklaringar på homoseksualitet var ikkje heilt uvanlege på den tida, og noko vi måtte leve med.

Den banebrytande boka innanfor skeiv norsk sakprosa kom i 1957 med Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet, skriven av psevdonymet Finn Grodal. Boka var eit 342 siders forsøk på å forklare fenomenet homoseksualitet, og å klarleggje homoseksuelles vanskelege situasjon og naturlege plass i samfunnet. Først i oktober 1989 blei forfattaren offentleg «avslørt» i eit intervju med underteikna i Fritt Fram – det var pianisten og musikkpedagogen Øivind Eckhoff. I boka møter lesaren òg ordet homse, som på femtitalet skal ha vore eit heller negativt lada slanguttrykk om ein homoseksuell mann. Saman med sambuar Arne Heli var Eckhoff ein sentral pioner i stiftinga av Det norske Forbundet av 1948. Denne tida fortel Heli om i sjølvbiografien Åpen om det forbudte (2006).

Noreg rundt 1900

Overraskande for mange kom det i 1971 ei posthum bok av Pontus Wikner, svensk filosof og professor i Kristiania dei siste fire åra av livet sitt, 1884–1888. Han etterlet seg skriftet Psykologiske selvbekjennelser. Om homoseksualitetens problem, skrive i 1879, men klausulert til begge sønene var døde, og først publisert i 1971, også på norsk. Det rørte meg sterkt at Wikner heile livet kjempa imot legningen sin, som han oppfatta som synd og unatur. Dei løyndomsfulle homoerotiske kjenslene fekk utløp i ei sterk religiøs tru, og Wikner innrømde at hans livslange kjærleik var Jesus. Nattverden svarte til den kroppslege foreininga, men hadde Kristus vore kvinne, hadde han aldri kunna elske han.

Truleg kjende Wikner ein annan professor i Kristiania, juristen Ebbe Hertzberg, som i 1886 måtte gå frå stillinga si på grunn av sin homoseksuelle legning. Han etterlet seg fleire klausulerte brev som vi først i år kan lese i boka Brev til Poul Andræ 1892–1912, transkriberte og kommenterte av Runar Jordåen. Begge desse bøkene gjev oss ei framifrå innføring i den problematiske livssituasjonen til homoseksuelle før i tida. Hertzberg får òg oppleve eit dessverre kjent fenomen blant likesinna, nemleg pengeutpressing.

Meir historie om skeive forhold i Noreg frå omkring 1870 og fram til rundt 1950 er å finne i to doktoravhandlingar. Tone Hellesund tok i 2002 fatt i emnet Den norske peppermø. Om kulturell konstituering av kjønn og organisering av enslighet. (Året etter utgjeven som: Kapitler frå singellivets historie.) Det er vel ikkje tvil om at den mest kjende skeive peparmøya er den allsidige Aasta Hansteen, også grundig presentert i boka Furier er også kvinner (1984), skriven av Bente Nilsen Lein med fleire. Runar Jordåens avhandling frå 2010 har tittelen Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten av 1800-talet til 1960. I begge desse avhandlingane er det mykje konsentrert kunnskap, og dei er svært interessante og opplysande.

Eit vesentleg tilfang til norsk homohistorie har Hans W. Kristiansen bidratt til med doktoravhandlinga Kjærlighetskarusellen (2004) om eldre norske homofile og fire år seinare med boka Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Her må òg nemnast Hanne Marie Johansens historiske oppsummering i Skeive linjer i norsk historie (2019).

Når det gjeld generell homohistorie og -forsking, kjem ein ikkje unna trebindsverket til franske Michel Foucault: Seksualitetens historie, omsett av Espen Schaanning. Foucault døydde i 1984, men eit fjerde bind blei lagt til posthumt i 2018. Her i landet blei det gjort ein stor innsats av mange i det omfattande verket Norsk homoforskning, som såg dagens lys i 2001, redigert av Marianne C. Brantsæter med fleire. Boka var meint som eit moderne kunnskapsbilde for betre å forstå homoseksuelle handlingar, kjensler og relasjonar.

Dei frigjerande åra

I 1973 kom det dei fleste trudde var ei faglitterær bok, nemleg Opp alle jordens homofile, skriven av Gerd Brantenberg. Men det er absolutt ein roman, dertil svært underhaldande, som likevel framleis står plassert blant faglitteraturen i mange bibliotek. I tillegg til å skrive fiksjon var Brantenberg ein av forfattarane bak På sporet av den tapte lyst. Kjærlighet mellom kvinner som litterært motiv (1986). Boka består av eit lengre essay og ein annotert bibliografi over lesbisk litteratur i Skandinavia 1900–1984.

Kim Friele har skrive fleire bøker, men den første reknar eg som den viktigaste: Fra undertrykkelse til opprør. Om å være homofil – og være glad for det (1975). I denne grunnboka definerer og drøftar Friele dei fleste aspekta ved å kjenne seg annleis, som diskriminering og toleranse, om homofili er ein sjukdom, og om kyrkja si diskutable rolle. Tre år etter kom ei vel så viktig homopolitisk bok: Homofile – myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge, skriven av Steinar Bergh, Birgit Bjerck og Elin Lund. Boka var eit resultat av forskingsprosjektet «Homofiles levevilkår og sjøloppfatning», basert på intervju med unge og eldre homofile.

I 1970-åra byrja kristne homofile å setje spørsmålsteikn med kyrkja si undertrykkande haldning, mellom andre den seinare teologiprofessoren Halvor Moxnes. Han har diskutert dette i fleire bøker, som Gud for de ugudelige (1980). Same året provoserte prestesonen Ole-Fredrik Einarsen med boktittelen Homofil – Guds barn, truleg den første norske boka som hevda at det var mogleg å vere både kristen og homofil. Boka fekk mykje medieomtale, og blei nekta seld av den største kristelege bokhandelen i Bergen (Vestlandske Bokhandel). To år seinare heldt Einarsen fram med arbeidet for å endre kyrkja sitt syn på homofile med boka Skapt sånn, ei handsrekking til kristne homofile. Offisielt kom kyrkja etter kvart på gli, men ikkje i bedehus- og sektmiljø, noko vi kan lese om i Du skal ikkje elske av Jorunn Voll (1993) og i Betre død enn homofil av Arnfinn Nordbø (2009). Eit meir nyansert og internasjonalt basert religionsfagleg bidrag finn vi i Dag Øistein Endsjøs Sex og religion – fra jomfruball til hellig homosex (2009).

Fascinerande sjølvutlevering

Presten Øivind Foss både provoserte og forvirra folk med den frimodige tilståinga i Jeg elsket en terrorist (1981), om sitt seksuelle forhold til Jan-Carl Raspe, ein av leiarane for Baader-Meinhof-banden. Boka var rett nok ein kritikk av terrorismen, men det pirrande sjølvbiografiske fekk i gang ein veldig debatt og skapte både latterleggjering og beundring.

I 1985 blei eg fylt av vørdnad av å lese Arne Bang-Hansens ærlege forteljing Fra mitt skjeve hjørne. 74 år gammal kom den kjende skodespelaren offentleg ut som homofil. Eg trur det var første gongen eg såg uttrykket skeiv brukt på denne måten. Det var òg interessant å lese korleis han som ung mann kjende seg innlemma i eit broderskap.

I ein sjølvbiografi bestemmer forfattaren sjølv kva hen vil fortelje, slik Nils Johan Ringdal gjorde i 1991 i sine laust samansette Bekjennelser fra en mann av gay-generasjonen, med hovudtittelen Lystens død? (1991) Underforstått er spørsmålet om aids har greidd å gjere ende på lysta. Ringdal visste mykje om aids, også fordi han var partnar med sjølve den norske aidslegen Georg Petersen, som i 1985 gav ut Fakta om AIDS. Tre år seinare kom Annick Prieur med Kjærlighet mellom menn i aidsens tid, om angst og kjærleikens vilkår, basert på intervju med norske menn.

Om både liv og verk

Derimot er det forfattaren som bestemmer kva som skal vere med i ein vanleg biografi, og som avgjer kor skeivt innhaldet skal bli. På dette området er det fleire biografar som sviktar oppgåva si, som etter mi meining er å greie ut om både livet og verket til den biograferte. Såleis har det skeive temaet fått ei anstendig behandling i underteikna sine forfattarbiografiar om Åsmund Sveen: Det andre mennesket (2003), om Torvald Tu (2008) og jamvel i boka om Bjørnstjerne Bjørnsons vennskap med Clemens Petersen (2002). Det er naturleg at biografens eigen legning speler ei viss rolle for utforminga av ein biografi, men ein biograf bør uansett ha auga opne for denne vinklinga.2

Litt skeiv i framstillinga er Odd M. Syversen i biografien om Sven Elvestad: … og så gikk det så passelig skjevt (1986), men endå meir direkte og grundig er Bernt Rougthvedt i Riverton. Sven Elvestad og hans samtid frå 2007. Ei parallell utvikling i openheit i skildringa finn vi i Fredrik Wandrups bok om Jens Bjørneboe frå 1984, og sjølvsagt meir detaljert i Tore Rems to bind om Bjørneboe frå 2009–2010. Når det gjeld litterære biografiar, er det ikkje nødvendigvis snakk om å «avsløre» forfattaren, men å tolke det vedkomande skriv, og kvifor. Dette var noko av bakgrunnen for underteikna si alternative litteraturhistorie frå 1990: Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Her fekk til dømes Sigrid Undsets roman Jenny ein kort omtale, medan eg seinare rett og slett blei slått i bakken av den djuptgåande skeive tolkinga av Undsets liv og verk til Christine Myrvang i Tause kilders tale frå 2020.

Andre bøker som straks sette seg fast i minnet med nytt og spennande skeivt stoff, var Rolf Larsen og Knut Olav Åmås’ bok: Det stille alvoret, om Ludwig Wittgenstein i Noreg (1994). Rett nok hadde eg lese Ray Monks solide biografi om Wittgenstein, men det gjorde inntrykk å få denne filosofiske giganten plassert i ei lita hytte inst i Sognefjorden der han strevde med seksualiteten sin. Ti år seinare var det ei ny leseoppleving for meg å bli kjend med Terje Emberland og Bernt Rougthvedts detaljrike utgreiing om Det ariske idol ­– forfatteren, eventyreren og nazisten Per Imerslund (2004). Imerslund var eit forbilde for radikale nazistar og dessutan homoseksuell.

Kunstnarbiografiar

Viss ein grev seg litt ned i livet til norske kunstnarar, vil ein finne skeive forhold i mange kunstnarliv og i dei nære vennskapsforholda mellom likekjønna personar, særleg dei som levde for ei tid sidan. Her er det òg det tvitydige, det usagde, det udokumenterte som må kome med i betraktninga. I denne samanhengen kan nemnast boka til underteikna med den talande tittelen Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur (2016). Det vesentlege er at forfattaren har det skeive blikket på fortidas kunstnarliv, slik Jorunn Veiteberg tydeleggjer det i biografien om Ambrosia Tønnesen (2009). I Paris på 1880-talet opptredde den bergensfødde bildehoggaren rimelegvis som Noregs første garçonne, ei buksekledd kvinne med kortklipt gutesveis.

Meir skeive blir naturlegvis bøkene viss dei handlar om ein skeiv kunstnar og i tillegg er skrivne av ein skeiv forfattar, slik som Odd Klippenvågs fine portrett av Bengt Sivesind – den sensuelle livsfølelsen (2007) og Thore J. Eltons biografi om Ferdinand Finne (2000). I motsetning til Sivesind måla vel Finne aldri eit direkte skeivt bilde, og hadde eigentleg aldri kome ut av skapet. Men det gjorde biografen og vennen Elton ettertrykkeleg klart, noko den pripne kritikaren i Aftenposten, Jan E. Hansen, syntest var både upassande, unaturleg og unødvendig å skrive opent om, især «nå, mindre enn ett år etter hans død». Hansen argumenterte vidare med at «erotikkens store eller lille livsbetydning kan være et ømfintlig aspekt å håndtere i enhver biografi», men sidan Finne sjølv hadde utelate det homoseksuelle temaet i sine eigne bøker, burde også biografen gjere det.3 Det verka ikkje som Jan E. Hansen forstod at når seksualitet og samliv speler ei såpass viktig rolle i eit menneskes liv, er det heilt naturleg å gje dette plass i ein biografi om liv og verk. Med tida håpar eg at endå fleire kunstnarar blir henta ut av skapet. Derfor forventar eg òg at den store biografien som er nøydd til kome om Per Aabel, også tek med den skeive sida av livet hans. Ikkje som den flyktige og tilslørte minneboka Kjære Per Aabel (1993) av nemnde Jan E. Hansen, ei slags bildebok med utvida bildetekstar.

Blant kunsthistoriske bøker er det særleg to som har vekt den skeive interessa mi: Holger Koefoeds Eros i norsk kunst 1880–1980 (1986) og artikkelsamlinga Livskraft. Vitalismen som kunstnerisk impuls 1900–1930 (2006), redigert av Karen E. Lerheim og Ingebjørg Ydstie. Begge bøkene tek utgangspunkt i den nakne kroppen og frigjerande vital livsdyrking, med særleg vekt på Edvard Munchs og Gustav Vigelands dyrking av det maskuline. Dessutan er det fyldige bildematerialet svært illustrerande og inspirerer absolutt til eit skeivt blikk.

I omtalen av skeive kunstbøker er stundom dekadanse, camp og kitsch ein vesentleg faktor. Ei av dei mest skeive bøkene som er komne ut i Noreg, er Kjetil Rolness’ herlege bidrag: Vulgær og vidunderlig – en studie i utsøkt dårlig smak. Den overdådig illustrerte boka kom i 1992 og inneheld alt det fantastiske som skjuler seg bak omgrepa camp og kitsch, det vere seg glitter og glam, drag og droddel, dekadente dandyar, ekstreme estetar, ironi og posering, og ikkje minst kunsten å vere naturleg når du er mest tilgjord. Å vere androgyn og annleis er òg kulturhistorisk behandla og bildebelagt av Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller i Kjønn og androgynitet og i Per Buviks Dekadanse, begge frå 2001.

Andre innfallsvinklar

Noreg har kome langt når det gjeld folks gjengse syn på homofile, samtidig som styresmaktene har lagt til rette for betra lovgjeving, og kyrkja har fått meir respekt for det enkelte menneskets likeverd. Men dette er ikkje tilfellet alle stadar. I fleire land blir homofile rekna som kriminelle. Det er framleis lover og forbod mot å vere skeiv og mot å omtale støtte til lhbt-personar. Aktivistane har ein lang veg å gå. Dette kan vi til dømes lese meir om i Pål Vegard Hagesæthers Skeivt ut. Reiser i homofobiens land (2017) og i Olav André Manums Afrikanske regnbuer. LHBT-frigjøring i Afrika (2021). Det er heller ikkje lett for flyktningar i Noreg, særleg ikkje viss ein er open lesbisk og muslim og skriv om integrering og minoritetar, som Amal Aden i mellom anna Om håpet glipper, er alt tapt (2012). Så seint som i juni i år opplevde Noreg eit dødeleg angrep mot Pride-feiringa i hovudstaden utført av ein islamistisk terrorist.

Av nyare personleg skrivne skeive sakprosabøker tek eg med to frå 2018 av norske homofile som har følt på at dei ikkje heilt passar inn. I boka Homoflokar granskar Kristin Fridtun den norske homotoleransen med bakgrunn i si eiga historie som homo og transperson. Bjørn Hatterud fortel i Mot normalt at han er homo og funksjonshemma, og om korleis han som tidlegare overvektig mobbeoffer likevel har greidd å finne seg til rette i samfunnet.

I motsetning til desse to sjølvutleverande bøkene i eit fritt moderne samfunn er det ei snart 60 år gammal sjølvbiografisk forteljing som kan hende gjer meir inntrykk på meg, skriven i ei tid då det var forbode å vere homofil i Noreg. I 1964 var det såleis utenkeleg for journalisten Gidske Anderson å leggje ut om sine eigne hemmelege kjensler. Men som løvetann i asfalt hadde dei likevel pressa seg fram. I boka Mennesker i Paris vedgår ho at ho som ung var eit mysterium for seg sjølv, at ho berre kunne tole sitt eige kjensleliv viss ho fann ei ordna forklaring på det. Det var ein storm inne i henne: «Alt foregikk i mitt eget hjerte, som ikke ville dø, og som ikke turde leve.» Sommaren 1946 drog derfor 24-åringen utanlands for å finne seg sjølv og slo seg to år etter ned i Paris. I denne boka skildrar ho møte med ulike personar, og særleg gripande er det å lese kapittelet om vennskapet med den tre år yngre Jimmy, det vil seie den amerikanske forfattaren James Baldwin. Han kjende seg dobbelt annleis, som både svart og homoseksuell.

Til slutt tek eg med eit personleg ønske som eg enno ikkje har gjeve opp håpet om at nokon kan realisere her i landet. Nemleg ei stor skeiv norsk kulturhistorie, grundig dokumentert og rikeleg illustrert med eit skeivt blikk på framvoksteren av ulike kunstnarlege uttrykk og skeive spor i samfunnsutviklinga. Som uunnverlege forbilde kan eg nemne to skeive og storarta sakprosabøker frå våre naboland: Sympatiens hemlighetsfulla makt. Stockholms homosexuella 1860–1960 med Göran Söderström som hovudredaktør, 720 store sider og mektig illustrert (Stockholmia förlag, 1999). Eller danske Wilhelm von Rosen med Månens kulør. Studier i dansk bøssehistorie 1628–1912 i to illustrerte bind, 872 sider (Forlaget Rhodos, 1993).

Om forfattaren
Jan Olav Gatland er pensjonert førstebibliotekar ved UB Bergen og sakprosaforfattar. Han har òg arbeidd som kritikar, omsetjar og redaktør. Han har gjeve ut fleire bøker, m.a. følgjande skeive sakprosabøker: Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur (1990), Mitt halve liv. Bjørnstjerne Bjørnsons vennskap med Clemens Petersen – og andre menn (2002), Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen (2003), Torvald Tu. Eit diktarliv (2008) og Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur (2016). Gatland står òg bak biografiar om Ola Raknes, Rolv Thesen, Lars Berg og Mons Litleré. Ein biografi om det litterære renessansemennesket Bolette C. Pavels Larsen (1847–1904) er under arbeid og vil kome ut våren 2023.

1. Jf. BB i Dagbladet 21.12.1891 og JVJ i Politiken 30.11.1906.
2. Toril Moi kritiserte Janneken Øverland for at ho i Cora Sandel (1995) ikkje sette spørjeteikn ved Sandels store interesse for den franske forfattaren Colette (jf. Bergens Tidende 16.12.1995). Underteikna har klandra Ingar Sletten Kolloen for at han i biografien om Tor Jonsson, Berre kjærleik og død (1999), ikkje synest å ha tenkt tanken om at Jonsson kanskje var litt skeiv. For meg verkar det som om Jonssons dikt formeleg ber om ei skeiv tolking (jf. Syn og Segn 4/2001). Den same kritikken om manglande skeiv diktanalyse kan rettast mot Jan Erik Vold og boka hans om Gunvor Hofmo: Mørkets sangerske (2000).
3. Jf. Aftenposten 11.10.2000.

Kronologisk litteraturliste

Ca. 380 f.Kr. Platon. Symposion eller Drikkegildet i Athen. Omsett av Egil A. Wyller. 1. utg. 1953. Dreyer.

1944 Haakon Bugge Mahrt. Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud. Dreyer.

1957 Finn Grodal (psevd. for Øivind Eckhoff). Vi som føler annerledes. Homoseksualiteten og samfunnet. Aschehoug.

1964 Gidske Anderson. Mennesker i Paris. Aschehoug.

1971 Pontus Wikner. Psykologiske selvbekjennelser. Om homoseksualitetens problem. Omsett av Finn Aasen. Cappelen.

1973 Gerd Brantenberg. Opp alle jordens homofile. Roman. Gyldendal.

1975 Kim Friele. Fra undertrykkelse til opprør. Om å være homofil – og være glad for det. Gyldendal.

1976–1984 Michel Foucault. Seksualitetens historie. B. 1–3. Eit posthumt B. 4 kom i 2018. Omsett av Espen Schaanning 1995–2020. Exil/Pax.

1978 Steinar Bergh, Birgit Bjerck og Elin Lund. Homofile – myter og virkelighet. En undersøkelse blant homofile kvinner og menn i Norge. Pax.

1980 Halvor Moxnes. Gud for de ugudelige. Jesus, Paulus og urkristendommens gudstro. Land og kirke.

1980 Ole-Fredrik Einarsen. Homofil – Guds barn. Ansgar.

1981 Øivind Foss. Jeg elsket en terrorist – et oppgjør med Baader-Meinhof. Cappelen.

1982 Ole-Fredrik Einarsen. Skapt sånn, en håndsrekning til homofile og deres nærmeste. Gyldendal.

1984 Bente Nilsen Lein et al. Furier er også kvinner. Aasta Hansteen 1824–1908. Universitetsforlaget.

1984 Fredrik Wandrup. Jens Bjørneboe. Gyldendal.

1985 Arne Bang-Hansen. Fra mitt skjeve hjørne. Gyldendal.

1985 Georg Pettersen. Fakta om AIDS. Helseutvalet for homofile.

1986 Odd M. Syversen. … og så gikk det så passelig skjevt. En beretning om Sven Elvestad. Metope.

1986 Gerd Brantenberg et al. På sporet av den tapte lyst. Kjærlighet mellom kvinner som litterært motiv. Aschehoug.

1986 Holger Koefoed. Eros i norsk kunst. Stenersen.

1988 Annick Prieur. Kjærlighet mellom menn i aidsens tid. Pax.

1990 Jan Olav Gatland. Mellom linjene. Homofile tema i norsk litteratur. Aschoug.

1991 Nils Johan Ringdal. Lystens død? Bekjennelser fra en mann av gay-generasjonen. Aschehoug.

1992 Kjetil Rolness. Vulgær og vidunderlig, en utsøkt studie i dårlig smak. Aschehoug.

1993 Jorunn Voll. Du skal ikkje elske. Lesbisk kjærleik i kristen-Norge. Samlaget.

1994 Knut Olav Åmås og Rolf Larsen. Det stille alvoret. Ludwig Wittgenstein i Norge 1913–1950. Samlaget.

2000 Thore J. Elton. Ferdinand Finne. Gyldendal.

2001 Per Buvik. Dekadanse. Pax.

2001 Marianne C. Brantsæter et al. (red.). Norsk homoforskning. Universitetsforlaget.

2001 Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller. Kjønn og androgynitet. Gyldendal.

2002 Tone Hellesund. Den norske peppermø. Om kulturell konstituering av kjønn og organisering av enslighet. Dr.avhandling UiB. Utg. som: Kapitler fra singellivets historie, Universitetsforlaget 2003.

2002 Jan Olav Gatland: Mitt halve liv. Bjørnstjerne Bjørnsons vennskap med Clemens Petersen – og andre menn. Kolofon.

2003 Jan Olav Gatland. Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen. Samlaget.

2004 Hans W. Kristiansen. Kjærlighetskarusellen – eldre homoseksuelle menns livsfortellinger og livsløp i Norge. Dr.avhandling UiO.

2004 Bernt Rougthvedt og Terje Emberland. Det ariske idol – forfatteren, eventyreren og nazisten Per Imerslund. Aschehoug.

2006 Karen E. Lerheim og Ingebjørg Ydstie (red.). Livskraft. Vitalismen som kunstnerisk impuls 1900–1930. Munchmuseet.

2006 Arne Heli. Åpen om det forbudte. Pax.

2007 Bernt Rougthvedt. Riverton. Sven Elvestad og hans samtid. Cappelen.

2007 Odd Klippenvåg: Bengt Sivesind – den sensuelle livsfølelsen. Labyrinth.

2008 Hans W. Kristiansen. Masker og motstand. Diskré homoliv i Norge 1920–1970. Unipub.

2008 Jan Olav Gatland: Torvald Tu. Eit diktarliv. Samlaget.

2009 Jorunn Veiteberg. Ambrosia Tønnesen – ‘Stenhugger i det Fine’. Pax.

2009 Dag Øistein Endsjø. Sex og religion – fra jomfruball til hellig homosex. Universitetsforlaget.

2009 Arnfinn Nordbø. Betre død enn homofil. Å vere kristen og homo. Samlaget.

2009–2010 Tore Rem. Sin egen herre I og Født til frihet II om Jens Bjørneboe. Cappelen.

2010 Runar Jordåen. Inversjon og perversjon. Homoseksualitet i norsk psykiatri og psykologi frå slutten 1800-talet til 1960. Dr.avhandling UiB.

2012 Amal Aden. Om håpet glipper, om homofile flyktninger. Aschehoug.

2016 Jan Olav Gatland. Romantiske vennskap. Sjelevenner i norsk kultur. Samlaget.

2017 Pål Vegard Hagesæther. Skeivt ut. Reiser i homofobiens land. Pax.

2018 Bjørn Hatterud. Mot normalt. Samlaget.

2018 Kristin Fridtun. Homoflokar. Samlaget.

2019 Hanne Marie Johansen. Skeive linjer i norsk historie. Samlaget.

2020 Christine Myrvang. Tause kilders tale. Var Dea Sigrid Undsets store, uforløste kjærlighet? Universitetsforlaget.

2021 Olav André Manum. Afrikanske regnbuer. LHBT-frigjøring i Afrika. Kolofon.

2022 Ebbe Hertzberg. Brev til Poul Andræ 1892–1912. Red. og kommentert av Runar Jordåen. Nasjonalbiblioteket.