Stemma som blei historie

09.09.2015

Det skjer noko med gamle sakprosatekstar når dei kjem ut på nytt. Ein kan lura på om det framleis er liv i dei.

Fire av utanriksjournalisten og NRK-pioneren Richard Herrmanns bestseljande bøker kjem i nye utgåver i år. Nyheita får ein ubehageleg tanke til å dukka opp på nytt: Held gode sakprosatekstar seg dårlegare over tid enn skjønnlitteraturen gjer? Skulle sakprosabøker vore utstyrte med «best før»-stempling, medan det på fiksjonsprosaen kunne stått «kan bli betre og betre»?

Dette tenkjer eg ofte på når eg djupt i eit bokarbeid hentar fram relevant saklitteratur som var rekna som framifrå då han kom ut. Sjølvsagt er desse bøkene daterte, dei er prega av tida si. Men altfor ofte er dei også utdaterte, dei er døde, enten det visna er stilen, kunnskapsinnhaldet eller tolkingshorisonten. Som eit sakprosaforfattarens memento mori ligg bunkane av gamle sakprosabøker der: Hugs du og alt ditt skal døy. Ikkje slik å forstå at eg ventar at alt skal overleva. Berre dei færraste bøker blir hugsa etter nokre tiår. Men er også dei beste, mestseljande, prislønte sakbøkene dømde til ein rask død, medan dei skjønnlitterære ditto framleis lever og utviklar seg i lesarsinn og forsking? Kva har til dømes skjedd med den i samtida så framståande og populære forfattaren som Cappelen Damm nå har valt å gje ut på ny? Viss ikkje Richard Herrmanns bøker har halde seg, må jo svara på mine to tungtidsspørsmål bli ja og ja. Dette står på spel når eg vågar eit gjensyn med ein av etterkrigstidas største formidlarar og sakforfattarar.

 

GJENNOM LUFTA

For oss som voks opp i tiåra etter krigen, var han eit medienamn og ein del av lufta vi pusta inn. I det einaste etermediet rapporterte Richard Herrmanns stemme frå London omtrent dagleg frå dei tidlege 1950-åra. Han kom som ei venleg, danna, tillitvekkjande og alltid frisk røyst som gav oss siste nytt frå Noregs kjæraste allierte: om debattar i Parlamentet, endringar i 10 Downing Street og elles alt frå herrefotball til kriminalsaker og anna som NRKs den gong så smale nyheitstenking kunne romma.

Richard Herrmann var ennå ikkje blitt den norske kringkastingas mann i London då stemma hans begynte å komma gjennom lufta. Han arbeidde i det leiande britiske telegrambyrået Reuters, der han i 1952 blei nestredaktør for Europa-saker og frå 1961 Storbritannia-redaktør.[i] Bakgrunnen for at nordmannen kom dit, der han gjorde slik lynkarriere, skal eg raskt komma tilbake til. I 1964, etter tolv års aktivt frilansinnkjøp, tilsette NRK ved kringkastingssjef Torolf Elster han som NRKs første faste utanrikskorrespondent. Ved sida av dagsnyttinnslaga hans, som det ofte kom fleire av per dag, gav Herrmann oss utover i 1960-åra endå vidare innblikk i the British way of life, gjerne gjennom informasjon som var samla på stampuben, men aller mest fortalde han om britisk historie.

Opplysningsprogram heitte det den gongen, og opplysningane kom, kultiverte og i ein fin og roleg pust, ut av høgtalaren når Herrmann var på lufta. Han blei forsøkt henta heim i 1966 for å bli leiar av NRKs utanriksavdeling etter Halvdan Hegtun, men blei raskt skremd tilbake til London.

 

NS-MEDLEM

Richard Herrmann hadde nemleg eit «rulleblad». Som tjuetoåring tok filologistudenten imot jobbtilbod i Norsk Telegrambyrå (NTB). Tidspunktet var hausten 1941, og okkupasjonsmakta forlangte at dei tilsette ved dette sentrale informasjonsknutepunktet var medlemmer i NS. Motvillig gjekk Herrmann med på å fylla kravet, før han få veker seinare melde seg ut igjen. I forståing med byråleiinga heldt han likevel, som andre NTB-medarbeidarar, oppe eit skinmedlemsskap samstundes som han deltok i det illegale arbeidet som gjekk føre seg med NTB som base. I den æresretten som Norsk Presseforbund oppretta etter krigen, gjekk fleire av Herrmanns kollegaer fri, men han blei «dømd» og utelukka frå journalistiske stillingar for ein periode.

Slik hadde det seg at Herrmann i staden for å seia pressa farvel i åra etter krigen reiste til London med NTB-stipend og blei trainee i Reuters, der han fekk fast stilling og steig i gradene. Han var ute av auge, men «fortida» hans blei likevel ikkje gløymd i heimlandet. Då kringkastingssjefen henta Herrmann heim i 1966, reiste Dagbladet protest mot at NRK gjorde ein «som sviktet for 25 år siden» til leiar for utanriksdekninga si. Som ei motvekt mot denne lange fordømminga gav Norsk Presseforbund han Narvesen-prisen i 1967, den som i dag ber namnet Den Store Journalistprisen og er den høgaste heideren ein norsk journalist kan få. Det kan verka som Presseforbundet ville melda at den ein gong fordømde nå var endeleg løyst frå forbanninga.

Likevel snudde Herrmann og heldt fram som London-korrespondent til 1977, då han – ikkje overraskande – blei kalla til Marienlyst for å planleggja NRK P2 og leia prøvesendingane for den nye kulturkanalen. I 1982 gjekk han av for igjen å bli frilansmedarbeidar og forfattar på heiltid.

Herrmanns bøker var komne i ein nokså jamn straum frå debuten med Over til London i 1967, og det aller meste i dei bygde på radioarbeid. Då han i 1992 gav ut den trettande og siste boka Med skjebnen i hånden. Churchill-slekten i krig og fred, var forfattaren 73 år. For dei mange åra med engasjert formidling av britisk kultur og historie hadde dronning Elisabeth II heidra han med ein MBE, «Honorary Membership of the order of the British Empire». Richard Herrmann døydde vel 90 år gammal i 2010.

 

FLANØR OG KÅSØR

«Richard Herrmann var den kanskje mest rendyrkede radiojournalist norske medier har frembrakt», skreiv NRK-historikar Hans Fredrik Dahl i 2001. I 2008 la NRK arkivopptaka med han ut på nett, der dei framleis ligg for den som ønskjer å møta røysta igjen.

Han er framleis ei av dei store radiostemmene. Nyheitsarbeidet var det som førte han inn og heldt han i journalistikken, men det var ikkje den Herrmann-stemma som formidla dei emna som han valde å skriva bøker om. Feature ville vi kalla stilen hans i dag – journalistikk med særpreg – viss dagens NRK eller andre kanalar kunne komma på den tanken å senda så mykje tale utan avbrot med musikk eller kontentum. Aller helst vil eg kalla Herrmanns London-forteljingar for flanering og historieformidlinga hans for kåseri. Richard Herrmann vandra og han kåserte. Det ville forundra meg om ikkje dei fleste som er fødde før 1980, høyrer han i sin indre radio når dei les dette. Han gjekk på hovud- og sidevegar etter innfallsmetoden, og han kåserte med ei framstilling som var bunden av studiomanus, men som likevel gav inntrykk av at han tok seg munnlege friheiter. Små slengkommentarar. Ei tilsynelatande avsporing, eller helst mange, fordi det britiske romma ein slik rikdom av ting, skikkar, hendingar, handlingar å undra seg over, flira av, bli alvorstung eller rett og slett oppkvikka av. Kven trong då musikkavbrot?

Storbritannia var framleis mektig på den tida då Herrmann prega lufta. Det var tradisjonsrikt, og det var tonegjevande, enten ein som Herrmann sokna til den klassiske livsstilen, eller som meg aspirerte til den kule. Før ein tredagars konsert i 1969 som fekk namn etter den amerikanske byen Woodstock, fanst det ikkje coolare strøk enn Liverpool og London i mi verd. Om namna Mary Quant, Twiggy, The Beatles, Marianne Faithfull og The Rolling Stones låg ulagleg til i munnen hans, rapporterte Richard Herrmann om dei også, og om det dei skapte av mote, musikk og annan livsstil. Han formidla alt som inspirerte til forteljingar.

Det er likevel liten tvil om at han helst krinsa rundt trendsetjarar og detaljar lenger bak i den britiske historia, og at historie for Richard Herrmann var den med stor H. Rett nok synest det ikkje som han var særleg interessert i krigar (her ville nok Herrmann ha lagt til: «og det hadde vel sine grunner»). Herrmanns historieforteljing kan heller ikkje kritiserast for å vera «his story» som usynleggjer halvparten av menneska. Han var interessert i kongar og mannlege politikarar, men vigde minst like mykje av plassen i bøkene sine til dronningar og andre kvinner som hadde øvd makt og på anna vis vore historiske aktørar. Så har då også Storbritannia fostra nokon av dei fremste kvinnene som den politiske verdshistoria har kjent. Han fortel om desse store kvinnelege herskarane, men interesserer seg også for dei små.

 

DRONNINGANE

Det er eit karakteriserande val Cappelen Damm har gjort når dei til nyutgjeving i tillegg til London. Mine gleders by vel ut det dei kallar Herrmanns «dronningtrilogi», dei tre bøkene som har fått titlar etter dronningane Elizabeth I, Maria Stuart og Victoria. At valet har falle på desse fire, speglar det Herrmann uttrykker av kjærleik til emna sine, men er heller ikkje underleg ut frå marknadsomsyn. London-boka fell inn i dei siste åras renessanse for essayistisk reiselitteratur. Dronningtrilogien kjem i suget etter litteratur om kvinneleiarar og kvinneleiarskap og annan litteratur som viser det kvinner alltid har visst, men som his-story har dekt over.

Desse fire bøkene blei bestseljarar i 1970- og 1980-åra, og korleis dagens bokkjøparar kjem til å ta imot dei, vil året visa. Meir fruktbart her er det å spørja: Kva byr desse bøkene ein 2015-lesar? Er det framleis liv i dei rundt 30 år gamle tekstane?

Som det vel har framgått, kjenner eg begeistring når eg minnest Herrmanns røyst i radioen, men eg har ikkje tidlegare lese nokon av bøkene hans. Eg skal undersøka dei med 2015-blikk, og lat det straks vera sagt at eg høgst truleg ser annleis enn dei som er fødde utan Herrmann på øyret. Sidan den gongen er mi lesing bygd ut med nokre års radioerfaring og endå fleire års kulturjournalistisk praksis. Blikket er også prega av historikarutdanning og av biografiskriving. Så kva oppdaga denne Skre då ho gjekk i gang med å lesa den Herrmann-boka som Cappelen Damm alt har gjeve ut på nytt, og dronningtrilogien som er under utgjeving?

Eg begynte med London-boka, ei flanering gjennom Londons liv og dei mange kjende og historiske stadene. Herrmann begynner med eit fint essay om Themsen, der han samtidig dreg meg med gjennom byhistoria frå den gong ingen by fanst. Raskt merkar eg at undertittelen treffer innhaldet på ein blink. Herrmanns mange gleder fyller sidene, og aller mest er boka fylt av forteljegleda hans. Frå vår eiga historie får han plassert inn Olav Haraldsson, som ennå ikkje var særleg heilag, og framhevar vikingens smartness då han var med og reiv ned den einaste brua over Themsen i 1014. Det kapittelet er eit sveip over dansketida i London og sluttar med eit par setningar om den siste danekongen, som eg skal oppdaga er typiske for Herrmanns forteljestil:

 

Han døde under et bryllupsgilde i Lambeth, gikk i gulvet mens han utbragte en skål for bruden. Det fortelles at det var stor glede over hele kongeriket da det viste seg at det ble Hardeknuts siste skål. Dette var i 1042, dermed var dansketiden i London og England slutt. Den hadde vart i 26 år.

 

Herrmann tok vare på dei festlege detaljane og var ein meister i lynrask, men likevel talande oppsummering. London-boka kan også opna den språklege meisterskapen hans for eit nytt publikum. Medan han fortel om sikringstiltaka i London under bomberegnet i andre verdskrigen, lèt han ikkje sjansen gå frå seg til ein frodig visitt i London Zoo: «Det hendte man fant apekatter og sebraer på en helt annen kant av byen. Ormer og slanger hadde man avlivet, for sikkerhets skyld.» Her vil den språk- og reptilglade merka seg at han tek med både ormar og slangar. Han blei ikkje berre heidra med Narvesen-prisen. Herrmann fekk også Riksmålsprisen, rett nok så seint som i 1988.

 

LITTERATURHISTORIE

Herrmanns London-bok ville i dag ha blitt hylleplassert som reiselitteratur. I 2015 er dette ein ambisiøs og krevjande internasjonal sjanger full av potensielt konkurrerande bøker som er omsette til norsk, og dette må vera grunnen til at Cappelen Damm ikkje nøyer seg med å lata Herrmanns bok stå urørt. Nyutgåva har fått eit etterord med hendingsoppdatering frå det første utgjevingsåret 1983 til 2015. Det har dei hyra statsvitaren Øyvind Bratberg til å skriva. Han er ekspert på britisk politikk og viser seg også som ein fin Herrmann-lesar og London-oppdaterar. Men var dette etterordet nødvendig? Dersom boka skal skrivast inn som reiselektyre, er svaret ja, men den tanken byggjer på ei misforståing av kvar verdien av desse utgjevingane ligg. Herrmann-bøkene høyrer ikkje til blant dagens nyskrivne reiseesayistikk. Dei høyrer til i litteraturhistoriehyllene.

Ein kunne tenkt seg oppdateringar av dronningtrilogien også. Sveip over nyare forsking på Tudor-, Stuart- og Victoria-tida, men i skrivande stund verkar det som forlaget lèt dette vera. Dei andre nye Herrmann-bøkene ser heldigvis berre ut til å få endringar i ein tittel: Livet med Elizabeth er blitt til Elizabeth og andre kongelige personer. Den nye tittelen fortel betre kva både denne og dei to andre i trilogien handlar om.

«Det har ikke vært maken til kvinne på en kongelig trone – noe sted, noen gang.»Så begeistra sluttar Herrmanns bok som har fått tittel etter dronning Elizabeth I. Det tek likevel eit par hundre sider før ho kjem inn på hovudscena. Det er Tudor-perioden i britisk historie som er emnet. Skildringar av regjeringstida under Elizabeths far, Henrik VIII, og det stormfulle privatlivet hans tek mange av sidene i første del av boka. Herrmann strør om seg med pikante detaljar om dei mange konene og koneskifta, om kyrkjestriden og grufull maktutøving. Men han finn også plass til eit fint essay om Utopia-forfattaren Thomas More og – sjølvsagt – om William Shakespeare.

I Elizabeth-delen av boka blir monarkskildringa om mogeleg endå meir nærgåande enn på sidene om Henrik VIII, og prega av minst like mange psykologiske tolkingar og utgreiingar om det Herrmann må ha meint var erotiske drivkrefter i verdshistoria.

Den første dronning Elizabeth sat på trona frå 1558 til den grundig skildra døden i 1603. Denne 45 år lange regjeringstida får vi vita mykje om, men overraskande lite av det handlar om den politiske strategen som ho må ha vore. Mogelege elskarar, rykte om kjærleiksmotiverte drap og undring over at ho aldri gifte seg, ser ut til å interessera Herrmann meir. Han vektlegg likevel i nokre raske Herrmann-sveip at regjeringstida hennar var prega av fred og sterk vekst.

 

DET DATERTE

Dei tre bøkene i dronningtrilogien er gode val for nyutgjeving, men dei viser også fram det daterte ved Herrmanns forfattarstemme. Han skriv desse bøkene medan den postmoderne kritikken begynner å undergrava trua på historiske sanningar. Også Herrmann tek seg tid til å reflektera over korleis historieskriving er foranderleg og ulike tider fortel om fortida på ulike måtar. Trass i desse teikna til openheit for alternative syn strør Herrmann om seg med generaliseringar. Om Stuartane hefter det at dei mangla evne til sakleg og roleg vurdering av sine medmenneske. «De reagerte raskt, instinktivt, kjenslemessig, impulsivt – både i kjærlighet og hat. Det skulle straffe seg, for det var denne undertrykte voldsomheten i den stuartske naturen som førte henne i ulykken.»

Den «henne» det blir vist til, er Maria Stuart, hovudpersonen i den andre dronningboka. Historieframstillinga i Maria Stuart og hennes verden er framleis prega av pikanteri og eit smalt syn på herskarpsykologi. Maktpolitikken kjem litt nærare framgrunnen i boka om Maria og dei andre Stuartane, men utan at eg har målt spaltemeter, sit eg igjen med eit inntrykk av at Herrmann brukar vel så mykje plass til å fortelja at ho var «en kvinne med varme følelser og sterke drifter». Maktkampen mellom Elizabeth I og Maria Stuart blir skildra som dynastikamp og storpolitikk, men også som ein strid mellom skjønnheita Maria og den livlege, men ikkje like vakre Elizabeth.

Vi veit korleis det enda. Maria Stuart blir dømd for høgforræderi, for å ha meint å skada og øydeleggja Englands dronning. Herrmann visste å ta vare på dramatikken også i historia om Marias lange fangenskap, som han hevda måtte ha vore særleg pinefullt for ei så «varmblodig» kvinne. Elizabeths reaksjon då ho fekk beskjed om at dødsdommen over Maria Stuart endeleg var eksekvert, skal ha vore raseri, noko som gav høve til endå ei av Herrmanns generaliseringar: «Det var et utbrudd av tudorenes voldsomme temperament som ingen hadde opplevd maken til – og som fikk selv den modigste mann i de kongelige sirklene til å skjelve.»

 

SPRELSKE OG STYGGE

Gode forteljarar tek vare på temperamentsutbrot, og Herrmanns personteikningar gjev farge til formidlinga. Når for mange av forklaringane går i soveromsbanar, ber det likevel gale av stad. Blant det europeiske 1500-talets mektige kvinner var Caterina av Medici, som i ein epoke var den reelle regenten i Frankrike. Ho fødde søner, men først etter fleire år som barnlaus. I Herrmanns forklaringsunivers blir dei mange åra før Caterinas første barn blir fødd, eit prov på at ho var lite tiltrekkjande. Korleis det verka på 1980-årslesaren, er ikkje godt å seia, men i dag er slikt lattervekkjande. Latter vekkjer også Herrmanns setning om at dronning Victoria «må ha vært en sprelsk liten kvinne i det lykkelige ekteskapet sitt med prins Albert». Ein av dei store, blodige og politisk viktige europeiske krigane blir karakterisert som «den fæle Trettiårskrigen». Var verkeleg boklesarane så naive for tretti år sidan at dei måtte tiltalast på denne infantiliserande måten?

Regjeringstida til Elizabeth I var prega av fred. Det same er uråd å hevda om den «sprelske» Victorias sekstifire år som dronning. Då voks koloniveldet i aust og sør, og Her Majesty’s Army forsvarte det med blodig vald utan at den sida av viktoriatida får mykje plass i Victoria. En dronning for sin tid. At koloniane i Nord-Amerika gjekk tapt, er likevel blant dei samveldetrauma som blir omtalte, og Herrmann forklarer på følgjande vis:

 

Fornuftige mennesker på begge sider av Atlanterhavet prøvde å få til en rimelig løsning ved å la folkene i de britiske koloniene bli representert i parlamentet – på samme måte som skotter og irlendere allerede var det. Men det lot seg rett og slett ikke gjøre i praksis – det tok både tre og fire uker å seile over Atlanterhavet, mens parlamentet kom sammen bare når det passet slik, uten hensyn til vær og vind. Dermed braket de sammen. Det første store slaget fant sted ved Lexington i 1775.

 

Ei grei og effektiv forklaring på den amerikanske uavhengigheitskrigen og lausrivinga, men orda «fornuftig» og «rimelig» vitnar om eit svært konservativt historiesyn, og både vendingane elles og måten han vender seg til lesaren på, er tydeleg daterte. Andre stader brukar Herrmann meir bevaringsverdig språk med ord som «palaver» og «flottenfeier». Kvar blei det av dei?

 

DEI KORTE SAMTALENE

Eg starta med å samanlikna levetida for sak- og skjønnlitteratur og det for sakprosaforfattaren så dystre spørsmålet om sakprosa har utløpsdato medan skjønnlitteratur kan bli berre betre og betre med åra. Sakprosa frå tidlegare tiår blir datert, og kunnskapen og analysane i han blir utdaterte. Tekstaldring skjer også i den beste skjønnlitteraturen, men der snakkar vi om litteraturhistorie og lange litterære samtalar der nye verk kommuniserer med sentrale eldre gjennom intertekstualitet og meir opne referansar, lik dei ein på sakfeltet ser i akademisk litteratur. Finst slike lange tekstetterliv også i sakprosa for allmennmarknaden, til dømes etter det Herrmann skreiv?

Verket Norsk litteraturhistorie. Sakprosa fra 1750 til 1995 frå 1998 var resultat av eit tidleg forsøk på ei likestilling mellom sak- og skjønnlitteratur også på det litteraturhistoriske feltet. Der ser ein bort frå journalistikken, men Arne Skouens «ytringar» er dregne fram i ein fin analyse av Leif Longum. Richard Herrmanns bøker ville det vore lettare å kategorisera som sakprosa, men bortsett frå ei bestseljarliste for året 1985 er dei ikkje nemnde i dette verket. Dei kunne gjerne ha fått større plass.

Trass i mine og andres sukk over psykologiserande forklaringar, infantile vendingar og eit antikvert kvinnesyn forsvarer Richard Herrmanns forfattarskap ein plass i norsk sakprosahistoria fordi det er sakprosahistorie dei er.

Bøkene minner oss om kven den produktive, populære og storseljande forfattaren Richard Herrmann var. Men endå meir fortel dei kven vi var, og kva vi rekna for høg kvalitet. Dei fire som nå kjem ut på nytt, er ikkje reiseessayistikk eller historieformidling for dagens boklesarar, men dei er forteljekunst som var høgt vurdert, og som framleis kan inspirera. Dessutan fortel dei om korleis det boklesande Noreg var i 1970- og 1980-åra. Slik kunne det skrivast. Dette omfamna publikum.

Sjølvsagt var forfattarens popularitet fremma av mediepersonlegdommen, men også teksten hans fall i smak.

Kor merkeleg det enn kan sjå ut, så er Richard Herrmanns flaneri og kåseri og fargerike forteljingar om fortidslivet på dei britiske øyane i framfarne hundreår først og fremst ei forteljing om norsk liv og bokliv på slutten av det tjuande hundreåret. Med nyutgjevingane fortel dei også om norsk forlagsstrategi på byrjinga av det tjueførste.

 

 

 

Cappelen Damm gjev i år ut følgjande bøker av Richard Herrmann på nytt:

London. Mine gleders by.Førsteutgåve 1983

Elizabeth og andre kongelige personer. Førsteutgåve under tittelen Livet med Elizabeth 1986

Victoria. En dronning for sin tid. Førsteutgåve 1987

Maria Stuart og hennes verden. Førsteutgåve 1988

 

[i] Biografiske opplysningar om Richard Herrmann er i hovudsak henta frå Hans Fredrik Dahls omtale av han i Norsk biografisk leksikons band 4, som kom i 2001.