Hender. Hender som løftar pennen, som fører han mot papiret. Eller som faldar seg i bøn. Fingrar som tvinnar seg i kvarandre, klamme handflater som vitnar om ei stille uro. Eit andlet som skjuler seg i fortviling, bak sprikande fingrar.
Eg ser ned på den trettande sida av Lene Asks Kjære Rikard og tenkjer at alt eg ser i boka, er hender. Her, og andre stader. Eg blar til side tjuefem, der gutungen Rikard vaskar seg i andletet, tørkar seg. Det er som om all rørsla i rutene faldar seg over i kvarandre og til saman seier noko viktig om korleis vi fører oss som menneske.
Eg ser på fingrane som peikar mot globusen på side tjuesju. Dei søkjer seg over hava og kontinenta som skil menneska i boka frå kvarandre, som om det går an å gjere avstanden tydeleg – og kanskje forståeleg, eller overkommeleg – ved å teikne han opp slik, med peikefingeren, på eit kart.
NEDTEIKNINGAR
Kjære Rikard er ei bok om og av menneskehender.
Tekstboksane er handskrivne, dei er henta frå gamle brev, frå ein korrespondanse som kvilte i Misjonsarkivet i Stavanger fram til forfattaren kom og henta dei ut. Deretter plasserte Ask ord og setningar inn i tekstboksar og spreidde dei utover sidene i forteljinga si om menneska som hadde laga dei.
Rutene, teikna som dei er, er eit avtrykk av forfattarens hand, av timar med å gi desse menneska form som karakterar, å gi dei liv, scene for scene, litt meir for kvar side.
Alt dette gjer Kjære Rikard til ei bok som bør få lesaren til å tenkje på kva som ligg i eit omgrep som nedteikning. Ordet «grafisk» deler opphav med «skrift», for går vi tilbake til det greske, er det ei slik tyding vi finn i ordet «graphe». Det grunnleggjande menneskelege ønsket om å setje avtrykk etter seg, å setje spor, daterer seg tilbake i tid til lenge før trykkekunsten.
FLEIRE OBJEKT
Å teikne, slik Lene Ask gjer det, står i nær slektskap med det å skrive for hand. I begge handlingane vert det gjort bruk av det mest grunnleggjande verktøyet vi har hatt å gripe til sidan tidenes morgon: menneskehanda. Det dreier seg djupast sett om å kommunisere noko med eit anna menneske ved å rite det inn og feste eit avtrykk til papiret. Slik kjem ei hending, eit minne, til live. Det kan vere lett å gløyme det når vi ser ned på orda og bilda på arket framføre oss: Alt som er nedteikna, ber i seg restar av rørsle, av det manuelle arbeidet som vart lagt ned i å få det til å framstå nett slik. Kjære Rikard er ikkje eitt objekt, men fleire, som finn vegen ut i hyller i bokhandlar, stover og bibliotek. Men boka som ligg oppslått framføre meg når eg skriv dette, ber framleis i seg restane av rørsle, av handa som fører skriveverktøyet over arket.
Vi treng ikkje strekkje for mykje på definisjonar og omgrep for å tenkje oss både teikninga og brevskrivinga som ei form for omsetjing. Ei menneskeleg erfaring vert omsett i eit uttrykk, som eit anna menneske deretter kan nærme seg med blikket sitt. Og med hendene sine. Det er ikkje vanskeleg å førestelle seg hender som stryk over brevarka Lene Ask fann i Misjonsarkivet. Ein peikefinger minskar avstanden mellom lesaren og den som førte pennen.
BREVVEKSLING I TI ÅR
Rikard Jakobsen, fødd i 1875 på Madagaskar, av misjonærforeldre, er seks år gammal då familien hans flyttar heim til Stavanger. Mora hans døyr, og faren hans giftar seg på nytt. Deretter reiser han igjen frå Noreg, han vender tilbake til Misjonsmarka med ei ny kone. Rikard vert att, saman med to eldre søsken, buande på Solbakken, ein barneheim for misjonærbarn. Rikard er åtte då faren reiser, atten då han treffer han igjen. Ti år, der far og son kommuniserer med kvarandre i ei brevveksling. Eg ser føre meg far til Rikard der han fører fingrane over arka sonen skriv på, på side tretti i Kjære Rikard.
Rikard og faren skreiv sine brev då forholdet mellom avstand og tid var eit anna enn i dag. Ein kan sjå det i rutene til Ask. Ein tanke vert til, sakn og lengt får eit gestisk uttrykk. Lite vert sagt, men ord får liv på papiret. Deretter går dagane og vekene, i ei ventetid vi knapt kjenner til lenger.
Arkivet vert levande på boksida i Kjære Rikard. Det er eit samsvar mellom sjølve uttrykket dokumentet har, materialiteten i arkivmaterialet, og uttrykket det får gjennom ei kunstnarleg tolking. For denne lesaren er det ei umisteleg kopling, ei som gjer temaet avstand og kommunikasjon i boka rikt og mangetydig.
Breva vert skrivne, dei vert lesne. Før dei hamnar i arkivet. Og mykje seinare når dei fram til oss, til lesarar i ei anna tid. Det dreier seg om ei overlevering, ein sjeldan måte å ta vare på det menneskelege i det arkiverte på.
LUKKELEGE HENDER
Kva er ei lukkeleg hand? Det finst eit dikt om det, og det var Halldis Moren Vesaas som skreiv det. «Lykkelege hender!» heiter det i opningslina: «Frå gjerning til gjerning som ligg og ventar / berre på dei / går dei dagen lang.» Det som gjer ei hand lukkeleg, er at ho er verksam: «Heile dagen er hendene fulle», heiter det.
Eg sit med Kjære Rikard i fanget og ser på side trettiseks. På fingrane som rører ved det falda brevpapiret. På hendene til misjonærfaren til Rikard, og spadetaka hans. På frøa i handflata som vert plasserte i små hol i jorda. På dei lukkelege hendene i diktet til Moren Vesaas, som får røre ved «alt som skal vekse».
Om eg skal velje meg ei favorittside i boka, er det likevel side tretti. Der finn vi Rikard ved skrivebordet, der han kavar med å skrive eit brev til far sin. Tre små ruter øvst på sida gjer bruk av teikneseriens eigen måte å vise tid på. Tid som går. Skrivetid, for ein som kjempar med det. Midt på sida ligg brevarket som har inspirert Ask til komposisjonen som vart side tretti. «Jeg har lyst til at skrive til Eder; men jeg er så dårlig til at skrive så det ikke går godt med brevskrivningen.» I dei to rutene til høgre for brevarket ser vi augneblunken kvar ein skrivande kjenner: Det er der distraksjonen oppstår. Det blanke arket, blekkhuset og pennen vert liggande att på bordet. Rikard er forsvunnen ut av sida, ut av rommet. Han har verksame hender, men det er barnehender, rastlause hender, hender som er tørste på rørsle.
ESTETISK RØRSLE
Kjære Rikard opnar opp ein etymologisk rikdom. Tek du prefikset «trans-» og leitar deg tilbake til dei latinske ordbøkene, finn du rørsle: rørsle over, forbi, bortanfor. «Trans-lation» omfattar ei forflytting av ord, og i dei estetiske faga finn du no eit moteord som trans-medialitet, som sirklar inn rørsla mellom og over mediegrenser, som alltid har vore uklare. Er teikneserien litteratur? Spørsmålet verkar ikkje så interessant lenger. Det viktige er at teikneseriens hybriditet, den omskiftelege bruken av ord og bilde, definerer uttrykkets spelerom. Handskrifta i Kjære Rikard er faksimile. Ho har flytta seg frå eitt medium og over i eit anna.
Kjære Rikard er ei bok der ei estetisk rørsle skal overkomme avstanden mellom menneske, i tid og i rom, ved å føre pennen eller penselen over arket. Brevskrivaren skriv, sender frå seg, ventar på svar. Orda finn fram til tekstboksane i ei utgiving vel eit hundreår seinare, då ein teikneserieskapar heng over arbeidsbordet og gjer bruk av sine eigne hender til å teikne fram augneblunkar som har, eller kan ha, funnest. Det vert pusta liv i ei verd innhylla i tagnad. Ei verd der vi må førestelle oss det som skjer i ventetida, om vi i det heile kjem i kontakt med dokumentet i arkivskuffa.
EIT RIKT SPEKTER
Kva gjer den dokumentariske teikneserien så godt eigna til å gå inn nett der, i eit rom som har vore taust? Eg har skrive ei heil bok om det, og tilfellet ville ha det til at ho kom ut same veka som Kjære Rikard. Lene Ask plasserer seg nemleg i ein tradisjon med boka si. Ein serieskapar som Alison Bechdel, som eg vier eit kapittel til i Den dokumentariske teikneserien (Universitetsforlaget, 2014), teiknar fram eit rikt spekter av dokument i boka Husfred, alle med det til felles at dei inngår i hennar eiga historie om korleis ho fann fram til sin eigen kjønnsidentitet. Alle skaparane eg skriv om i boka mi, teiknar for hand og gjer bruk av handskriven tekst i rutene sine, anten det no er Art Spiegelman, Joe Sacco, Marjane Satrapi, Lene Ask, eller Steffen Kverneland. Grepet gjer det mogleg å lage eit dokumentarisk uttrykk som er kjenneteikna av på same tid å vere biletleg og ikkje-fotografisk. Ei bok som Kjære Rikard er unekteleg dokumentarisk – arkivmaterialet vert jo plassert direkte inn i uttrykket – men ho er òg ei omsetjing, ei nødvendigvis subjektiv tolking av eit slikt materiale, og av hola i det, i teikningar. Denne friksjonen kjenneteiknar den dokumentariske teikneserien og kva som både er mogleg og umogleg å få til i han.
Etter å ha vore gjennom boka nokre gonger har eg vanskeleg for å førestelle meg Kjære Rikard i ei anna form. Det er noko ved boka som gjer at skiljet mellom innhald og uttrykk vert utviska, og det på ein måte som gir omgrepet «omsetjing» ein rikt metaforisk, og på same tid konkret, resonans. Eit handskrive brev er ei intim nedteikning av menneskeleg erfaring, retta mot det lesande blikket til eit anna menneske. Ask tek vare på denne dimensjonen i materialet, men tilfører også noko ein berre kan tilskrive henne. Teikningane av hendingane som er skildra i teksten – og av dei hendingane ein av ulike grunnar kan tenkje seg ikkje vart festa til papiret, som er usynlege, mellom linene i både Rikards og faren sine brev – er Asks omsetjing, hennar fortolking. Slik vert Kjære Rikard eit flettverk av forsøk på å nærme seg andre enkeltmenneske, på tvers av store avstandar i tid og rom, som til slutt gjer oss til engasjerte lesarar av ein gammal korrespondanse som verkar ny.
Og det er ei bragd.