Perspektivrik samtale

23.02.2022
Merete røsvik ilja c hendel

Utan vilje til å lytte aktivt og utfordre sine eigne førestillingar blir den offentlege samtalen redusert til ein maktkamp der målet er å gjere sitt eige perspektiv einerådande.

Ytringsfridom, ytringsrom, ytringsklima, ytringsansvar, ytringsfeil og ytringsmot. Det veksande vokabularet knytt til å ytre seg offentleg seier mykje om kor viktig samtalen om samtalen har blitt. Dette er også det største temaet når Prosa i dette nummeret ser tilbake på sakprosaåret 2021: Kva motiverer ytringar? Kva for ytringar festar vi lit til? Er demokratiske ideal truga av endra ytringsformer og -plattformer?

Samtalen om samtalen held fram i 2022. Lisa Esohel Knudsen gav nyleg ut boka Det er personlig. Om rasisme og ytringsfrihet. Der tek ho opp korleis personlege erfaringar påverkar kva vi engasjerer oss i, og kva standpunkt vi tek. Slik «jordar» ho ein ytringsfridomsdebatt som lett kan ende i formanande fekting med prinsipp og honnørord.

Knudsen er fødd og oppvaksen i Bergen, men fordi faren er frå Nigeria, har ho andre erfaringar enn nordmenn flest med å opphalde seg i det offentlege rommet og ytre seg offentleg. Som konsekvens har ho engasjert seg i antirasistisk arbeid og er no tilsett som rådgjevar i tenketanken Minotenk. «Jeg skriver personlig og makter ikke å løsrive mine refleksjoner fra de opplevelsene jeg har hatt», skriv ho. Det er eit førebiletleg ærleg utgangspunkt for ei drøfting av rasisme og brennbare emne som gjerne dukkar opp i forlenginga av rasismedebatten, som identitetspolitikk, kanselleringskultur, scenenekt, krenkingshysteri og det å «ta offerrolla».

Som Morten Harpers bokessay i dette nummeret viser, er det gjengs å meine at ytringsfridomen må ha grenser. Somme vil kanskje hevde at Knudsens subjektive og aktivistiske utgangspunkt gjer henne ute av stand til å sjå det prinsipielle i spørsmål om kor desse grensene bør gå. Sjølv hevdar ho at erfaringar som dei ho har gjort seg med rasisme og debatt, er avgjerande for å skjøne kva som står på spel. Ho oppfordrar innstendig dei som sjølv ikkje har liknande erfaringar, til å lytte.

Knudsen er inne på noko viktig. Ingen kan med handa på hjartet seie at vurderingar og standpunkt er upåverka av det livet dei har levd. Den som manglar sjølvinnsikt, kan likevel leve godt i trua på eigen objektivitet. Som Knudsen skriv, har vi alle blindsoner, men vi kan redusere dei ved å opne oss for det andre har sett frå sine perspektiv. Eg trur ho har rett i at det er ein betre veg mot balanserte vurderingar i normative spørsmål enn teoretisk utforsking av ulike argumentasjonar. Som eg har vore inne på i denne spalta før, har filosofen Axel Honneth argumentert for at affektiv aksept av så mange perspektiv som mogeleg er avgjerande for evna til å danne seg ei nøytral og nøyaktig forståing av verda.

I dette nummeret finn du også eit intervju med filosof Øyvind Kvalnes. I tillegg til det han der fortel om den aktuelle boka Filosofisk førstehjelp, vil eg peike på det han har skrive om aktiv lytting som avgjerande for konstruktiv meiningsutveksling. Det inneber å leite etter meininga i det som blir sagt, og gjerne kome med oppfølgingsspørsmål for å hjelpe den andre med å klargjere.

Ein slik praksis står i sterk kontrast til ein offentleg debatt der det ikkje berre kan skorte på viljen til å sjå perspektivet til andre, men også på grunnleggjande aksept av at opplevingane og reaksjonane deira er reelle og legitime. Ein skal ikkje ukritisk tru på alt. Men utan vilje til å lytte aktivt og utfordre sine eigne førestillingar blir den offentlege samtalen redusert til ein maktkamp der målet er å gjere sitt eige perspektiv einerådande.

Eit anna omgrep Kvalnes brukar, er passiv ytringsfeil: å ikkje ytre seg når ein burde ha gjort det. Gro Jørstad Nilsens bokessay viser fleire døme på at mangel på motførestillingar akselererer utviklinga av ekstreme haldningar. Det er ei påminning om at det ikkje er nok å lytte, av og til bør ein også blande seg inn i samtalar som ikkje direkte gjeld ein sjølv. Då kjem ein rett nok i fare for både å gjere aktive ytringsfeil og å pådra seg ubehageleg respons, men om ein meiner alvor med at ytringsfridomen er viktig for å bevare demokratiet, må ein innimellom mønstre ytringsmot.