Eit overflodsproblem

28.10.2021

Internasjonal sakprosa matar den norske offentlege samtalen med ny kunnskap og friske perspektiv. Av og til kan ein få inntrykk av at dette skjer enten bøkene blir omsette til norsk eller ikkje.

Internasjonal sakprosa matar den norske offentlege samtalen med ny kunnskap og friske perspektiv. Av og til kan ein få inntrykk av at dette skjer enten bøkene blir omsette til norsk eller ikkje. Som fleire av intervjuobjekta i Erle Marie Sørheims sak i denne utgåva av Prosa peikar på, er det mange som les sakprosa på engelsk, lyttar til engelske lydbøker eller får med seg nye idear gjennom podkast og filma foredrag.

Det er likevel først når ei bok er å finne i norsk utgåve, at det ligg godt til rette for kritiske lesingar og debatt i pressa og – ikkje minst – for at breidda av norske lesarar kan oppdage og setje seg inn i dei komplette tekstane via bokhandelen og biblioteket. Sjølv om nordmenn har gode engelskkunnskapar, treng mange framleis ei profesjonell omsetjing for få ei presis forståing av innhaldet. Det kan til og med hende at det finst viktig sakprosa i verda som ikkje finst i engelsk omsetjing.

Uansett kva originalspråket måtte vere, er det også eit moment at omsetjing av nye tankar til norsk er viktig for utviklinga av norsk språk og tenkjemåte, noko Anders Dunker utdjupar i dette nummeret. Difor er det bekymringsverdig at det er vanskelege tider for den omsette sakprosaen.

At konkurransen har blitt hard både mellom norske forlag og generelt om merksemda i den nye mediekvardagen, viser for ei overflod av informasjon og tilbod vi lever i. Faren er at kvalitet druknar i det kommersielle og lettkjøpte. Vi skal difor vere glade for at salet av norskprodusert sakprosa ikkje berre har halde seg, men også gått opp i pandemiåret 2020 – sjølv om det kan ha skjedd på kostnad av den omsette sakprosaen.

Korleis kan vi likevel sikre at norskprodusert sakprosa blir supplert med omsetjingar av den beste og viktigaste internasjonale? Gitt den nemnde overfloda er det ikkje sikkert at svaret er ein endå større pott for offentleg innkjøp – mot normalt! Men det kan vere på tide å revurdere fordelinga og retningslinjene for innkjøpsordningane.

Nina Herland i NFFO gjer merksam på at Kulturrådet kjøper inn ein lågare prosentdel av omsett sakprosa enn av omsett skjønnlitteratur. Ein titt på vedtakslistene for omsett litteratur viser at det så langt i 2021 er kjøpt inn 35 sakprosatitlar og 60 skjønnlitterære titlar. Det er vanskeleg å sjå gode kulturpolitiske argument for forskjellsbehandling, men gitt at dei to sjangrane kjem inn under den same innkjøpsordninga og dermed det same budsjettet, er det grunn til å tru at tala seier noko om både søknadsbunkane og vurderingar av kvalitet. Då er det ikkje utan vidare eit rimeleg krav at det skal kjøpast inn like mange verk i kvar sjanger. Men det ville vere eit skritt i rett retning å gi sjangrane separate budsjett basert på Kulturrådets vurderingar av behov. Det ville synleggjere prioriteringane og gjere det enklare å arbeide for ei anna fordeling.

Forlaga har lenge etterlyst meir føreseielege innkjøpsordningar for sakprosa, inkludert den omsette. Det er lett å skjøne behovet. Retningslinjene krev i dag at kontrakt om omsetjing og utgiving er inngått når søknaden om innkjøp blir levert, og dermed må forlaget tole høg økonomisk risiko. Kulturrådets argument mot at innkjøp skal vere føreseieleg for forlaga, har vore at vedtak i vurderingsutvala ikkje skal avgjere kva som blir utgitt.1 Men kor god er den innvendinga eigentleg?

Det er vanskeleg å sjå at det skal vere meir problematisk å gi støtte til omsetjing på grunnlag av ein grundig prosjektsøknad enn tilsvarande rutine ved tildeling av kunstnarstipend. Også i det siste tilfellet kan den offentlege støtta bli avgjerande for kva prosjekt som blir realiserte. Det er dessutan enklare å seie noko om kvaliteten på utgitt internasjonal sakprosa og ei prøveomsetjing enn om eit enno ikkje realisert skrive- eller kunstprosjekt. Skulle ein tvile på om forlaga vil levere kvalitet når støtta er gitt før sluttproduktet er klart, er det berre éin ting å seie: automatisk innkjøp av ny, norsk skjønnlitteratur. Ein må kunne ha same tillit, eventuelt same ris bak spegelen, til forlagsredaksjonane for omsett litteratur som ein har til dei for norsk litteratur.

NOTE.
Arnhild Skre: «Norsk sakprosa av høg kvalitet», Prosa #4 2019