Mikrofon crop
Illustrasjonfoto: Dreamstime

Les med den stemma du har

27.09.2022

Trenden er tydeleg: Folk vil lytte til bøker, ikkje lese dei sjølve. No snusar også nokre sjølvpubliserande forfattarar på lydbokmarknaden.

– Eg har gjeve ut eit titals titlar, men dette er første gongen eg har gjort alt sjølv, seier Charlotte Glaser Munch.

I år gav ho ut boka Uønsket besøk, eit stykke sjølvbiografisk sakprosa basert på dagboknotat om stamcellebehandlinga ho fekk mot MS for nokre år sidan. Boka er publisert på eige forlag, i ebok- og lydbokformat. Lydboka har ho lese inn sjølv.

– Tidlegare har eg lese inn fleire av dei skjønnlitterære titlane mine, som er utgjevne gjennom forlag. Og eg har laga radiodokumentar for NRK og fått skryt for stemma mi. Det gjorde at eg kjende meg trygg på at eg kunne gjere dette på eiga hand, seier ho.

Storproduksjon av lydbøker

Produksjonen av lydbøker går for full maskin. Sjølv om vekstraten i lydboksal og -strøyming i fjor (som var på 20 prosent) ikkje kom opp mot dei to føregåande åra (35–37 prosent), så auka titteltilfanget med femti prosent, og nye aktørar som BookBeat og CoopStory har meldt seg på i strøymemarknaden. Den som har vitja hovudstaden i sommar, har kunna sjå trikkar som køyrer rundt med reklame for BookBeat og store plakatar med Storytel-reklame på haldeplassane. Då er det ikkje uventa at også uavhengige forfattarar prøver seg på formatet.

Uønsket besøk er ei spesiell bok for meg, og den første ikkje-skjønnlitterære boka mi. Eg kunne ha lagt meir energi i å finne eit forlag, men etter den første lunkne tilbakemeldinga kjende eg at eg ikkje orka tiggerunden. Og sidan det er mykje forsking på og politikk rundt behandlinga eg skriv om, så måtte boka ut, seier Glaser Munch.

Charlotte+glaser+munch+foto+taran+bjørnstad
Charlotte Glaser Munch. Foto: Taran Bjørnstad

Ho fortel at mange i målgruppa har problem med synet.

– Difor var det superviktig at det også vart lydbok, av omsyn til dei som ikkje orkar å lese. Det var ein viktigare grunn enn at lydbøker er populært for tida, seier ho.

Glaser Munch, som bur i Stockholm, drog til Noreg og las inn boka sjølv hos lydstudioet Nitro i Oslo.

– Eg gjorde først ein test i Sverige, men det viste seg at eg trong nokon som kunne språket og forstod rytmen. Hos Nitro fekk eg ein produsent som var strålande. Samstundes fekk eg også eit tydeleg inntrykk av at det var uvanleg at forfattaren les sjølv. Det vart eg litt overraska over, seier ho.

Lese sjølv, eller ikkje?

Vanlegvis blir lydbøker lesne inn av skodespelarar, også dei som er skrivne av forfattarar som gjev ut på eige forlag. Då forfattar Bjørn Johnsen nyleg gav ut lydbokversjon av den nye romanen sin, Enok – den siste i ein trilogi – fekk han skodespelaren Andreas Kolstad til å lese inn boka.

– Det er første gongen eg har laga lydbok, og eg gjorde det fordi folk i bransjen seier at det er det ein bør gjere. Folk blir meir makelege, dei vil heller sitje i bilen og høyre lydbok enn å engasjere seg i ein skriftleg tekst, seier Johnsen, som tidlegare har gjeve ut både sakprosa og skjønnlitteratur i trykt form.

Johnsen gjekk for ei halvveges heimegjord løysing. Han fekk låne opptaksutstyr av ein kompis: ein liten handhalden opptakar og mikrofon, eit kjent opplegg for alle som lagar podkast. Det heldt kostnadane nede.

– Det er jo dyrt å gje ut lydbok, men lydmessig held dette fint mål. Du treng ikkje studio. Skal ein betale for både innlesing, leige av studio, distribusjon og marknadsføring, då blir det mykje, seier han.

Skodespelar Kolstad tok med seg opptakaren og sette seg på hytta for å lese. Johnsen, som også er musikar og komponist, redigerte lydfilene etterpå. Så gjekk filene til distribusjonssentralen eBokNorden, som gjorde dei tilgjengelege for nedlasting og strøyming hos dei ulike aktørane.

Usikker økonomi

EBokNorden tilbyr også å produsere lydbøker med innleigde skodespelarar. Dagleg leiar Thomas Barsnes fortel at av dei som lagar lydbokversjon av bøkene sine, er gruppa som vel å bruke ein skodespelar, om lag like stor som gruppa som les inn sjølv med utstyr lånt frå eBokNorden.

– Vi veit jo at det er dyrt å lage lydbøker, og den største kostnaden er skodespelaren. Eg ser difor ingenting i vegen for å lese inn sjølv, seier Barsnes.

– I mange tilfelle gjer det at ei lydbok som ikkje ville hatt livets rett dersom ein skodespelar skulle vore involvert, får livets rett likevel. Vi vil heller at folk skal bruke mindre pengar på lydbokproduksjonen og ha ein sjanse til å tene dei inn att, enn at dei skal gå med store tap på produksjonen.

For lydbøker er ei usikker satsing for uavhengige forfattarar, ifølgje Barsnes.

– Alle satsar på lydbøker no. Men det tyder også at det er blitt mange fleire titlar tilgjengeleg, medan den store lyttarveksten ser ut til å ha stogga litt opp, så innteninga per bok har gått ned.

Likevel meiner han det finst måtar å tene pengar på der ute for uavhengige forfattarar, om ein er villig til å utnytte kanalane som finst, og vågar å prise seg lågt når det gjeld stykksal.

– Dei nye strøymetenestene er svoltne, og dei er nøydde til å tenkje annleis, og då kan det opne seg moglegheiter for dei små aktørane.

Lydbok som ekstrateneste

At den økonomiske investeringa er ein bøyg for uavhengige forfattarar, blir stadfesta av Kristin Over-Rein, dagleg leiar i BoldBooks. BoldBooks tilbyr alle tenester ein uavhengig forfattar treng for å gje ut boka si sjølv.

– I 2019 såg vi, som alle andre, at lydbøker var i sterk vekst. Då inngjekk vi avtale med lydstudioet Nitro om å tilby den typen tenester. Men lydbok inngår ikkje i grunnpakka vi tilbyr, og det er ikkje så mange som har nytta tenesta. Eg er eigentleg blitt litt overraska over at det ikkje er fleire, seier ho.

Men dei økonomiske grunnane veg truleg tungt, etter hennar meining. Ein konsekvens av fastprisordninga er at lydbøker ikkje kan leggjast ut for strøyming før 1. mai året etter utgjevingsåret. Det gjeld også uavhengige forfattarar, sjølv om dei ikkje er bundne av bransjeavtalen på andre måtar.

– Betalingsmodellane er lite transparente, og det er vanskeleg å vite kor mykje ein kan få betalt frå ei strøymeteneste. Det er ikkje slik at vi i BoldBooks rår forfattarar frå å lage lydbokversjon, men vi rår dei heller ikkje til det, seier ho.

Lydbokproduksjon ligg der som ei av BoldBooks’ ekstratenester, og Over-Rein fortel at dei prøver å orientere interesserte forfattarar så godt dei kan, om moglegheitene og risikoen som er involvert.

– Men det er faktisk såpass lite interesse for å lage lydbok at det sjeldan blir eit tema. For mange er det viktig å kunne halde den fysiske boka i hendene. Då kjem det først på prioriteringslista, og det er ofte ei stor nok investering i seg sjølv.

Kva øydelegg lytteopplevinga?

Lydboktenesta BoldBooks tilbyr, inkluderer innlesing av skodespelar. Forfattaren kan kome med ønske for kva type stemme hen vil ha.

– Nokre forfattarar les inn boka si sjølv, men dei færraste av oss har ei stemme som folk har lyst til å høyre på ti timar i strekk. Du vil gjerne at ei bok skal spreie seg gjennom jungeltelegrafen, og då bør produksjonen vere så god som råd, uavhengig av format, seier Over-Rein.

Så kva bør ein tenkje på, om ein no vil prøve seg på å lese inn si eiga lydbok? Skodespelar Espen Reboli Bjerke har lang erfaring med innlesing og dubbing, og har nyleg halde kurs i innlesing og opplesing for forfattarar.

– Nokre forfattarar er veldig gode til å lese sine eigne bøker, og så er det andre som kanskje ikkje burde gjere det. Teksten kan nesten bli litt for nær forfattaren, litt for privat, seier han.

Espen reboli bjerke
Espen Reboli Bjerke. Foto: Fabel

– Forfattarar har sjølvsagt ein bestemt ide om korleis rollefigurane deira skal vere, men det er ikkje alltid at det samsvarar med lyttaren si oppleving.

Å lese inn ei lydbok er heller ikkje det same som å lese opp frå ei scene, fortel han. Det mest grunnleggjande ein må kunne når ein skal lese frå scena, er å få mikrofonstativet til å oppføre seg. Dersom mikrofonen står i feil høgde, vil det vere det einaste publikum legg merke til.

– Og så må ein hugse at teksten treng meir tid for publikum enn for deg som les. Det er viktig å tøye rytmen litt. Er du godt førebudd, får du større fridom og kan ha blikkontakt med tilskodarane. Dette er ting som er veldig grunnleggjande, men lett å gløyme, seier han.

Det som oftast øydelegg for ei god lydbokoppleving, er derimot at innlesaren overtolkar boka, meiner han.

– Eg tykkjer ofte ein blir servert ei tolking som gjer at ein blir frårøva sjansen til å bruke eigen fantasi. Det kjem litt an på målgruppa – eg har lese inn mange barne- og ungdomsbøker, og då kan ein fargeleggje teksten litt meir enn det ein gjer for ein vaksen lyttar.

Innleving, men ikkje drama

Det kan vere ein vanskeleg balansegang. Då forskarar ved Universitetet i Oslo for eit par år sidan undersøkte nordmenns lydbok-lyttevanar, fann dei at innlesarstemma er det aller viktigaste: Den må vere variert og ha innleving, men samstundes ikkje vere overdrive dramatisk.

– Eg hugsar dei første produksjonane er var med i på Nationaltheatret som nyutdanna skodespelar. Eg hadde lyst til å stå på hendene og rope «eg elskar deg», berre fordi eg kunne stå på hendene. Men du treng ikkje vise fram alt du kan, i éin og same produksjon. Det er god tid til å dosere det utover i karrieren, seier Reboli Bjerke.

Om det er forfattaren sjølv eller ein skodespelar som les, var derimot ikkje avgjerande, ifølgje undersøkinga forskarane gjorde. Respondentane såg gode argument for begge delar.

– Eg er kjempeglad for at eg gjorde det sjølv. Det gjev ei veldig meistringskjensle å vise at det er mogleg, seier Charlotte Glaser Munch om prosessen med å lage lydbok av Uønsket besøk.

– Skodespelarar har fordelen av erfaring, medan vi som har skrive boka, har den unike nærleiken til stoffet – så lenge ein har ei ok stemme og ikkje tenkjer at ein skal «spele» boka. Eg har fått tilbakemelding frå folk som seier at det betyr noko for dei at det er eg som les.

For Bjørn Johnsen var det derimot aldri aktuelt å lese sjølv.

– Dersom du er kjend og folk har eit forhold til stemma di, kan det sjølvsagt vere eit salspunkt at boka er lesen av forfattaren. Men elles skal ein ha respekt for den kunsten det er. For meg, som er ein slags lydestetikar, var det veldig viktig å finne den rette stemma, fortel han.

Dialektspørsmålet

Han var oppteken av å finne ein skodespelar som forstod teksten og kunne forsterke han. Johnsen er nordlending, og handlinga i romanen skjer på helgelandskysten. Forteljaren er mann, så det måtte også innlesaren vere.

Dialekta var ein vanskeleg diskusjon, vedgår han.

Bjorn johnsen
Bjørn Johnsen. Foto: Privat

– Eg kunne ønskt meg ein skodespelar med helgelandsdialekt. Men eg diskuterte det med andre, og mange meinte at boka bør vere allmenn, ho skal jo ikkje berre seljast nordpå. Les ein på dialekt, kan det hende at nokon ikkje forstår. Sjølv jobbar eg mykje med musikk og ser sjarmen i songtekstar på dialekt. Så eg var usikker.

Det som til slutt avgjorde saka, var at skodespelar Andreas Kolstad, som har den djupe Kolstad-røysta Johnsen ønskte seg, bur i Mosjøen. Då kunne dei gjere innspelinga lokalt. For lydbokinnlesing treng altså ikkje lenger involvere studio og produsent. Også Espen Reboli Bjerke sit no ofte heime på loftet i Stavanger og les.

– Det er billeg for forlaga, men overlet mykje ansvar til innlesaren sjølv, seier han.

Sirener og magerumling

Sjølv om arbeidskvardagen til Reboli Bjerke handlar mest om scene og film, så har han heilt sidan teaterskuledagane fylt på med dubbe- og reklamejobbar framfor mikrofon. Det har lært han ein del triks.

– Reklamesnuttar er korte, og du må kunne etablere atmosfæren på eit halvt sekund. Du må vite kva som er hovudordet, og om du skal løfte setninga på slutten – slike ting. Så reklamespottane er ein god skule.

Når han les inn lydbøker og gjer noko feil, går han tilbake til starten av avsnittet.

– Vanlegvis. Det hender eg greier å jukse meg inn på eit komma. Programmet eg brukar, gjev meg fire sekund tilbakelytt før eg går inn, slik at det blir kontinuitet.

Ulempa med heimestudio er sjølvsagt alle dei uvelkomne lydane. Er det barn i huset, må det takast pause.

– Eg må stogge opptaka for sirener, eller når helikoptera flyg over byen med oljearbeidarar som skal ut på jobb. Og utstyret er ekstremt vart for magerumling. Eg må passe på å ikkje lese rett etter eit måltid, det slår ut på opptaket.

Men kan ein skodespelar lese kva tekst det skal vere?

– Det eg trur innlesarar kan bli flinkare til, er å gje beskjed om at denne boka passar meg ikkje. Ikkje alt kler stemma eller sinnet ditt. Eg har slite meg gjennom nokre lydbøker som eg angrar på at eg tok på meg. Eg følte ikkje at eg fekk kontakt med stoffet. Forlaga tenkjer nok nøye over kven dei vel til kva for ei bok, men det kan likevel slå feil ut, seier Reboli Bjerke.

Sakprosaen ligg bakpå

Å finne den rette innlesaren er sjølvsagt høgst relevant når vi snakkar om skjønnlitteratur, men kva med sakprosaen? For det er eit faktum at sakprosaen førebels slit med å nyttiggjere seg den sterke veksten i lydbokmarknaden. Bransjestatistikken frå Forleggerforeningen viser at når det er snakk om trykte bøker, er omsetjinga av norsk sakprosa meir enn dobbelt så høg som skjønnlitteraturen. Men salet av sakprosa i lydbokformat utgjer berre ein brøkdel av skjønnlitteratursalet: 13 millionar kroner mot nesten 80 millionar i 2021. Og der salet av skjønnlitterære lydbøker auka med 25 prosent frå 2020 til 2021, var det ikkje teikn til auke i sakprosakategorien.

– Sakprosa utgjer ein liten del av lydboktilfanget, men eg trur ikkje det er fordi folk ikkje vil høyre. Det er heller fordi dei ikkje blir produserte, meiner Thomas Barsnes hos eBokNorden.

Den gjengse forklaringa er at det er dei historieforteljande sjangrane som eignar seg best i lydbokformat. Bøker som lener seg tungt på fotnotar og på visuelle element som figurar og grafar, vil naturleg nok vere vanskelege å omsetje til lydbok.

– Eg merkar sjølv at med sakprosa er det lettare å falle ut når du lyttar, så det krev meir av innlesaren. Tenk på natur- eller reiseprogram på tv: Det er kjempeviktig at forteljaren er engasjerande, seier Barsnes.

Samstundes er ikkje sakprosa nødvendigvis det same som faktabøker. Og så lenge folk vil ha bøker på øyret, må sakprosaen også finnast der. Det peika NFFO-generalsekretær Arne Vestbø på då Klassekampen fekk han i tale om den sørgjelege sakprosastatistikken sommaren 2021. «Vi ser at sakprosa på lydbok er på vei opp internasjonalt, og i den løpende dialogen vi har med norske forlag, forteller flere redaksjoner at de nå vil satse mer på denne sjangeren. Det er på tide», sa Vestbø den gongen. («Sakprosa taper lydkrigen», Klassekampen 21. juni 2021)

Satsar vidare

– Det kosta meg 7500 kroner å spele inn lydboka mi, og no har eg ei bok som sel i små jamne drypp, seier Charlotte Glaser Munch.

Då vi snakkar saman, har ho enno ikkje gått i null økonomisk.

– Men det er ei spesiell bok for meg, i ein sjanger eg aldri har gjeve ut før. Det var viktig for meg å få henne ut.

Thomas Barsnes trur ikkje mettingspunktet for lydbøker er nådd. EBokNorden vart nyleg kjøpt opp av Kolofon, Noregs største sjølvpubliseringsforlag, og får no høve til å satse skikkeleg på lydbøker, fortel han.

– Vi kjem til å skalere opp produksjonen. Om det blir veldig mange fleire lydboklyttarar i Noreg framover, er ikkje sikkert, men lydbøker utgjer uansett ein stor del av marknaden, og då er det moglegheiter for uavhengige forfattarar.

Ei stund etter intervjuet dumpar det inn ei melding frå Bjørn Johnsen. Lydboka er ute, og Johnsen har delt ei tilbakemelding på Facebook-veggen sin: «Det er en lekker innlesning med svært god stemmebruk og innlevelse.»

Så langt er han nøgd med at han satsa på lydbok, fortel han.

– Absolutt. Så håpar eg på balanse eller overskot.