Peter paul rubens 004
Adam og Eva (1628–1629) av Peter Paul Rubens. Wikimedia Commons.

Kjøtet revidert: Om bibelomsetjing til norsk

07.04.2023

’Menneskenatur’, ‘syndig natur’, ‘kropp’, ‘kjøt og blod’ eller berre ‘kjøt’? Ein historisk gjennomgang av omsetjarval for det greske ordet sarx viser korleis både språket og prinsippa for omsetjing har endra seg.

I 2011 lanserte Bibelselskapet nye omsetjingar av Bibelen til nynorsk og bokmål. Eg var ein av omsetjarane. I Bibelselskapet skil ein mellom «nyomsetjing», som handlar om eit fullskala arbeid på grunnlag av dei hebraiske og greske grunntekstane, og «revisjon», som er ein mindre omfattande prosess der ein ser ein gong til på utvalde aspekt ved ei eksisterande omsetjing. 2011-utgåva er rekna som ei nyomsetjing, men distinksjonen er langt frå vasstett. Vi kan gjerne omtale alle nye versjonar av bibelteksten på norsk som revisjonar, for ein bygger sjølvsagt alltid på tidlegare arbeid med dei gamle skriftene. I 2024 blir ein ny revisjon av bibelomsetjinga gitt ut.

Kort norsk bibelhistorie

Det Norske Bibelselskab blei skipa i 1816, som ein av dei eldste sivilsamfunnsinstitusjonane i det sjølvstendige Noreg. Men framleis las ein Bibelen i danske omsetjingar her til lands, også i utgåvene frå Bibelselskapet. Den reviderte utgåva av Det nye testamentet som kom ut i 1870, innførte nokre svært forsiktige fornorskingar i språket, men stort sett reknar ein den fullstendige omsetjinga av Bibelen som kom ut i 1904, som den første utgåva av Bibelen på norsk bokmål. Fullstendige omsetjingar av Bibelen låg føre på svensk (1541), dansk (1550) og til og med på islandsk (1588) alt i reformasjonshundreåret, medan finnane måtte vente til 1642 og nordmennene altså heilt til 1904.

Den første bokmålsomsetjinga kom i revidert utgåve i 1930. No er denne «revisjonen» såpass omfattande at den kanskje like gjerne kunne reknast som ei ny omsetjing. Ei nynorsk parallellutgåve kom i 1938, etter at Studentmållaget i Oslo – av alle institusjonar – hadde kome med ei «fyrebils» bibelutgåve i 1921. Det tok si tid før Bibelselskapet tok ansvar for nynorsken. Det Norske Samlaget hadde tatt den første arbeidsøkta, og Det nye testamentet låg føre på landsmål alt i 1889. Etter 1930/1938-utgåvene kom det ikkje noka ny fullstendig bibelomsetjing før 1978, litt revidert og reparert i 1985. Også Bibel 2011 er no i ferd med å få sin lette revisjon. Boka kjem ut neste år som Bibel 2024.

Ikkje nok med det. Bibelselskapet hadde lenge i praksis monopol på norske utgåver av Bibelen. Men 1978-utgåva bygde på andre omsetjingsprinsipp enn eldre norske bibelversjonar. Det førte til misnøye og protestar frå fleire kantar. Dei følgjande åra kom det fleire alternative bibelomsetjingar med opphav i lågkyrkjelege og frikyrkjelege miljø, som Norsk Bibel (1988) og Bibelen Guds Ord (1997). I tillegg har det gjennom åra kome ei rad omsetjingar av Det nye testamentet utført av enkeltpersonar, som den katolske presten Olav Offerdahl, professorane Lyder Brun, Erik Gunnes og Jacob Jervell og filologen Helge Fauskanger. Og nyleg har Kjell Arild Pollestad gjort den kraftprestasjonen å omsetje heile Bibelen aleine, den utgåva kjem ut hausten 2023.

Trefaldig endring

Kvifor så mange og så hyppige ulike utgåver av ei og same bok på eit lite språk som norsk? Ein kan tenkje seg minst tre grunnar til det.

For det første: Språket vårt endrar seg. Eg er gammal nok til å ha vakse opp med bokmålsbibelen frå 1930. Der heitte det i Bergpreika (Matteus 5,14–16): «I er verdens lys […] La således eders lys skinne for menneskene, forat de kan se eders gode gjerninger og prise eders Fader i himmelen!» Pronomenformene «I» og «eder» var ikkje ein del av mitt talespråk. Eg har mine tvil om kor mange som nytta dei i 1930 òg. Heldigvis var det kome ei litt meir leseleg «ungdomsomsetjing» av Det nye testamentet i 1959.

For det andre: Kunnskapen vår endrar seg. I løpet av dei siste 200 åra har arkeologisk og religionshistorisk forsking gitt mykje ny kunnskap om tilhøva i det gamle Midtausten som er relevant for forståinga av bibelske tekstar. Funn frå ørkensanden i Egypt av papyrusfragment av eldre handskrifter til bibelske bøker har hatt enda meir direkte innverknad på bibelomsetjingsarbeidet. Og Bibel 2011 er faktisk den første omsetjinga til norsk som har hatt høve til å ta omsyn til heile det omfattande materialet som blei funne i holer nær Qumran etter andre verdskrigen, dei såkalla dødehavsrullane.

For det tredje: Vi endrar oss. Bibelomsetjing går føre seg i samspel med ein vidare kulturell kontekst som er dynamisk og i stadig endring. Eit konkret døme kan tene til å illustrere dette poenget. Vi skal følgje «kjøtet» sin skiftande lagnad gjennom norsk bibelomsetjingshistorie.

Kjøtet som retorisk trope

Dei bibelske bøkene er i hovudsak skrivne på to ulike kjeldespråk, Det gamle testamentet på hebraisk, Det nye testamentet på gresk. Det hebraiske ordet basar, «kjøt», er svært vanleg i Det gamle testamentet. Det blir nytta om menneskeleg muskelmasse, alt i Første Mosebok 2,21 da Gud skaper kvinna og fyller Adams ribbein med basar. Og det blir nytta om dyr, til dømes som offermaterie ei rad stader i offerlovene i Tredje Mosebok. Men mange stader blir basar nytta som retorisk trope for å uttrykke eit særleg poeng, som når profeten i Jesaja 40,6 får meldinga: «Alt basar er gras.» I verset etterpå heiter det: «Graset tørkar bort, blomen visnar når Herrens ande blæs på han. Sanneleg, folket er gras.» Her står altså «kjøt» for «folket», dei forgjengelege menneska. Men da Noah får bod om å ta med seg i arka eitt par av kvart slag av «alt basar som det er livsande i», er også dyra inkluderte mellom dei som skal bergast frå storflaumen.

Frank eugene   adam und eva 1898
Adam og Eva av Frank Eugene, 1910. Wikimedia Commons

Alt i førkristen tid blei Det gamle testamentet omsett til gresk. Dei greske omsetjarane nytta to ulike ord for å representere det hebraiske basar: kreas for kjøt av dyr, som mat eller som offer; sarx for menneskeleg muskelmasse, men òg i dei retoriske, meir overførte tydingane. Kreas er nesten aldri nytta om menneske, sarx sjeldan om dyr. Dei same to greske orda og det same mønsteret finn ein att i Det nye testamentet. Og her startar reisa vår: Korleis har norske bibelversjonar gitt att det greske ordet sarx i Det nye testamentet?

«Kjødet» og «kjøttet»

Bestefar min, som eg er kalla opp etter, blei konfirmert hausten 1916. Eg har fått hans særs velbrukte konfirmasjonsbibel, 1904-omsetjinga. Eg trur det var denne han heldt seg til heile sitt lange presteliv, sjølv om han på preikestolen måtte nytte ei nyare utgåve. Det er noko å lære av han: At det kjem ein ny bibelversjon, tyder ikkje at ein treng å forlate den ein er blitt fortruleg med og glad i.

Her er ikkje kjøtet blitt noko problem. Ikkje enno. «Alt Kjød er Græs», seier Esaias med gotiske bokstavar. Profeten måtte lenge finne seg i å gå under det greske namnet sitt i norske biblar. Det er «Kjød» ein et, det er «Kjød» ein ofrar. Til «Kjød» blir også Ordet, det som var i opphavet hos Gud, i den store prologen til Johannesevangeliet (1,14). Og da har vi ikkje nemnt Paulus, som i breva sine støtt og stadig kretsar rundt «Kjødet», særleg når han talar om Lova eller om synda. For Paulus er «Kjødet» i regelen ikkje noko positivt, forstår vi.

Bestemor mi, prestekona, var forresten fødd i Stavanger. Ho handla «kjød» på butikken heile sitt liv.

Noko av det som er mest revidert i 1930-utgåva av Bibelen, er rettskrivinga. No er «kjødet» blitt til «kjøtt». I alle fall når det gjeld kreas. Stundom når det gjeld sarx òg. I alle fall når ordet konkret viser til muskelmasse, som i Første Korintarbrev 15,39, ein av få stader der sarx er nytta om kjøt også av andre skapningar enn menneske: «Ikke alt kjøtt er det samme kjøtt, men ett er kjøtt i mennesker, et annet i fe, et annet i fugler, et annet i fisker» (Første Korintarbrev 15,39).


Men framleis heiter det i prologen til Johannesevangeliet (1,14) at «Ordet ble kjød». Og framleis seier Jesus til dei stuptrøytte læresveinane i Getsemane-hagen at «ånden er villig, men kjødet er skrøpelig» (Matteus 26,41). Og ikkje minst: Framleis er det «kjødet» Paulus så ofte talar om, til dømes i Romarbrevet 7,5: «For da vi var i kjødet, virket de syndige lyster, som vaktes ved loven, således i våre lemmer at vi bar frukt for døden.» Kva han no meinte med det.

Eg har ikkje gått inn i avisdebattar eller arkivmateriale frå denne perioden som kunne kaste lys over grunnane til denne inkonsekvensen. Ein kunne tenkje seg at «kjød» har vore så innarbeidd i forkynning, i preike- og andaktsspråk, at det ville vere motstand mot endring av den grunn. Religiøst språk er ofte konservativt slik. Men det er òg mogleg at det daglegdagse ordet «kjøtt» i desse kontekstane ville bli opplevd som for konkret, for nærgåande, for rått, nesten vulgært – som det kanskje òg er?

I alle fall, frå og med 1930 er sarx i norske bokmålsbiblar to ulike ting – «kjøtt» når det konkret handlar om menneskeleg muskelmasse (og av og til om dyr), «kjød» når det på eit eller anna vis har tydelegare religiøse overtonar.

Kjøtet forklart

Til no har bibelomsetjing til norsk i denne teksten handla om bokmålet. Det er ein grunn til det. Det er i bokmålet problemet, altså distinksjonen mellom «kjød» og «kjøtt», oppstår.

Om vi reknar 1904-bibelen som den første omsetjinga til norsk bokmål, var nynorsk bibelomsetjing tidlegare ute. Det nye testamentet blei omsett til landsmål, seinare kalla nynorsk, i løpet av 1880-talet. Elias Blix og Ivar Aasen, som stod for den første omsetjinga av Romarbrevet (1882), hadde ingen problem med «kjøtet» som konsekvent attgiving av sarx. Det hadde heller ikkje dei 21 omsetjarane som gjorde dugnadsarbeidet med den såkalla «Fyrebilsbibelen» (1921), eller Ragnvald Indrebø, som stod bak arbeidet med den første nynorske fullstendige bibelutgåva frå Bibelselskapet (1938). Så medan bokmålsbrukarar i perioden frå 1930 til 1978 levde med den oppfatninga at «kjød» og «kjøtt» var to ulike ting, har nynorskbrukarar heile tida visst at det handlar om det same ordet.

Adam and eve 1917
Adam og Eva av Max Beckmann, 1917. Wikimedia Commons

Bibelomsetjinga frå 1978 og revisjonen frå 1985 representerer det største og mest omdiskuterte skiljet i soga om norsk bibelomsetjing. No la ein nye omsetjingsprinsipp til grunn.

Alt den heilage Hieronymus, opphavsmann til Vulgata, den latinske standardomsetjinga av Bibelen, og skytshelgen for alle omsetjarar, skil mellom to moglege hovudprinsipp for omsetjing: ord for ord, eller meining for meining. Danske og norske bibelomsetjingar hadde sidan 1600-talet halde seg til det første prinsippet, i bibelomsetjarmiljøet ofte omtala som konkordant omsetjing: Så langt det er mogleg, omset ein eit ord i kjeldespråket med eitt og same ord i målspråket. På 1960-talet bles det nye vindar, og 1978-omsetjinga tok mange steg i idiomatisk retning: Ein var meir opptatt av å gi att meiningsinnhaldet i bibeltekstane i eit naturleg og forståeleg norsk språk enn av å spegle kjeldeteksten så nøyaktig som mogleg.

No er ikkje dette eit enten-eller, det er snarare tale om eit kontinuum der kvar omsetjing plasserer seg ein stad mellom desse to polane. 1978-omsetjinga var på ingen måte noka radikal idiomatisk omsetjing, men viljen til å hjelpe bibellesarar med vanskeleg forståelege uttrykk var til stades. Det resulterte mellom anna i ei rad ulike, til dels sterkt fortolkande, attgivingar av sarx, noko som òg blei eit av dei mest kritiserte aspekta ved denne omsetjinga.

I Johannesprologen (1,14) heitte det no at «Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss». Det kunne nok dei fleste akseptere. Meir omdiskutert blei varianten «naturen», som i Getsemane-episoden: «Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik» (Matteus 26,41) – og særleg når det kom eit kvalifiserande adjektiv attåt, som i verset vi har sett på frå Romarbrevet (7,5): «Medan vi var i vår syndige natur, vart dei syndige lystene vekte til live av lova, og dei verka slik i lemene våre at vi gjorde det som fører til død.»

Også der sarx i den førre bokmålsversjonen hadde vore omsett til «kjøtt», kom det endringar. «De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand», heitte det no i Efesarbrevett 2,11. Den greske teksten har sarx to gonger i dette verset, 1930-omsetjinga talar i begge tilfelle om omskjeringa «på kjøttet», men i 1978 er kjøtet blitt «kroppen». Men dette blei ikkje oppfatta som kontroversielt.

Kjøt og blod

Medan 1978-omsetjingane til nynorsk og bokmål var utførte parallelt, men av ulike team, sat omsetjarane til 2011-utgåva saman og arbeidde med begge målformer samtidig. Dei siste tiåra hadde det vakse fram ei sterkare merksemd om dei litterære og retoriske kvalitetane i bibelspråket, men òg om den kulturelle og historiske avstanden til dei gamle skriftene. Viktige punkt i mandatet for dette omsetjingsarbeidet handla om ei varsam dreiing i meir konkordant retning – altså ein reduksjon av talet på ulike omsetjarval for kjeldespråklege ord og uttrykk – og om auka merksemd på det ofte svært konkrete bildespråket. Ut frå begge desse omsyna blei det eit mål å redusere mengda av ulike attgivingar av sarx. Dette var ei av problemstillingane vi brukte mest tid på. Kor langt kunne vi gå?

Adam og eva1
Filmplakat for den mexikanske filmen El pecado de Adán y Eva, altså «Synda til Adam og Eva», frå 1969.

Nokre av løysingane frå 1978 var i og for seg konkrete nok, sjølv om ein nytta ulike ord. I Johannesprologen heiter det framleis at «Ordet vart menneske». Og omskjeringa i Efesarbrevet 2,11 skjer stadig «på kroppen av menneskehand». Men så hender det noko interessant: Bokmål og nynorsk skil lag.

Bokmålsomsetjinga har valt forsiktige konkretiseringar. I Getsemane-episoden blir «menneskenaturen» bytt ut. No heiter det «Ånden er villig, men kroppen er svak». I Paulus-breva og fleire andre stader prøver ein ut løysinga «kjøtt og blod». Romarbrevet 7,5 lyder no: «Da vårt kjøtt og blod hadde makten over oss, gjorde loven at de syndige lidenskapene ble vakt til live i lemmene våre, så vi bar frukt for døden.» Begge løysingane blei kritiserte. Det er vel tale om noko meir eksistensielt enn berre kroppsleg trøyttleik i Getsemane-forteljinga. Og dette «blodet» står det no eingong ikkje noko om i kjeldeteksten. Kvifor ikkje kalle kjøtet for «kjøtt»?

«Kjøt og blod»-løysinga blei òg nytta i nynorsk. Men fleire stader har ein vore meir frimodig på vegner av kjøtet i nynorsk enn i bokmål, såleis både i Getsemane: «Ånda er villig, men kjøtet er veikt», og hos Paulus: «Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden.» Kanskje var det den eldre nynorske bibeltradisjonen som gjorde utslaget.

Kjøtet kjem att

Eg har òg hatt ei rolle i det revisjonsarbeidet som no er avslutta, og som neste år kjem på marknaden som Bibel 2024. Det handlar om endringar i 2011-teksten på nokre konkrete punkt, ut frå respons frå både brukarar og fagteologar. Bibelselskapet har karakterisert dette som ei finsliping eller ei meir konsekvent gjennomføring av prinsippa for Bibel 2011. Det gjeld mellom anna attgivinga av sarx. No har òg bokmålet fått større frimod på vegner av «kjøtet». På ein måte har pendelen svinga attende til 1904.

Vil løysinga kommunisere? Vel, den bibelske bildebruken må nok i alle fall forklarast. Spørsmålet er kor ansvaret skal ligge, om ansvarsfordelinga mellom bibelomsetjing, teologi og forkynning.

Slik vil dei utdraga vi har sett på som døme, sjå ut i Bibel 2024:

Johannes 1,14:
Bokmål: «Og Ordet ble kjøtt og tok bolig iblant oss.»
Nynorsk: «Og Ordet vart kjøt og tok bustad mellom oss.» 

Matteus 26,41:
Bokmål: «Ånden er villig, men kjøttet er svakt.»
Nynorsk: «Ånda er villig, men kjøtet er veikt.»

Romarbrevet 7,5:
Bokmål: «Mens kjøttet hadde makt over oss, fikk lidenskapene som var syndige ut fra loven, kraft i lemmene våre, slik at de bar frukt til døden.»
Nynorsk: «Mens kjøtet hadde makta over oss, fekk lystene som var syndige ut frå lova, kraft i lemene våre, slik at dei bar frukt til døden.»

Efesarbrevet 2,11:
Bokmål: «En gang hørte dere, i kjøttet, til folkeslagene og ble kalt uomskårne av dem som kalles omskårne, de som er omskåret på kjøttet, av menneskehånd.»
Nynorsk: «Ein gong høyrde de, i kjøtet, til folkeslaga og vart kalla uomskorne av dei som kallar seg omskorne, dei som er omskorne på kjøtet, av menneskehand.»

Litteratur
Amadou, Christine (2011). Hurlumhei hos Hieronymus. Prosa nr. 6, s. 26–29.

Aschim, A. (2013). Bibelen 3.0: Bak Bibel 2011. Verbum.

Aschim, A. (2019). Bibelomsetjingar i Noreg. Norsk Oversetterleksikon, www.oversetterleksikon.no

Bondevik J. (2003). Og Ordet vart nynorsk: Soga åt den nynorske Bibelen. Norsk Bokreidingslag.

Bøe, S. & Holmås, G.O. (2011). Når Ordet blir norsk: Norske bibeloversettelser 1945–2011. Tapir.

Sæbø, M., Schumacher, J. & Kvarme, O.C. (1991). Bibelen i Norge. Bibelselskapet.