Dreamstime xxl 41815438
Foto: Dreamstim

Gjennomtenkte svar på komplekse krav

11.11.2020

Forfattarane bak haustens nye læreverk i norsk tar hardt i for å gjere elevane til kritiske lesarar. Men kvifor er dei så politisk korrekte i tekstutvalet?

Den digitale utviklinga har endra kvardagen til norsklærarane. I ulike Facebook-grupper deler lærarane flittig tekstar, undervisningstips og undervisningsopplegg med kvarandre. Skular har eigne YouTube-kanalar med korte norsklærarforedrag, og mange andre aktørar legg ut lærestoff som er kvalitetssikra i større eller mindre grad. Kort sagt finst det ein jungel av læremiddel som norsklærarar kan hente stoff og inspirasjon frå. For dei store forlaga finst det ein fare i at lærebøkene blir til lærarbøker. I staden for at skulane kjøper inn heile klassesett, får lærarane nokre få eksemplar og legg ut dei beste kapitla og boksidene på digitale læringsplattformer. Når ei trykt lærebok kostar 700 kroner og skulane får lite pengar til læremiddel, kan ein skjøne at forlaga ventar spent på salstala.

I samband med fagfornyinga publiserer alle dei store lærebokforlaga nye lærebøker i norsk for studieførebuande utdanningsprogram, altså det som før vart kalla allmennfag:

• Gyldendal er på banen med eit heilt nytt verk, Appell, skrive av Pål Fredrik Børressen, Anne Lise Jomisko, Ida Carine Longva, Jon Olav Sørhaug og Ingeborg Aasbrenn.
• Aschehoug gir ut Grip teksten, no med Mads Breckan Claudi, Elisabeth Solberg Holm, Endre Brunstad, Agnete Andersen Bueie, Elin Aaness og Sigrun Bones.
• Cappelen Damm gir ut Moment, no med Lars August Fodstad, Martin Minken, Audhild Norendal, Camilla Gudundsdatter Magnusson, May Lånke, Tor Ivar Østmoe, Marte Blikstad-Balas, Ole Hjortland og Pål Antonsen.
• Fagbokforlaget har revidert Intertekst av Harald Eriksen, Karen Marie Kvåle Garthus og Anne-Marie Schulze.

Korleis kan ein best vurdere kva læremiddel som vil fungere i klasserommet? Som ein del av fagfornyinga har Utdanningsdirektoratet arbeidd fram vurderingskriterium for faga norsk, engelsk og matematikk. For norskfaget er dei 23 kriteria samla i tre grupper: I kva grad møter læremidla føringane i det nye læreplanverket, kor god er den pedagogiske og didaktiske kvaliteten, og kor god er utforminga og dei tekstlege kvalitetane? I denne omtalen blir det lagt særleg vekt på sakprosadelen av norskfaget.

Fagartikkelen som sjanger

Heilt sidan innføringa av Kunnskapsløftet har lesing og skriving vore grunnleggjande ferdigheiter i alle fag, men norsklærarane har framleis eit hovudansvar for lese- og skriveopplæringa. Med fagfornyinga har ein forsøkt å markere skiljet mellom ungdomstrinn og vidaregåande tydelegare. Vi kan lese inn i norsklæreplanen ei meir leikande og lystprega tilnærming til norskfaget på ungdomstrinnet, medan faget har fått eit endå sterkare akademisk preg på dei studieførebuande utdanningsprogramma. Frasen «akademisk skriving» finst likevel berre i læreplanen for engelskfaget. I norskfaget kjem styringssignalet først og fremst til syne gjennom sjangeren fagartikkel, som elevane skal kunne skrive etter Vg1.

Kva er så ein fagartikkel? Med den nye digitale læreplanvisninga til Utdanningsdirektoratet kan ein nå få fram ordforklaringar til verba som er brukte i kompetansemåla, men ikkje ordforklaringar til substantiva. I tråd med tradisjonen har Utdanningsdirektoratet heller ikkje publisert rettleiingar der nøkkelomgrep i norskfaget blir klart definerte. Framtidige sensorar må heller sjå til lærebøkene for å finne ut korleis fagartikkelomgrepet bør bli tolka.

Remote.axd

Læreboka Appell hevdar at ein fagartikkel er sakleg og seriøs, bygd på kjelder, sjølvstendig, lett å lese og undersøkjande: «Fagartiklar er alltid bygde opp med innleiing, hovuddel og avslutning. Innanfor desse tre delane kan artikkelen varierast og skrivast på mange måtar. Ein skal oppgje kjelder undervegs og til slutt.» Ein kort leksikonartikkel vil kunne falle utanfor denne kategoriseringa, og det same gjeld mange populærvitskaplege tekstar der kjeldebruken er lite synleg. Slik Appell omtalar fagartikkelen, høyrer sjangeren til i utdanningsverda, anten som fagleg kommunikasjon mellom elev og lærar eller som vitskapleg kommunikasjon mellom forskarar. Fagartikkelsjangeren famnar mykje, og det blir poengtert at det finst både resonnerande, drøftande, informerande og argumenterande fagartiklar.

Eit interessant trekk ved Appell er sjølve skrivemåten. Setningane og avsnitta er korte, slik vi er vande til frå nettekstar. På dei tre boksidene om fagartiklar tel det lengste avsnittet seks linjer, og punktoppstillingar og tabellar tek klart større plass enn brødteksten. Dette mønsteret finn ein igjen i heile boka. Når lærebokforfattarane har skrive ti linjer med samanhengande tekst, er sjansen stor for at det kjem ein mellomtittel, ei liste eller ein illustrasjon. Ingen stader møter elevane meir enn tretti linjer med læreboktekst før det kjem ein slik pause i lesinga.

Ein kan spørje om elevane blir godt budde på vidare studium når dei så sjeldan møter lengre tekststykke og tankerekker. Eit mogleg svar kan vere at det ikkje er læreboka som skal gi elevane slike utfordringar. Om elevane les tidsskriftartiklar ved sida av læreboka, kan dei likevel møte lange tekstar, tilpassa til nivået dei er på. Dessutan vil Appell kunne fungere svært godt som ei oppslagsbok, og det er slik lærebøker i norsk ofte blir brukte. Læraren fyller på med forklaringar og utdjupingar når fagstoffet blir gjennomgått i klasserommet. Sjølve lærebokteksten er så poengtert og tilgjengeleg at sjølv elevar som kvir seg for å lese mykje, lett vil kunne tileigne seg sentralt fagstoff på eiga hand.

Invitasjonar til kritisk lesing

Dei nye læreplanane har fått eit nytt element som ikkje fanst tidlegare. Kjerneelement skal uttrykkje kva som er det aller viktigaste i faga på alle årstrinn. Etter grunnskulen skal elevane i samfunnsfag ha lært seg å «vurdere kritisk om kjeldene er pålitelege og relevante». I norskfaget seier kjerneelementet «Kritisk tilnærming til tekst» at elevane skal «kunne reflektere kritisk over hva slags påvirkningskraft og troverdighet» tekstar har. Allereie på barnetrinnet lærer elevane kjeldekritikk.

9788202407308

I Moment for Vg1 blir kritisk lesing og kjeldekritikk tatt opp på mange måtar, ikkje minst tydeleg i kapittelet om kritisk lesing av saktekstar. Her er ein gjennomgang av kva som står om vaksinasjon på ulike nettstader, og eit eige underkapittel handlar om ei falsk nyheit på nettstaden Ukensnytt i juli 2018. NAV-brukaren Roald skal ha fått ein pantelapp på to kroner i staden for krisehjelp. Då faktisk.no sjekka saka, kunne dei ikkje stadfeste fakta, men kunne konstatere at det som skulle vere andletet til Roald, tilhøyrde ein amerikansk bloggar.

Gjennomgangen til Moment er pedagogisk og konkret. Likevel kan ein lure på kva inntrykk elevane sit att med når dei over fleire år har møtt skrekkhistorier om falske nyheiter og lurvete journalistikk. Vil dei halde fram med å stole på det trykte ordet i andre aviser? Som ei motvekt til informasjonen om kjeldejuks og kjeldesjusk kunne ein ønskje seg opplysningar om god, gamaldags gravejournalistikk og førebiletleg arbeid med kjeldene. Til dømes kunne informasjon om Stiftelsen for en Kritisk og Undersøkende Presse og den årlege SKUP-prisen gitt eit meir balansert bilete. Metoderapportane derfrå er eigna til å gi elevane mykje kunnskap om kritisk lesing i praksis.

I kjeldekapittelet av Moment er forfattarrøysta tydeleg til stades, men det finst ikkje opplysningar om kven av dei ni i forfattargruppa som har hatt hovudansvaret for kapittelet. Kvifor er det slik? I aviser og tidsskrifter er det sjølvsagt at artikkelforfattarar gir seg til kjenne, slik at lesarane lettare kan utøve kjeldekritikk. I ei lærebok kunne det ha vore eit sjølvstendig poeng at elevane fekk øving i å utforske ulike skrivestilar. Moment har eit humoristisk forord, eit litt pratete førstekapittel og eit tindrande klart kapittel om skriving av fagtekstar. Forfattaren er neppe den same, men det hadde vore fint å vite slikt sikkert. Det same gjeld dei andre læreverka eg har sett på.

Læreboka Appell syner godt fram korleis ein les kritisk gjennom ein serie dobbeltsidige oppslag spreidde gjennom teoridelen. I desse «FORSTÅ-oppslaga» blir dei grafiske moglegheitene godt utnytta, med merknader som heng tydeleg saman med ulike element i dei undersøkte tekstane. Gode illustrasjonar kan betre enn hundre ord syne kva som kjenneteiknar god kritisk lesing.

Grip teksten vg1 omslag

Også Grip teksten har solide gjennomgangar av kritisk lesing og kjeldekritikk. Mellom anna viser lærebokforfattarane korleis ein kan lese ein av Greta Thunbergs talar på ein kritisk måte ved hjelp av omgrep frå retorikken. Kuriøst nok manglar Grip teksten eit oversyn over eigne kjelder nettopp i kapittelet om kjeldekritikk. Elles er tekstelementet kjeldeliste på plass hos alle dei nyutvikla lærebøkene i norsk for Vg1.

Politisk korrekte tekstar

Kva sakprosatekstar blir løfta fram gjennom dei integrerte tekstsamlingane til sist i lærebøkene? Skal ein lokke Vg1-elevane til å lese sakprosatekstar, kan det vere eit pluss at tekstane ikkje er for gamle, og norskbokforlaga veit at nye tekstar i tekstsamlinga er eit godt salsargument. Til saman byr Appell, Grip teksten, Moment og Intertekst på meir enn 70 sakprosatekstar i tekstsamlingane. Alle desse tekstane høyrer dette hundreåret til, og halvparten av dei er skrivne etter 2017. Det aller ferskaste utvalet har Grip teksten, for der er ingen av sakprosatekstane meir enn fem år gamle. Så kan ein spørje seg om dei tekstane som verkar ferskast no, også er dei som tapar seg mest dei næraste åra.

Ein vanleg kritikk mot norskopplæringa på vidaregåande er at elevane møter altfor korte tekstar, både gjennom lærebøkene og gjennom dei tekstsetta som følgjer skriftleg eksamen. Standardlengda på dei tekstane som no har fått plass i tekstsamlingane, er på mellom to og tre tekstsider. Då er det kanskje ikkje så overraskande at Aftenpostens SI;D-spalte er den vanlegaste publiseringsstaden. Kvar sjuande sakprosatekst er henta herfrå. Tre forlag har brukt Agnes Nordviks artikkel «Sjære gamliser, denne er til dere», om sj-uttalen som spreier seg.

Brukar elevane tekstsamlingane aktivt, får dei også smakebitar frå lovpriste sakprosabøker. Både i Intertekst og Grip teksten er Åsne Seierstad på plass med To søstre. Gyldendals Appell har utdrag frå Marte Spurklands Klassen, frå Ståle Øklands Operasjon Gamma og frå Havboka av Morten Strøksnes. I Moment finn ein utdrag frå Mitt liv av Kjetil Østli og Lars Monsen, og frå Sigrid Sollunds Hersketeknikker. Ikkje i nokon av lærebøkene er utdraga spesielt lange, men elevane får i det minste høve til å smake på tekstar som dei kanskje får lyst til å lese vidare på. Skal elevane bli godt budde til studium på høgskular og universitet, er det likevel viktig at norsklærarar serverer elevane tekstar også frå andre kjelder.

9788211031082

Norsklæreplanen har formuleringar om sentrale verdiar og gir nokre rammer for det tekstutvalet som forlaga gjer. At elevane etter Vg1 skal «kunne reflektere over hvordan tekster framstiller møter mellom ulike kulturer», syner igjen på ulike måtar i lærebøkene. Slik denne meldaren oppfattar tekstutvalet, utmerker Intertekst seg med mange politisk korrekte tekstar med klart positive haldningar til miljøvern, homofili, feminisme og det fleirkulturelle samfunnet. Alle forlaga slepper til mange forfattarar som ikkje har hundre prosent norsk bakgrunn, særleg ofte sakprosaistar som Nancy Herz og Abid Raja – og prosalyrikarar som Yahya Hassan og Sandeep Singh.

Berre Moment bringar ein tekst som lett lar seg plassere på høgresida i politikken. Det høyrer likevel med at Christian Tybring-Gjeddes spørsmål om kva som er norsk kultur, får følgje av Hadia Tajiks kontante svar. Eit norskfag som mange elevar oppfattar som keisamt, kunne ha blitt gjort rikare om elevane oftare møtte tekstar med uventa og provoserande innhald. Livsvisdomen som ofte blir framelska gjennom tekstoppgåver og eksamensoppgåver, passar ikkje alle – og kanskje gutane mindre enn jentene. Skal ein gjette på kva tekstutval som appellerer mest til gutane, er det vanskeleg å styre utanom Appell: Der finst gode tekstar om andre typar kulturmøte, om fotball, organdonasjon, Forsvaret og haifangst. Og der finst den alltid provoserande Sanna Sarromaa med meiningsytringa «En nasjon av dyslektikere».

Verken i kvantitet eller kvalitet er det veldig stor forskjell på den sakprosaen som finst i dei ulike tekstsamlingane. Tekstane er korte, men verkar rike og gode. Ikkje minst heng tekstane godt saman med fagstoffet og oppgåvene i teoridelen av bøkene, slik at arbeid med tekstane vil gi djupare læring. Samanliknar ein dei norske lærebøkene med tilsvarande utanlandske lærebøker, legg ein fort merke til at dei norske utmerker seg ved å droppe linjenummerering i tekstsamlinga. Der elevar i andre land enkelt kan referere til ord og formuleringar, må norske elevar vere meir omtrentlege. Kanskje kan ein håpe at slike detaljar kjem på plass i dei komande Vg2- og Vg3-bøkene?

Ei god investering

Samla sett kan det verke som om Moment og Grip Teksten først og fremst vender seg til dei fagleg sterke elevane som gjerne les læreboka på eiga hand, medan Intertekst og Appell i større grad er avhengige av eit samspel med norsklæraren og med andre kjelder for å kunne fungere optimalt. Noko av det beste med dei fire bøkene er at dei så godt får fram den sterke samanhengen mellom lesekompetanse og skrivekompetanse i norskfaget. Så får ein berre håpe at skulane har råd til å kjøpe inn nye lærebøker, slik at elevane på ein endå betre måte kan utvikle seg til å bli gode lesarar og skrivarar.

Litteratur

Appell. Norsk Vg1 SF. Av Pål Fredrik Børressen, Anne Lise Jomisko, Ida Carine Longva, Jon Olav Sørhaug og Ingeborg Aasbrenn. Gyldendal (2020)
Grip teksten. Norsk Vg1. Studieforberedende utdanningsprogram. Av Mads Breckan Claudi, Elisabeth Solberg Holm, Endre Brunstad, Agnete Andersen Bueie, Elin Aaness og Sigrun Bones. Aschehoug Undervisning (2020)
Intertekst. Norsk Vg1. Studieforberedende (2. utgave). Av Harald Eriksen, Karen Marie Kvåle Garthus og Anne-Marie Schulze. Fagbokforlaget (2020)
Moment Vg1. Norsk for studieforberedende. Av Lars August Fodstad, Martin Minken, Audhild Norendal, Camilla Gudundsdatter Magnusson, May Lånke, Tor Ivar Østmoe, Marte Blikstad-Balas, Ole Hjortland og Pål Antonsen. Cappelen Damm (2020)
Utdanningsdirektoratet: «Hva er gode læremidler?» (2020) https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/laremidler/kvalitetskriterier-for-laremidler/

Øystein Jetne (f. 1971) er norsklektor ved Ullern vgs og lærebokforfattar. Han har vore med på utvikle nasjonale og internasjonale leseprøver.