Ein vev av løgner

24.04.2015

«Det finnes ikke noe en avhører kunne si til meg som ville være nytt. Jeg har hørt alle variasjoner.» Då mauritanske Mohamedou Ould Slahi skreiv dette i isolat i fangeleiren på Guantánamo sommaren 2005, hadde det gått snart fire år sidan novemberdagen då han vart henta av etterretningsoffiserar i heimen sin i Mauritania og teken bort, i ein alder av tretti år.

Sidan den gongen har han sete i fangenskap. Det har gått ti år sidan han skreiv dagboka si, som etter lang juridisk kamp vart publisert på engelsk og i ei rekkje omsetjingar i januar i år. Slahi er framleis på Guantánamo. «Hver ny avhører pleide å komme opp med de mest latterlige teorier og løgner», fortel Slahi mot slutten av boka, der han skildrar nok eit møte med ein avhøyrar, i det som fortonar seg som ei uendeleg rekkje slike. «Før en avhører åpnet munnen, visste jeg hva han eller hun kom til å si og hvorfor han eller hun sa det», skriv han i Dagbok fra Guantánamo (nå på norsk ved Rune R. Moen).

FEIL MANN, FEIL PLASS, FEIL TID  Kva for teoriar og løgner dreier det seg om? For amerikansk etterretning passa profilen perfekt. Slahi var med i al-Qaida tidleg på nittitalet (på ei tid då dei mottok amerikansk støtte). Han har slektningar som har vore knytte til Bin Laden. Han har budd og studert i Tyskland, slik også tilfellet var med dei som utførte terroråtaka 11. september 2001, og han var i kontakt med ein av desse. Han har budd i Canada, og vart skulda for å ha vore involvert i det såkalla millenniumsplotet, der eksplosiv vart forsøkt smugla over grensa frå Canada for å sprenge flyplassen i L.A. i lufta i 1999. Det er berre det at han ikkje har gjort noko av dette. Slahi var feil mann, på feil plass, til feil tid. Han er sjølve dømet på den amerikanske terrorkrigens systemsvikt, der fangar vert torturerte til å lyge i utmatting, og ein vev av løgner får spele rolla som indisium og bevis, som i neste instans gir grunnlag for meir tortur.

Då Slahi såg mor si i spegelen i bilen som tok han til det første avhøyret i Mauritania, som skjedde nokre veker etter terroråtaka i USA i september 2001, visste han ikkje at det vart siste gongen han såg henne. Ho har døydd medan han sat i fangenskap. Etter avhøyr i heimlandet vart han ført vidare til ein såkalla «black site» i Jordan, ein hemmeleg CIA-base, der han vart sitjande i åtte brutale månader. Så vart han kledd i bleier, lenka fast og fekk ei hette trædd over hovudet, før han vart frakta til luftbasen i Bagram i Afghanistan. Opphaldet der vart kort. Den endelege destinasjonen var Guantánamo.

FANGENSKAPSLITTERATUREN  Dagbok fra Guantánamo kom ut kort tid etter at ein mykje omtalt senatsrapport i desember i fjor baud på nytt innsyn i den omfattande CIA-torturen som har skjedd dei siste åra, ein epoke som vart varsla av visepresident Dick Cheney kort tid etter 9/11, då han sa i ein tale at USA måtte inn i eit skuggeland for å utkjempe krigen mot terror. Uskuldige kunne verte ramma, men alternativet var verre. Slik har retorikken vore, også med Obamas eskalerande dronekrig. Dagbok fra Guantánamo går altså rett inn i den storpolitiske samfunnsdebatten som ei unik ytring frå eit uskuldig offer for krigen mot terror. Det knebla, torturerte enkeltindividet kjem til orde med ei forteljing som vil fylle kvar lesar med både frykt og avsky, og som vil framstå som ein utvitydig og effektiv dokumentasjon av dei ytste konsekvensane av Cheneys og forsvarsminister Donald Rumsfelds villfarne strategiar i åra som følgde terroråtaka i 2001.

Men boka har også kvalitetar som gjer at ho vil verte lesen som noko meir enn dette. Ho representerer unekteleg noko nytt i det vi kan kalle fangenskapslitteraturen: bøkene som konfronterer lesaren med det djupaste marerittet eit menneske kan tenkje seg, nemleg å verte kasta inn i ein vedvarande, tilsynelatande uendeleg isolasjon i einerom, og verte utsett for fornedring og fysisk og psykisk smerte av ein art det er vanskeleg å førestille seg.

DIREKTE FRÅ CELLA  Mange vil nok knyte ein slik tradisjon, om ein kan gjere bruk av det uttrykket for ein slik forpint, framtvinga litteratur, til holocaust-memoarar av forfattarar som Primo Levi og Elie Wiesel. Ein annan klassikar er avismannen Jacobo Timermans skildring av korleis han vart teken til fange og torturert av det argentinske militæret dei siste åra av syttitalet, då han levde i politisk fangenskap i tretti månader. Torturrommet kan vere ein slags berr og ekstrem metafor for forholdet mellom det autoritære styresettet og offeret for det, skreiv forfattaren J.M. Coetzee i 1986 (1).

I Prisoner Without a Name, Cell Without a Number fortel Timerman at han i dei lange månadene han var i fangenskap, ofte tenkte på korleis han skulle klare å fortelje om den smerta han gjekk gjennom som torturoffer. Kvar gong konkluderte han med at det var umogleg: «It is a pain without points of reference, revelatory symbols, or clues to serve as indicators.» (2)

Slahis bok skil seg frå slike bøker på ein avgjerande måte: Ho kjem direkte frå cellerommet. Sjølv om ho er skriven for eit tiår sidan, så er det av eit menneske som er midt i det han skildrar, som ikkje ser tilbake på marerittet, men opplever det.

VITNEBYRDETS KRISE Kva er vel vanskelegare å uttrykkje språkleg enn fysisk smerte? Er det mogleg å kommunisere realitetane i denne smerta til nokon som ikkje sjølv har opplevt henne? I storverket The Body in Pain sirklar filosofen Elaine Scarry inn desse problema, som kan verke uoverstigelege, men som offeret likevel vert tvinga til å forhalde seg til. For om ikkje opplevingane skal forstumme, forsvinne eller forvitre, så må dei verte ytra. Slahis dagbok uttrykkjer eit særleg medvit om dette som gir teksten ein eigen intensitet. Fleire gonger vender han seg direkte til lesaren. For den som har lagt fangenskapet bak seg, er vitnesbyrdet ein uendeleg kamp. «Vitnebyrdets krise» har psykiateren Dori Laub og litteraturvitaren Shoshana Felman kalla dette (3). Det massive traumet lèt seg ikkje teikne ned, sidan evna til å observere og registrere vert sett alvorleg på spel.

Å hente tilbake det ein opplevde, er i seg sjølv ei umenneskeleg påkjenning. Slahi skriv som om han aldri vil kunne få sjansen til, eller makte, å vende tilbake til det han opplever. Om Primo Levi, som skreiv om opplevingane sine og nådde breitt ut med det, vann ein slik kamp eller tapte, står som eit ope spørsmål. Han enda med sjølv å gjere slutt på sitt eige liv, ein aprilmorgon i 1987.

DET UBESKRIVELEGE For den som vert torturert, skriv Scarry, vert verda «redusert til eit rom», og det på ein måte som får sjølve rommet til å fungere som eit slags våpen, i forsøket på å skru verda til offeret frå kvarandre (4). Rommet, stolen, avhøyraren. Situasjonen er nærast for ein populærkulturell klisjé å rekne. Men Slahis bok viser at han er ekte og gruvekkande nok. Skildringane av korleis han finn styrke i å be, eller i å konsentrere seg om å styre tankane sine, er mellom dei sterkaste i boka. Som Timerman skreiv om sin isolasjon, sirklar medvitet til den isolerte fangen etter kvart om små hendingar som får noko monumentalt over seg, som ei fluge som kjem inn gjennom eit vindauge.

Det ein ikkje kan tale om, må ein teie om, heiter det i eit mykje sitert aksiom i Wittgensteins Tractatus Logico-Philosophicus (1921). Forskaren W.J.T. Mitchell har spurt kva som ligg i formuleringa «ikkje kan». Er det at ein ikkje er i stand til, eller at ein ikkje får lov til? For Mitchell byr sitatet på to inngangar til «det ubeskrivelege». Det kan dreie seg om ei manglande evne til å artikulere, ei slik som rammar det traumatiserte torturofferet. Eller det kan dreie seg om eit ytre forbod, der ein «ikkje kan» fordi ein «ikkje får lov».(5)

SENSUR OG FOTNOTER Slahi er ordrik i dagboka si, og ein kan knapt seie at han slit med å artikulere seg, sjølv om han forståeleg nok held tilbake når han skildrar den fornedrande, seksualiserte torturen han har vorte utsett for, prega som han er av offerets særeigne skamkjensle. Det er annleis å skildre noko du nett har opplevt, i harme, enn å skildre noko du må vende tilbake til etter at det har gått mykje tid.

Dagbok fra Guantánamo er sterkare prega av den andre varianten av «ikkje kan». Teksten er nemleg gjennomsensurert av CIA med såkalla «redactions», der små og store delar av teksten er blokka ut med svart. (6) Ta sitatet eg viste til innleiingsvis: «Før en avhører åpnet munnen, visste jeg hva han eller hun kom til å si og hvorfor han eller hun sa det.» Som faksimilen av boksida viser, kan vi ikkje vite sikkert om det stod «eller hun». Det er redaktør Larry Siems’ (velgrunna) gjetting at det var dette Slahi skreiv.

Store delar av Dagbok fra Guantánamo er slik, eit flettverk av blokkerte ord, passasjar og sider, som Siems har brukt store krefter på å tyde, ved å sjekke ulike kjelder. Fotnoteapparatet er umisteleg i denne teksten. Det er her nokre av dei anonymiserte torturistane vert identifiserte, og, like viktig, det er her den feilslåtte torturlogikken avteiknar seg mest tydeleg. Som notane gjer klart, var skuldingane mot Slahi baserte på vitneprov frå torturavhøyr som liknar dei han sjølv vert utsett for. Langvarig isolasjon, smertefull fastlenking, dynking med isvatn, slag mot ulike delar av kroppen, seksuelt misbruk, drapstruslar mot familien og påført søvnløyse – kven hadde ikkje vore viljug til å innrømme kva som helst etter å ha vorte utsett for slikt? Slik går det også med Slahi.

GJENNOM VINDAUGET  Tortur er ikkje oss, sa Obama etter senatsrapporten i desember. Dagbok fra Guantánamo tyder på det motsette. Gjennom fotnotane til Siems viser Dagbok fra Guantánamo at torturen er strukturell og institusjonalisert, og trekkjer nokre viktige linjer. Ein av dei verste avhøyrsoffiserane viser seg å vere fengselsbetjent i Chicago. Nokre vil også hugse at Charles Graner, mannen som var så viktig i Abu Ghraib-fotografia, hadde bakgrunn frå eit fengsel i Pennsylvania. «The photographs are us», skreiv Susan Sontag om bilda frå Abu Ghraib i 2004 (7).  Slahis bok seier også noko skremmande om fengselskulturen i USA.

Kva trur dei amerikanske myndigheitene at dei oppnår ved å blokkere ut eigennamn og liknande frå denne teksten? Inntrykket av eit sjukt system vert ikkje mindre av dei svarte blokkene. Som litterær tekst vert Slahis bok også ståande som ein dokumentasjon av terrorkrigens krampaktige ansvarsfråskriving. Denne strekkjer seg forbi direkte sensur og inn i den omfattande, strategiske bruken av eufemismar. Då det amerikanske justisdepartementet på seinsommaren 2002 fungerte som rådgivar for CIA, forsvarsdepartementet og den sitjande administrasjonen, var det for å pakke inn det Slahi har vorte utsett for, som noko anna enn tortur.

Med dette som bakteppe får Dagbok fra Guantánamo noko endå meir Orwelliansk over seg. Offeret sine ytringar vert blokkerte ut, medan det offisielle språket om det han vert utsett for, druknar i taktiske bortforklaringar. Torturrommet er også ein arena for eit språkleg overgrep. «Avhørsfolk har en tendens til å gå inn i huset gjennom vinduet og ikke døra», skriv Slahi. Sjølv om teksten er inderleg og fortvilt, er han også tidvis prega av ein mørk ironi, ikkje minst når Slahi skildrar den ofte absurde dialogen i torturrommet, som teken ut av Kafka eller Beckett.
IKKJE LANGT BORTE  Dessverre er fangenskapslitteraturen høgst levande, noko ikkje minst Ramin Jahanbegloos memoarbok Time Will Say Nothing. A Philosopher Survives an Iranian Prison, som kom i fjor, også viser. Kjennest skildringane i Dagbok fra Guantánamo fjerne frå vår norske verkelegheit? Vel, dei rykkjer nærare etter senatsrapporten frå desember, som har fått EU-parlamentet til å setje i gang undersøkingar av såkalla «black sites» i Europa – det er vidt kjend at Romania, Polen og Litauen har late CIA gjere bruk av slike. Og som Darius Rejali viste i storverket Torture and Democracy, så gjer mange demokratiske statar bruk av tortur, dei berre maskerer det ved å passe på at det ikkje etterlèt spor. Slahi skildrar fleire gonger i boka si korleis torturistane brukar is til å dempe hevingar og passar på å isolere han og lure han bort når Raudekrossen er på veg.

Tilfellet ville ha det til at eg kom over ein Aftenposten-kronikk av Karl Eldar Evang, frivillig psykolog ved Helsesenteret for papirløse migranter, rett før eg fekk Slahis bok i hendene. Fleire av pasientane Evang har behandla, har opplevt mykje av det same som Slahi. «Felles for mine pasienter er at de har fått avslag på søknad om beskyttelse av Norge», skriv Evang: «De forteller at torturen de har opplevd oftest ikke har blitt fulgt opp og spurt utfyllende om i asylintervjuet, selv om de har fortalt om det. De har ikke fått noen behandling for psykiske plager etter tortur i Norge.»(8) Torturen er ikkje langt borte. Han er her, mellom oss.

 

NOTAR:

(1) J.M. Coetzee, «Into the Dark Chamber: The Novelist and South Africa». The New York Times Book Review 12.01.1986. Artikkelen er å finne på websidene til avisa (nytimes.com).

(2) Jacobo Timerman, Prisoner Without a Name, Cell Without a Number, University of Wisconsin Press, Madison 2002 1981, s. 32.

(3) Shoshana Felman og Dori Laub, Testimony. Crises of Witnessing in Literature, Psychoanalysis, and History, Routledge, New York 1992.

(4) Elaine Scarry,  The Body in Pain. The Making and Unmaking of the World, Oxford University Press, New York og Oxford 1985.

(5) Sjå det femte kapitlet i W.J.T. Mitchell, Cloning Terror. The War of Images, 9/11 to the Present, University of Chicago Press, Chicago 2011.

(6) Når verbet to «redact» kan minne oss om eit ord frå vårt eige språk, «redaktør», er det fordi etymologien til ordet avslører slektskap med «å redigere». Sjølv om det vert brukt til å skildre dei tekstlege inngrepa dei amerikanske myndigheitene har gjort i Dagbok frå Guantánamo og andre dokument som vert frigitt, så vert «redaction» også brukt i andre samanhengar. Det kan også vise til redigeringsarbeid i meir konvensjonell forstand, og er eit nøkkelomgrep i ein noko bortgøymd teologisk, eksegetisk praksis («redaction criticism»).

(7) Susan Sontag, «Regarding the Torture of Others». The New York Times Magazine 23.05.2004.

(8) Karl Eldar Evang. 2014. «Jeg har fått innblikk i torturkammeret». Aftenposten 12.12.2014