«Det er så mykje du aldri kan vite sikkert, men likevel veit.» Orda kjem frå ein som i sine første trettiseks år levde i ei løgn. Ignacio vaks opp som eit av Argentinas mange stolne barn.
Eg har støytt på nok ei livshistorie som sprenger rammene for det vi tenker er mogleg. Eg trur eg har brukt heile livet på å venne meg til sanningssprengande historier, og til å prøve meg fram med handtering og forteljemåte. Lenge handla det om journalistikk, dokumentar og sakprosa, om å tygle forteljingane i presist språk og effektiv dramaturgi. For tida arbeider eg med ei samling biografiske historier frå Latin-Amerika, dei trugar alle med å kaste meg inn i det andre rommet.
For korleis finne språk til eit skuggeland? Fortid er alltid meir enn fakta, men eg har stritta imot, eg har ikkje ønskt å skrive skjønnlitteratur. Da eg skreiv biografien om Sigrid Undset (Dikterdronningen, 2007), var eg rein angst for ikkje å vere vitskapleg nok, og samstundes argumenterte eg for at det fanst fleire måtar å nærme seg gåta Sigrid Undset på. Det var sider ved livet hennar som var underfortalt, eg ville innanfor det stivna monumentet, bortanfor femhundrelappen.
Men eg var så konservativ og strengt kjeldekritisk at heller ikkje anekdotar fekk plass utan kryssjekk. Ja, eg lét henne stå der og henge over min bøygde rygg, stirande med tungt og strengt blikk på bokstavane mine. (Først seinare skjønte eg at alle eigentleg ønskte seg ei real sladrehistorie, gjerne ei rein skrøne eller ei god lygarsoge.) Spøk til side, Undset burde ha inspirert meg, det er ho som har sagt at «sanning er meir enn fakta», i sitt forsvar for den historiske romanen. Men nei, eg våga ikkje det andre rommet, ikkje med henne.
EIT DØDSLEIE
Først ei god stund etter dette arbeidet (som nesten tok livet av meg) hamna eg i ei historie som tvinga meg til å tenke nytt. Det var eit spørsmål på eit dødsleie i nær familie som utløyste det heile. Historieforteljing i ein familie handlar mykje om det som ein aldri snakkar om. Eg måtte inn i eit skuggeland, både i mi eiga historie og frå den andre verdskrigen, og det måtte bli ein roman. Det stod klart for meg at den historia, den sanninga, eg ville fortelje, sprengde ramma for det dokumenterbare. Å skrive Paradishagen (2011) kjendest som ei dristig utprøving. Det blei også ei oppdaging: Ved å utforske skuggane og hendingar utan klare kjelder kom eg nærare det eg opplever som sant. Denne romanen har også vist seg å avdekke ei historie som ennå ikkje er fortald, og som nå ser ut til å forlange å få kome på trykk – om eg lever så lenge.
Min første roman var nok langt frå perfekt, men har fått meg til å bli sikker på at eg må bli enda dristigare. Eg må våge meir. Da eg skreiv Englestien (2013), var det ingen sjølvbiografi, det var ein roman. Det var einaste måten å utforske dei vanskelegaste romma, dei mest ålmenngyldige menneskelege vilkåra, på.
Kva er så biografisk sanning? Eg spør meg ofte om eg har gjort Lise Lindbæk sannare med mi kjeldekritiske framstilling av henne, ho kunne også ha fortent ein roman. Og er det slik at Sigrid Undset nå nærmar seg den plassen ho burde ha i vår felles minnebok, etter det nye kjeldematerialet eg fann? Det er ei lita glede, om enn også lettare urovekkande, at begge er hamna i 60 damer du gjerne skulle møtt – Norsk kvinnehistorie for deg som har det travelt (Jenny Jordahl / Marta Breen)! Men mest glede, fordi dei får stå der og utfordre oss, Sigrid Undset med sitatet: «Tenkning er en sport for de uredde alene.» Eg håper i det minste at eg har utvida den biografiske sanninga om Undset ved å gjere bildet av henne skarpare, gjere henne meir farleg. Men får ein godt nok fram den grensesprengande personen i ein kjeldekritisk biografi?
TRONGT OG KVELANDE
Har Trotzig skrevet min selvbiografi? spurde Hanne Ørstavik nokså retorisk i eit essay med overskrifta: «Hvorfor jeg ikke skriver selvbiografiske romaner.» Ho kjende det trongt og kvelande stadig å bli tolka sjølvbiografisk. Derimot kjende ho seg igjen i 1700-talskvinna i romanen Dykungens dotter av Birgitta Trotzig.
Eg har sagt det same om Inger i Roy Jacobsens De usynlige og Blått hav. Han skriv om meg, eg kjenner meg som Inger når eg les bøkene. Det er slike faktorar vi bør la oss inspirere av, skildringar som biografisk eller litterært gir fleire opne rom og luft til ulik lesing og tolking.
Men skal eg kalle det ei skulding når fleire ser granskande på meg og seier etter å ha lese Lise Lindbæk-biografien: Du skriv vel mykje om deg sjølv? Eller når sambuaren ser krast på meg og seier at eg for f… er litt av ei Undset? Spørsmålet om kor mykje vi legg av oss sjølve i ein biografi, har ikkje noko klart svar, all skrift er prega av handa som held pennen. Innleving og gjenkjenning er det vi alle kjempar med, vi som skriv sakprosa og skjønnlitteratur. Vi bruker alt vi har av erfaringsbakgrunn og tileigna kunnskap. Det handlar om å nærme seg eit menneske utan å øydelegge det, gjere det mindre, stenge det inne i kalde fakta eller eigne innskrenkingar. Men å nærme seg eit anna menneske er jo også å møte seg sjølv. «We don´t see things as they are, but as we are» (Anáis Nin), er ei erkjenning vi må ha med oss.
Skifte av synsvinkel kan også vere frigjerande. Det oppdaga eg i arbeidet med romanen Maleren om Anders Castus Svarstad, kanskje mest kjend som Sigrid Undsets mann. Mine funn rokka ikkje ved det bildet eg har formidla av Undset, men gav større innsikt, både i hennar litterære prosjekt og i den klartsjåande antifascisten ho var. Svarstad, derimot, var noko heilt anna.
MERKVERDIG SKJEBNEDRAMA
Kva har så forma mitt bilde av Svarstad, og kvifor måtte det bli roman? Metodisk har arbeidet ofte arta seg som biografisk forsking, sjølv om mange brev er brende og mine viktigaste munnlege kjelder er døde. Eg forstod tidleg i arbeidet at eg måtte nærme meg Svarstad på ein måte som sprengde ramma for den kjeldebaserte biografien. Eg visste etter alle desse åra så mykje, mykje meir enn det objektivt dokumenterbare. Svarstads merkverdige skjebnedrama kunne berre nærme seg sanninga i ein roman. Eg utvida metode og kjeldejakt med å gå systematisk inn i tekst og uttrykk frå andre kunstnarar som påverka Svarstad eller var samtidige med han, og dessutan jakte på eit skjønnlitterært uttrykk som målaren fortente.
På ei av mine mange researchreiser til Paris, som var Svarstads andre heimby, ville tilfellet at eit sitat av Einstein flimra over skjermen: «Kunnskapen vår er avgrensa, førestillingsevne må til for å fatte verdas storheit og omfang.» Det blei meir ved på bålet. Eg måtte kaste tankens snøre ut på djupet. Så heiv eg meg på den ville hesten, eg var klar til å ri meg bort i ukjende skogar og til dei bilda som kom.
Og slik var det han til slutt kom vandrande inn til skrivekleven min i fjellet, denne forunderlege Anders Castus Svarstad. I starten protesterte han på lange strekk, det blei mange sider til papirkorga. På ettervinteren i fjor starta eg på nytt, han som så hånleg blei kalla Castus fra Kampen, var veldig motvillig og gjerrig med anerkjenninga. Og det var mykje mørke og skugge der eg leita etter ei sanning. Den biografiske ramma rundt forteljinga er i samsvar med fakta, men eg har skrive som om eg var fluge på veggen i rom der eg naturleg nok aldri var.
Det handlar om å kome fram til dette andre rommet, dette vi kjenner på og veit er der. Eg starta med å sitere Ignacio, som nå har fått tilbake til sitt verkelege etternamn: «Det er så mykje du ikkje kan vite sikkert, men likevel veit.» Så må ein finne verktøyet for å formidle dette ein veit. Å vise gjennom scener at det finst noko som ikkje alltid er opplagt eller i samsvar med vedtatte «sanningar».
Det blei viktig for meg å utforske denne mannen, også fordi eg aldri blir ferdig med å lese Undset, det finst alltid nye rom å oppdage. Med romanen Maleren ville eg at lesaren skulle sjå ein mann, ein kunstnar, som var meir enn den ofte så demoniserte, nesten gløymde, kunstmålaren Svarstad. Eg ønskte å skape ein roman om ei dramatisk livsreise, om kampen for kunst, kampen for kjærleik, som også å kunne seie noko ålmenngyldig om mennesket og våre drivkrefter. I beste fall utvide forståinga av eit kjempande liv.
GJENSIDIG LYS
«Frihetsarven» kalla Sara Stridsberg nyleg arven etter Selma Lagerløf. Ho skriv om den håplause oppgåva det er å skulle få auge på forfattaren bak verka, og likevel finst det ein fridom. «Å skrive er en frihet som ikke ligner noen annen frihet» (Klassekampen, 27.08.16). I den stemmerike forteljinga om Valerie Solanas i romanen Drømmefakultetet har Stridsberg på meisterleg vis framstilt ekstremfeministen som blei mest kjend for å ha skote Andy Warhol. Litterært fantaserande og gneistrande sprenger Stridsberg rammene for både portrett og biografi.
Bør vi kanskje operere med ei tredje sanning, slik den spanske forfattaren Javier Cercas hevdar? Han viser til Aristoteles’ skilje mellom historiefaget, der det handlar om faktiske hendingar, konkrete og spesifikke, og diktekunsten (poetikken), der sanninga kan vere moralsk, abstrakt og universell. I beste fall kastar dei to formene for sanning gjensidig lys over kvarandre og gir ei lags tredje sanning, meiner Cercas.
Kan ein slik tredje kategori ha noko klargjerande ved seg også for biografiske forteljingar? Eg veit ikkje, å skrive er det motsette av å vere skråsikker. Å seie noko sikkert og endeleg om forholdet mellom fakta og fiksjon, er som å fange ein fisk med hendene, var det ein som sa i vår eviglange debatt om sjanger. Kanskje er det på høg tid at vi frigjer oss frå den moraliserande peikefingeren som blir svinga over ein forfattar som skriv seg inn i eit anna liv utan å velje ein bestemt sjanger eller vitskapleg standard. Vi er vel der nå at vi erkjenner at ei litterær skildring også kan bli sannare enn livet. På sitt beste.
Kva eg gjer med mitt flettverk av latinamerikanske biografiar, veit eg heller ikkje sikkert. Den ville hesten prøver seg i litt ulike retningar og bykser i tyglane, eg strittar framleis imot. Men eg står jo alt på gyngande grunn og kjenner at eg bør våge rittet inn i det andre rommet, på ein eller annan måte.
Kva så med den særnorske sjangersjuka, insisteringa på det absolutte skiljet mellom sakprosa og skjønnlitteratur? Kravet om klare merkelappar herjar med oss, men har kanskje mest med revir å gjere, ein slags stillingskrig mellom Den norske Forfatterforeningen og NFFO. Noko eller nokon har gått ut på dato her, og det er neppe dagens litteratur. Den er nyskapande og sjangeroverskridande. Men merkelappar treng vi framleis når vi skal søke om pengar til bøkene våre, eller få støtte frå Kulturrådet.
Slepp oss fri, seier eg. «Hunder bjeffer, folk forstyrrer, penger må tjenes, helsen svikter», sa Virginia Woolf. Også til inspirasjon.
Sigrun Slapgard (63) er journalist og forfatter.