Sjølvbiografien er viktig – men ikkje nok

30.03.2022
Merete røsvik ilja c hendel

Sjølvbiografien er ein viktig sjanger. Men uansett kor ærlege skribentane er, gir dei oss redigerte versjonar av livet basert på sjølvforståing og eigne interesser.

Når eg skriv dette, er det snart tre veker sidan Russland invaderte Ukraina, og alle medium er fulle av hjarteskjerande nyhende om krigshandlingane og situasjonen for ukrainarane, både dei som må kjempe mot overmakta, og dei som må forlate alt. I ein så trist og skummel situasjon kan Prosas temanummer om biografi verke lite relevant. Men ein skal ikkje lese mange aktuelle biografiar før det blir det tydeleg at krig og krigstraume har prega livet til mange som lever i Noreg i dag.

Andre verdskrigen er framleis viktig. I dette nummeret finn du Thomas V.H. Hagens melding av Tore Rems to første bind av biografien om Olav V. Meldaren er spesielt oppteken av skildringa av krigsåra 1940–45 som formative for den seinare så folkekjære kongen. Han ventar seg meir om krigen også i tredje bind «fordi krigen jo som kjent aldri tar slutt». Eit døme på akkurat det finn vi i Marianne Egelands artikkel: Ho skriv om korleis sjølvbiografiar av overlevande frå konsentrasjonsleirane vart ein sjanger med eigne normer som får tilbakeverkande kraft ved lesing av eldre verk.

Epigrafen i Leif Ekles biografi om mora Olga får ein ekstra dimensjon når det igjen er krig i Europa: «Everybody counts, or nobody counts.» Han skildrar (mellom anna) kvardagsliv under andre verdskrigen slik det arta seg for ei vanleg kvinne i arbeidarklassen. Meldar Johanne Elster Hanson kommenterer prosjektet med eit sitat frå den halvt kviterussiske, halvt ukrainske nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj’ Krigen har intet kvinnelig ansikt. Aleksijevitsj vart også vist til i omtalen av to bøker med flyktninghistorier i førre Prosa-nummer – ei sterk påminning om at det også i vår tid finst ei mengd av lite påakta krigslagnader.

Difor er det bra at barn av flyktningar frå krig har blitt tydelege stemmer: I perioden 2020–2021 har Nancy Herz, Yohan Shanmugaratnam, Layal Janet Ayoub og Lara Rashid fortalt om denne delen av familiearven og møtet foreldra deira fekk med Noreg. Bøkene til dei to sistnemnde skulle ha vore omtala i dette nummeret, men fordi skribenten erfarte at den krigen han sjølv flykta frå, kan gjere kvardagen utrygg også i Noreg, måtte bokessayet utsetjast. Ein annan planlagd tekst vart trekt av skribenten fordi den politiske situasjonen no utviklar seg så raskt at perspektivet brått verka lite relevant.

Sjølv om sjangerkrav kan forandre seg og analysar gå ut på dato, har den sjølvbiografiske forteljinga ein sterk appell som kan stå seg og til og med bli sterkare med tida.

Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne 2021 gjekk til Liv Køltzows Dagbøker i utvalg 1964–2018, redigert av Kaja Schjerven Mollerin og Hans Petter Blad. Det er fjerde gongen på fem år at sjølvbiografisk sakprosa stikk av med denne prisen: Som Køltzow har også dei tidlegare vinnarane Anne Bitsch (2017), Jan Grue (2018) og Bjørn Hatterud (2020) skrive svært godt om sine særeigne utgangspunkt og erfaringar. (Eg sat sjølv i juryen som gav Grue Kritikarprisen for beste sakprosabok for vaksne 2018.)

Kjendisbiografiar har lenge vore populære, men dei har fått ein litt annan funksjon i eit meir mangfaldig Noreg. Boksuksessane til Abid Raja, Kadafi Zaman og Ella Marie Hætta Isaksen har sams med fleirtalet av dei alt nemnde utgivingane at forfattarane representerer minoritetar i samfunnet, samtidig som dei er personlegdomar med unike eigenskapar og historier. Å lese om dei høgst ulike kampane forfattarane har stått i, gir høve både til identifikasjon, til fellesskap på tvers av forskjellar og til å bu seg mentalt på kriser som kan kome.

Sjølvbiografien er altså ein viktig sjanger for tida. Men uansett kor ærlege skribentane er, gir dei oss redigerte versjonar av livet basert på sjølvforståing og eigne interesser. Dei må supplerast av kjeldekritiske og drøftande verk med blikk for dei store samanhengane. Prosa vil difor oppfordre framtidige juryar for Kritikarprisen for sakprosa til å løfte fram breidda i feltet. Velformulert presentasjon av ny kunnskap, skarpe analysar, samfunnskritisk gravejournalistikk, solid kjeldearbeid og nye perspektiv på historia er sakprosakvalitetar som også fortener heider og ære.