Svar til Friis Nilsen

10.12.2021

At Hamsun fekk eit stort publikum, også blant venstreorienterte, er ikkje meir merkeleg enn at reaksjonære forfattarar som Balzac og Dostojevskij blir beundra og studerte av både marxistar og konservative.

Håvard Friis Nilsen hevda i Prosa #3 2021 at Hamsun «åpenbart (var) en del av det radikale litterære miljøet i Europa», og også i sitt svar til meg i #5 2021 held han fast på at «en sterk fører for folket er svært viktig i den republikanske tradisjonen for folkestyre», og at den dermed var ein inspirasjon for nazismen.

Da kan det vere grunn til å spørje kva for ei borgarleg politisk rørsle som i minst grad hadde ein kime til nazisme i seg, om ikkje nettopp denne radikale republikanismen. På ein like abstrakt og lemfeldig måte kan ein lett finne tilløp til fascisme i konservativ tenking, i sentrale familieverdiar som Kinder, Küche, Kirche. Jamfør også sympatien for fascismen i konservativ presse i 30-åra.

I Norge hadde den radikale republikanismen sin viktigaste politiske organisasjon i partiet Venstre. Ifølgje Nilsens teori burde da dette partiet vere det som stod fascismen nærast. Men kva er da empirien som støttar ein slik tese? I tillegg til urbane høgreradikale miljø var det primært storbondefløya av Bondepartiet, med Quisling i spissen, som rekrutterte til norsk nazisme. Friis Nilsen bør også merke seg at fascismen oppstod i land med svak republikansk og demokratisk rørsle. Den nasjonale einskapen blei både i Italia og Tyskland bringa fram i ei reaksjonær form, monarki og prøyssisk bonapartisme (Bismarck).

Hamsun var heller ikkje, same kor mykje Friis Nilsen insisterer på det, representativ for «radikale» litterære miljø eller republikanismen. Han var monarkist på sin hals (jf. for eksempel Taler på Torvet II, s. 14). Politisk er han i tråd med Nietzsche-tradisjonens aggressive haldning til demokrati og sosialisme. Det var Hamsun som i si beundring for diktarhøvdingen Bjørnson laga førardyrking til fordel for eit einmannsdiktatur («den store terrorist»), ikkje Bjørnson sjølv, som representerte parlamentarismen.

At Hamsun fekk eit stort publikum, også blant venstreorienterte, er ikkje meir merkeleg enn at reaksjonære forfattarar som Balzac og Dostojevskij blir beundra og studerte av både marxistar og konservative. I all sin galskap har Hamsun på sitt vis levandegjort ein heil historisk epoke i norsk historie. På sitt beste var han genial, og dei pittoreske portretta av ulike nordlandssamfunn har også sjarmert mang ein søring, og ikkje berre innbyggarane i «noen kommuner i Nordland», som Friis Nilsen innbiller seg at eg skal ha meint. Hamsun trekker også vekslar på den stadig levande tverrpolitiske arven etter Rousseau, den fascinerande ideen om ei enkel, naturleg (og småborgarleg) livsform. Heller ikkje dette, som Hamsuns verk elles, har noko med det spesifikt nasjonale eller republikanske å gjere.