Norge sett fra havet

17.02.2015

Eit storverk om Norges kyst- og fiskerihistorie er eit viktig tilskott til både den økonomiske og mentalitetshistoriske forståinga av landet vårt.

Nils Kolle (hovedred.)
Norges fiskeri- og kysthistorie, bind 1–5
Fagbokforlaget 2014

Kystbuen her til lands har vore flink til å dyrke fram mytar om seg sjølv. I ein av dei viktigaste har han sett seg sjølv i offerrolla: Den første store helten i norgeshistoria er odelsbonden, deretter kom industriarbeidaren. Strandsitjaren som dreiv fiske og fødde to sauer og ei ku, kom luskande etter med lua i handa. Heller ikkje etterkommaren hans, den profesjonelle fiskaren, har fått sin rettmessige plass i det nasjonale minnet, trass i at han driftar landets viktigaste næring.

Satsinga på Norges kyst- og fiskerihistorie skulle ein tru var eit hardt slag mot denne myten, i alle fall etter kvantifiserbare mål. 25 forfattarar frå historikarmiljø ved universitet, høgskular og museum frå Bergen i sør til Tromsø i nord har brukt 20 årsverk på å forfatte fem bind, og prosjektet har ei kostnadsramme på 40 millionar – truleg norgesrekord for eit bokverk. Finansieringa kjem frå departement og eit utal bankar, næringsorganisasjonar og fiskeribedrifter.

OVERRASKANDE SIDESPRANG
Mange har altså lagt pengar og arbeid i kyst- og fiskerihistoria, og dei vitskaplege ambisjonane er høge. Det betyr ikkje at verket er vanskeleg tilgjengeleg. Tvert om, språket er gjennomgåande lett i forma, rimeleg reinska for unødvendige framandord og faguttrykk, teksten er høveleg inndelt med underkapittel, og sidene er luftige med fine fargebilete på dei fleste oppslaga. Innimellom finn vi pedagogiske rammetekstar og figurar. Trass i dei mange bidragsytarane, eller kanskje snarare på grunn av dei, har redaktørane klart å halde på ein felles struktur over meir enn to og eit halvt tusen sider. Dei har jobba grundig.

Rett nok gjer enkelte av forfattarane overraskande sidesprang. Til dømes går Hein B. Bjerck med utilslørt moralsk indignasjon til rettes med den negativt lada bruken av ordet «steinaldernivå» i norsk språk. To sider med samtidskritikk frå ein arkeolog i eit slikt verk verkar litt forvirrande, men samtidig er det godt å sjå at vitskapsfolk somme tider røskar i faglenkene sine og syng ut. Somme stader har dei også slått seg laus med slagferdige mellomtitlar, som «Aldri mer 18. april!» og «Til laks åt alle kan ingen gjera».

NORGE = KYSTEN
Kysthistorikarane minner oss om at kysten, Nordvegen, er det opphavlege Norge. Her budde og bur mesteparten av folket, og det var kysten som først blei samla til eitt rike. Det var i leia handelsrutene gjekk, og det var langs kysten det først kom byar. Lofotfisket var det første verkeleg store kommersielle fisket i Nord-Europa, men kulturen for handelsfiskeri etter torsk spreidde seg raskt både nordover og sørover langs kysten. Tørrfisken var den viktigaste norske eksportvara gjennom mange hundreår. Seinare blei trelast og sild store kystnæringar.

Kystperspektivet går aldri heilt tapt i verket, men etter kvart som vi nærmar oss vår eiga tid, blir vekta lagd stadig meir på fiskeria. Næringsutvikling kjem framfor overordna samfunnsendringar. Prioriteringa er klår: Økonomiske samanhengar er dei viktigaste og kjem først, mens skildringar av kulturelle og sosiologiske trekk er tilviste plass i dei siste underkapitla innanfor kvar epoke. Perioden 1815–80 tek til dømes til med vil forblive Norges vigtigste Guldgrube og sluttar med Tru, livssyn og tenkjemåtar.

Dette er likevel ikkje så sjølvsagt som det kan høyrast ut til. Den såkalla kulturelle vendinga i samfunnsvitskapane har gjennom dei siste tiåra sett solide spor i historiefaget i Norge. Kyst- og fiskerihistoria viser at det nye mentalitetshistoriske analyseapparatet endå ikkje har overkøyrt det materialistiske, som framleis er i god stand.

ALLE SKAL MED
Liksom i andre moderne norske historieverk har tidlegare anonyme grupper fått sin solide plass i kyst- og fiskerihistoria. Sjøsamane, næringsgrunnlaget deira og forholdet til det norrøne/norske samfunnet er eit stadig tilbakevendande tema. I kapitlet om tidleg mellomalder får vi høyre korleis det samisk kystjordbruket utvikla seg, og at sjøsamane truleg deltok i dei kommersielle fiskeria. På den andre sida var det eit djupt kulturelt skilje mellom samar og nordmenn som førte til at direkte samkvem var vanskeleg. Utover på 1600-talet blei sjøsamane pressa på fleire frontar, både av norsk ekspansjon nordover og av fjellsamar som utvida reinbeita sine. Men sjøsamane har teke att ein del av det tapte i vår eiga tid. Med nyvunne medvit som urfolk og med ei av sine eigne, Helga Pedersen, i førarsetet i Fiskeri- og kystdepartementet fekk dei mellom anna eigne særskilde fiskekvotar.

Også kvinnene er med. Vi blir stadig minte om at fiskeria ikkje berre kravde innsats på havet. Fiskarkvinnene stelte heime mens mannen og dei eldre sønene var fråverande på fiske, ofte i veker og månader om gongen. Fiskarbonden var ikkje ein person, men to, skriv Alf Ragnar Nilsen. Åsa Elstad peikar på at jordbruk og husdyrhald var eit sikringsnett for fiskarhushalda. Fisket var for usikkert til at ein kunne satse berre på det. Men mannfolka fekk ikkje drive fiske heilt åleine. Kvinner som drog garn og liner, var eit vanlegare syn før motorbåtane sin tidsalder.

Dessverre er kjønnsperspektivet nokså fråverande når vi kjem inn i den moderne tida. Ingen av forfattarane tek til dømes føre seg kva som hende når det offentlege apparatet skulle byggjast ut i kommunar der mennene var vekke mykje av tida. Her er det freistande å minne om at Utsira og Solund hadde Norges høvesvis første og tredje kvinnelege ordførar. Og kva gjorde kystkvinnene då talet på fiskarar sokk dramatisk i andre halvdelen av 1900-talet? Den kjønnshistoriske forskinga ser ut til å drøvtygge dei gamle perspektiva frå 1970- og 1980-talet, og det er nok lite fornying å vente når 23 av dei 26 forfattarane er menn.

LATE NORDLENDINGAR?
Det er vanskeleg å finne direkte motstridande meiningar blant forfattarane, dei ser ut til i stor grad å byggje på kvarandre og elles halde seg lydig til sine tildelte periodar og tema. Døyelege stikk mot andre laugsfolk er verket derimot ikkje fritt for. Ikkje overraskande er det økonomihistorikarane som hissar seg opp over kulturforskarane, kommunikasjonen mellom desse felta går gjerne i God dag mann-økseskaft-tone. Med tydeleg ironi innleier Edgar Hovland, Anders Haaland og Årstein Svihus kapitlet «Silde-Norge og Torske-Norge» slik: «Hos de mest dristige i historikerlauget går skillet et sted på Møre-kysten mellom de initiativløse, lite tilpasningsdyktige og sterkt statssubvenerte torskefiskerne i nord og de kvikke, ‘la oss tenke nytt og ukonvensjonelt og satse’-sildfiskerne i sør.» Deretter brukar dei ein fotnote med 97 ord(!) på å forklare at det er Jan Vea og hans To kulturer dei vil til livs, men at dei ikkje har plass til å dissekere boka grundig nok. Dermed har dei dessverre kvelt det som kunne bli ein interessant debatt, i fødselen.

Diskusjonen finn vi likevel att fleire andre stader i verket. Karl Egil Johansen uttrykkjer seg meir moderat, men er samtidig meir utfyllande i sin kritikk av Vea. Han peikar på at det har vore periodar både med usikkert torskefiske og med sikkert sildefiske. Dessutan har torsken til tider vore viktigare enn sildefisket i Møre og Romsdal, som er det største fiskerifylket på Vestlandet, samtidig som sildefisket har spela ei viktig rolle i Nord-Norge.

FRITT FISKE?
Historikarane lærer oss at det har vore kamp om ressursane i havet til alle tider. At fisket var fritt for alle i «gamle dagar», er langt på veg ein myte. Alan Hutchinson skildrar korleis private rettar til havet vart praktisert tilbake på 1600- og 1700-talet. I Øygarden utanfor Bergen praktiserte dei til dømes eit system med fisketeigar 7–8 km til havs fram til tidleg i 1950-åra, der kvar teig sokna til særskilde gardar. Det ser ut til at det i eldre tider først og fremst var dei høgare styresmaktene som heldt fast på prinsippet om fritt hav.

Mens staten var ein pådrivar for å gjere fiskeria friare på 1800-talet, er biletet heilt motsett når det gjeld den nyaste tida. Havforskaren gjekk frå å vere «jakthund» og hjelpesmann for fiskarane til å bli «vakthund» og reguleringsstyresmakt etter dei økologiske krisene med kollaps i silde- og torskebestanden på slutten av 1900-talet.

Det siste bindet i den kronologiske delen av kyst- og fiskerihistoria, «Havet, fisken og oljen», viser korleis stramme kvoteordningar saman med teknologiutvikling og nyliberalistisk økonomisk politikk har ført til ein stadig sterkare maktkonsentrasjon i fiskerinæringa, med såkalla kvotebaronar som sopar inn pengar frå den tidlegare allmenningen. Men i boka kjem det godt fram at biletet langt ifrå er svart-kvitt, til dømes hadde fiskeriminister Svein Ludvigsen støtte frå Fiskarlaget og fleire andre fagforbund då han innførte evigvarande kvotar i 2006. På den andre sida sprakk Fiskebåtredernes Forbund fordi mange medlemmer ikkje ønskte å høgne kvotetaket lenger. Vi er framleis midt i denne krigen om flåtestruktur, og forfattarane møter det klassiske problemet når dei skal skrive eit historieverk heilt fram til notida: Vegen vidare er ukjend og kan fort ta ei anna retning.

MEDIERÅDGJEVARAR
Heilt til slutt kjem eit eige bind som tek for seg historia til norsk havbruksnæring. Mens ingen nordmann ville finne på å stille spørsmålet om livsretten til den tradisjonelle fiskerinæringa, er lakseoppdrettarane og deira bransje atskilleg meir omstridd. Kritikarane blir refererte i boka, men Bjørn Hersoug og Edgar Hovland skuldar dei for perspektivløyse ved at havbruksnæringa ofte blir sett isolert og ikkje i samanheng med tilsvarande næringsaktivitet på landjorda, der landbruk, industri og bustadbygging fører til store, irreversible inngrep utan at så mange reagerer av den grunn.

Dei to forfattarane avsluttar boka, oppsiktsvekkjande nok, med å gje næringa fem omdømmeråd for framtida. Sikkert velmeint, men bortanfor alle lærebøker om kritisk distanse til objektet. Samtidig i pakt med vår tid, der medierådgjeving snik seg inn i det meste vi les og høyrer. Og ikkje minst forfriskande, dette er folk som tek tydelege, opne standpunkt om kva som bør skje.

I bind IV skriv Ketil Zachariassen og Pål Christensen at kysten har fått auka nasjonal prestisje dei siste tiåra, blant anna gjennom auka fokus på kystkultur og historie. Dei peikar blant anna på TV-programmet Hurtigruten – minutt for minutt, som fekk 3,2 millionar sjåarar.
Den same merksemda har ikkje fembindsverket om norsk kyst
og fiskerihistorie fått. I media har det vore lite interesse å spore. Ifølgje prosjektet si eiga heimeside er det berre éi landsdekkande avis (Dag og Tid), tre lokalaviser frå Møre og Romsdal og to fagblad som har skrive reportasjar om bokverket.

«Eg hadde rett», høyrer vi kystbuen mumle sårt i skjegget. «Myten er sann. Odelsbonden og industriarbeidaren står framleis i vegen for meg.»

Éin ting står fast: Kystbuen har det med å smørje tjukt på. Derimot er han ikkje fiskar lenger. Han er oljearbeidar, sjukepleiar, barnehageassistent, seljar eller dataingeniør. I vårt høgteknologiske urbane samfunn har ein svært liten del av folket med primærnæringane å gjere. Berre fem promille av alle yrkesaktive nordmenn arbeider med fiske, fangst og akvakultur. Samanhengen mellom kyst og fiskeri er ikkje openberr lenger. Kystfolket er blitt som anna folk, og fisken er ikkje lenger næringsveg, han er berre mat.