Litteraturkritikkens grenseverdiar

31.03.2021

Ordet grenseverdi blir i medisin brukt om verdiane som definerer det normale og kva som er eit akseptabelt nivå av det potensielt skadelege (som kjemikaliar og støy). Grenseverdi som tema for årets andre Prosa viser til både problem og verdiar som oppstår når grenser blir kryssa.

Spørsmål om grensesetting har også prega kvardagen i det året vi no har levd med smitteverntiltak mot korona: Kor kan vi reise, kor mange kan møtast og kva slags aktivitetar kan haldast i gang? Kor mange sjuke kan helsevesenet handtere? Kva grad av nedstenging toler økonomien? Mange nærmar seg grensa for kva dei kan klare, også aktørar i kulturlivet.

Ei undersøking Norsk kritikarlag gjennomførte blant medlemmane i fjor haust, viste at litteraturkritikarane ikkje er blant dei hardast ramma. Sjølv om arrangementsoppdraga er færre, så er lesing garantert smittefri tidtrøyte og etterspurnaden etter bokmeldingar omtrent som før. Men det kan gå mot endå tøffare tider.

Nyleg vart det kjent at kulturredaksjonen i Dagbladet vil ha frilansskribentane til sjølv å foreslå kva bøker som skal få omtale, og samtidig pitche ei vinkling. Oppskrifta på meir klikkvennleg bokstoff var følgjande: Meldaren skal leggje vekt på det oppsiktsvekkjande og sin eigen reaksjon (Klassekampen 02.03.21). Fleire har påpeikt at dette kan gjere det vanskelegare for den lågmælte kvalitetslitteraturen å få omtale. Minst like viktig er spørsmål om kva omlegginga vil gjere med arbeidsvilkåra, rekrutteringa og nivået på kritikken.

Som redaktør ser eg freistinga i å setje ut jobben med å orientere seg i forlagskatalogane for så å kunne velje og vrake blant innsende forslag. Men eg har òg i friskt minne kor tøft det var å satse på litteraturkritikken: Både då eg hadde små born og ein vanleg jobb ved sida av, og då eg seinare prøvde å leve som frilansskribent, hadde eg knapt tid til å lese anna enn det eg fekk betalt for. Eg var garantert ikkje betre orientert enn redaksjonane. Men fordi dei gav meg bøker og tillit, fekk eg gradvis erfaring og overblikk. Vil det vere mogeleg for slike som meg å bli litteraturkritikar i framtida?

Dagbladet-profilane Cathrine Krøger, Jon Rognlien og Marius Wulfsberg har forsvart den nye modellen. Eg tvilar ikkje på at desse erfarne kritikarane vil klare seg i konkurransen om spalteplassen, det er neste generasjon eg er bekymra for. Den arbeidstida redaksjonen sparer, fører til større arbeidsmengde totalt sett fordi kritikarane må leggje inn ein betydeleg ubetalt innsats for i det heile å bli vurdert for oppdrag: Om tre kritikarar pitchar si vinkling på same bok, kan berre éin få oppdraget – eller ingen av dei får det, fordi redaksjonen vel noko heilt anna. Høgare honorar kompenserer berre dei som oftast får tilslaget. Resten vil jobbe meir for mindre pengar.

Sjølvsagt er det greitt og ofte lurt av redaksjonane å ta imot tips frå kritikarane. Somme er ekspertar på eitt felt, ikkje minst dei som har jobb i akademia. Men vi treng generalisten også, frilansskribenten som må skrive om mykje forskjellig for å få nok oppdrag, og dermed får høve til å tenkje og sjå samanhengar på tvers av sjangrar og fagfelt.

Omgrepet grenseverdi minner om at grenser sjeldan er naturgitte og absolutte, dei er uttrykk for vekting av ulike omsyn. Av og til blir dei til i konfrontasjon, andre gongar gjennom så gradvise endringar at det tar tid å oppdage effekten. Det er frå før svært krevjande å etablere seg som litteraturkritikar, og Dagbladets redaksjonelle omlegging er endå eit strå på kamelryggen. Om fleire redaksjonar skulle følgje etter, vil økonomien for frilans- og heltidskritikaren kome farleg nær kritisk nivå. Det må nødvendigvis føre til ytterlegare svekking av vilkåra for grundig, nyansert kritikk.

Debatten vi har sett rundt sakprosa og sakprosakritikk det siste året, skulle demonstrere tydeleg at det siste vi treng er sensasjonsprega vinklingar baserte på førsteinntrykk og kritikarens overaktiverte reaksjonsapparat. Meiningsjournalistikk bør vere basert på ein refleksjonsprosess med rom for å endre meining undervegs. Om bokredaksjonane satsar på å lokke med potetgull til kvar servering, er det ikkje gitt at effekten av fleire lesarar blir den sunne offentlegheita vi ønskjer oss.