Fakta til ettertanke

14.06.2021
Portrett leder

Eg håper i det lengste at den vidare debatten om krigshistoria ikkje vil handle om å felle dommar over historiske og nolevande aktørar, men lære oss å tenkje nyansert om ein periode som var like kompleks som vår eiga samtid.

Diskusjonar mellom meg og den 15 år gamle sonen min endar gjerne slik:

– Du må lære å forhalde deg til fakta, mamma.
– Og kva er fakta her?
– Fakta er at det er eg som har rett.

Trass glimtet i auget illustrerer sluttreplikken ei haldning eg trur er vanlegare enn vi likar å vedgå: Sjølv om vi ikkje alltid kan underbyggje meiningane våre med fakta, kjenner vi oss sikre på at vi har danna oss eit rett bilete av realitetane. Vi legg alle helst merke til informasjon som byggjer opp under det vi alt trur, og unngår det som peikar i ei anna retning. Det er éin av grunnane til at konsulenthjelp og kritikk er så viktig for alle slags publikasjonar.

Årets tredje Prosa har fått temaet «Jakta på fakta» som direkte resultat av den hissige debatten som vart utløyst av Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? Det større bakteppet er at spørsmålet om sanning no for tida blir problematisert og politisert i ein grad det ville vore vanskeleg å sjå for seg for berre få år sidan, tydelegast illustrert av fenomenet konspirasjonsteoriar. Dermed har også meiningsjournalistikken, og måten den tolkar og vurderer hendingar på, blitt viktigare. Begge delar kan du lese meir om i dette nummeret.

Meir bransjespesifikke grunnar til at den profesjonelle, uavhengige faktasjekkaren kan ha ein viktig funksjon, finn du i Kjerstin Gjengedals artikkel om arbeidet med kvalitetssikring i forlagsredaksjonane. Sjølv om både redaktøren, fagkonsulenten og faktasjekkaren jobbar for å fremje god, etterrettelege sakprosa, så har dei òg ulike tilnærmingar og målsetjingar som kan stå mot kvarandre. Redaktørens ønske om ei medrivande historie med tilgjengeleg språk og sterke konklusjonar kan kome i konflikt med faglege krav om detaljnivå og nyansering. Ein fagkonsulent konsentrerer seg normalt om dei store linjene i framstillinga av eit fagfelt, og kan ikkje ta ansvar for at alle detaljar er korrekte. Faktasjekkaren leitar etter feil i årstal, namn, referansar og sitatpraksis, men kan ikkje vite kva informasjon som burde ha vore inkludert, men manglar.

Alt dette er til sjuande og sist forfattarens ansvar, noko som i somme tilfelle kan vere ganske overveldande. Nokre har full kontroll på heile prosessen, andre treng omfattande hjelp med alt frå språk og komposisjon til noteapparatet. Og som forlagsredaktør Trygve Riiser Gundersen påpeikar: Kvart bokprosjekt kjem med eit eige sett av faglege og etiske utfordringar. Ein viktig del av forleggjarverksemda er difor å skjøne når ein rører seg inn på eit område som krev ekstra varsemd og satsing på kvalitetssikring.

Men ofte er praktiske og økonomiske rammer vel så avgjerande som situasjonsforståing: «Sjølv den grundigaste kvalitetssikringsprosess blir innhenta av pragmatisme på eit tidspunkt», skriv Gjengedal. Det er altså mange sider ved publiseringsarbeidet som påverkar sluttresultatet. Forståing for det gjer debatten etter publisering endå viktigare.

I skrivande stund har Michelets tilsvar til kritikken frå Elise Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen (Rapport frå ein gjennomgang av Hva visste hjemmefronten?) enno ikkje blitt publisert. Men sidan tolking og samansette forklaringar er avgjerande i historiefaget, som det blir påpeika i Gjengedals gjennomgang, er det ingen grunn til å tru at debatten er over.

Dei historiske hendingane debatten dreier seg om, er viktige for mange. Likevel kan det å «forhalde seg til fakta», som 15-åringen seier, av og til innebere å akseptere at det finst historiske spørsmål vi truleg ikkje kan få fullgode svar på. Blir vi meir opptekne av å konkludere og døme enn av å utforske og nyansere, kan historia bli redusert til moralske lærestykke i ein ideologisk kamp – kanskje spesielt når kjeldegrunnlaget er tynt.

«Jeg trygler deg, bli ikke en moralist. Du kommer til å ødelegge både kunsten og tenkningen din (…) det er lett å dømme, men vanskelig å tenke», skriv John Williams i romanen Augustus. Eg håper i det lengste at den vidare debatten om krigshistoria ikkje vil handle om å felle dommar over historiske og nolevande aktørar, men lære oss å tenkje nyansert om ein periode som var like kompleks som vår eiga samtid.