Meining i kvar tøddel

05.12.2017

Øyvin Rannems bok om den typografiske utviklinga av bokstavane gir ei god forståingsramme for ein handverkstradisjon som har vore prega av mangel på teoretisk dokumentasjon, men likevel er ved hjartet av kulturen.

Éin ting er sikkert: Eg kjem aldri til å sjå bokstavar heilt som før etter å ha lese Øyvin Rannems bok om korleis bokstavformene i det latinske alfabetet har utvikla seg frå antikken til vår tid. Når eg no passerer restaurant Lorry på veg til Litteraturhuset i Oslo, lurer eg på korleis dei som har skrive om dagens rettar på tavlene, klarer å skrive så regelmessige trajanske kapitalar, altså store bokstavar med duolineær strekstruktur, seriffar, lett sprikande m-ar, o-ar med diagonal akse mot venstre, og så bortetter. Rannem vil sikkert ha innvendingar når det gjeld vurderinga av akkurat denne kritskrifta, men eg har altså fått eit vokabular for bokstavformer som eg ikkje hadde før, og eg kjenner historia bak dei visuelle særtrekka. Dermed må ein vel kunne seie at forfattaren har lukkast med formidlinga?

TRADISJON OG MAKT
«Trajansk» er eit adjektiv som viser til Trajansøyla i Roma, som stod ferdig i 113 e.Kr. til minne om keisar Trajans vellukka felttog. Søyla har ei marmortavle med innhogd tekst, og bokstavane er ein versjon av capitalis monumentalis (keisarlege kapitalbokstavar) som blir rekna som den vakraste utforminga av det latinske alfabetet. Rannem brukar denne og liknande epigrafar frå same periode som utgangspunkt for å formidle teoriar om korleis dei typografiske kjenneteikna oppstod, og han fortel historia om korleis bokstavutviklinga gjekk vidare mot det typografiske mangfaldet vi no ser.

For det var langt frå sjølvsagt at bokstavane vi no brukar, skulle bli sjåande akkurat slik ut. Til dømes var skrifttradisjonen ein lang periode sterkt påverka av dei greske skriftteikna. Hadde den politiske maktkampen mellom aust og vest i Romarriket, mellom Konstantinopel og Roma, arta seg annleis, ville vi kanskje i dag ha brukt eit sams gresk-latinsk alfabet. Men slik gjekk det som kjent ikkje.

Rannem argumenterer for at dei mest markante herskarane i Roma (inkludert Karl den store, som heldt til i Achen, men vart krona til keisar av paven i Roma i år 800) nytta den visuelle profilen til capitalis monomentalis for å knyte seg sjølv til den stolte tradisjonen etter keisar Augustus og – i mange tilfelle – samtidig markere avstand til patriarken i Konstantinopel. Til og med Mussolini prøvde å rotfeste sitt fascistiske regime gjennom å føre opp offentlege byggverk med kapitale bokstavar i stein – men vakla mellom klassisk og moderne bokstavdesign.

Det er ikkje lenge sidan eg tenkte for meg sjølv at språk er fellesskap. Bokstaven er abstraksjonen som gjer at ord kan nå langt ut over generasjonen dei oppstod i, og då er det ein spennande tanke Rannem legg til, at bokstavane er eit visuelt uttrykk for sentrale trekk ved historia til den fellesskapen dei oppstod i.

DEFINISJON OG REFLEKSJON
Øyvin Rannem er typograf med allsidig erfaring frå trykkeri, forlag, undervising og skriving av lærebøker. Bokstavene i historien er altså hans første bok retta mot eit breiare publikum. Og det har blitt ei imponerande grundig innføring i bokstavhistorie som også gir ei nyttig oppfrisking av nokre hovuddrag i vestleg kulturhistorie – i hovudsak gjennom studium av epigrafar, altså skrift hogd i stein.

Boka er pedagogisk lagd opp ved at forfattaren tek utgangspunkt i konkrete skriftprøver som ein får høve til å granske på fotografi og illustrasjonar. Han er ryddig i bruken av kjelder og gjer det tidleg klart at mykje av framstillinga står i gjeld til to sentrale verk på feltet: Edward M. Catichs The Origin of the Serif (1968) og Stanley Morisons Political Script (1972). Forklaringar av fagspesifikke omgrep er lett tilgjengelege i raud skrift i høgremargen. Rett nok presenterer ikkje forfattaren alltid kva som ligg i namn og referansar før han tek dei i bruk. Til dømes er Trajansøyla nemnd tre gongar før eg får kjennskap til lokaliseringa og historia. No er det ikkje alltid mogeleg å få til perfekt samordning av rekkjefølgja på alle naudsynte faktaorienteringar og anekdotiske, lesarvennlege introduksjonar, så dette er ikkje ei alvorleg innvending. Men for ein person med lite tidlegare kjennskap til emnet kan det seinke tileigninga av stoffet.

Det er likevel interessant å lese om korleis det vi i dag tenkjer på som imagebygging og visuell profilering, også i tidlegare tider har blitt aktivt brukt som del av ein maktstrategi. Det handlar om at både makt og renommé er nær knytt til det å vere synleg. Det skaper igjen refleksjon om kven som blir ståande i historia, og kva dei eigentleg representerer.

TEIKNENGASJEMENT

Dette er ei bok for dei som er godt over snittet interessert i skrift- og kulturhistorie, og som har høg toleranse for fagspråk. Eg må innrømme at eg innimellom sleit med å oppfatte og mobilisere interesse for dei ørsmå forskjellane mellom ulike bokstavvariantar.

Hos Rannem er det derimot tydeleg at det faglege engasjementet er intenst. Éin ting er detaljnivået, noko anna er språkbruken; i omtale av forskjellane mellom ulike skriftbilete fleskar han til med doble karakteristikkar som «dramatisk og påfallende» og «slående og dramatisk». Finst det normer for kor abstrakte og upersonlege hendingar ein rimelegvis kan kalle «dramatiske»? For meg oppstår det i alle fall ein viss komikk når steg i utviklinga av seriffen blir omtala slik:

Når vi endelig får spranget fra de greske til de romerske, «keiserlige» seriffene, er overgangen dramatisk; det skjer samtidig med at bokstavene går fra monolineært til duolineært strekbilde. Seriffene endrer seg fra kjegleformede fortykkelser i enden av strøkene til fint utformede sidestrøk med avrundet overgang.

Både bruk av strekar med ulik breidde og ny form på seriffane, altså. Etter slike sjokk er det klart at ein kan trenge litt tid for å hente seg inn igjen.

FINSTILT BLIKK

Men – eg skal kanskje ikkje gjere meg så altfor lystig over Rannems finstilte blikk for typografiske detaljar, gitt at det ikkje er heilt ulikt mitt eige blikk for nyansar i innhald som oppstår av ulike samansetningar av dei same symbola. Som Rannem demonstrerer, ber alt som er laga av menneske, meining i seg for den som er villig til å leite.

Det nedslåande med denne historia er at monumentale bygg og innskrifter stort sett vitnar om valdelege herskarar med gudekompleks og abnormt markeringsbehov. På den andre sida fortel sjølve utføringa av epigrafane ei historie om godt handverk og solid fagkunnskap. Med sin smittande entusiasme er det den siste tradisjonen Rannem føyer seg inn i.

Merete Røsvik Granlund (44) er frilans litteraturkritikar.

Øyvin Rannem
Bokstavene i historien. Maktsymbol fra Augustus til Mussolini
Forlaget Press, 2017