Det er mogleg å stille seg undrande og eventuelt kritisk til utgivingar av essaysamlingar der nærast alle tekstane har vore publiserte før. Særleg er det mogleg å stille seg kritisk til tekstar som passar fint som kortare og frittståande prosastykke i ymse publikasjonar, men som, når dei blir sette inn i ei bok, ikkje held (bok)mål. Er denne forma for essayutgiving blitt det nye svarte (altså det nye hotte)? Det spørsmålet som plagar meg mest, er likevel dette: Er Ole Robert Sunde eigentleg (berre) ei intellektuell pyntedokke?
Svaret er, ikkje overraskande ut frå studieobjektets språklege natur, samansett. Sundes skrivemåte, der innskotne delsetningar og ein massiv straum av inntrykk får sitt utløp og uttrykk i ein (ofte overveldande) assosierande syntaks, ein sort grenselaus impresjonisme, kan tangere både Dag Solstads og Terje Holtet Larsens stil, der rare tankesvev ofte blir kopla med ein lettare sardonisk eleganse (Holtet Larsen) eller ein nesten ufrivillig, eller forknytt, humor oppstår i koplinga mellom sjenanse og verdigheit (Solstad).
Les ein Sunde sympatisk, eventuelt empatisk, er det lett å falle ned på den konklusjonen, eller definisjonen, som Henning Hagerup kjem med i sitt bidrag i 60-årsfestskriftet Som fra mange ulike verdener. Om Ole Robert Sundes forfatterskap (2012): at haldninga hos Sunde er som hos den eksentriske omvisaren, ikkje den aristokratiske elitisten.
Og ja, det er eit karakteristisk trekk ved Sundes essay at dei ofte har sin grunntone i ei umetteleg nyfikne overfor nesten alt, og at det slik er mogleg å seie at dei er djupt sjenerøse. Det er på same tid like mogleg og treffande å seie at dei mange fine, underlege tankespranga ofte sklir over i reint jåleri, somme gonger brått, andre gonger mjukt. Eit døme på denne diagnoseprega påstanden er «Langrenn», på trykk i Vinduet 4/2013. Forfattaren er på besøk hos dotter si på landet, og etter at han har prøvd seg på ski ute på gardsplassen, sist gong var for 40 år sidan, gir han opp («det var så vidt jeg greide å stå på skiene uten å falle bakover»), og skildringane av den klønete forfattaren beveger seg over i refleksjonar om langrennets natur i sofaen framfor tv-en. Skiløparane på skjermen får forfattaren til å spinne fritt over omgrepet «klynge»:
Hvor mange må det være for å bli en klynge, opphavet sikkert å klenge; hvor mange kan en klenge seg til, og den som klenger for mye får et klengenavn; en treklynge – hvor mange trær er det, eller en husklynge, de tre i klyngen klenget seg opp bakken – de hadde klengefeste: Nei nå var du kjapp, kom det fra min kone på kjøkkenet, etter at jeg hadde sagt det til henne, min datter fulgte opp med å insinuere at jeg hadde drukket for mye. For lite ropte jeg tilbake, og hun lo av full hals, eller snarere begge lo.
GLITTERSTAS
Kona til Sunde, som eg har høyrt er ei uvanleg bra kone (eg kjenner på ingen måte Ole Robert Sunde), både av Sunde sjølv og av andre (kanskje eg har lese det på Facebook), er ofte med i dei essayscenene eg likar best. Han er rett og slett ofte tekstleg lettare, mindre jålete og meir morosam når han har med seg kona i essayistikken. Her Sunde i ypparleg leksikalform om skulderveske frå «Definisjoner», Cappelens forslags konversasjonsleksikon (2014):
Det er min kones skulderveske jeg har i tankene; dråpeformet, av lær, eller noe som minner om lær, om ikke som minner mer om lær enn lær i seg selv, stor som en basketball; det som vi, da jeg var ung, kalte kurvball, en mørkebrun, ikke svart, men virker som en svart kurvball, kort, kraftig skulderstropp, påsydd, slik at den, i svevende tilstand, holdt jeg på å si, når den henger fra skulderen, opprettholder dråpeformen; til og med tom, når den er tom; det er jeg usikker på, er den som en stor daff, og dråpeformet, ja, nettopp kurvball, eller som venter på å bli fylt; der inne, om ikke der nede, fylt, er den som et villnis, og jeg fatter ikke hvordan hun finner fram i den; med fingertuppene famlende, og albuen oppstikkende, nesten obskønt, lik en veterinær som skal hjelpe til med en kalvefødsel, og der inne – det har slått meg mange ganger; hva i all verden har hun fylt den med – mens hun i blinde famler seg fram for å finne en leppestift, et lommetørkle, nøkler, og det er nettopp det jeg husker, T-banebillett; i New York, i kø for å dra den gjennom kontrollglipemunnen, for å få porten til å åpne seg, mens køen vokser, og vi kan høre at T-banetoget kommer og de bak oss begynner å rope og jeg hvisket til henne: Hvor i svarte har du gjort av billettene og hun hveste tilbake: Nå holder du kjeft, og vi måtte flytte oss vekk fra køen og hun var nesten på vei til å krype ned i vesken med hodet først, og med en svett overleppe løftet hun endelig armen, som i triumf og ropte, mens hun veivet med billettene: «se her, jeg fant dem»: «Du verden», svarte jeg syrlig, og jeg kunne se at hun hadde lyst til å dra til meg, med vesken.
Forfattar og litteraturkritikar i Dag og Tid Odd W. Surén skildrar Sunde i 60-årsfestskriftet Som fra mange ulike verdener (2012) slik: «Sunde kler av seg alt unntatt ein smule intellektuell glitterstas.» Og kanskje er det slik at Sunde er meir villig til å kle av seg alt berre når han har kona tekstleg ved si side (i så fall eit sympatisk trekk). For det finst nokså mange døme på Sunde fullt påkledd, der den intellektuelle glitterstasen om ikkje gjer blind, så i alle fall kan få ein til å blunke lett frenetisk.
KUNNSKAPSFESJÅ
Kva er så den sundske intellektuelle pyntens anatomi? Eg tvilar ikkje på at den er sett saman og hentar styrken sin frå kunnskap og eit danna og etter kvart langt liv. Sunde har lese sine greske tenkarar, han har lese sine klassikarar, han har sett sine filmar, lytta til sin musikk (særleg Bach, om nokon skulle lure), vore på sine museum og granska sine biletkunstnarar. Men det er somme gonger påtakeleg kor mykje av denne kunnskapen som må stillast ut i essaya. Slik sklir forfattaren for eksempel frå dei viltre og uføreseielege klynge- og klengerefleksjonane i essayet om langrenn over i ein karakteristisk hang til det eg vil diagnostisere som intellektuelt korrekt sitatfesjå: «og jeg tok resolutt etter ølglasset og deretter whiskyen, og igjen fikk jeg dette uslettelige behovet for å finne smaken eller finne det som kanskje ikke ville bli funnet eller kunne; ville ikke bli funnet, og det var som å høre et av Heraklits fragmenter: ‘Naturen elsker å skjule seg.’»
Kva kan ein så få ut av å lese Ole Robert Sundes essay samanhengande, altså plasserte mellom to permar? Materialiserer det seg nye samanhengar, eit anna bilde av forfattaren, slik eg synest det gjer med for eksempel kritikaren, essayisten og forfattaren Tor Eystein Øverås’ bok I dette landskap (2012)? Til liks med storparten av innhaldet i Verden uten ende har tekstane til Øverås allereie stått på trykk eller blitt halde som føredrag. «Sånn har jeg tenkt om litteraturen de siste tre årene, sånn har jeg villet skrive om den. Her har dere meg», skriv han i Livet! Litteraturen! (2009). Dei to essaysamlingane til Øverås gir nettopp eit tydelegare bilde av lesaren, kritikaren, forfattaren Øverås. I tillegg blir essaysamlingane konsentrerte samtidslitteraturhistorier. Slike utgivingar kan vere med på å bygge opp andre viktige kritikarskap og styrke litteraturkritikken og den offentlege samtalen om litteratur.
FEILGREP
Om ein derimot ønskjer å styrke essayistikken, trur eg ein må ty til andre grep enn å gi ut bøker som Verden uten ende. Hovudproblemet er i utgangspunktet ikkje det at mesteparten av innhaldet allereie har stått på trykk, men at utgivinga ikkje har same potensialet til å utvide bildet av Sunde som essayist eller styrke det essayistiske rommet i samtida. Dels handlar det om at bildet av Sunde som essayist allereie er nokså godt etablert, dels, eller hovudsakleg, handlar det om samansettinga av tekstar.
Utvalet av tekstar i Verden uten ende ber i liten grad preg av å vere gjennomtenkt og gjennomarbeidd som heilskap. Det finst inga tematisk tydeleg inndeling av eller samband mellom essaya. Dei tekstane som held bokleg godt nok nivå – for det skal og bør vere andre krav til ein tekst som skal med i ei bok, enn ein som skal stå i ei avis – er stort sett lengre essay som har stått på trykk i det litterære tidsskriftet Vinduet (altså den publikasjonen som ligg tettast opp til boka). Derimot blir til dømes alle dei ustillingskatalogtekstane som har fått slippe sleppe inn, eksempel på kor laust, og meiningslaust, tekstar kan bli hengande i boklufta, same kor stive permar dei er omslutta av.
Det hindrar meg likevel ikkje i å bli overtydd om at Ole Robert Sunde er ein viktig essayist. Det viser han for eksempel ved ein infam kritikk av Johan L. Tønnessons Hva er sakprosa (2008), på trykk i Apollon 2/2008. Med boka ønskjer Tønnessons å sette sakprosaen på den plassen han forlanger at den skal ha, «som en stadig lysende lampe i sivilisasjonens mørke natt», og Sunde er nydeleg perfid når han dissekerer Tønnessons forsøk på å skape orden i kaoset av kva slags litterære verkemiddel som kan brukast i det Tønnesson definerer som litterær og funksjonell sakprosa, og ein tilhøyrande kontrakt om direkte tilknyting til verkelegheit. I det heilage krosstoget for sakprosaens natur og moglegheiter står Tønnesson ifølgje Sunde ikkje aleine, men det finst «et helt landslag som ivrer for de tønnessonske dogmene; laget er forsynt med én forsvarsrekke og alle bærer same navn: Kjell Lars Berge, Kjell Lars Berge, Kjell Lars Berge, osv.».
PYNTEDOKKE
Ole Robert Sunde er ei intellektuell pyntedokke. Men meir enn det er han ei merkeleg og uvanleg blanding av ein danna og udanna skrue. Å lese 600 sider essayistikk av Sunde i samanheng stadfestar kor udanna han brautar med nettopp kunnskapen sin. Der forfattaren gløymer sitt eige og koketteriet sitt med det massivt assosiative og i staden slepper laus det infame, blir han derimot ei nødvendig stemme i den offentlege samtalen om litteratur: Og der han lèt det kjenselvare sive ut i teksten, blir han kledeleg observant, presis og ujålete. Høyr berre her, om Marcel Proust frå «Definisjoner», Cappelens forslags konversasjonsleksikon:
I Walter Benjamins essay om Proust blir han kalt «det gamle barn», som ikke kunne tenne i kaminen eller lukke opp et vindu; han virket å være totalt upraktisk og var konstant sengeliggende i sitt lydisolerte lønnkammer for å skrive ferdig sin 12-binds roman, før hans kraftige astma ville legge ham i en tidlig grav; det finnes et fotografi av ham, tatt mange år før han døde, hvor han sitter ute, det er om høsten, han sitter med hatt og frakk på en vond hagestol, han har krysset føttene, og støvlettene er synlige; han holder en arm over fanget og den andre er løftet opp mot fjeset som hviler på en måte mellom langfingeren og ringfingeren; rett under hans strie mustasje, men det er hans trøtte blikk, under tunge øyenlokk og kraftige mørke øyenbryn, som stirret rett inn i kameraet, og mot oss, som ikke slipper, han virker å ha sett og hørt all verdens lidelse, liksom hans lettantennelige oppfinnsomhet ikke kunne unngå å tenke at dødens skarpe skygge ikke blir opplyst av lykkens korte lampeskinn.
Dei beste essaya til Sunde strekker seg mot Michel de Montaignes ideal og materialiserer seg som forsøk eller utprøvingar for å bli verande i ei flytande uro. Slik lever dei òg opp til Stephens Dedalus’ ord frå James Joyces Ulysses: «Og jeg skal alltid være slik, verden uten ende.» Når prosaen til den eksentriske entusiasten, aristokratisk elitisten og syntaktiske villstyringen Ole Robert Sunde berre stig opp i ein høgare grad av forvirring og sitatfetisjisme, tenker eg at han burde ha tatt med kona.
Ole Robert Sunde
Verden uten ende
Gyldendal, 2014
Ole Robert Sunde
Verden uten ende
Gyldendal, 2014