I ein kommentar til boka mi, Kjønnstru. Kampen om røynda, blir Anja Sletteland så irritert på boka og meg, at ho rett fram skriv at det er viktigare å finna ut korfor ho blir irritert, enn å vurdera det eg skriv om sak.
Dette utgangspunktet illustrerer noko av problemet boka tar opp, nemleg kva som skjer når me bytar ut objektiv røynd med subjektiv røynd, altså når kjensler erstattar fakta. Dette er boka si hovudsak, og ikkje, slik Sletteland skriv, det faktum at kjønn er ein biologisk mekanisme for reproduksjon. Irritasjonen hennar synast å botna i at eg ikkje er villig til å tvila på om kjønn er faktisk, binært og uskifteleg i vår art, og grunnlag for kvinners diskrimineringsvern. Når eg ikkje tvilar, kan eg heller ikkje lyttast til.
Prosa sine lesarar får lite innsikt i dokumentasjonen og analysen i Kjønnstru, men dei får vita ein del om yogaklassen Sletteland går i. Der er det ein mann, Anton – som eg håpar ikkje les Prosa – som irriterer Sletteland og andre kvinner så sterkt, at han er blitt deira hatobjekt. Anton vågar å ytra «det er ikkje lov å seia nokon ting lenger», og gjer at ein mørk skugge legg seg over rommet. Anne blir Anton, skriv Sletteland, bare at eg plagar heile offentlegheita, i staden for yogaklassen hennar. Ho skriv at Anton og eg gjer bruk av hersketeknikkar. Å gå i utakt blir ein hersketeknikk. Å samanlikna nokon med ein mann som er hatobjekt og står aleine, slik Sletteland gjer i kommentaren, er vel tilsvarande ikkje hersketeknikk, i denne røyndsoppfatninga.
Eg skjønner at det er irriterande at ikkje alle deler kjønnstrua. Den raude tråden i boka blir ikkje kommentert av Sletteland. Med uttrykket «kjønnstru» viser eg, som religionsvitar, at erklæringa om å vera eit kjønn ein ikkje er, eller fleire, skiftande kjønn, eller kjønnslaus, bør handsamast som tru, og ha vern som tru. Dersom kontrafaktiske påstandar om kjønn skal handsamast som objektive og faktuelle, slik det blir gjort i lovverket og utdanningssystemet vårt, mistar me grepet om røynda. Og dei som ikkje deler trua, mistar trusfridommen sin. Fridom til tru fordrar fridom frå tru. Nå har me innført trustvang. Lov om konverteringsterapi viser til dømes dette, foreldre risikerer seks års fengsel viss dei ikkje underkastar seg veslegut sin påstand om at han er jente. Dette er dystopisk, og denne subjektive røynda er slått fast i straffelova av stortingsfleirtalet vårt.
Sletteland er forferda over at eg ikkje er meir opptatt av transerklærande personar sine kjensler. Men boka føregjev ikkje å vera ei utforsking av kjensler. Ho er ei utforsking av språk, juss, medisin, aktørnettverk, media og religion relatert til kjønn. Eg dokumenterar at prosessane som har gjeve oss denne nye røynda, er illegitime, udemokratiske, diskriminerande og fordummande. Dei utslettar kvinners rettar og diskrimineringsvern som kjønn, fordi kjønn er blitt ei talehandling som overstyrer røynda. Men sidan eg i boka ikkje undrar meg over om det er vakkert, godt og sant at formallogikken ikkje lenger gjeld, så er eg tydelegvis bare irriterande.
Kor innlulla me er i den nye verdsordenen, viser Sletteland med si ignorering av korleis lovverket vårt er blitt endra, der ho sjølv har overtatt subjektivismen ved å framstilla objektive fakta som «kjønnsbiologi-ideologi». Yogyakarta-prinsippa, til dømes, er eit privat initiativ finansiert av ein mangemilliardær og medisinteknologiarving (Jon Stryker). Sjølv om prinsippa aldri har vore demokratisk behandla, er Norge best i verdsklassen med å følgja dei. Dei krev at kjønn ikkje skal registrerast i offentlege dokument, og at kjønnsidentitet skal vera verna karakteristikk i alle samanhengar. Erklæringar om det sjølvskapte mennesket har konsekvensar på ulike område av kultur og samfunn og skadar kvinner og barn især. Norske juristar påstår at kvinnekonvensjonen nå tyder at menn kan vera kvinner. Dette er løgn. Det er synd det ikkje gjer inntrykk, og at Sletteland les det å sitera og argumentera motideologiske meiningsmotstandarar, som «usynleggjering» av desse.
Lemlesting av kroppar er ganske vanleg innan religionsverda, men med unntak av omskjering av gutar, er ikkje staten lovpålagt å legga til rette for dette, tvert imot. Retningslinjene til WPATH, den globale transhelseorganisasjonen, bygger på subjektive, religionsliknande førestillingar, i staden for objektive, vitskaplege funn om trygg behandling. Retningslinjene blir vist til i Norge og andre land. Her er alle nedre aldersgrenser for behandling fjerna. Ikkje-binære og andre kjønnskonstruksjonar, som evnukkar, skal få dei medikament og mutileringar dei bed om, som doble eller ingen kjønnsorgan, i eit subjektivistisk regime me elles aldri ville godtatt. WPATHs kunnskapsgrunnlag for evnukk som kjønnsidentitet, er kastraksjonsforumet Eunuch Archive, der også pedofile fantasiar om lemlesting av gutebarn blir delt.
Det er openbart bare irriterande om ein skriv om den norske evnukkmakaren, tidlegare fylkesleiar i Fri, som har lemlesta menn mot betalt kringkasting på nettet, og nå er dømd til livstid i England. Evnukkmakeri er validert i retningslinjene til WPATH. Evnukk som kjønn er popularisert for barn gjennom Esben E. P. Benestads video om sju kjønn på NRK. Må kvinnesakskvinner kviskra eller synga fram slike fakta, for ikkje å vera kjerringar som fortener å drukna i straumen? Kven vil stilla Rikshospitalet til ansvar, når dei medgjev at dei ikkje anar kva dei held på med? Kven vil fråta Helsestasjon for kjønn og seksualitet løyvet, når dei nektar å godta innstramingar i helseretningslinja, og medisinerer barn og unge som før?
Heller ikkje mi eiga oppseiing som professor, bør eg snakka høgt om, ifølgje Sletteland. For eg er «sjølvutnemnd utstøytt». Det stemmer ikkje. Eg måtte forlata akademia fordi ein kollega, professor i kjønnsforsking Elisabeth Lund Engebretsen, publiserte forsking om at eg og kvinner med same syn som meg, representerer høgreekstremisme, alvorlege trugsmål mot demokratiet og grunnleggande menneskerettar. UiS slo fast at dette er sannferdig og reieleg då dei avviste mi innklaging av teksten som brot på forskingsetiske retningslinjer. Kanskje Sletteland meiner det er uproblematisk å gå på jobb og representera eit miljø som utnemner deg som høgreekstrem og farleg, men for meg var det uaktuelt å vera løna av og gje legitimitet til ein slik sektor.
Sletteland må gjerne fortsetta å snakka nedsetjande om Anton på yogaen og meg som forfattar. Eg håper andre lesarar av Prosa ønsker å ta del i dokumentasjonen og analysen eg har lagt fram: Korleis hamna me her, og kva kan vera vegar ut av uføret? Er det lurt å erstatta objektiv røynd med subjektiv røynd? Viss ikkje, kva vil me krevja av politikarane som har vedtatt den nye røynda og statlege kjønnstrua?