Ingebjørg Tonne har brukt mykje meir tid og krefter på revideringa av læreplanen for norskfaget enn eg har. Ho har site i gruppa som har utforma forslaget til ny læreplan som Kunnskapsdepartementet fekk i vår, og når Tonne då tek tenning på mine kritiske tankar om denne læreplanen, framført i teksten Sentrum og periferi i det nye norskfaget (Prosa 4/19), er det all grunn til å høyra etter.
Tonne opnar med å seia at ho las artikkelen min «med interesse og etter hvert vantro», og framfører så ein kritikk som i hovudsak handlar om at eg saknar omtale av språkleg mangfald og variasjon på grunnlag av teljing, altså at eg finn for få førekomstar av termar som ‘språkleg mangfald’ og ‘dialekt’.
Eg las også Tonne med ei viss vantru. Var det verkeleg dette teksten min handla om? At eg forsøkte meg på ei reint kvantitativ tilnærming til læreplanforslaget snarare enn å tolka det inn i ein vidare kulturell kontekst? Jøss!
Eg kan ikkje ta frå Tonne hennar tolking av min tekst. Og ingenting er betre enn om hennar tilbakevising av kritikken min er gyldig. At temaet språkleg mangfald er godt ivareteke i den nye planen for norskfaget, at norsklærarane i større grad enn før vil løfta fram elevanes andre språkkompetansar enn den norske, at kjennskap til og toleranse for ulike former for norsk, både munnleg og skriftleg, vil auka og ditto for andre språk også.
Eg aksepterer delar av kritikken. Truleg har eg vore for nærsynt i jakta på omtale av språkleg mangfald. Og kanskje har eg eit urealistisk ønskje om at elevane skal møta meir tidlegare. Det pedagogiske prinsippet om å gå frå det nære (eige talespråk og språk i klasseromma) til det meir fjerne (andre tale- og systemspråk utanfor individ og klasserom) kjem tydeleg fram i læreplanen, og kanskje er det for radikalt å bryta med dette og tru at også mindre born kan ha læringsgevinstar av å møta det meir fjerne tidlegare.
Eg meiner likevel at det er for seint å læra om utbreiinga av dei samiske språka og samiske språkrettar først på vidaregåande skule. Nokre tekstar i omsetjing og uttalen av samiske bokstavar før det bidreg lite. Når koftekledde personar i 2019 opplever å bli umotivert slegne ned på open gate og andre bysamar fortel at dei ikkje viser identiteten sin gjennom språk og klede for å unngå ubehagelege opplevingar,[i] fortel det oss at det trengst mykje meir kunnskap om samiske forhold, og språket er trass alt den fremste kulturberaren.
Skulen kan ikkje fiksa alle samfunnsproblem. Men at språkleg mangfald og variasjon kan henga saman med til dels sterke spenningar i samfunnet, går ikkje Tonne inn på, kanskje fordi ho er usamd i sjølve premissen om at læreplanen ikkje tematiserer det i sterk nok grad.
Når det gjeld Tonnes belæring om at ‘talespråk’ er eit synonym for ‘dialekt’ og ‘talemål’, tek eg dissens. Termane kan sjølvsagt visa til det same, men det er ein perspektivskilnad. Der ‘dialekt’ og ‘talemål’ i større grad er assosiert med system og systematiske skilnader, er ‘talespråk’ i mindre grad det og får assosiasjonane vel så mykje over på munnleg kommunikasjon. At læreplangruppa har meint at det tyder det same, må kanskje tolkast som at dei her ønskjer å driva terminologiutvikling på fagets vegner, men kvifor skrota ein så veletablert term som ‘dialekt’? Og kvifor ikkje variera termbruken for å oppnå større presisjon?
Tonne kjenner læreplanen frå innsida har sikkert vore med på tøffe kampar om detaljar i han. At ho har vigd tid og krefter til denne krevjande oppgåva, har eg stor respekt for, like eins at ho forsvarar det resultatet ho har sett namnet sitt på. Men når Tonne avsluttar innlegget sitt med å seia at det er ille viss min tekst får lærarar og andre involverte til å tru at læreplanen ikkje er ambisiøs på feltet språkleg mangfald, trur eg ho skal ta det heilt med ro: Så stor påverknadskraft har pennen min neppe. Viktigare er då dette ordskiftet og at det får fleire i praksisfeltet til å tenna og reflektera kring innhaldet i norskfaget.
Og det spørsmålet som uansett står att, er etter mitt syn dette: Burde sentrum/periferi-dimensjonen knytt til språk ha vore sterkare tematisert i den nye læreplanen for norskfaget?