Å ta tenning for norskfaget. Svar til Ingebjørg Tonne
Ingebjørg Tonne har brukt mykje meir tid og krefter på revideringa av læreplanen for norskfaget enn eg har. Ho har site i gruppa som har utforma forslaget til ny læreplan som Kunnskapsdepartementet fekk i vår, og når Tonne då tek tenning på mine kritiske tankar om denne læreplanen, framført i teksten Sentrum og periferi i det nye norskfaget (Prosa 4/19), er det all grunn til å høyra etter.