Resepsjonsdebatt
Øvst frå venstre: Eivind Torgersen, Asle Toje, Sverre Mørkhagen, Ivo de Figueiredo, Erik Martiniussen og Andrew Kroglund.

Slaget om mottakinga

25.02.2021

Ved ei rekkje tilfelle den siste tida har sakprosaforfattarar oppsøkt debattspaltene for å forsvare bøkene sine mot kritikk. Har sakprosakritikarane blitt tøffare, eller har terskelen for å svare blitt lågare?

– Det starta jo heilt annleis, med seksarar i avisene, og med Riksmålsprisen. Og så kjem dette.

Då Sverre Mørkhagen gav ut Ibsen-biografien Ibsen «… den mærkelige Mand» hausten 2019, kjende han seg nokså trygg – på bakgrunn av samarbeidet med forlaget og dei som hadde lese arbeidet hans undervegs – på at han hadde fått det til. Og i starten verka det slik. Marius Wulfsberg gav boka ein seksar i Dagbladet og kalla henne «uhyre interessant» og ein «modig biografi». Mørkhagen vart tildelt Riksmålsforbundets litteraturpris, og juryleiar Per Qvale sa at «dette må være den ultimate Ibsen-biografi».

Men lukka varte ikkje lenge. Snart kom ibsenforskarane på banen og retta skarp kritikk mot Mørkhagens lufting av ein teori, henta frå psykologen Arne Duve, om at Ibsen kan ha blitt far første gongen som femtenåring, og at dette i så fall kan ha spelt ei viktig rolle i brotet hans med familien.

Mørkhagen vart forskrekka over aggresjonen i reaksjonane. Jørgen Haave, førstekonservator ved Telemark museum og ibsenforskar som sjølv har skrive boka Familien Ibsen, skreiv at «boken er et deprimerende tilbakeslag for Ibsen-forskningen».1 I Morgenbladet skreiv Narve Fulsås i si bokmelding at «om Mørkhagen har oppnådd noko, så er det å synleggjere kor skikkeleg forgjengarens arbeid er»,2 med referanse til Ivo de Figueiredos Ibsen-biografi frå 2010.

Asymmetrisk relasjon

– Det eg ikkje hadde sett for meg, var at eg i den grad skulle trakke nokon på tærne, som ikkje tolte det, seier Mørkhagen.

Han kjende seg tvinga til å forsvare boka si i debattspaltene, og som sakprosaforfattar er han ikkje åleine om å reagere slik. Det skal vi straks høyre meir om.

– Eg oppdaga at det er eit kameraderi i ibsenmiljøet, der ein anten er innanfor eller utanfor. Dei som valde å køyre mot meg, gjorde det med eit raseri eg ikkje hadde venta. Eg mottok mellom anna ein e-post der avsendaren, som eg har hatt eit greitt forhold til gjennom heile arbeidsprosessen, hadde gløymt at eg stod på kopi, og den inneheldt slike invektiv at eg aldri har sett maken. Eg kan umogleg ha personleg skuld for all den opplagra aggresjonen som vart utløyst, men han vart altså utløyst i denne samanhengen, og eg vart prylegut, seier Mørkhagen.

Kven som har rett eller ikkje i si framstilling av Ibsens liv og litteratur, er ikkje tema for denne saka. I staden spør vi kva sakprosaforfattarar og -kritikarar bør vente av kvarandre, og om terskelen er lågare enn før for å gå hardt ut mot kvarandre i debattspaltene.

Mørkhagen meiner debatten om boka hans illustrerer asymmetrien mellom forfattar og kritikar.

– Ein forfattar må jo stå til rette for det han eller ho har skrive. Ein bokmeldar har eit ansvar som er mindre uttala og lettare å springe frå. Som bokmeldar skal ein synse, og i den synsinga er det lettare å bygge inn eigne fordommar og oppfatningar som ein ikkje treng å uttrykke konkret, men kan la skine igjennom på ein meir fordekt måte i domen ein gjev boka, seier han.

Eig ikkje stoffet

Ivo de Figueiredo, som no arbeider med ein biografi om Edvard Munch, er ikkje utan vidare samd i at bokmeldaren kan uttale seg frå ein uforpliktande ståstad. Sjølv hadde han ikkje tenkt å melde seg på debatten om Mørkhagens biografi, fortel han – men gjorde det likevel, då Mørkhagen nemnde han med namn i eit innlegg i Aftenposten.

– Han skreiv at han og eg representerte ei ny og dristigare Ibsen-forsking, og det kunne ikkje stå uimotsagt.

de Figueiredo skreiv i sitt svar at ein sakprosaforfattar må tole å bli målt mot tidlegare forsking, men også han kommenterte aggresjonsnivået: Det kunne skape inntrykk av ibsenmiljøet som «en gjeng krakilske revirvoktere» – noko teorien om Ibsens moglege farskap, som det på ingen måte er funne prov for, etter hans meining ikkje fortente.

– Elles tykte eg den saka var ganske reinhårig. Tanken bak kritikk er å bringe boka inn i ein offentleg samtale, og difor tykkjer eg det er heilt streit at forfattarar svarar på kritikk. Som med den pågåande debatten kring Marte Michelets nyaste bok, så er det meininga at den offentlege debatten skal korrigere biletet, og at det beste argumentet vil sigre. Og der kan eg ikkje forstå at meldaren har mindre ansvar enn forfattaren, seier han.

Sakprosabøker tenner debatt lettare enn skjønnlitterære bøker gjer, meiner de Figueiredo.

– Sakprosa har objektive sider, omgang med fakta, kva argument som er gyldige, og så bortetter, som skjønnlitteraturen ikkje har. Vi sakprosaforfattarar eig ikkje våre emne på same måten som skjønnlitterære forfattarar. Vi kjem i berøring med andre menneske innanfor det felles feltet som er verkelegheita, og vi vil møte motstand og støtte som igjen medverkar til å auke trykket i den offentlege debatten.

Misnøyespiral

Samtidig meiner de Figueiredo å ha sett ei utvikling i løpet av dei åra han sjølv har vore aktiv skrivar, som tilseier at terskelen for å, som han seier, «mumle i offentlegheita» no er i lågaste laget.

– Eg merkar eit generasjonsskilje der særleg yngre forfattarar kan leggje ut skrytemeldingar på Facebook når boka deira har fått ei god melding, men samtidig surmule over detaljar i bokmeldingane. Det er lett å skape ein negativ misnøyespiral som kan ende med at sjølv ei god bokmelding blir oppfatta som slakt – som elles er eit ord som blir altfor mykje brukt. Eg trur det ville vere sunnare om terskelen for å ta til motmæle låg litt høgare enn den ofte gjer, seier han.

Erik Martiniussen, forfattar av boka Krigen mot bakteriene frå 2020, hadde nettopp ein slik diskusjon med forlagsredaktøren då boka hans vart meld i Morgenbladet. Martiniussen reagerte på noko bokmeldar Ketil Slagstad skreiv om det faglege innhaldet i boka hans, og vog for og imot om han burde forsvare boka si. Han valde å avstå, av frykt for å bli den foruretta forfattaren som ikkje takla den minste kritikk.

– Hadde kritikken kome i kronikkform, ville eg ha svart med ein gong, for med boka mi vil eg jo skape debatt om antibiotikaresistens. Men når han kjem i litt ullen form i ei bokmelding, tykkjer eg det er vanskeleg å vite korleis eg skal møte det, seier han.

Imøtegå eller ikkje?

Seinare refererte Eivind Torgersen kritikken – som gjekk ut på at Martiniussen ikkje hadde vore tilstrekkeleg kritisk i si behandling av bakteriofagar, virus som kan drepe bakteriar, som mogleg løysing på problemet med antibiotikaresistente bakteriar – i bokmeldinga si i Prosa, der han påkalla Slagstad som sanningsvitne. Det vart dropen for Martiniussen, og no valde han å svare.

– Dette er ein vanskeleg diskusjon, kjenner eg, seier han.

– Eg tenkjer jo eigentleg at kritikk er ein uavhengig sjanger, og at meldaren står fritt til å skrive sine subjektive meiningar. Og at det blir rart om forfattaren blandar seg i det. Det som er vanskelegare, er når meldaren kjem med innvendingar mot det faglege innhaldet i boka. Her skil sakprosa seg frå skjønnlitteratur. Sakprosa er ikkje god sakprosa dersom det faglege ikkje er på stell.

Korkje det mest fengslande språk eller den mest medrivande oppbygging kan berge ei sakprosabok dersom ho er fagleg svak, er Martiniussens poeng. Og dersom meldaren sår tvil om faktagrunnlaget i boka, hamnar forfattaren i klemme.

– Men vil det ikkje alltid vere eit visst rom for tolking, sjølv i ein diskusjon om fakta?

– Ein må sjølvsagt kunne diskutere val av kjelder og korleis dei er brukte og slikt, men om ei framstilling er fagleg god eller dårleg, er ikkje ei smakssak på same vis som litterære grep er det. Difor meiner eg det er viktig at bokmeldaren er medviten om kva for hatt han har på seg, og at dersom han meiner boka sviktar fagleg, så må kritikken vere konkret og etterretteleg og ikkje noko ein berre slengjer ut, seier han.

Til dagleg er Martiniussen journalist, ein yrkesbakgrunn han deler med mange av dagens sakprosaforfattarar. Sommaren 2020 var sosiologen Gunnar Aakvaag jamvel ute i Morgenbladet og hevda at journalistane sitt innrykk på sakprosafeltet svekkjer den intellektuelle beredskapen i samfunnet, fordi dei etter hans meining prioriterer den gode historia framfor akademisk teori.

– I forlenginga av Aakvaag-debatten verkar det som nokre automatisk har mistillit til sakprosabøker skrivne av journalistar, og at journalistar difor ofte må kjeldebelegge det dei skriv, endå grundigare. Eg opplevde at eg måtte vere pinleg nøyaktig med kjeldene. Då kjennest det urettvist når ein bokmeldar hevdar boka manglar kjeldetilvisingar som bevisleg finst der. Ein spør seg sjølv om meldaren ville våga å reise like lemfeldig kritikk om boka var skriven av ein professor, seier Martiniussen.

Ingenting mot Darwin

– Eg forstår at han er uroleg for korleis han skal reagere, for det er på eit vis vedteke at forfattarar ikkje skal svare på bokmeldingar. Eg var livredd då eg sjølv gav ut bok. Eg har ikkje noko imot at han svarer, men i dette konkrete tilfellet … I staden for at eg misforstod boka, tenkjer eg at han misforstod bokmeldinga mi, seier Eivind Torgersen, meldaren som utløyste Martiniussens reaksjon.

Torgersen ser ikkje heilt korleis ein kan skilje mellom å kritisere det litterære og å kritisere det faglege ved ei sakprosabok. Men at faglege innvendingar må grunngjevast, er han heilt samd i.

– Men er dei faktuma som står der, tilstrekkelege til å dra den eller den konklusjonen? Om eg ikkje opplever at teksten forsvarar konklusjonen, må eg peike på det. Men då er det ikkje faktuma eg kritiserer, men bruken av dei.

Torgersen er forskingsformidlar og har sjølv skrive bok om det periodiske systemet for kjemiske grunnstoff, ei bok han vedgår er ei nisjebok som mange sikkert vil meine er meiningslaus. Men at nokon ikkje forstår boka, tyder ikkje nødvendigvis at ho er dårleg – og motsett.

– Det med å bli misforstått kan gå begge vegar. Dersom forfattaren kjenner seg misforstått i ei bokmelding, kan jo det også tyde at han eller ho ikkje har greidd å tydeleggjere intensjonane sine, seier han.

Ein ting er han derimot viss på: Tonen i debatten var neppe mildare før. Han nemner debatten kring Charles Darwins bok On the origin of species i 1859.

– Det var ramaskrik og personkarakteristikkar av ei anna verd, folk prøvde å ta frå Darwin all mogleg ære. Samanlikna med det er denne saka berre krusingar i overflata.

Mellom journalistikk og fag

Martiniussen innleia sitt svar på Torgersens bokmelding med å lufte tvilen sin – skal ein forfattar svare eller ikkje? Det er eit dilemma mange forfattarar har opplevd. Sissel Furuseth, professor i nordisk litteratur og forskar på resepsjon, fortel at ho ikkje har tal på kor ofte ho har lese tilsvarande funderingar.

– Så endar han altså på at dersom han skal svare, må han konsentrere seg om innhald, ikkje form. Og det kan eg forstå, for dersom det er noko grunnleggjande i innhaldet som er misforstått, så krev jo fagpersonen at det blir korrigert. Har ein ikkje lukkast med formidlinga, derimot, kan det sjåast som eit handverksmessig problem som ein kan overlate til kritikarane å snakke om. Sjølv om eg personleg ikkje ser noko i vegen for at ein forfattar også kan kommentere den typen kritikk, seier ho.

Furuseth cropped
Sissel Furuseth. Foto: Ilja C. Hendel

Det interessante med sakprosakritikk, meiner Furuseth, er han ligg ein stad mellom journalistikken og det aktuelle fagfeltet, samstundes som mange har ei forventing om at kritikken skal vere ein sjølvstendig kulturell praksis. Då kjem mykje an på korleis kritikar og forfattar forstår si eiga rolle.

– Og sakprosakritikarrolla er ikkje avklart, korkje opp mot mediefeltet eller mot akademia, eller som sjølvstendig kunstfelt. Ulike kritikarar vil ha ulik rolleforståing, seier ho.

Det same gjeld forfattarane. Ein fersk sakprosaforfattar kan kanskje leve i den villfaringa at bokmeldarane først og fremst skal hjelpe ein å selje bøker.

Usemje om tilsvarsrett

Sakprosa som omgrep er berre nokre tiår gamalt, fortel Furuseth. I framveksten av omgrepet har sakprosafeltet prøvd å posisjonere seg i høve til skjønnlitteraturfeltet, som er mykje meir etablert.

– Der ligg det ein konflikt, for dersom sakprosaen skal ha same status og privilegium som skjønnlitteraturen har hatt, er det naturleg at ein også fråseier seg tilsvarsretten. Det har skjedd i skjønnlitteraturen. Men sakprosaforfattarar kjem ofte frå akademia eller journalistikken, der tilsvarsretten gjeld, og sakprosaen har enno ikkje bestemt seg heilt for kven sine reglar ein skal spele etter. Så dette er eit problem som har oppstått fordi felta er blitt differensierte.

Furuseth har heller ikkje sloppe unna førstehands erfaring med dette. Sist sommar melde ho til dømes Andrew Kroglunds bok Termostat i Vårt Land, der ho etterlyste ein meir grunnleggjande kritikk av systemet som har skapt klimakrisa. Då rykte Kroglund ut og skulda henne for vranglesing.

– Det eg reagerte på då han gjorde det, var at når ein som litteraturvitar omtalar ei sakprosabok, er ein oppteken av korleis boka er disponert og får fram argumenta sine. Er der dissonansar og ting som ikkje går opp, er det kritikarens oppgåve å slå ned på det. Og sjølv om ein lesar skal vere villig til å forstå, må det først og fremst vere forfattarens ansvar å få fram poenga på ein god måte, seier ho.

Kroglund, derimot, sat med kjensla av at han var blitt utsett for slurvete kritikk.

– Eg tykte bokmeldaren hadde lese boka for dårleg, og at eg vart tillagd slutningar eg ikkje hadde gjeve uttrykk for. Når du har jobba lenge, skrive 500 sider bok og meiner du har noko på hjartet, blir du oppgitt når meldaren ikkje har lese boka nøyaktig nok, seier han.

– Er det noko som irriterer meg som boklesar og kritikar, så er det overflatisk lesing av tekst.

Fagleg tunnelsyn

Kontekst er viktig, meiner Kroglund, på ein annan måte enn i kritikk av skjønnlitteratur. Sakprosakritikaren skal ha evne til å sjå større trekk og assosiere med ulike fagfelt. Det kan av og til vere ei utfordring når aviser set bort bokmeldingar til fagspesialistar.

– Dei kan fort få tunnelsyn på eige fagfelt og henge seg opp i detaljar. Samstundes er nokre sakprosabøker vanskelege å skrive om dersom ein ikkje har fakta inne. Det er eit tviegga sverd, dette.

Lagnaden ville det slik at nokre veker etter at Kroglund hadde okka seg over Furuseths melding av boka hans, fekk han sjølv påpakning for sin omtale i Vårt Land av Asle Tojes bok Gullbrikkespillet, den siste i ein trilogi om store trekk ved den europeiske sivilisasjonsutviklinga. I meldinga siterte Kroglund ein passasje frå Tojes bok og følgde opp med å skrive at «dette er nesten som å høre høyreekstremist og tidligere rådgiver for Donald Trump, Steve Bannon». Det ville Toje ikkje finne seg i.

– Og eg skjønar godt at han kom med tilsvar. Han kjende seg sett i ein bås han var utilpass med, og eg ser at den setninga kan vere på grensa. Så eg var vel kanskje upresis, og då må eg tole at han kjem med eit kraftig svar. Det er hans rett, seier Kroglund.

Bør ikkje svare, men …

I svaret sitt skreiv Toje at han merka seg at for kvar bok i trilogien syntest bokmeldarane å ville plassere han lenger ut på den politiske høgresida, «og Vårt Land tar kaka. Her blir jeg sammenlignet med høyreekstreme».

– Alle mine tre bøker har fått brei omtale og har selt godt, så eg har ikkje noko å klage over. Men med første bok handla meldingane om dei sterke og svake sidene ved boka. Då andre bok kom, peikte mange på at eg tilhøyrer den politiske høgresida, som igjen er greitt, sjølv om ein må lure på kvifor kritikarane utplasserer ein slik varseltrekant i bokmeldingane. Kor ofte blir det påpeikt at ein forfattar tilhøyrer venstresida? Men denne gongen vart eg skuva enno lenger ut mot høgre, og det stemmer rett og slett ikkje, seier han.

Det ville han korrigere, sjølv om Toje etter eiga utsegn ikkje har høge forventingar til bokmeldingar og heller ikkje tillegg dei stor vekt.

– Eg skummar meldingane og tek med meg gode innvendingar. Bokmeldingar er rett og slett ikkje så viktig for boksalet lenger, det som er viktig, er å vere utgitt på eit av forlaga som eig bokhandlane. Og så har vi i det stille laga ein parallelløkonomi der forfattarar ikkje lever av bøkene sine, men av stipend.

Men også Toje gjekk nokre rundar før han svarte Kroglund, og hadde kanskje ikkje gjort det i det heile dersom ikkje forleggjaren hans hadde meint at ei grense var blitt kryssa.

– Det er ei universell lov at du alltid vil tape ein debatt der du klagar over bokmeldingar, seier han.

– Og i mi idealverd går ikkje forfattarar i polemikk med kritikarar, heller ikkje i sakprosa. Bokmeldinga kjem når boka er fersk og ein har jobba så mykje og er så stolt, og difor er ein forfattar sjeldan best eigna til å vurdere om kritikken er rimeleg. Men kritikaren må ha yrkesetikk, og då tenkjer eg at like standardar for alle forfattarar er ein grei regel. Dreg du inn min politiske ståstad, får du gjere det for alle.

Tvinga av strukturane?

Interessant nok: Ved nærare ettersyn viser det seg at heller ikkje Kroglunds reaksjon på Sissel Furuseths bokmelding skjedde fullt og heilt på eige initiativ. Han vart oppmoda til å svare av ein redaktør i Vårt Land.

– Slikt er jo eit fint høve for ei avis til å få fram ein debatt. Og når bøker blir diskuterte i pressa, blir det ofte sårt, særleg om temaet er både betent og viktig, slik vi ser med debatten om Michelets bok. Samstundes er eg ikkje redd for sakprosadebattar som går på kva forfattar og kritikar eigentleg meinte. Eg trur det berre styrkjer den offentlege debatten. Med alt som skjer rundt dette med «fake news» og konspirasjonsteoriar og ein stadig raskare nyhendesyklus, så trur eg sakprosa som samfunnsfenomen berre vil bli viktigare, seier Kroglund.

Den merksame lesaren vil ha registrert at så langt har tre av forfattarane våre, før dei gjekk ut i debattspaltene med kritikk av kritikken, konferert med ein forlags- eller avisredaktør. Er det slik at når sakprosakritikk tenner debatt, så er det ikkje berre dei involverte partane som står bak, men større kommersielle strukturar i dagens medielandskap?

– Skal ein vere kynisk, tenkjer ein jo at både forfattarar og kritikarar tener på debatt, seier Sissel Furuseth.

– Forfattaren har interesse av å halde diskusjonen om boka varm, og kritikarar, trur eg vi lyt erkjenne, treng også oppdrag og må generere klikk. Eg merkar sjølv at når eg blir redigert av aviser, blir eg gjerne oppmoda om å trykke litt ekstra på dei kontroversielle argumenta, nettopp for å terge motparten. Når ein forskar på dette, kan ein lett bli litt sliten og lure på kor djupt meiningane eigentleg stikk. Kan ein alltid tru på det dei skriv?

Vil ikkje ha isolert kritikk

Sjølv blir Furuseth glad av slike metadebattar, for det er heller ikkje bra dersom all kritikk skal vere ein heilt autonom praksis utan opning i noka retning.

– Mange skjønnlitterære forfattarar har gjennom åra bite i seg kritikk og halde kjeft, som eit resultat av ei profesjonalisering som på eit vis er uheldig. Det fantastiske med sakprosafeltet er at der finn ein forfattarar frå alle disiplinar, og når ikkje alle er fortrulege med kodane, blir det meir interessant, seier ho.

Medan Ivo de Figueiredo meiner at for sakprosaen, og særleg biografien, er det eit problem at ein manglar eit profesjonelt mottakarapparat slik skjønnlitteraturen har.

– I meldingar av biografiar kan ein aldri vite kva ein får. Dei som er ekspertar på det faglege, har sjeldan interesse for biografien som sjanger. Ingen fornuftig akademikar skriv biografiar. Medan allmennkritikarane gjerne let seg imponere altfor lett. Slik fell biografien mellom to stolar.

– Men kven bør då melde sakprosa?

– Godt spørsmål. Noko sakprosa er først og fremst sak. Eg reagerte negativt den gongen Bokmagasinet byrja invitere fagekspertar til å melde sakprosa, meinte dei verkeleg at ein bokmeldar ikkje treng litterær kompetanse? Seinare har eg tenkt at ulike bøker kanskje bør bli vurderte på ulike premissar. Og kva er sakprosa som litterær form? Der står det mykje att å avklare, både for akademikarar og kritikarar, men særleg for forfattarane. Til sjuande og sist er det berre vi som kan heve nivået og statusen til sakprosaen gjennom bøkene vi skriv, seier han.

NOTAR
1. Jørgen Haave: «Et makkverk av en biografi», Klassekampen 29. oktober 2019. Same dagen stod innlegget også i Varden under tittelen «Gammelt oppspinn i ny Ibsen-bok».
2. Narve Fulås: «Stakkars Ibsen», Morgenbladet.no, 13. desember 2019.