3n2a3714
Foto: regjeringen.no

– Vi må halde fram med å snakke saman

07.06.2024

Oddmund Løkensgard Hoel, minister for forsking og høgare utdanning, set den akademiske fridomen høgt. Men han fryktar at merksemda rundt temaet kan få uheldige konsekvensar.

I sørlandsidyllen Arendal gjekk det føre seg ei «lett grilling» i august i fjor.1 På menyen stod Oddmund Løkensgard Hoel, språkprofessor og på den tida statssekretær, og anledninga var arrangementet Arendalsuka.

Ifølgje Universitetsavisa sa du at «det skal ganske lite til før det blir brukt ganske store ord om at det er trusler mot den frie forskningen». Kva meinte du med det?

Det er eit veldig stort fokus på trugsmål mot akademisk fridom i den offentlege debatten. Det betyr at den som gjer eller seier noko som kan tolkast som eit slikt trugsmål, fort får reaksjonar. Og det er jo bra.

Kva er det som ikkje er bra med det?

Spørsmålet er om vi ønskjer ein open debatt. Viss eitkvart synspunkt frå ein politikar på eit forskingsresultat blir tolka som eit åtak på den akademiske fridomen, har du lukka døra for ein debatt mellom forskarar og politikarar. I den grad eg har ei bekymring rundt det, er det at rommet politikarar har til å meine noko om forsking i dag, iallfall ikkje er større enn det bør vere.

I 2022 ville ikkje kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik publisere ein rapport frå Forsvarets forskingsinstitutt på nettsidene til regjeringa, sjølv om rapporten var bestilt av hans eige departement. Han fekk kritikk, men du støtta han. I ettertid la han ut rapporten likevel. Meiner du at den saka var eit eksempel på det du nemner ovanfor?

Det var nok klokt av han å snu. Og saka er eit interessant eksempel. For det han gjorde, var å reagere på innhaldet og kritisere forskarane for å vere politiske. Svaret hans var ikkje å nekte å publisere rapporten – han var allereie publisert – men han ville ikkje leggje ut lenkje på sidene til departementet. Eg må vel kanskje seie at det var eit relativt lite dramatisk spørsmål, men det fekk stor merksemd. Saka illustrerer den høge beredskapen offentlegheita har mot alt som kan truge den akademiske fridomen, særleg når det gjeld maktpersonar. Det er bra. Så har det den minussida at det blir problematisk for politikarar å gå inn i ein debatt. Vi må tenkje oss veldig nøye om, for vi veit at akademisk fridom-kortet blir trekt ganske fort.

Kva er faren ved dette?

Faren er at avstanden mellom forskarar og politikarar, og kanskje også næringslivsfolk, skal bli for stor. Er det noko som bidrar til gjensidig forståing og fornuftig samarbeid, så er det jo at ein snakkar saman. Utgangspunktet mitt er at alle forskarar er prega av samfunnet og verdisynet sitt. Er forskinga god, betyr den faktoren eit minimum. Særleg innan samfunnsforskinga er det mykje som rører seg i grenselandet mellom vitskap og politikk. Og då meiner eg det er legitimt at både forskarar og politikarar kan ha ei meining om det.

Har du eit eksempel på eit slikt tema?

– Debatten om kosthaldsråda. Då reagerte ein del forskarar sterkt på at politikarar begynte å meinte noko om råda og det faglege grunnlaget. Men der synest eg at politikarane med rette beveger seg inn i det faglege, samtidig som forskarar med rette beveger seg over mot det politiske. Det må vere ønskeleg at forskarar og politikarar møtast for å diskutere det som føregår i den gråsona. Eg oppmodar politikarkollegaer om å møte forskarar med eit ope sinn, og ikkje mistolke dei for fort for å vere ute i politisk terreng. Så oppmodar eg samtidig forskarar til ikkje å sjå på reaksjonar frå politikarar som eit trugsmål, men som ei opning for ein god debatt. Vi har eit kunnskaps- og forskingsbasert styreregime og er avhengige av gode forskingsmiljø. Då treng vi også ein god dialog.

Korleis er den akademiske fridomen til norske forskarar i dag?

Kierulf-utvalet tok føre seg akademisk ytringsfridom og samanfatta med at det står rimeleg bra til. Det er også mitt inntrykk. Men eg er samd med utvalet i at vi skal vere på vakt. Globalt ser vi tendensar til at politikarar og styresmakter grip inn og avgrensar fridomen. Det er uheldig. Vi skal også vere på vakt mot at næringslivet prøver å kneble forskarar. Utvalet la dessutan stor vekt på internjustisen i dei akademiske miljøa, og at han held folk frå å ytre seg.

Delar av næringslivet har ein sterk lobby. Kan dette påverke forskinga?

Jo då, i dag finansierer norsk næringsliv ein god del forsking, og vi har eit mål om at dei skal finansiere endå meir. Det er lange tradisjonar for at næringslivet er involvert i forsking, og det går i hovudsak veldig bra. Det viktige er at ein har klare køyrereglar som sikrar at forskinga er uavhengig og held ein høg forskingsetisk standard. Av og til dukkar det opp saker der grensene blir tråkka over. I oppdragsforskinga skjer nok dette oftast når oppdragsgjevaren er misfornøgd med det som ser ut til å bli konklusjonane, og prøver å prege dei. Det er uhøyrt, og det skal vi vere på vakt mot. Den offentlege debatten er viktig: Ei offentlegheit som er levande opptatt av å verne om akademisk fridom, er kanskje det beste vernet vi har.

Kva vil du gjere for å sikre den akademiske fridomen framover?

Vi er opptekne av å ha eit solid lov- og forskriftsverk. I universitets- og høgskulelova som vart vedteken av Stortinget i februar, er regelverket endå klarare på at akademisk fridom skal sikrast på universitet og høgskular. Her ligg det eit tungt ansvar på institusjonsleiinga.

(I papirutgaven av Prosa #2 24 trykkes en noe forkortet versjon av intervjuet)

Note:
1. Benedikt Erikstad Javorovic: «– Det skal ganske lite til for at det kommer store ord om trusler mot akademisk frihet», Universitetsavisa, 16.08.23, https://www.universitetsavisa.no/arendalsuka-oddmund-lokensgard-hoel-uh-sektroren/det-skal-ganske-lite-til-for-at-det-kommer-store-ord-om-trusler-mot-akademisk-frihet/384661