Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet. FOTO: WIKIMEDIA COMMONS

– Det er sett i gang fleire prosessar

03.09.2024

Kva vil regjeringa gjere for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande?

Medan organisasjonar i kultursektoren ventar på nye tiltak, forklarer Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID) at feltet er komplisert og tidkrevjande.

Allereie 31. mars 2022 vedtok Stortinget at regjeringa skulle «utrede om selvstendig næringsdrivende og frilansere skal opparbeide seg sterkere rettigheter til inntektssikring, inkludert forbedring av sykelønnsordningen og sosiale ordninger for selvstendig næringsdrivende».

Kvifor vart ikkje dette prioritert og følgt opp i Kunstnarkår, som kom over eitt år seinare?

AID svarer skriftleg:

– Spørsmålet om å greie ut sterkare rettar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar er mangefasettert og rører ved fleire fagområde og sektorar. Gode og fagleg forsvarlege utgreiingar krev tid, og det er sett i gang eit omfattande kartleggingsarbeid om forbetringsområde og tiltak. Vi legg opp til å gjere greie for oppfølginga av oppmodingsvedtaket i forslaget til statsbudsjett for 2025, som blir lagt fram for Stortinget til hausten.

AID har gjeve Nav i oppdrag å kartlegge utfordringar ved inntektssikringsordringar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og personar med kombinerte inntekter. Kartlegginga skal omfatte utfordringar ved informasjon, rettleiing og forvaltning av slike ordningar.

Nav skal greie ut moglege forbetringsområde og tiltak og skulle etter planen kome med ein rapport før sommaren.

Er dette arbeidet i rute, og kan vi vente endringar i neste års statsbudsjett?

– Departementet fekk før ferien eit førebels svar frå Nav. Rapporten gjev likevel ikkje ei endeleg vurdering av utfordringar og tiltak. Nav ventar på ein forskingsrapport frå Fafo om rettstryggleiken for dei som har kombinerte inntekter (sjå hovudsak), som er noko forseinka. Regjeringa vil gjere greie for utreiinga og tiltak i forslaget til statsbudsjett for 2025.

AID svarer ikkje på om regjeringa vil opprette ei spesialisert Nav-eining med spisskompetanse på kombinasjonsinntekter og dei spesifikke utfordringane i kunstnarøkonomien, slik Høgre, SV og Venstre har foreslått.

Departementet poengterer derimot at dei har sett i gang fleire prosessar for å skaffe meir innsikt i dei utfordringane som finst: Oppdraget til Nav er éin av dei, og i tillegg kjem ein skriftleg innspelsrunde i regi av AID og Kultur- og likestillingsdepartementet:

– Her tyder tilbakemeldingane mellom anna på at aktørane sjølve har dårleg kjennskap til rettane sine, og at det kan vere utfordrande å finne god nok informasjon og rettleiing hos Nav.