Ottar Grepstad var intervjua i Prosa nr. 1/1995. Vi har stilt han dei same spørsmåla som den gongen.
Ottar Grepstad var intervjua i Prosa nr. 1/1995. Då sat han i Volda og arbeidde med prosjektet Norsk Sakprosa. Overskrifta var «Livet som sakprosateoretiker». I dag sit Ottar Grepstad framleis i Volda og skriv. Det siste året har han gitt ut to sakprosabøker om språk og vore med og redigert ei bok om Einar Økland. Vi har stilt han dei same spørsmåla som den gongen – rett nok på nynorsk – og to nye.
- Mykje tenkjearbeid?
Jo, men skjønnlitterære forfattarar grundar nok minst like mykje som oss som skriv sakprosa. I det universet dei skaper, kan kva som helst skje. I sakprosaen er det den einaste uvissa vi slepp unna.
- Korleis fordjupar du deg?
På den mest tungvinte måten. Når eg skal finne ut av noko, vil eg helst finne fram til relevante dokument frå samtida og forme mitt eige oversyn over emnet, før eg ser kva som står i oversynsverk og oppslagsverk. Då risikerer eg å forsvinne i irrelevante detaljar, men eg tek minst mogleg for god fisk av det andre har sagt og skrive. Dermed kan eg oppdage andre linjer og fleire nyansar enn det som står i sjølv utførlege kortversjonar, og det er slike kortversjonar som lett får status som den gyldige forståinga av eit emne. I Farlege språk skreiv eg mine eigne forteljingar om sju språkkonfliktar verda rundt, og desse framstillingane vurderte eg så kritisk i oppfølgjande essay. Denne metoden gjorde det til dømes mogleg å skildre den språklege undertrykkinga som dei franske revolusjonære stod for i 1790-åra, og som seinare franske makthavarar stort sett har halde fast ved.
- Det høyrest ikkje lett ut.
Det er som å rydde på loftet, eller å bli mint om den første dagen i slåtten i 1960-åra. Vi byrja gjerne ein måndag, det var nesten alltid gråvêr, og sjølv små marker såg uendelege ut. Så kjem du i gang, og ein dag ser du slutten på slåttonna eller loftsryddinga, og du får grep om skilnader og konfliktar og kuriosa i det stoffet du finn i kjeldene. Å skrive kan vere å få det til å kjennast som ein nedoverbakke same kor bratt det er imot. Éin dag, på éi side, er kjensla der brått: No er det verste over. Slik var det både då eg skreiv Det litterære skattkammer om sakprosaens teori og retorikk, altså praksis og teori, for tretti år sidan, og då eg hadde laga siste avsnittet i Farlege språk. Det meste av det eg har gjort etter skattkammeret, har vore å fortelje om ukjende sider ved skriftkultur og drøfte dei. Eg er sikrare på den forståinga i dag enn eg var då.
- Det nærmar seg ein heil samfunnsteori?
For meg heng iallfall retorikk, minnekultur og skriftkultur nøye saman. Den retoriske tenkinga om høve, minnekulturen som gjennom tusenår med skrift er blitt jamt sterkare, og utviklinga av skriftkultur gjennom ulike strategiske fasar – ja, men hald nøye orden på empiri og historie, og styr unna teoretisk generalisering langs empiriske snarvegar.
- Korleis er arbeidsdagen din?
Eg vil helst vere i gang før klokka er ni. Morgon og føremiddag er beste tenkjetida, og ofte er eg så spent på kva eg finn ut, at papiravisene blir liggjande utover dagen. På det mest intense kan arbeidsdagen bli ti–tolv timar.
- Blir det ikkje reint ut stussleg?
Aldri stussleg å oppdage noko som eg trur mange ikkje veit om. Dessutan snakkar eg med folk. Eg bur i sentrum av bygdebyen Volda med kort veg til alt, har ein sofa som er så god å liggje på at det blir kamp om plassen ved besøk, og veit godt når tv-kanalane sender program som gir hjernen fred. Eg nyttar høve som byd seg, som då eg kom over ein konsert med Jan Garbarek i Sandefjord få minutt etter at billettane var lagde ut, og eg gav meg ikkje før eg hadde billett til den aller siste konserten med Åge Aleksandersen og Sambandet.
- Korleis gjekk det med prosjektet Norsk Sakprosa?
Det prosjektet var mest av alt kunnskapsbasert, utoverretta formidling med eit klart mål om å endre oppfatninga av sakprosa allment. Det gjekk vel sånn passe, men det var viktigare å nå breitt ut enn å skrive for kollegaer ved høgskular og universitet, og det gler meg at Det litterære skattkammer framleis er eit haldepunkt for mange. Arbeidet blei ført vidare innanfor ei akademisk institusjonalisering som var nødvendig, og det manglar ikkje på gode avhandlingar og artiklar. Dette stoffet er berre blitt verande ukjent for allmenta, og altfor mykje er som det var i 1990-åra. Den allmenne kritikken av sakprosa har skrumpa inn, og dei fleste som skriv om sakprosa for eit breitt publikum, har openbert fått med seg lite av nytenkinga. Dermed blir sakprosa framleis omtalt mest som innhald, og dei færraste ser dei avgjerande, retoriske vekslingane mellom form og innhald.
- I 1995 hadde du ein seks år gamal vekkjarklokke som heitte Grunde Andreas. Kva for vekkjarklokke brukar du i dag?
Det held lenge å halde på med noko som gjer at du har lyst til å stå opp. Ein morgon for ti år sidan vakna eg til ei setning som eg har teke godt vare på. Den tanken skal eg avslutte den siste boka mi med, og eg veit når det skjer.