6hansteen kart 1831 isodynamisk
Christopher Hansteens isodynamiske verdskart frå 1831. Foto: Museum for universitets- og vitenskapshistorie, Universitetet i Oslo

Gamal forsking blir som ny

28.04.2022

Forsking kan få ny relevans 200 år seinare, seier Vidar Enebakk. At vandringa til den magnetiske nordpolen også har gjort biografien hans om Christopher Hansteen høgaktuell, er berre flaks.

Kan rivinga av eit bygg ha påverka ettermælet til matematikar, astronom og magnetismeforskar Christopher Hansteen? Ja, meiner Vidar Enebakk. Han gir no ut den første biografien om mannen som bidrog sterkt til etableringa av ein vitskapleg kultur i Noreg etter opprettinga av vårt første universitet i 1811: Christopher Hansteen. Vitenskapsdyrker og polarforsker (Pax).

Christopher Hansteen (1784–1873) var professor i bruksretta matematikk og styrar ved Det astronomiske observatoriet, og stod for all slags oppmåling og kartlegging av verda: lengde- og breiddegradar, mål og vekt, tid og rom, jordmagnetisme og nordlys. Lenge vart han likevel hugsa som ein som tok feil på det området som opptok han sterkast: kartlegging av dei magnetiske polane.

– Min historiske analyse viser at det ikkje er opplagt at Hansteen tok feil, seier Enebakk.

Blant dei beste

Enebakk, som er utdanna idéhistorikar med doktorgrad i vitskapsteori, blei kjend med Hansteen og observatoriet då han begynte som postdoktor ved Forum for universitetshistorie i 2005. Men det var først under eit forskaropphald i Cambridge i 2006–2007 at han fekk auga opp for kor viktig Hansteens studium av jordmagnetisme var.

Omslag til boka Christopher Hansteen: Vitenskapsdyrker og polarforsker av Vidar Enebakk.

– Studiet av jordmagnetisme la grunnlaget for slikt som global navigasjon, norske kraftturbinar, elektrisitet og mobiltelefoni. Kort sagt mykje av det vi assosierer med moderne liv.

Hansteen naut enorm respekt i si eiga tid, både nasjonalt og internasjonalt. Den store korrespondansen med kollegaer i utlandet er teken vare på ved Observatoriet, og i arkivet til Board of Longitude i Cambridge finst tilsvarande samlingar som tyder på at Hansteen var høgt vurdert i Storbritannia.

– Korrespondansen viser at Hansteen var på høgde med dei viktigaste forskarane i samtida, understrekar Enebakk.

Vendinga

Men etter Hansteens død vart arbeidet med jordmagnetisme nedvurdert i omtalar av livsverket hans. Årsaka var at han arbeidde ut frå ein hypotese om at det fanst fire magnetiske polar, medan det etter kvart var Gauss’ modell med berre to slike polar som vann fram. Dette synet på Hansteen som «tapande part» vart tradert i faglitteraturen.

Vidar enebakk foto elin fugelsnes
Vidar Enebakk. Foto: Elin Fugelsnes

I nyare tid blei den mangfaldige forskaren hugsa først og fremst for verksemda ved det astronomiske observatoriet som framleis står bak Nasjonalbiblioteket i Oslo. Det meiner Enebakk heng saman med kampen rundt bruken av dette bygget rundt tusenårsskiftet. Naturvitskaplege miljø kjempa mot at observatoriet skulle brukast som Ibsen-senter, og løfta fram den viktige forskinga Hansteen hadde drive med der.

– Dette har prega blikket vårt på Hansteen. Men om det magnetiske observatoriet hans, som stod der Nasjonalbiblioteket står i dag, framleis hadde eksistert, kunne biletet kanskje sett annleis ut, seier Enebakk.

Slik problematiserer han også biografien som historieskriving.

– Oppfatninga av Hansteen har endra seg over tid, først etter sin død blei magnetforskaren astronom.

Historisk rikdom

Dei siste åra har det også skjedd noko i polområda som har skapt fornya interesse for Hansteens observasjonar og teoriar. Hansteen meinte at det fanst ein magnetisk pol også i Sibir. Den magnetiske polen som før låg i Nord-Amerika, passerte i 2019 den geografiske nordpolen på ei vandring som har retning mot Sibir.

– Utviklinga vi ser no, viser at den magnetiske nordpolen rører seg i ein slags syklus på nesten 400 år, og Hansteens historiske observasjonar kan kaste lys over dette.

Er biografien ei slags oppreisning for Hansteen som polarforskar?

– Nei, eg tenkjer ikkje slik, dette er ikkje eit normativt og anakronistisk prosjekt. Eg starta å jobbe med stoffet lenge før eg vart klar over denne utviklinga i polområda, så den nye konteksten er overraskande. Dette viser at vitskaplege data kan få ny relevans 200 år etter.

Enebakk er generelt ikkje oppteken av å kople boka si til aktuelle hendingar, han vil først og fremst vise at det historiske materialet i seg sjølv har ein rikdom som kan vise seg relevant på ulike måtar.

– Den russiske invasjonen av Ukraina gir også ein ny kontekst for den delen av boka som går føre seg i Russland, men det får vere opp til andre å sjå kva som gjer stoffet interessant i dag. Det viktige for meg var å ha ei historisk tilnærming, oppdatert på ny forsking.

Tverrfagleg prosjekt

Sidan materialet etter Hansteen er så stort, har avgrensinga av skriveprosjektet vore både vanskeleg og viktig. Enebakk fortel at han har kutta mange hundre sider frå manuskriptet. Og det etter at han hadde brukt mykje tid og krefter på å skjøne forskingsmaterialet til ein allsidig naturvitskapleg forskar som Hansteen.

– Både det teoretiske og det praktiske, som bruken av instrument og målemetodar, var krevjande å setje seg inn i.

Spesielt har det å samle, tolke og formidle visuelt materiale vore viktig, for store delar av Hansteens resultat er framstilt som magnetiske kart.

– Desse karta er det Hansteen er mest kjend for internasjonalt, her var han fremst i verda i samtida. Det spesielle er at karta både er verktøy i forskinga og representasjonar av resultata, og at ein faktisk kunne bruke dei i praktisk navigasjon. Det var ei alternativ løysing på problemet med å finne lengdegradar til sjøs, fortel forfattaren.

Tett samarbeid med folk i fagmiljøet både nasjonalt og internasjonalt har vore heilt naudsynt for Enebakk, og tverrfagleg samarbeid er då også ved kjernen i prosjektet. Ein avgjerande inspirasjon var Charles Percy Snows berømte arbeid frå 1959: De to kulturer.1

– Målet og ambisjonen med Hansteen-biografien var altså å skrive mellom dei to vitskapskulturane på ein måte som gir meining enten ein kjem frå naturvitskapen eller humaniora – og slik etablere eit sams rom, seier Enebakk.

Kultur for vitskap

Hansteen og kretsen hans etablerte ein ny vitskapleg praksis med eigne normer og verdiar i første halvdel av 1800-talet.

– Det var ikkje opplagt at ein ny stat såg det som viktig å finansiere det Hansteen meinte var viktig, som til dømes reiser til utlandet og internasjonalt samarbeid. Kvifor skulle dei støtte internasjonal, langsiktig forsking i staden for norsk og nyttig? I analysen av dette historiske materialet ligg det sjølvsagt også ei drøfting av kva rolle vitskapleg forsking skal ha i samfunnet generelt.

Enebakk slutta som forskar i 2012, og har sidan vore både kurator ved Norsk teknisk museum, redaktør i Nytt Norsk Tidsskrift og – sidan 2014 – sekretariatsleiar for Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora. Han meiner det har hjelpt han å finne tilbake til skrivegleda han hadde før den spesialiserte forskarutdanninga.

– Eg treng ikkje lenger å tenkje på å imponere forskingskollegaer, humrar Enebakk.

I arbeidet med å gjere vanskeleg stoff tilgjengeleg og engasjerande for så mange som mogeleg har han i staden vendt seg til sin aller mest dedikerte lesar.

– Mamma er interessert i alt eg gjer. Ho har ingen fagleg bakgrunn, men er særs nysgjerrig og entusiastisk. Å snakke gjennom manuskriptet med henne har vore nyttig for å finne ei enklare og meir levande form.

1. Boka vart omsett til norsk av Ragnar Kvam og utgjeven på norsk første gong i 1960 i serien Cappelens Upopulære skrifter. I 2001 stod Edvard Stang for ei nyomsetjing i same serie, og denne vart utgitt igjen saman med Enebakks essay i Bokklubbens kulturbibliotek i 2008.