Prosa 1 2023 m 19 (2)

Sakprosaåret 2022: Breidde, vekt og tyngde.

19.02.2023

2022 baud på ei rekke omfangsrike, godt fortalde og godt dokumenterte verk – og biografiane handlar om menn.

Interessa for sakprosa held seg godt i både sal, talet på titlar og breidda i emne, men om eit år er «betre» enn eit anna, blir mykje ein smakssak.1 Til dømes vil dei som likar biografiar, ha mykje å lese på langt inn i dette året. Vi trivst i livet til andre, særleg dei som er knytte til vår eiga tid. Skaff deg eit namn, og du kjem mellom to permar før gravsteinen er på plass. Andre forfattarar er opptekne av det livet den einskilde av oss lever, og korleis vi taklar medgang, motgang, einsemd og skilsmisser, og korleis alle brøkane i livet skal gå opp. Av meir faktaorientert sakprosa er natur og klima høgt oppe. Krigen «vår» er som vanleg ein stor del av bokåret, og nå er ein ny krig kommen til, samstundes som det liberale demokratiet er under sterkt press i både Europa, Sør-Amerika og USA. Vi treng sakprosaen meir enn nokon gong for å forstå ei meir komplisert og, vil mange seie, skremmande verd.

Eit kjenneteikn ved biografiane og somme andre bøker er høgt sidetal og dimed høg vekt. Carl J. Hambro skal ha sagt ein gong då ein fysisk tungvektar stod på Stortingets talarstol og serverte heller lette tankar: «Aldri har jeg visst at det kunne være så stor forskjell på vekt og tyngde!»1 Replikken er så god at eg tek han med. Hadde Hambro tenkt på seg sjølv, hadde han utvilsamt hatt både vekt og tyngde. Ei slik kopling tykkjer eg i stor grad gjeld siste års sakprosa. Å skrive levande og litterært, disponere stoffet på ein spanande måte og samstundes dokumentere innhaldet på reieleg vis er den nye malen.

Royal spagat

Det er vel høveleg og formelt korrekt å begynne i det royale hjørnet. Tore Rem er med tredje band i mål om den førre kongen, Olav V. Ensom majestet 1946–1991. (Bind 1 og 2 blei melde i Prosa 2/22.) Det spørst om ikkje det siste bandet er det beste. Rem får godt fram spenninga mellom den offisielle gjerninga og privatlivet. Det eit paradoks at dess nærare kongen kom folket, og blei sjølve folkekongen, dess mindre har vi visst om han. Nå les vi at den populære og elska kongen styrte eige hus som ein fyrste frå mellomalderen. Dagens rutinar og gjeremål var nøye planlagde. Det minste avvik kunne utløyse bannskap og skjellsord. Det var kan hende ventilen i eit strengt regulert liv, styrt av tradisjonar, djup konservatisme og einsemd.

150-årsjubileet for norsk utvandring til USA, Sesquicentenniel, blei innleia med gallamiddag på Waldorf Astoria. Rem skriv ope om kongens talefeil og dei problema det må han medført for ein mann som stadig måtte halde talar. I tillegg, skriv Rem, hadde kongen gjennom vaksenlivet eit jamt høgt alkoholinntak. Med talefeil og nokre drammar under vesten gjekk det ikkje så bra med uttalen av Sesquicentenniel. På resten av reisa blei det One Hundred and Fiftieth Anniversary. Tore Rems prosa flyt lett. Avsnitta er ofte avrunda med ei spissformulering eller ein lakonisk kommentar, men aldri respektlaust. Trilogien om Olav V vil bli eit referanseverk.

To slags bergensarar

Eg er ikkje åleine bladmann om å opne ei bok om Georg Johannesen (1931–2005) med eit ufjelgt minne. Han trakasserte folk, i mitt tilfelle ei serveringsdame som uttalte «entrecôte» feil. I biografien til Alfred Fidjestøl er der fleire episodar med grunnlause raseriutbrot mot folk Johannesen meinte var dumme, truleg dei fleste av oss.

Med sin provoserande stil var han som skapt for debattprogram, for ikkje å seie som tåkefyrste i underhaldningsprogram. Mot slutten av karrieren blei han landets første professor i retorikk. Studentane likte seminara hans, studinene likte mannen, han var populær. Det er ikkje lett å kome til botnar i ein mann som Johannesen, men den rutinerte Fidjestøl får fram noko av djupna og mykje av breidda i liv og virke, og kjedeleg er det aldri. På andre sida, den som skriv trøyttsamt om folk som Georg Johannesen, må finne seg anna å gjere.

Prosa 1 2023 m 22 (2)

Då er det annleis med Konrad Nordahl (1897–1975), den mektige leiaren av fagrørsla frå 1939 til 1965. Han hadde ein kraftfull posisjon i dei åra sosialdemokratiet var sjølve statsforma. Dette er ein annan type bergensar enn Johannesen. Det er ikkje mykje som kallar på smilen i den grundige biografien til Inger Bjørnhaug, Konrad Nordahl. Fagbevegelsens mektige leder. Nordahl var eit arbeidsjern med klåre visjonar for rørsla og eit sosialistisk samfunn, eit livsverk med spor som ennå er synlege. Dette er eit faghistorisk arbeid med stor tyngde, der Nordahls eigne dagbøker med 8 000 sider har vore viktig kjelde. Kvar ny dagbok frå Youngstorget som blir opna, bringar inn fleire perspektiv på maktkampen i parti og LO desse åra. Dei må ha vore nokre hardhausar som kunne halde på slik, men ut av kverna kom eit av dei mest framtidsretta og egalitære samfunna i historia.

Kontroversiell misjonær

Eg vil nemne ein mann ikkje mange kjenner, Karl Ludvig Reichelt (1877–1952), som kom frå eit pietistisk miljø i Arendal, fekk utdanning på Misjonsskolen i Stavanger og reiste til Kina for Det Norske Misjonsselskap. Kan hende ikkje så mykje å skrive heim om i ei tid då det var mange misjonærar. Det spesielle med Reichelt var at han etter kvart følte på ein åndeleg slektskap med buddhistane han skulle omvende. Han blei ein bodberar mellom dei to religionane. Som venteleg fekk Reichelt massiv motstand i det konservative Misjonsselskapet, braut ut og starta det som i dag er Areopagos.3 Det er dette spesielle livsverket Notto R. Thelle tek for seg i Karl Ludvig Reichelt. Misjonær mellom øst og vest. Reichelt fekk etter kvart eit internasjonalt namn i kyrkjelege krinsar, men var kontroversiell til sin død. Thelle skriv medrivande om Reichelt og tilhøvet mellom austleg og vestleg religion. Forfattaren er ein av landets fremste kjennarar av buddhismen og kinesisk historie, som er eit fargerikt bakteppe gjennom dei 600 sidene, og fører sjølv arven frå Reichelt vidare. I ei tid med stadig større motsetnad mellom religionane er det eit lite lyspunkt at det er råd å snakke saman – om der er vilje.

Nye blikk på historia

Med Haugianerne. Enevelde og undergrunn har Trygve Riiser Gundersen flytta nokre merkesteinar i sakprosa-landskapet og fortent blitt lønt med Brageprisen. Boka er alt meld i Prosa (6/22), men eg nemner henne igjen fordi ho vil bli ståande som ei av dei viktigaste og mest inspirerande sakprosabøkene på lang tid.

Men kvar er kvinnene? Mellom dei biograferte er det menn på rad og rekke, kong Olav, Berge Furre, Christopher Hansteen, Georg Johannesen, Konrad Nordahl, Vladimir Putin, Ludvig Reichelt, og litt i utkanten av sjangeren Carl Lumholtz og Wilhelm Reich. Jau, der dukkar det opp ei kvinne frå den historiske skodda, dronning Ingerid på 1100-talet. På forfattarsida er statistikken noko betre, men det er stort sett menn på båe sider.

Mona Ringvej fekk mange godord for Landet mot nord (2020), ein gjennomgang av norsk historie, basert på nylesing av kjeldene. Slik sett kan hennar forfattarskap ha noko sams med Gundersens bok om haugianarane. Dei har eit nytt og forfriskande blikk på historiske menneske og hendingar. Det blir historie knadd på ein ny måte, for kjeldene har jo vore der heile tida. Kvinnene er sjeldan nemnde i verk frå mellomalderen, men dei er der, sjølvsagt, som bak eit florlett gardin, som nærvær i fråværet. I sagaer, kvad og gamle krøniker er det menn som handlar og har autoritet, som kjempar og drep. Er det mogleg å skrive fram kvinnene frå dei fjerne åra når kjeldene er så sparsame og ofte kryptiske? Ringvejs Dronning Ingerids land ristar løyndommar ut av fortidas språk og språklege bilete, tolkar på nytt. Slik kan ho trekke fram ei kvinne som kom i posisjon i maktspelet etter at Sigurd Jorsalfar døydde i 1130. Ingerid Ragnvaldsdotter var norsk dronning i ei turbulent og valdeleg tid i nordisk historie. Ringvej tilbyr ei fascinerande historie godt fortald i eit rikt språk. «Slik ble kongenes våpenmakt ispedd religionens retoriske makt, og denne var svært effektiv, der den klorte seg fast i sinnets mest angsfylte avkroker og la beslag på menneskets håp og frykt, ved hjelp av grusomme skildringer av helvets pinsler (…)»

Forløysaren

Psykoanalytikaren Wilhelm Reich (1897–1957) er i dag helst kjend i fagmiljøa. Han budde i Norge fem år før siste krig. Reich kom til Norge midt i dei ideologisk og politisk sett turbulente 1930-åra og fekk snart ein posisjon hos mange intellektuelle. For første gong føreligg det nå ei bok om Reich og Norge, Håvard Friis Nilsens Du må ikke sove. Wilhelm Reich og psykoanalysen i Norge. Reich hadde vore elev av Sigmund Freud og var eit verdskjent namn med mange kontaktar, også i Norge. Mellom dei var Harald Schjelderup, som inviterte Reich hit då det spissa seg til politisk i dei tysktalande landa. Reich var av jødisk ætt. Han fekk både tilhengjarar og motstandarar her til lands i dei turbulente åra før krigen. I 1939 fekk han ikkje forlengt opphaldsløyvet, men kom seg vidare til USA før krigsutbrotet. Der er eit museum etter han i Maine.

Wilhelm Reich livnærte seg som psykoanalytikar med kjende kulturpersonar på pasientlista, mellom dei Arnulf Øverland, Nic Waal, Rolf Stenersen og Sigurd Hoel. Tittelen Du må ikke sove er ein referanse til Øverlands dikt med same namn, skrive medan han gjekk i analyse hos Reich. Sigurd Hoel skal ha blitt forløyst av behandlinga, noko som førte til at han fekk avslutta Trollringen, rekna som hans beste roman. Nilsens bok er langt på veg ein Reich-biografi, men òg eit fascinerande tidsbilete. Liv og hendingar er vovne saman på ein framifrå måte i eit sikkert språk.

Arnhild Skre har levert eit fint arbeid om Berge Furre, politikaren, historikaren, teologen og meir til, mannen som med si klangfulle røyst var ein tydeleg offentleg person i tiår, Berge Furre. Eit liv i rørsle (Samlaget). Mellom anna var Furre (1937–2016) ein av fedrane til dagens SV, grunnlagt på motstand mot atomvåpen og Nato. Skre er ein reieleg og rutinert biograf. Ho fer ikkje med slarv. Samstundes hadde det kan hende vore klokt å vente nokre år med ein biografi, latt han få ei verknadshistorie. Det gjeld også Johannesen. Vel, eit slikt syn på saka er ikkje i tida, og nå er boka der. Kva ville den gode Berge Furre ha sagt til sitt gamle parti, som er i ferd med å snu i Nato-spørsmålet?

Krig i Europa

Nei, kva kan ein seie når eit grannelag startar ein nådelaus og brutal krig i vårt gamle Europa. Mot imperialistiske statar som raslar med atomvåpen krevst det alliansar og samhald. Det store spørsmålet er likevel om det er råd å forstå kvifor det igjen blei krig. Her kjem biografien til Aage Storm Borchgrevink oss til hjelp eit godt stykke på veg, Krigsherren i Kreml. Putin og hans tid. Vladimir Putin (f. 1952) har greidd det alle maktmenneske drøymer om: absolutt makt. Vegen dit har vore bratt, og det ligg mange lik under høge vindauge. Ein ambisiøs despot må ikkje ha omsut for andre enn dei som hjelper han fram. Sjølv leiaren for den russisk-ortodokse kyrkja, patriarken Kirill, var til sals og er nå ein halden mann.

Etter 24. februar har forlaga naturleg nok kasta seg rundt for å skaffe fram litteratur om Russland og Ukraina. Hans Wilhelm Steinfeldt bidrar med Russland kriger. Når nåtiden møter fortiden (Orkana). Arve Hansen trekker i Ukraina. Historien. Menneskene. Krigen (Kagge) opp dei lange linene og bakgrunnen for den ufattelege valden Putin påfører «broderfolket» og eigne soldatar. Boka er ei lettlesen og god innføring i tilhøvet mellom Belarus og dei to krigførande statane. Cecilie Hellestveit var raskt ute med Dårlig nytt fra Østfronten – krigen som endrer alt (Spartacus. Melding i Prosa 6/22). Det skal komme mange bøker om Putin og Ukraina-krigen i åra som kjem, forsøk på å forstå det uforståelege, slik vi åtti år etter at vårt eige land blei hærteke, løfter på stein etter stein, uendeleg. 

«Vår» krig

Litteraturen om det som for oss er krigen, synest heller å auke enn å minke. Det er meir om jødeboa som «gode» nordmenn rana, om barn i krigen og fleire. Mykje bygger på eller parafraserer kunnskap vi allereie har, men ny inngang til kjeldene og utvida synsvinkel kan trekke ut kunnskap som er oversett. Eit par døme er Sven Egil Omdals Nordmennene i Sachsenhausen og Trude Lorentzens Quslings koffert. Omdal vil vise at Gerhardsens og medfangars «kupp» like etter frigjeringa, då dei effektivt utmanøvrerte Nygaardsvold, var planlagt i leiren. Lorentzen kjøpte for mange år sidan Quslings koffert, noko som gav spor til nye forteljingar. Begge er gode forteljarar med solid grep på stoffet. Dag Steinfeldt skriv om den jødiske delen av familien gjennom tre generasjonar i Fedre og sønner. En familiehistorie fra tsarens Russland til den kalde krigen. Boka fortel ei dramatisk historie som strekker seg gjennom hundre år, om forfølgingar, krig, holocaust og immigrasjon, i tillegg til dei meir familiære konfliktane.

Eit akademisk arbeid med komplett note- og referansesystem er ikkje eit hinder for ei god framstilling. Andre verdenskrig i nord (Orkana Akademisk) i tre band med Fredrik Fagertun som verksredaktør er både oversiktleg og gjennomgåande språkleg godt. Verket med sine 32 forfattarar, alle historikarar, kviler tungt på forskingsmiljø ved Universitetet i Tromsø. Forlaget Orkana, med base i Stamsund, er eit godt døme på at forlag i utkantane er viktige. Det hadde ikkje vore lett å selje inn eit slikt prosjekt til dei store i sentrum, vil eg tru. Det er fortenestefullt å få fram eit verk med ny forsking og heilskapleg overblikk over krigshandlingane i ein landsdel som har krav på større plass i krigslitteraturen. Så får eg heller sjå i nåde til språkvaskarane, som ikkje veit skilnad på «troppar» og «soldatar».4

Farande folk

Morten A. Strøksnes har vore på farten gjennom mange år, i Midtausten, USA, Kongo og eigen verdsdel. Denne gongen er det i spora til Carl Lumholtz (1851–1921), ein norsk oppdagar som utforska urfolk i Australia, Mexico og Borneo. Ein gong var han eit verdsnamn med mange medaljar og utmerkingar, samanlikna med Amundsen og Livingstone. Nå må han dragast fram frå gløymsla, sjølv om han står på sokkel i heimbyen Lillehammer. Stein er ingen garanti mot gløymsle. Strøksnes’ metode er å kople Lumholtz’ liv og virke, oppdagingar og eventyrlege reiser til eiga reise, eigne erfaringar og observasjonar. Når han følgjer i spora til Lumholtz i arkiv og geografi, kan han samanlikne verda den gongen og verda i dag. Strøksnes teiknar eit sympatisk bilete av Lumholtz. Han og andre oppdagarar var ein del av den europeiske kolonialiseringa, noko Lumholtz var klår over. Han såg dei korrumperande effektane på urfolka, deira kultur, historie og livsstil. Han beundra «naturbarna» og meinte at dei store samlingane han sende til Europa og USA, var med på å ta vare på minnet om dei og kulturen deira om dei ein dag ikkje ville finnast.

1887ca c lumholtz sz01517 copy
Carl Lumholtz i tropeutstyr, 1887. Samling: Oslo Museum. Foto: Hulda Szacinski.

Særleg i USA blei Lumholtz sett på som ein stor vitskapsmann. Den ballen tek Strøksnes ned. Lumholtz var ein ruvande oppdagar og produktiv forfattar, men meir oppteken av å registrere, dokumentere og samle inn objekt enn å teoretisere. Freud var også oppteken av «dei ville». Han refererer til fleire antropologar Lumholtz kjende personleg, men ikkje til Lumholtz sjølv, noko Strøksnes finn naturleg ut frå si vurdering av han.

Strøksnes har arbeidd til og frå gjennom 20 år med denne boka, som kan hende kan kallast ein reisebiografi. Det er ulike prosjekt, men omfang og dristigheit assosierer eg til Geir Angell Øygardens Bagdad Indigo (Pelikanen, 2011). I dei strabasiøse reisene gjennom regnskog, fjellmassiv og ørken er Strøksnes på heimebane med eit presist og tidvis poetisk språk. Den som har vore i urskogen, kjenner seg att når Strøksnes skriv at det er som å vandre på havsens botn. Lumholtz’ er med som eit «gjenferd», litt usynleg undervegs, men dette er også Strøksnes’ eiga reise. Likevel, Strøksnes har gjort mykje arbeid i ei lang rekke arkiv, og slik funne materiale som gjer at privatmannen Carl Lumholtz stig nærare. Når Strøksnes står framfor steinen på kyrkjegarden nord i staten New York, er det som han har vondt for å ta avskil med reisefølgjet sitt.

Energisk og djupt skuffa

Ein farande fant er òg Thomas Seltzer, og med mykje sprengkraft i det kontante språket, ikkje sjeldan med overraskande vendingar. Vi kjenner synspunkta og røynslene hans frå NRK-programma frå og om USA, der han budde som barn og har nær familie, og som han vender attende til mange år seinare. I Amerikansk Karmageddon. Tanker om mitt fordømte fedreland utdjupar han mange sider ved TV-programma, og det er framleis sterk kost. Amerika er blitt noko heilt anna. Ein velståande middelklasse er hamna i fattigdom. Hundre millionar, innpå ein tredel av folket, er nå fattige, endå landet er overmåte rikt. Det er ei utvikling som for Seltzer har gamaltestamentlege dimensjonar. Etter mønster av dei sju landeplagene som råka Egypt på Mose tid, definerer Seltzer sju «Satans sommarfuglar». For Faraos hovmod måtte uskuldige barn lide og døy. Etter Reagan hopar rikdommen seg opp på få hender, resten av landet sig saman i fortviling og vonløyse og minkande levealder. Seltzer er ein energisk og engasjert forteljar som er djupt skuffa over utviklinga i fedrelandet.

Hos Seltzer saknar eg eit register. Det burde vere obligatorisk. Eg legg merke til at både han og verket om krigen i Nord-Norge har fotnotar i staden for sluttnotar. Fotnotar var det opphavlege systemet, men det er lite eigna viss notane er omfangsrike. Mange legg inn mykje informasjon i notane, som Strøksnes. Når notane er korte, med reine tilvisingar eller berre ei lita tilleggsopplysing, lettar det lesinga å ha dei på same sida i staden for å bla fram og tilbake. Gjennomgåande meiner eg sakprosaforfattarar er betre til å vise til kjelder og referansar enn tilfellet var for få år sidan, men det kan skorte på det metodiske og vurderinga av kjeldene. Kjelder kan både mistolkast og «bendast» for å passe inn i ei forteljing. 

Ro seg heim

Sigri Sandberg og Torolf Kroglund ville på fjorden i robåt. Med homonymet Ro som tittel seier Sandberg at ho vil ro båten sin, men òg at det ligg ein lengt etter ro i sinnet. Torolf Kroglund ville også ro, men han ville først bygge prammen, fortalt i Historien om båten. Å forme trevirket blir ei meditativ handling, i hans tilfelle også hjelp ut av sjukdom. Som i livet kan Sandberg og Kroglund ro seg litt bort i små viker her og der med detaljar eg ikkje synest er så naudsynte, men eg har sans for prosjekt som kan syne kva verdi det ligg i å skape med hendene, nytte handemakt til framdrift, ta seg tid til ettertanke og stille pust.

Alle som har rodd, veit at roaren må sjå på eit punkt bak om ein skal halde rett kurs, eit orienteringspunkt som stadig glir lengre unna. Samstundes ber det framover, åretak for åretak, og perspektivet endrar seg for kvart tak. Nytt kjem til i synsranda. Vi må halde fast ved menneske og hendingar i fortida, alt som er erfart og fortalt, om kursen i nåtid skal ligge på styrepunktet. Stadig ser vi nye perspektiv, på oss sjølve og verda kring oss, der båten glir over sjø og vatn. Sakprosa er åretak og kompassnål på historias lange fjord, med stor og lita vekt, i beste fall med tyngde.

1. Ved utgangen av november 2022 var salet 342 millionar kroner, 1,8 prosent opp frå året før, i nominelle kroner. Den norske forleggerforening: Salgsrapport 2022, forleggerforeningen.no, 09.01.2023
2. Sitert etter eit notat av Magnhild Hagelia, stortingsmann (som det heitte) 1950–65. Gjerstad Historielags arkiv.
3. Reichelt grunnla Den Nordisk Kristne Buddhistmisjon i 1922, frå 2000 stiftelsen Areopagos, namnet på ei høgde ved Akropolis i Aten, der apostelen Paulus heldt ein vidgjeten tale. Han innbaud atenarane til dialog. Areopagos har arbeid i Kina og eit dialogsenter i Hongkong.
4. I november 1944 var det «536 000 tyske tropper i Norge», står det i bind 1, side 36. Feilen er etter påverknad frå engelsk, der «troops» i fleirtal er soldatar.

Omtala bøker frå 2022
Tore Rem: Olav V. Ensom majestet 1946–1991, Cappelen Damm

Alfred Fidjestøl: Innerst i hjertet har jeg min forstand: biografien om Georg Johannesen, Samlaget

Inger Bjørnhaug: Konrad Nordahl. Fagbevegelsens mektige leder, Res Publica

Notto R. Thelle: Karl Ludvig Reichelt. Misjonær mellom øst og vest, Verbum

Trygve Riiser Gundersen: Haugianerne. Enevelde og undergrunn, Cappelen Damm

Mona Ringvei: Dronning Ingerids land, Spartacus

Håvard Friis Nilsen: Du må ikke sove. Wilhelm Reich og psykoanalysen i Norge, Aschehoug

Aage Storm Borchgrevink: Krigsherren i Kreml. Putin og hans tid, Kagge

Hans Wilhelm Steinfeldt: Russland kriger. Når nåtiden møter fortiden, Orkana

Arve Hansen: Ukraina. Historien. Menneskene. Krigen, Kagge

Cecilie Hellestveit: Dårlig nytt fra Østfronten – krigen som endrer alt, Spartacus

Sven Egil Omdal: Nordmennene i Sachsenhausen, Kagge

Trude Lorentzen: Quslings koffert, Kagge

Dag Steinfeldt: Fedre og sønner. En familiehistorie fra tsarens Russland til den kalde krigen, Vigmostad Bjørke

Fredrik Fagertun (red.): Andre verdenskrig i nord, Orkana Akademisk

Morten A. Strøksnes: Lumholtz’ gjenferd – verden rundt i sporene til en glemt hvit oppdager, på leting etter alt som ble borte, og det som ble igjen, Oktober

Thomas Seltzer: Amerikansk Karmageddon. Tanker om mitt fordømte fedreland, Oktober

Sigri Sandberg: Ro – om Sognefjorden og ein lang rotur heim, Samlaget

Torolf Kroglund: Historien om båten – fra skog til hav med farkosten som endret verden, Cappelen Damm