«Kjemp for alt hva du har kjært»

08.12.2020

I 2020 har siste vers av salmen «Alltid freidig» ofte tona gjennom hovudet mitt: «Kjemp for alt hva du har kjært, dø om så det gjelder! Da er livet ei så svært, døden ikke heller.» Det er nok fordi eg har lese om krigen – i år er det 75 år sidan frigjeringa frå naziregimet, og det har prega bokåret.

At 75 år ikkje er lang tid, og at nordmenn framleis kjempar for sine kjære, blir tydeleg i to langliva og heite debattar: Spørsmål om skuld, ære og ettermæle er the heart of the matter i både æresrettdebatten og debatten rundt Marte Michelets Hva visste Hjemmefronten.

Jørn Øyrehagen Sunde sat i utvalet som i 2019 vart utpeika av Forfatterforeningen for å granske om det var rett å orsake Æresrettens straffereaksjonar mot Alf Larsen, André Bjerke og 15 andre frå foreininga etter krigen. I dette nummeret av Prosa reflekterer Sunde over vanskane med å døme i slike saker. Teksten vart send til Tore Rem som representant for motparten i debatten, og hans respons følgjer. Prosa bad også Hans Petter Graver gi ei nylesing av Johs. Andenæs’ klassikar frå 1979: Det vanskelige oppgjøret: rettsoppgjøret etter okkupasjonen.

Tekstane viser at det er problem knytte til å døme både om hendingar ein sjølv er part i, og om hendingar som gjekk føre seg i ei anna tid. Men den nøytrale staden å felle fullt informerte dommar frå finst heller ikkje – det måtte vere Lammets trone på dommens dag. Dermed slepp vi ikkje unna kunnskapsarbeidet og kampen om historieskrivinga.

Tore Rem har tidlegare hevda at sakprosakritikkens svikt i vurderinga av to bøker, Dag Solhjell og Hans Fredrik Dahls Men viktigst er æren (2013) og Peter Normann Waages André Bjerke – I kampens glede (2018) vart avgjerande for at Forfatterforeningen valde å orsake verksemda til Æresretten (Vinduet nr. 3/2020).

Det er eit problem når sakprosakritikken blir for overflatisk og lovprisar bøker som seinare kan vise seg å ha vesentlege veikskapar, slik forskarane Elise B. Berggren, Bjarte Bruland og Mats Tangestuen påstår er tilfellet med Hva visste hjemmefronten. Michelet vil svare på kritikken i neste Prosa, så det er for tidleg å konkludere, men situasjonen inviterer til refleksjon.

Prosa ønskjer å leggje til rette for grundig kritikk, og – som Sunnev Gran demonstrerer i dette nummeret – ein rutinert og dedikert lesar kan kome på sporet av metodiske manglar utan å vere forskar på feltet. Men ein kan ikkje vente det same av akademisk kritikk, tidsskriftkritikk og aviskritikk. At forskarar fremjar godt underbygd kritikk i bokform, slik både Michelet-kritikarane og Tore Rem, i samarbeid med Espen Søbye og Kjartan Fløgstad, har gjort, løftar debatten. Men ein lågt honorert kritikar med kort tidsfrist skal ha god teft og litt flaks for å avdekkje feil av den typen forskarane diskuterer.

Problemstillinga illustrerer bodskapen Norsk kritikerlag har prøvd å få gjennom i årevis: Ein svekt kritikk er eit demokratisk problem. Når avisene nedprioriterer kritikk samtidig som teljekantsystemet i akademia favoriserer publisering i internasjonale tidsskrift, blir resultatet lågare kompetanse og færre stemmer i kritikken.

Kvalitetssikring før utgiving må likevel vere viktigare enn kritikk i etterkant. Øyvind Strømmen tar i dette nummeret opp igjen spørsmålet om profesjonell faktasjekking, ein praksis som også avlastar forfattaren. Det kostar, men når ei bok kjem med kontroversielle påstandar, er dette noko forlaga bør prioritere.

Kunne det vere ein idé å opprette ei offentleg støtteordning for faktasjekking av bøker? I kombinasjon med ei utviding av innkjøpsordninga for sakprosa ville det vore ei god investering i forvalting og spreiing av kunnskapsarven.

Gjennomgangstemaet i årets siste Prosa er at biletet av både andre verdskrigen og krig generelt endrar seg med tida. Som Guri Hjeltnes’ essay om årets krigsbøker viser, finst det stadig nye historier å fortelje og heltar som blir heidra altfor seint. Men å få fram skuggesidene, slik Michelet gjorde, er vel så viktig, for det utfordrar oss til å spørje kva blindsonene i vår tid er, kven vi ville ha kjempa og risikert livet for.