Frimerkebok omslag

Samlarens blikk på verda

13.09.2016

Å skrive bok om ei frimerkesamling og om land som ikkje lenger finst, høyrest ut som ein relativt snurrig idé. Men Bjørn Berge får det til å funk

50 frimerke, som eg vil tru er samla inn med strev og flid over lang tid, dannar utgangspunktet for boka Landene som forsvant av arkitekten og forfattaren Bjørn Berge. Frimerka er ikkje frå land i den strenge tydinga, altså internasjonalt anerkjende statar. Dei er frå stader med namn som Kapp Juby, Van Diemens Land og Ildlandet. Gjennom 50 korte kapittel fortel Berge om desse tidvis nokså merkverdige frimerkeproduserande stadene frå start og fram til undergangen. Dei første historiene er frå 1840-talet, dei siste er frå 1975.

 

GOD FORTELJAR

Boka er utstyrt med oversynlege kart, frimerke i fargetrykk og tips til vidare lesing. Nokre stader er det også lagt inn oppskrifter på lokale spesialitetar. Det heile såg så ryddig og flott ut at eg frykta ein litt uinspirert katalogtekst då eg fekk manuset i handa. Men dette er noko heilt anna. Boka liknar meir på ei samling av eventyr og sjømannsskrøner. Dei er henta frå stader som stort sett ligg langt unna allfarveg.

Berge er ein god forteljar. Han har grave fram snurrige, spennande og hjarteskjerande historier, som den om trankokeria på Deceptionøya i Sørishavet. Kvalfangarane fyrte omnane med pingvinar. Spekklaget gjorde visstnok at dei vaggande, flygeudyktige fuglane brann så godt. Dei inkluderte oppskriftene viste seg dessutan å ligge eit godt stykke unna den gjengse matblogg. Ein får for eksempel vite korleis ein går fram for å lage smør-te slik det vart gjort i Tuva-republikken. Smøret bør helst vere laga på jakmjølk.

 

EIT PRISME

Berge brukar frimerkesamlinga effektivt som eit prisme for å fortelje om dei nedlagde samfunnskonstruksjonane. Eigenproduserte frimerke vart oftast sette raskt i sirkulasjon etter at ein hadde erklært sjølvstende, eller lojalitet til ei kolonimakt. Val av motiv var eit utprega politisk spørsmål. Britiske kolonisatorar hadde sjølvsagt ein preferanse for dronningportrett. I fristaten Danzig (1920–1939) var frimerke med hansakoggar eit politisk lada symbol. Påminninga om byens stolte fortid som hansaby var også ei markering av politisk lojalitet til Tyskland.

Berge fortel også om korleis Thomas Edward Lawrence, han som er best kjend under namnet Lawrence of Arabia, gjekk fram for å finne eit motiv som var kompatibelt med islams biletforbod då det ferske kongedømmet Hijaz (1916–1925) vart oppretta i kjølvatnet av første verdskrigen. Frimerket viste ein kopi av ornamenta i stukkaturen på jernbanestasjonen i Kairo og hadde berre arabiske skriftteikn. Lawrences innsats for å få eit høveleg frimerke var motivert av hans djupe kjærleik til arabisk kultur og hans ønske om ein uavhengig arabisk stat. Berge brukar også trykkvalitet og papirtype til å fortelje om politisk stabilitet, økonomi og kontakt med omverda i dei nedlagde landa.

 

HESTEKADAVER

Berge inviterer lesaren med heilt inn i den dyrebare frimerkesamlinga. Han gjer eit poeng ut av å slikke bakpå alle frimerka, og han kjem med vurderingar av tekstur og smak. Om frimerket frå det kortliva og notorisk krigsherja guvernementet Sørrussland (1919–1920) fortel han at limet som vart brukt bakpå, truleg var laga av slakteriavfall, og at det framleis den dag i dag har ein smak av innkokte hestekadaver.

At alle tekstane er korte, berre fem sider, kunne fort ha blitt til ei trong ramme med hyppig gjentakande forteljarmønster. Men Berge er god til å vri formatet sitt til stadig nye variantar. Han fortel om litterære karakterar som Boris Pasternaks Doktor Zhivago, romanen opnar på eit nattog, på veg til Den fjernaustlege republikken (1920–1922). Andre stader brukar han reiseskildringar og brev. I enkelte parti glir han over i fabuleringar. Ein stad diskuterer han kva som for eksempel kunne ha skjedd på eit tenkt møte mellom Stalin, Nansen, Hamsun og Quisling, fordi alle var innom byen Batum ved Svartehavet, som frå 1918 til 1920 var britisk-okkupert. Berge gjettar at eit av emna for samtalen ville ha vore stell av bart og mustasje. I teksten om Danzig brukar han den kjende ålefiske-med-hestehovud-scenen frå Günter Grass’ roman Blikktrommen i ei historie om kva den unge Grass kan ha opplevd på ein spasertur ved stranda den gongen han gjekk i kortbukser.

 

HERRAR OG SLAVAR

Berges bok har eit utprega lett og anekdotisk anslag, også når han skriv om grufulle tema. Og det er mykje av det slaget. Han er innom klappjakta som nesten utrydda lokalbefolkninga på Van Diemens Land, dagens Tasmania, og han fortel om det indiske fyrstedømmet Alwar, der den lokale britisklojale maharajaen visstnok brukte levande spedbarn som åte når han gjekk på tigerjakt. Ein tematikk som dukkar opp fleire gongar, er kolonialisme. Mange av dei kortliva landa var underbruk av eit europeisk land som plyndra råvarer og sørgde for å halde maktbalansen mellom lokalbefolkning og makthavarar ekstremt ujamn. Berge gjer aldri dette spørsmålet til eit hovudtema i teksten, men det er nemnt så mange gongar at eg etter å ha lese boka sit att med eit omfattande og nedslåande bilete. Her klarar Berge å formidle både ei stemning og ein tematikk nokså tydeleg utan eigentleg å bruke så mykje plass på det.

Boka gir på alle måtar inntrykk av å vere gjennomarbeidd. Litteraturlista og referansane kjem frå mange ulike typar kjelder. Med fire sider til disposisjon er Berges forteljingar truleg ikkje banebrytande for dei som kjenner godt til områda frå før. Men ettersom det for det meste er tale om kortliva statsdanningar og koloniale eventyr i land langt unna, vil eg tippe at det ikkje er ei problemstilling som er aktuell for så veldig mange.

Så kva sit denne lesaren att med? Boka kan openbert være ei gullgruve for den som ønskjer å briljere på quiz. Eg har blitt både underhalden, fascinert og opplyst av Berges bok. Historiene blir fortalde gjennom korte snapshots, trådane blir aldri samla i større analysar. Men eg synest at Berge gjennom dei små historiene klarar å gje eit større bilete av kolonialismens rovdrift på menneske og natur, og av korleis krigar og skiftande regime ein stad i verda kan få avgjerande konsekvensar for menneske i land langt borte. I tillegg har boka fungert som ein augeopnar for meg, som aldri har hatt noka særleg interesse for filateli, for frimerke og postgang som inngang til historie, politikk og samfunn.

Astrid Sverresdotter Dypvik (38) er journalist og forfatt

Bjørn Berge
Landene som forsvant
Spartacus Forlag, 2016